31. mai 2021

Collett Tee







Collett Tee frå Witre Design, denne T-skjorta er til no det kjekkaste prosjektet eg har strikka. Ein aukar fyrst til bol og sidan til bol og ermer samstundes, og dette skaper ein elegant detalj over skuldrene. Halsen er halvhøg og fargen er som nemnt i ein nydeleg lillafarge ("mørk lyng" i garnet Duo frå Sandes garn, fargane forsvann litt i gif-en ser eg). Så herleg å ha på! I løpet av juni skal eg vere med på ein samstrik på Instagram. Kort fortalt er det at ein strikkar det same plagget over ein viss tidsperiode, og at ein ved å bruke emneknaggen #collettteeKAL kan sjå andre sine versjonar av Collett Tee. Det vil også bli lagt ut tips på kontoen til Witre Design, og eg gleder meg til å hengje meg på – må berre få garnet i posten fyrst ;) Skal prøve å gjere halsen litt fastare og berestykket litt lengre, ein lærer noko nytt heile vegen. Sola skin, eg har fri, det er ein bra start på veka.

30. mai 2021

Sundag, søte sauar og sukkerbryllaup







TTT. Ting tar tid, og vekas sundagsliste kjem seint. Sola har vore framme i nesten heile dag, og det har me nytt ved å gå ein flott tur langs Hålandsvatnet og sitje mykje ute på balkongen. Dagane på jobb har foke av garde, slik dei ofte gjer, og dei har fylt med publikumsbading, lære oss ein ny måte å gjere opp kassa på, varelevering og anna smått og stort. Koser meg framleis med bøker og strikking her i heimen, det gir meg både ro og glede. Og elles: hipp, hipp hurra for oss i dag! Seks år som mann og kone, seks år sidan ein dag med store smil og mykje kjærleik, ein dag eg framleis hugsar som om den var i går. Blir vel ikkje så lenge til me finn senga, men eg har litt tid til å lese eit par sider i boka eg held på med. Okei, skal avrunde dette innlegget no med ei vekesoppsummering:

✦ svømme i ny, kongeblå badedrakt
✦ skrivemåten i Den røde adresseboken og hovuvdpersonane Doris og Jenny, eg likte denne boka
✦ kvardagsliv i ein video frå Jonna
✦ nostalgisk kjensle når eg syklar på vegar eg ikkje har sykla på lenge
✦ har til gode å lese Ali Smith, men denne meldinga får meg til å verkeleg vurdere ei av bøkene no
✦ sundagstur rundt Hålandsvatnet, og me såg søte sauar overalt
✦ Porgy and Bess frå Metropolitan Opera på Hovedscenen, sjå den no før den forsvinn 
✦ lever enno på den gode maten på Spiseriet førre fredag, latter, prat og knallbra musikk
✦ ny song frå Markéta Irglová – hennar stemme er nydeleg og heilt unik
✦ morgonlyset inn i gangen på jobb veg opp for det å måtte stå opp grytidleg
✦ laurdagspizza og actionkomedien The Hitman's Bodyguard 
✦ solfylt bilete av ei av mine favorittbøker (og jaggu meg har eg den same utgåven sjøv)
✦ fortsetje å lese bøkene i Narnia-serien
✦ kjempesøt, liten panda som er så trøytt, så trøtt
✦ tilbakeblikk på ein solfylt dag med ein finfin bukett, kvit kjole og store smil 
✦ hekta på Prodigal Son, Michael Sheen er berre så intenst god i rolla som ekling
✦ lese ute på balkongen fleire av dagane, blant anna etter dagens tur
✦ når eg høyrer "Piankonsert no. 2" av Rachmaninov, vil eg så gjerne spele med orkesteret igjen
✦ bra sykkelvêr om morgonane med sollys og fuglane som kvitra
✦ Osemans debutroman Solospill er rå og sår og tar opp viktige tema om den tøffe ungdomstida

