31. des. 2019

Lys og stjerner og snart eit nytt (ti)år 🌟

Englespel og adventsstjerne. Varmt lys i mørketida, lys som gjer mørke og grå dagar lettare. Ikkje for det, akkurat no skin sola ute her i byen, men på mange av dei andre dagane no i haust og vinter. Nok eit år er forbi, i morgon er 2020 her. Eit heilt nytt tiår. Skjønner ikkje heilt det der, for kor blir tida av? Kor bli åra av? Skal ikkje dvele mer ved det no i dag. I kveld skal me kose oss med vener, slappe av, ete god middag, le, prate og berre ha det hyggeleg. Godt nytt år, alle fine lesarar!

#2019bestnine

Puslespel og bøker (fleire av dei Agatha Christie-bøker), 17. mai i den finaste bunaden, ute i skogen i den herlege genseren mamma strikka til meg, ny jobb i svømmehallen og ein sommarselfie på Gotland – dette er visst mine #bestnine frå Instagram i år. Men eg skal ikkje gløyme alle kvardagane, dei aller fleste flotte, nye og gamle vener, familien, kaffi (og endå fleire bøker), musikalar, orkester, fargar så å seie overalt og mykje anna. 2019 veldig kort oppsummert.

30. des. 2019

Strandtur i romjula

Ute på Solastranda i eit nydeleg vintervêr. Sånn var det då me gjekk ein tur der ute i lag med eit venepar midt på dagen andre juledag. Temperaturen var null gradar, men sett bort frå det kunne ein nesten tru det var tidleg haust. For himmelen var lyseblå, sola skein og varma oss i andleta og det var vindstille. På eit par gamle bunkersar kan ein oppdage gatekunst, og ved eit naust stoppa me opp for å ta ein liten matbit. Veldig hyggeleg å prata mykje i lag med desse to finingane :)


Disen låg som eit tynt teppe over sjøen, laga ei magisk stemning. Etter kvart byrja sola å gå ned. Lyset gjennom skyene var like magisk som den tynne, lysegrå disen. Ein av dei aller siste solnedgangane i 2019, så sterk og fargerik. På veg tilbake til parkeringa, måtte me stoppe opp littegrann for å sjå på dette sandslottet. Og så var det "ha det" og "godt nyttår" til venene våre.

29. des. 2019

Siste sundag i dette tiåret

Dagane mellom jul og nyttår. Nokon ønskjer å kaste ut jula med ein gong og starte med blanke ark, sjølv høyrer eg på julemusikk fram til 1. januar. Eg slappar av, senkar tempoet og tar det heilt med ro. Akkurat slik har det vore denne veka. Starta den på jobb, men det var berre halvannan dag, for dei andre dagane har eg hatt heilt fri. Me har vore på Sola, ete god mat, lese mykje, treft gode vener, sett filmar og eigentleg berre hatt juleferie. Sånn ordentleg juleferie. Skal ikkje skrive så mykje meir anna enn at her kjem årets siste sundagsliste, eller, for å vere meir nøyaktig, tiårets siste:

✦ har lese endå ei julebok av Baggot, nemleg One Christmas Star, og eg likte denne like godt
✦ kose meg med siste episode av Snøfall og sesongfinalen av Endeavour
✦ flott pdf-guide til London, laga av Mariell
✦ slappe av no i romjula med kaffi, julemusikk og ein haug med bøker
✦ andre juledagstur på Solastranda med eit venepar med sol i andletet og disig hav
✦ som vanleg titte på Tre nøtter til Askepott og Reisen til julestjernen på sjølvaste julaftan
✦ altså, små elefantar er jo berre heilt herlege og nusselege
✦ drikke kaffi frå nye, fine krus ein juledagsmorgon
✦ har endeleg sett Die Hard frå 1988, og eg synest den var ein herleg actionfilm
✦ "Tenk om 2010 og 2020 snakker ut om tiåret som har gått" – ha, ha, tiåret tatt på kornet
✦ synest den nyaste krimboka til Trude Teige levde opp til forventninga
✦ jentekveld med ei av mine beste veninner her heime på torsdag
✦ søte pusen som har fått vere gjest hos nokon fine menneske
✦ pynte treet og ete risgraut lille julaftan
✦ feire jul i lag med familien, inkludert kulaste Zalo
✦ "Auld Lang Syne" – Peter Hollens har nok ein gong laga ein kjempebra coverversjon
✦ setje av tid fyrste juledag til å sjå den aller siste HP-filmen saman med heile familien
og ordentleg kult å ha ein Harry Potter-inspirert vegg
✦ pusle ferdig puslespelet etter å ha vore på jobb julaftan
✦ desemberstemninga alltid like flott fanga inne hos Niina
✦ vere ute på Cardinal i går i lag med ein gjeng fine folk
✦ debutromanen til Ane Barmen, Draumar betyr ingenting, er ei sår og veldig god bok

