28. mars 2021

Påskehelsing 🐣


Gult er alltid kult, kanskje no i desse tider: palmesundag er her og påska er i gong. Når dette blir posta her på bloggen, er me oppe på hytta, for i år blir det hyttepåske. Kjem til å ta heilt fri der analoge aktivitetar står på planen. Eg har ikkje førehandspublisert fleire enn dette eine innlegget, så med andre ord kjem det til å bli litt stille her ei vekes tid. Tenkte eg ville helse og ønskje alle ei riktig god påske med denne gule påskekoppen med litt snop oppi som eg fekk frå jobben :)

26. mars 2021

Hei, hei, Melshei!



Sundagsturen førre veke gjekk til Melshei i nabokommunen. Melshei er eit stort og poulært friluftsområde med fleire gruslagte stiar og andre småstiar inn i skogen og opp til eit par toppar. Me lånte el-bilen, køyrde til ein av parkeringsplassane, sette frå oss bilen og fann ei løype me ønska å gå. Byrja med å gå opp til Storetofjellet der me fekk god utsikt over delar Sandnes (og eg ser det er blitt ei greie å ta bilete av desse to medan dei ser utover noko, tihi). Litt sur vind mesteparten av turen, men sola titta fram innimellom, varma andleta våre og lyste opp skogsbotnen.

 


Løypa me hadde tenkt å gå, var ikkje så enkel å finne umiddelbart ut frå det lille kartet me såg på parkeringa. Difor enda me opp med å gå litt på måfå i området, noko som likevel blei ein kjempebra tur. Trolsk stemning i skogen, ei ordentleg snurrestamme, den knallgrøne mosen og ein bror som slappa av på bakken då me tok ein rast ute i skogen. Melsheia leverte!

24. mars 2021

Ny Twiggygenser


Stort smil – og litt grining mot vårlyset på himmelen. For det er jaggu meg ikkje enkelt å smile utan å rynke littegrann på nasen når både vinden og lyset får tårene til å renne ;) Men som du ser er eg veldig glad for og nøgd med den nye Twiggygenseren. Denne gongen har eg som nemnt strikka eg den i eit tjukkare garn, nemleg Tweedy frå Pickles, i fargen teglstein. Diggar fargen, diggar snittet på genseren og eg synest olbogelappane som eg sydde på med det same garnet verkeleg blei prikken over i-en. Det var noko surt då me skulle gå tur på sundag, så det var ull frå topp til tå. Og kva er vel betre enn ei lita fotograferingsstund med ein ny ullgenser saman med sauane på Ullandhaug?!
 



Sauane var så raggete og kule. Dei lurte heilt sikkert på kva i alle dagar me heldt på med, tihi. Rart med det, men innimellom blir bileta tatt med mobilen betre med tanke på posering og motiv sjølv om kvaliteten er dårlegare, så eg sleng med to av dei også. Til slutt må eg le av det aller siste biletet som broren min tok: eit bilete av mannen min som tar bilete av meg med den eine sauen som står og tittar i bakgrunnen. For eit bakombilete! Gleder meg til å ta i bruk genseren oppe på hytta i påska. Etter det er det vel for varmt til å bruke den før hausten kjem snikande. Kjempegøy og avslappande å ha eit strikketøy å halde på med, og neste prosjekt er allereie på pinnane!

22. mars 2021

Krokus langs grøftekanten


Lilla gleder langs jobbvegen. For det er ikkje berre snøklokkene som har poppa opp i det siste – fleire plassar ser eg både lilla og kvite krokusar. Blir så glad, så glad for at våren er her! Fargane ute som blir klarare og sterkare for kvar dag som går, dagane blir lengre og det byrjar å bli varmare i lufta. Vel var det ullklede på oss då me gjekk tur i går, men det er likevel ikkje nokon tvil om at me no er inne i ei ny årstid. Timane på jobb gjekk fort i dag, og då eg kom heim, blei det litt strikking og Mysteria i Brokenwood. Ein greit start på veka her i Stavanger. Korleis har dagen din vore?