Favorittbilete frå ein favorittdag ♥


Sukkerbryllaup. Seks år sidan ein solfylt dag full av kjærleik, seks år sidan han og eg sa "ja" foran våre kjente og kjære. Seks år sidan me valde kvarandre, slik me framleis gjer. Takk for at held ut med meg, prøver å forstå meg, for det er ikkje berre berre. I alle fall ikkje det siste året når kvardagen innimellom har vore tyngre enn normalt. Eg veit det har vore slik for fleire av oss, men eg vil likevel få takke min betre halvdel litt ekstra i dag. Takk for at du tek handa mi, har ein varm armkrok å krype inntil, alltid er her. Eg elskar deg. Eit av mine favorittbilete frå den dagen er tatt i den augneblinken me går ut av kyrkja, hand i hand. Du och jag. Du er den finaste eg veit ♥

28. mai 2021

#latergram her på bloggen



Snøklokker. Lite av dei ute no når me snart er i juni, men eg kan likevel sjå  tilbake på mars med glede. Tok litt for mange bilete av desse då dei poppa opp rundt omkring i nabolaget, noko som ikkje er så rart – dei er like nydelege vår etter vår ♥ Sit her og ser slutten på Porgy and Bess frå Metropolitan Opera, for nokre store stemmer og ikkje minst kjempebra musikk komponert av George Gershwin. Produktiv dag på jobb, og sidan var det rett ut på balkongen i skjørt og T-skjorte. Herleg å kunne starte helga ute i sola med ei god bok i fanget. Den siste fredagen i mai.

26. mai 2021

Tur i vårregnet




Lamma ute byrjar å bli ein del større allereie, men søte er dei lell! Mannen min, broremann og eg var ute og gjekk ein tur i vårregnet på sundag. Traska opp til Ullandhaug, og då var me ein snartur innom beiteområdet ved Jernaldergården. Det eine lammet kom og ville helse på medan dei aller fleste stod og åt gras. To små, sorte låg i graset og ville berre sove. Ordentleg sundagsstemning.





Etter regnet... alt blir på ein måte klarare då. Regndropar som heng på blomane, dei friske fargane. Å ta seg tid til å oppdage alt det små i det store når ein er ute og traskar. Våren, altså.

24. mai 2021

Í heimabærinn minn



Førre måndag, altså på sjølvaste 17. mai, gjekk filmen Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på NRK. Me hadde lurt på å sjå den tidlegare på Netflix, men for det fyrste er eg ikkje storfan av ESC og for det andre såg eg for meg at denne komedien med Will Ferrell i spissen kunne bli rimeleg klein. Likevel tenkte eg at eg skulle gi den ein sjanse, og jaggu meg var den eigentleg akkurat passe herleg. Latteren sat laust og filmen tar så mykje av ESC-sirkuset på kornet. Saman med Ferrell er Rachel McAdams og Dan Stevens to andre hovudroller, og alle tre glir rett inn i det nemnde sirkuset. Ferrell fekk idéen til filmen etter at hans svenske kone fekk han med på å sjå ein ESC-konkurranse seint på 90-talet. Songen "Husavik" som dei to hovudrollene syng i finalen, blei nominert til Oscar for beste originale song, og det er den du kan høyre i to forskjellige versjonar i snuttane over. Liker så godt at nokre av strofane er på islandsk, morsmålet til hovudkarakterane. "Í heimabærinn minn" betyr "i heimbygda mi", og songen heiter altså "Husavik", bygda der dei kjem frå. Len deg tilbake og høyr den. Tenk om denne hadde vunne den ekte ESC-finalen?!