28. des. 2019

Gult er kult også i jula

No i jula har du vore så frampå, sosial og heilt i hundre og ti. Du var med på å opne julegåvene, du prøvde deg på maten då me sat og åt juledagsfrukosten og når du sit på eit hovud, aller helst pappa sitt hovud, er du kongen av verda. Artig å sjå då du var me inn på badet og vaska deg under kranen som aldri før, og kvitringa di er alltid like fin. Ok, når du lagar den høgaste lyden, kan det bli litt mykje, men sånn elles er det berre stas. Jula med deg og resten av familien har vore alle tiders!

27. des. 2019

Sakte adventskalender

Frå 1. til 24. desember har me sett av tid til å pusle litt kvar dag. Bit for bit, brikke for brikke. Eg fann dette julepuslespelet i ein bokbutikk, og då eg såg at det var same illustratør som har teikna "The Bizarre Bookshop", nemleg Colin Thompson, fann eg ut at dette måtte bli med heim. Å leggje puslespel er den perfekte adventskalenderen om ein vil sakke farten og senkje skuldrene.



Like detaljrikt som vanleg. Julenisse som speler fiolin, ein bamse med nisselue, julekuler, flygande bøker og så mange rare og artige figurar. Me har kost oss med ein slik sakte adventskalender. Til jul fekk me faktisk to puslespel, og dimed har me endå fleire timar foran oss med puslespelbrikkar.

26. des. 2019

Rundt bordet her om dagen

God kveld, god kveld. Rolege feriedagar med familien, god mat, quiz, lesing og mykje kaffi. Han fine og eg var på Solastranda i dag der me gjekk ein tur i lag med eit venepar. Mykje prat, herleg med frisk luft og vêret var berre nydeleg! Legg ut nokre bilete av middagsbordet slik det såg ut på julaftan. Raude lys og littegrann julepynt, god ribbe og medisterkaker og ikkje minst godt selskap. Og sjølv om det kanskje ikkje blei sju slag til jul, var det noko for ein kvar smak på kakefatet.

25. des. 2019

Julepynt og risgraut

Å pynte treet lille julaftan, leite fram dei norske flagga, julekulene, glitter og anna julepynt. Høyre på julemusikk, leggje gåver under treet, kjenne skuldrene bli lave. For julestresset kjenner me ikkje noko særskilt til, me koser oss og nyt det å ha ferie. Vere i lag med familien og kulaste Zalo.


Som vanleg åt me risgraut utpå kvelden. Sidan ikkje alle et graut, hadde me heller mandelen i riskremen i desserten i går. Tidlegare i haust fann eg ei julekule med Mummimotiv, og eg klarte ikkje å gå forbi den. Berre sjå så fin den er! Akkurat passe kveld i går med julemiddag, gåveutdeling og litt quiz til slutt. I dag har me verkeleg tatt det med ro med ein film på TV, liten tur for å få frisk luft og dagslys og spelt mange rundar "UNO". Latter og god stemning, heilt greitt med juleferie!

24. des. 2019

"Hei, hå, nå er det jul igjen" 🎄🎄

Julehelsing frå ein ekte trollskog! Sit no og ser på Tre nøtter til Askepott, litt på etterskot sidan eg som nemnt var innom jobben. Har kaffi i ein Mummikopp og eit pledd i fanget, jul og hygge på sitt beste. Ønskjer dykk alle ein riktig god jul! Slapp av, ta vare på kvarandre og nyt høgtida!

