1. aug. 2023

Stockholm-Helsinki




Sol og sommar her i Stavanger i dag, og eg gjekk meg ein tur til byen i skjørt og T-skjorte. Slik var det også i Stockholm for godt over tre veker sidan. Me fekk jo plutseleg ei ekstra overnatting då det ikkje var fleire passar igjen på ferja, men det var no kjekt å treffe ei veninne og bu på eit koseleg hotell. Dagen etterpå, altså sundagen, skulle me utpå ettermiddagen ta ferja til Finland. Las ei stund på hotellrommet etter frukost, og elles få planar. Sjekka ut, drog til ferjeterminalen der me låste bagasjen vår inn i eit skap og gjekk sidan opp til Vitabergsparken. Me sat på ein benk og las, berre slappa av. Åt litt lunsj som me hadde med oss og drakk kaffi hos Kajsas i parken. Høyrde til og med litt folkemusikk som noko stod og spelte ved tribunen som ein finn rett ved kaféen.




Båten me skulle segle med, var M/S Gabriella med selskapet Viking Line. Ein mykje nyare båt venta oss seinare på turen mellom Turku-Mariehamn (og Mariehamn-Stockholm), men det var no ein grei lugar, fine måleri i trappeoppgangen, moro å sjå eit gammalt myntspel og litt ekstra artig å sjå at klokkene om bord viste både svensk og finsk tid. For ja, finnane ligg ein time foran oss nordmenn og svenskar. Tihi, måtte ta eit lite sjølvknips i taket då me gjekk i ein passasje med megablått lys. Grei middagsbuffe, og for vår del gjorde me ikkje så mykje anna enn å lese og ta ein tidleg kveld. Litt som då me segla mellom Kristiansand og Eemshaven i fjor. Heilt grei båttur for vår del med kvar vår bok.

Legg igjen ein fin tanke