23. mai 2021

Sosial kveld og ein hjarteroman







På fredag var me ute på restaurant og så på konsert i lag med eit venepar. Fyrste gong me var ute sidan slutten av november, og eg kan nesten ikkje få seie kor godt det var! Prate og le i lag med dei to fine, ete godt mat og sidan høyre musikk på scena live og ikkje "berre" gjennom ein dataskjerm. Eit hint av normalitet trass i at det berre var lov å vere hundre personar i salen. Håper verkeleg me er på rett veg no. 17. mai på måndag, to dagar på jobb, mykje strikking og lesing (hi, hi) og liten tur i vårregnet tidlegare i dag. I morgon byrjar eg på morgonskiftet, men sidan det er andre pinsedag, blir det helgeopent og eg slepp å stå opp grytidleg. Passar meg heilt greitt. Vekas fine punkt:

✦ den grafiske romanen Hearstopper av Alice Oseman, hjartet smelta då eg las den
✦ laurdagstaco, spele "Kortskalle" og sjå finalen av Kompani Lauritzen
✦ Kraftverk redesign, butikken for alle oss som er glad i gjenbruk og kjekke bruktfunn
✦ knallgod mat på Spiseriet i lag med fine folk
✦ etterpå ein kjempebra konsert med Kjell Inge Torgersen og SSO
✦ ein gjeng små, søte kaninar
✦ altså, komedien ESC: The Story of Fire Saga på TV-en 17. mai overraska positivt
✦ kan jo ikkje anna enn å smile når ein høyrer denne medleyen frå filmen
✦ roleg feiring av nasjonaldagen med "sop-i-hop-pavlova" som blei veldig god ;)
✦ joda, eg har nemnt The Durrells mange gongar allereie, men for ein herleg serie!
✦ kul keramikk, vintagebutikk og anna flott inne hos Niina
✦ lese vidare i Narnia-serien
✦ trøytte og søte lam oppe på Jernaldergården
✦ kirsebærtre i full blom
✦ etter å ha sett traileren, trur eg filmatiseringa av musikalen Dear Evan Hansen blir bra
✦ og denne versjonen av songen "You Will Be Found" frå nemnde musikal er så fin
✦ blåklokker i vårregnet
✦ katten Coco er så artig og nysgjerrig, og denne gongen er det eit klorebrett som skal utforskast
✦ Ingrids glassverksted i Ålesund – her må me jo nesten innom i sommar
✦ novellesamlinga Midtveis var kanskje ikkje heilt min smak, men kjekt å utfordre meg sjølv litt
✦ cello er eit nydeleg instrument, til dømes når Hauser speler "Song from a Secret Garden"
✦ artig å følgje med på ESC, særskilt når ein i tillegg nettpratar med ein herleg gjeng
✦ finne roa med strikketøyet i fanget 

21. mai 2021

The Durrells



Eller kanskje eg heller skal skrive Familien Durrells greske eventyr sidan det er den norske tittelen. Tja, må vel seie at den engelske enklare og kling betre. Men det var ikkje tittelen eg skulle skrive om, det er serien som er hovudfokuset. For dette er ein av dei herlegaste seriane eg har sett på leeenge! Eg har nemnt den tidlegare, fleire gongar til og med, men eg nemner den igjen. Mamma og pappa har eit spesielt forhold til øya Korfu, og då eg kom over denne serien på Platekompaniet for nokre år tilbake, tenkte eg at dette er den perfekte julegåva. Eg kjøpte ein samleboks med sesong ein og to til dei, og me såg nesten heile sesong ein saman den jula. For den fall verkeleg i smak! Serien er basert på Korfu-trilogien, tre bøker skrive av Gerald Durrell. Dei skildrar åra mora til Gerald tok med seg han og resten av familien til Korfu i mellomkrigstida. Bøkene er fulle av humor, forviklingar og varme, av kjærleik til familien med alle skavankar og kjærleik til alle moglege dyr. Eg koste meg sånn med å lese bøkene, og eg har storkost meg like mykje med å sjå dei tre fyrste sesongane; heldigvis har eg ein sesong igjen. No ligg mykje av serien ute på NRK Nett-TV, eit lite fredagstips frå meg. Gå og sjå den no med ein einaste gong!