21. mars 2021

Rolege fridagar





Morgonvakt på måndag, kveldsvakta på tysdag og ei morgonvakt igjen på onsdag. Litt rart skift denne veka, men av og til blir det slik når ein hjelper kvarandre og med det byttar noko om på skiftplanen. I løpet av fridagane mine har eg for det meste brukt tida mi på å lese og strikke. Høyrt på roleg musikk, sett eit par episodar av Mord i paradis og fått med meg ein del av innslaga på den digitale Krimfestivalen. To turar til biblioteket (må ha bøker til påska), fint vårvêr både til og frå jobb og ein bra sundagstur med den vanlege kohorten er anna fint i det siste, under kjem resten:

✦ kjøpe ein liten ildtopp i ein gul og kul vase til mannen min... vel, til heimen vår ;)
✦ starte veka med å gå heim frå jobb i strålande solskin
✦ kjempefint puslespel (og Mira er som vanleg ein nysgjerrig og finfin pus)
✦ lese ut den tredje boka i Kroken og Koldens nynorske krimserie
✦ kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso på piano i den nyaste episoden av Eides språksjov
✦ og så temaet frå Poirot under opninga av (den i år digitale) Krimfestivalen
✦ Synnes innlegg om at det er eitt år sidan me fyrst stengde landet – les det no!
✦ knallbar vårvêr til og frå jobb tidleg i veka
✦ strikke ferdig Twiggygenseren og sy på albuelappar
✦ og byrje å strikke ein ny topp
✦ knallblå himmel og herleg solskin vegg i vegg med svømmehallen
✦ sollyset mellom trea ved Mosvatnet ein dag
✦ fuglane som syng så høgt, så høgt
✦ krokusar og endå fleire snøklokker – våren er verkeleg noko av det finaste
✦ tur i Melsheia tidlegare i dag, artig å sjå små trestubbar fulle av mose
✦ full "krig" om ein eplebit mellom eit ekorn og ein fugl
✦ Judy Collins med "Send in the Clowns" på radioen då me køyrde heim frå dagens tur
✦ tetid med ein liten kjeks og ei god bok, liker slike kveldar
✦ nyttår i Lapland, januarstemning og vinter i Porvoo – tre flotte innlegg inne hos Niina
✦ ete god laurdagstaco, spele "Dominion" og kose oss med Kompani Lauritzen på skjermen
✦ sidan me ikkje kan reise for tida: Togeventyret av Bjørn Stærk er den perfekte boka nett no

19. mars 2021

Småsyssel


Tweedgarnet kom endeleg i posten for eit par dagar sidan, og no er genseren så godt som ferdig. Sidan eg har hatt fri både i går og i dag, har eg brukt tida mi på å feste trådar og sy på olbogelappar (det blei så tøft!) i tillegg til å lese, bli glad av sola som tittar inn gjennom stoveglasa og prøve å slappe av. Kveldsskiftet var denne gongen noko meir travel og litt kjipare enn vanleg, så eg kjenner det er greitt å ha langhelg. Manglar framleis å komme meg ut i dagslyset for å ta bilete av genseren, men eg lover – det kjem eit blogginnlegg om genseren så snart eg har fått tatt eit par bilete ;) Ser elles fram til ein laurdag og sundag med lesing, god mat, ein gåtur ein eller annan stad og Kompani Lauritzen, generelt eit lågare tempo. Ei morgonveke igjen før det plutseleg er påske. Å, eg har allereie byrja å finne fram krimbøker, for inga påske utan krim! Snart er det middag, hej då.

17. mars 2021

Snøklokkebonanza


Fordi dei er det vakraste vårteiknet. År etter år. Fordi me alle treng noko å glede oss over, som får fram smilet. For det er ingen løyndom at me nok ein gong må vere førebudde på endå fleire restriksjonar viss me ikkje klarer å snu trenden. Å gå meg ein tur og setje meg ned på huk berre for å titte ekstra nøye på snøklokkene, det gir meg ro. Hovudet får litt fred og eg kjenner vårkjensla. 

