13. aug. 2023

Kinobesøk og kjolekrise




Kinotur også denne veka. Trur ikkje filmen treng ein introduksjon, men eg vil berre seie at Oppenheimer er verd dei tre timane på kino – Cillian Murphy og Robert Downey jr. gjer sine livs roller! I går var me i ein triveleg bryllaupsfest for eit venepar som gifta seg tidleg i år. Eg hadde funne fram ein ny kjole i ein herleg grønfarge. Så klart sat plutseleg kjolen fast i sykkelkjeda og det blei ein superstygg rivne i kjolen. Ordentleg kjolekrise med andre ord! Drog heim lei og forbanna, men klarte å fikse den sånn nokonlunde med nål, tråd og vliselin, dimed blei det bryllaupsfest på meg i den same kjolen likevel. Ser gjennom og sorterer bilete frå togturen vår, held meg opddatert på finn.no, les mykje og ryddar litt i heimen. Ser det blei nok å dele på lista også denne sundagen:
 
kjekt å lese Det ender med døden, månadens Christie-bok 
ei lita bokbu ikkje så langt unna oss 
må le litt av Staged, Michael Sheen og David Tennant er dei aller kulaste 
at Jesus Christ Superstar blir nemnt og høyrt i ein The Marvelous Mrs. Maisel-episode
har du ikkje gjort enno, må du gå og å sjå Oppenheimer på kino
alle dei flotte tapetmønstera inne hos Et katteliv
endå ei sommarbok av Mandy Baggot: Summer by the Lake
mykje bra å hente på REKO-ringen
tihi, kulaste Zalo som syntest det var ganske okei å få smake på maten vår om morgonane 
"Top 10 Most Underrated Songs from Popular Musicals" – fordi "Will I?" frå besteste Rent
lese Sommer i mørket av Aasne Linnestå
både han fine og eg har rydda klesskapet i helga
så blått, så blått bak dei kvite himmeldottane
superartig at både tuba og trombone blei nemnt i ein og same QI-episode
dette er kunst: Brianna sine snittmåleri (fore edge painting) – rett og slett bokmagi!
elskar komboen limegrøn kjole og kongeblå sko!
strikke vidare på Sensommer T-skjorta med den kule, melerte fargen
bjørnen Paddington er så skjønn, og det var artig å endeleg sjå filmen (så klart med engelsk tale)
feire to finingar som gifta seg tidlegare i år med ein kjekk fest på Ågesentunet 
fortsetje å sjå sesong to av Good Omens, og denne romantiske klippinga frå sesong er supersøt
brudeslør på borda i lokalet der bryllaupsfesten var
sitje litt ute på balkongen ein dag då sola innimellom stakk fram, drikke kaffi og lese ei bra bok

Legg igjen ein fin tanke