20. mai 2021

Augneblink av rosa glede







Av og til må eg stoppe opp ein augneblink sjølv om eg er på veg til jobb. For korleis kan eg la vere å sykle forbi slike kirsebærtre dag ut og dag inn utan å stoppe for å nyte synet?! Det går ikkje, ikkje for min del i alle fall. Her om dagen hadde eg kameraet i sekken og tok meg tid til å prøve å fange fargane på film. Som så mykje anna om våren, er dette eit velkomment syn år etter år! Kjenner eg smiler litt ekstra kvar gong eg syklar forbi desse trea, det skal ikkje alltid så mykje til ♥ 

19. mai 2021

Ei gammal og ei ny krimbok



"Det var frøken Somers' tur til å trekke teen. Frøken Somers var den nyeste og mest klossete av kontordamene. Hun var ikke ung lenger og hadde et mildt plaget uttrykk i ansiktet, som et får. Kjelen kokte ikke riktig da frøken Somers helte vannet over teen, men stakkars frøken Somers var aldri helt på det rene med om en vannkjele kokte eller ikke. Det var en av de mange plagene som gjorde livet surt for henne. Hun skjenket teen og bar koppene rundt med et par bløte, søte kjeks på hver skål." (s. 5, Sort knekt). Med te som månadens tema i #readchristie2021, passa Sort knekt ypperleg: sitatet over er nemleg slik boka startar. På engelsk heiter den A Pocket Full of Rye, og sidan me ikkje hadde rugkorn i hus, fekk det bli byggryn i staden for, tihi! Og så klart er det te i koppen og ikkje kaffi denne gongen. Å, som eg storkoser meg med kvar bok eg les skrive av Agatha Christie. Miss Marple er med i denne og ho er berre ein heilt herleg karakter. Ei anna krimbok eg nyleg har lese, er Lang lysende elv av Liz Moore. Nervepirrande og meir jagande enn Christie-boka, men det er jo nettopp slike eg liker det: å kunne lese forskjellige bøker i ein og same sjanger (og så klart andre bøker i andre sjangrar). Om ikkje anna, har det blitt mykje tid til å lese i år.

17. mai 2021

Lågterskelfeiring av nasjonaldagen 🎂🇳🇴

Korpsmusikk på TV-skjermen, musikk og marsjering frå Hans Majestet Kongens Garde, også dei på skjermen. God frukost, på med semifineklede, ingen bunad i år sidan det berre var oss to her heime – håper så klart på tog og ei større feiring neste år. Men det er slik det blei i år, resten av dei i vår lille kohort har vore på hytta heile helga, noko som ikkje var aktuelt sidan eg hadde jobbehelg. Trur det er mange av oss som hadde håpt på ein meir normal 17. mai-feiring i år, for no byrjar det å bli nok. Likevel, med solskin og fuglekvitter, lesing ute på balkongen og marengsrestar som blei til ein pavlova toppa med krem, lemon curd og pistasjnøtter, har det vore ein fin og god dag, ei lågterskelfeiring. Og me er heldige som bur i dette landet, som er frie sjølv midt i ei vanskelig tid, som har demokrati og frie val. Gratulerer med dagen, Noreg! Gratulerer med dagen, alle saman!

16. mai 2021

Mai på sitt beste





Endeleg har me ope for publikumssvømming igjen! Sjølv om det framleis er avgrensa med plass og folk må tinge på nettet før dei kjem, er det no eit hint av normalitet, og det gjer godt. Timane på jobb i helga har gått fort, eit nytt prosjekt på strikkepinnane (bilete får komme om litt), lesing, henta fleire bøker på biblioteket og så vidt byrje å tenkje på kva me ønskjer å gjere i løpet av året sommarferie. Og i morgon er det plutseleg 17. mai, ein dag som framleis er litt rar utan korps. Altså, ikkje det å høyre korps, men det å spele i korps sidan eg gjorde det i alle år fram til eg var tjuefire. Reknar med å finne eit korps å sjå på under ein av direktesendingane på TV-en om ikkje anna. Eg vil få ønskje alle ein kjempeflott dag i morgon, og avsluttar veka med mange kjekke punkt:

✦ fortsetje å sjå Poirot eller The Durrells medan eg slappar av med strikkinga og litt lesing
✦ magisk soloppgang over byen ein av dagane på veg til jobb
✦ blir berre meir og meir sjarmert av skjønnaste Coco
✦ underfundig leseoppleving: Stillheten av Don DeLillo
✦ Pelle Politibil var ein del av min barndom
✦ endå meir av den knallblå himmelen og alt som blomar
✦ å hekle slike kule, fargerike eggevarmarar
✦ krokan-is og karamellpopkorn høyrest ut som ein ypperleg dessert
✦ veit eg har delt denne før, men eg ler like høgt kvar gong: "Dancing in the Street" med lydeffektar
✦ "Se, en hvitstammet bjerk oppi heien..." – våren er rundt oss på alle kantar :)
✦ finfint bilete av boka My Family & Other Animals av Gerald Durell (for ei herleg bok!)
✦ møte på den same katten som tidlegare år på veg til jobb, berre sjå kor fin den er!
✦ stilig at forfattar L. D. Lapinski reposta biletet mitt på Instagram
✦ sjå på denne bittelille koalatassen!
✦ Timothy West og Prunella Scales, eg blir rørt når eg ser Great Canal Journeys
✦ panfløyteversjon av "The Sound of Silence" – ganske så fint
✦ og når me snakkar om rørt: aller finaste Ida med dette innlegget om sundagslistene mine 
✦ "Tankar på ein torsdag", endå eit innlegg inne hos Ida som er verdt å lese
✦ kunne ha pumlikumsbading i hallen igjen
✦ blir glad av å lese om denne russegjengen som går mot kjøpepresset
✦ Fremmedsteds reisebyrå, kjekk bok i ein ny serie 

14. mai 2021

Med lua på ved frukostbordet

Hekling er ein annan hobby eg innimellom tek fram og koser meg med. I mange år var det helst hekling – og ikkje strikking – som for meg var greia når eg skulle lage teppe, panneband eller liknande. Kjøpte noko utgåande garn hos Pickles då eg skulle kjøpe garn til ein av dei nystrikka genserane mine. Fann på same nettstad oppskrift på stilige eggevarmarar. Eit akkurat passe raskt prosjekt å ha ved sidan av eit større strikkeprosjekt, og oppskrifta er ypperleg i lag med restegarn.

12. mai 2021

Grannesturen





Godgjengen ut på nok ein kvardagstur. På ein laurdag vel å merke, hi, hi. Denne gongen var det Grannesturen som stod for tur, og me sykla bort til Sørmarka der me starta turen. Ein del av turen gjekk langs motorvegen og Nesbuvegen, så stille og roleg var det ikkje heile tida, ei heller noko spennande å sjå til ein kvar tid. Men ein stad måtte me gjennom ein av dei smalaste undergangane eg har sett, og høyballar og traktorar ute på jorda gav oss etter kvart ei landleg stemning. 






Blomar overalt for tida, og det er berre så innmari fint, vår etter vår! Det eine treet såg ut som det hadde små brokkolihovud på greinene. Fascinerande. Vakre kvitveis inne i skogholtet.





Sola laga lange skuggar, varma andleta våre, og også på denne turen såg eg ein finfin sommarfugl. Så klart hadde me med oss litt niste, og då me var komme fram til Sørmarka igjen, fann me ein benk, åt litt mat og koste oss med termoskaffi. Vinden var til stades, dimed sat me ikkje altfor lenge, men det blei no tid til eit lite hoppebilete. Veit ikkje kor populært det er at eg stoppar opp for å ta bilete av alt og ingenting, eller at dei må stille opp som fotografar når eg skal gjere noko spenstig, men skitt au – det må dei berre finne seg i viss dei skal gå tur i lag med meg ;)