15. mars 2021

To av fleire gode bøker

"Biskopen og sognepresten sto lenge i forundring foran bokryggene, mens Ole Neset stilte seg bak dem, rolig og oppmerksom, støttet til sine to stokker. Det ble ikke sagt et ord. Det var som de alle tre ble stille i bøkenes nærvær." (s. 15)

"Today in Mr. Creighton's class, he does a quick lesson on pronouns before we break into critique groups to work on our stories. He says some of us aren't using them correctly. 
He. She. It. They. We. Them.
Mr. Creighton's right. Some people don't use pronouns correctly. For example, “she” is the correct pronoun for me. But people keep incorrectly referring to me as “he.”
She.
I can't wait until the whole world calls me by the correct pronoun.
She
Someday, they'll get it right. 
She
Someday..." (s. 81)

To gode sitat frå to bøker eg nyleg har lese. Heivolls Øksa og ishavet valde eg som denne månadens novellesamling. Skriving og forfattarskap, litteratur og liv og nye horisontar er hovudtema. Også i denne bok skriv Heivoll med ei kraft som treff hardt, og eg ser ikkje bort frå at eg kjem til å lese fleire av hans bøker i framtida. YA-boka Lily and Dunkin av Donna Gephart trefte også hardt med historia om Lily. Ho ønskjer å bli kalla Lily, men dessverre er det ikkje alle som ser og forstår at ho identifiserer som ei jente sidan ho er fødd gut. Dunkin er ny på skulen og slit med å passe inn – kven skal han vere og kven kan han stole på? For også Dunkin har sin bagasje. Desse to tar oss med på ei reise om venskap, identitet, fysiske og psykiske utfordringar og korleis det er å vekse opp i dag. Og slik fortset eg leseåret 2021. Fram til no har eg lese nærmare tretti bøker, dei aller fleste gode og kjekke å lese. Skal snart ta fram ei av bøkene eg les for tida og slappe av resten av kvelden.

14. mars 2021

Sundagsliste etter ei lang jobbhelg


Travel helg på jobb sjølv om me framleis har færre folk enn det me hadde for eitt år sidan. Men med eit bookingsystem som ikkje er optimalt og ein del anna som dukkar opp, skjer det mykje på ein gong og eg kjenner det i hovudet no i kveld; reknar med at me er mange i same båt. Noko opp og ned desse dagane, med andre ord lite nytt. Fekk vore litt sosial i går etter jobb saman med to veninner som eg ikkje ser så ofte – det gjorde godt! Kjenner at eg ikkje skal bli for sein i kveld, og difor gjer eg det enkelt med å avslutte denne teksten og gå rett over til vekas oppsummering:

✦ gøy å lese Thirteen at dinner (aka. Lord Edgeware Dies) med Poirot og Hastings i spissen
✦ kjempekoseleg å ete taco og sjå Kompani Lauritzen i lag med to gode veninner i går
✦ Michael Palin som ser tilbake på sine beste reiser – å kunne reise med Palin er ei lita glede
✦ takksam for å komme heim til knallgod vegetarpizza etter jobb i dag
✦ plassen Haworth og Brontë Personage Museum i ein Med kjærlighet for kanaler-episode
✦ åtte "perfekte" filmar ifølgje Metacritic – her er både Boyhood, Rear Window og Citizen Kane
✦ tinge meir garn slik at eg kan strikke ferdig Twiggygenseren
✦ snøklokker rett ved ei av blokkene her i nabolaget
✦ og lange skuggar på blokka vår 
✦ Mira er ein ordentleg kosepus, ho er berre så skjønn
✦ berre gå ein liten runde rett utanfor heimen for å kjenne sola i andletet
✦ skrive og sende av garde dei søte klemmekorta
✦ ein moderne versjon av ei steppescene frå Singin' in the Rain, meir steppedans til folket!
✦ stilige fargar og god lavendellukt på eit såpestykka
✦ TV-seriane Mord i paradis og The Goldbergs, artige på kvar sin måte
✦ eit bilete av ein fin og nysgjerrig rev
✦ redde ein katt frå eit lite tak på jobb
✦ god svømmeøkt på jobb
✦ hihi, ein søt, liten kvalp som ventar på mat
✦ lese sommarfugleffekt-boka Eleven av Mark Watson
✦ setje på NRK2 måndagsettermiddag for å sjå den aller fyrste Poirot-episoden
✦ roe ned etter jobbhelg med roleg musikk og stearinlys