23. des. 2019

Bitteliten gåtur på bittelille julaftan

23. desember og lille julaftan. Eg har vore innom jobb og må også innom ein liten tur i morgon tidleg. Men så er det ferie og fri, tihi! Midt i julegåveinnpakkinga i går, tok me på oss yttertøyog traska ein tur rundt Vannassen. Lite som minner om kvit jul, men når vêret er slik det var i går, der sola skein så varmt og gyllent gjennom trea, kan ein ikkje klage altfor mykje. Lyset over på den andre sida av vatnet var heilt spesielt. Nærområdet vårt, altså! No er me heime på Sola. Juletreet er pynta, Zalo kvitrar med til julemusikken og risgrauten er eten. "Hei, hå, nå er det jul igjen!".

22. des. 2019

Supersosial veke rett før jul

Lille julaftan i morgon. Allereie. Eg seier det nok kvart år, men året har gått litt for fort, det har foke av garde i sitt eige tempo. Plutseleg er julehøgtida her utan at eg heilt skjønner det. Men med nesten to veker ferie som byrjar etter klokka 12 på julaftan, skal eg ikkje klage, men heller nyte romjula og fridagane. Denne veka har verkeleg gått i eitt med blant anna to kinobesøk og julekakebaking. Rart korleis vekene før jul ofte har ein tendens til å bli travle, men som regel på ein positiv måte ;) I har det derimot vore veldig roleg, ein heilt perfekt sundag, den fjerde i advent. Ønskjer no å slappe av med ei bok me finn senga, rett under kan du lese meir om mi sosiale veke:

✦ siste bok i #readchristie2019, og då valde eg den nervepirrande And Then There Were None
✦ sollyset inne i skogen då me gjekk rundt Vannassen i dag
✦ hi, hi, så kult at ein kattunge og ein liten alpakka kan vere så gode vener
✦ julelysa og stemninga i Langgata i nabobyen
✦ suite frå Narnia-filmane, spelt av DR SymfoniOrkestret
✦ kose meg med ein Snøfall-episode kvar dag
dei gule julestjernene ved Breiavatnet, noko som skaper herleg og lun julesteming
✦ "The Evolution of Christmas Songs (1744- 2020)" – julemusikkvideo frå Peter Hollens
✦ ein julelandsby i miniatyr sett i eit butikkvindauge
✦ julekakebaking i lag med broren min, noko som har blitt ein årleg tradisjon
✦ invitere to kollegaer heim på kaffi, julekaker, mykje prat og julefilmen Love Actually
✦ må få sett "The Mousetrap" neste gong me er i London, særskilt når eg les dette hos Et katteliv
✦ keramikknissane frå Leirleik er mine favorittgrumpenissar, den med kvit lue er ny i samlinga
✦ sjå juleklassikaren It's A Wonderful Life i lag med ein kollega, og jepp, tårene rann mot slutten
✦ god olje frå Oliviers & Co som julegåve frå jobben
✦ ein ny vlog frå finaste Jonna
✦ kinodate i lag med mannen min i går der me såg den artige krimsatiren Knives Out
✦ treffe ei god veninne etter kinoen i går, og det blei litt shopping, kaffidate og mykje prat
✦ herlege dovendyr gjer meg alltid glad
✦ fortsetje med å lese julebøker: Mutts & Mistletoe

20. des. 2019

Julekakebakeonsdag

Neimen ikkje lett å ta fine bilete inne no i mørketida, særskilt ikkje om morgonen eller på ettermiddagen og kvelden. Men det for så vere, eg tok nokre bilete frå årets julekakebaking likevel. I år var me litt seint ute med bakinga, men betre seint enn aldri. Kjempekjekt å ha ein slik tradisjon i lag med broremann. Som vanleg stod det sjokoladestenger på planen, og dei blei knallgode!


Me er nok alle meir begeistra for sjokoladestengene enn peparkakene, men sistnemnde høyrer jula til og er absolutt ein del av juleførebuingane. Skal innrømme at me også i år brukte kjøpedeig, men kjevlinga og steikinga var det me som gjorde. Julebakekakeonsdag som gir lukta av jul.