12. mars 2021

Skuggespel tidlegare i veka

Kanskje ikkje heilt vår enno, for på onsdag sludda det jamt og trutt. Men det er Stavanger i eit nøtteskal, og sidan det er mars og snøklokkene har poppa opp, vel eg likevel å seie og tenkje at det er vår ;) Før eg byrja på kveldsskiftet, hadde eg fri måndag og tysdag. Sola skein og eg måtte ut for å kjenne vårlyset i andletet. Eg vinka til mi eiga skugga og stod ei stund og beundra dei lange skuggane på blokka vår. Skal jobbe i helga, så eg skal no vere inne i hallen uansett om det bøttar ned ute eller om sola kjem til å skine slik den berre gjer om våren. Håper på badegjestar som ikkje klagar for mykje på bookingsystemet og kor treigt det går, satsar på tid til litt lesing innimellom og kanskje får me betre vêr neste helg. Uansett. Ønskjer alle som les dette ei riktig god helg.

10. mars 2021

Ein klem i postkassa



Kven saknar vel ikkje ein klem frå venar og andre kjente i desse dagar?! Eg oppdaga desse korta ein eller annan plass på Instagram her om dagen. Klemmekort, for ein fin og varm idé. Det er Poppcorn design som står bak idéen, og sidan dei held til i Haugesund, er det jo så å seie ein lokal bedrift. Måtte rett inn på nettsida for å sjå kva kort dei har, og eg enda opp med å kjøpe ei pakke med fem ulike motiv. Rett før helga dukka dei opp i postkassa. Å, så utruleg søte motiv! Fekk med eit ekstra kort og ein liten kjærleik på pinne, ein prikk over i-en. Og nei, dette er ikkje eit sponsa innlegg eller reklame, berre ei genuin meining om eit veldig koseleg initiativ. For kvart selde kort, støttar ein i tillegg Mental Helse med ei krone. Ein venneklem, ein bamseklem. Ein varm klem.

8. mars 2021

Austre Åmøyturen


Ut på tur ute på ei øy. Åmøy ligg ein tunnelkøyretur unna sentrum, men er likevel ein plass eg berre har høyrt om, aldri besøkt. I går lånte me bil, fekk med oss broremann og stakk ut til Austre Åmøy for å gå den merkte kvardagsturen. Vestre og Austre Åmøy var tidlegare delt mellom kommunane Rennesøy og Stavanger, men med samanslåinga i fjor ligg heile øya no i Stavanger kommune. Litt sur vind innimellom, noko som ikkje så mykje sidan det stort sett var sol og flott vêr. Måtte le litt av "here's Johnny"-teikninga på ei raud låvedør. Og så vegane som møttest, nord møter sør ;)

 

Fleire plassar stoppa me opp for å lese infoskilt. Det er nemleg mykje historie der ute på øya, og bautasteinane ein ser på biletet, er dei høgaste i Stavanger. Pigghedlene heiter dei, og sagnet fortel at to kongar er gravlagde der dei står. Ein annan stad stoppa me opp for å studere helleristningane. Helleristningssamlinga er ei av dei største i Europa. Åmøy var eit religiøst sentrum i bronsealderen og det er mange varierte motiv blant desse helleristningane som øks, fisk og skip.




Vidare traska me langs hovudvegen før me skulle inn i eit lite skogområde. Barnålane på bakken var i ein vakker rustraud farge. Me fann ein benk der me åt ein liten matbit og drakk god termoskaffi. Sat ikkje lenge, for akkurat der var det kaldt med vind i nakken. Fint var det no lell med vatnet som skvulpa, alle dei runde steinane, stilla og ei eiga ro, to fine personar. 







Etter samanslåinga av Finnøy, Rennesøy og Stavanger, er no Stavanger den kommunen i Noreg med flest sauar. Tihi! Såg fleire av dei langs vegen i går, men det aller finaste var snøklokkene på bakken og ein liten hest som kom for å møte oss. For eit snilt og koseleg andlet! Midt i slike rare dagar, er det slike turar som får fram smilet. Gleder meg til å uforske fleire turar i vår eigen by.