30. des. 2012

Snart er det 2013...

Nyttår. Nytt år. Det nye året nærmar seg. 2012 har gått fort slik som dei, åra, ofte gjer. Gjennom året har eg for det meste halde på med studiane og korps, både som instruktør og som musikant. I månadsskiftet februar-mars var me, sambuaren min og eg, ein tur til London. Det sit igjen som noko av det kjekkaste eg opplevde i år :) Spelte mykje på 17.mai, hadde eksamen, og då sommaren kom, jobba eg i hele ni veker, dvs. heile ferien! Har jo også vore mykje med venene mine, både de i Kr.sand og folk her på Sola. Korpskonkurranser har det også blitt, og tid med familien. Og no, etter nok eit haustsemester, er det snart på tide å ringje inn det nye året. Eg har ingen store nyttårsforsett, men som mange andre synest eg det er ganske ålreit å kunne starte på nytt. Nytt år, nye sjansar. I morgon skal me feire nyttår saman med den gjengen me har feira med dei to føregåande åra. Eg gleder meg til god mat, quiz, mykje snakking, god musikk, ja, berre vere saman med flotte vener. Godt nyttår alle saman!

28. des. 2012

Romjul

Det er stille rundt meg. Dei andre er på hytta mens eg ikkje kom meg opp dit denne jula. Eg skal nemleg bort til ei veninne no i kveld der me skal snakke, høyre på god musikk og bare slappe av. Me blir litt over ti stk., og det kjem til å bli veldig koseleg :) Det hadde blitt så altfor travelt om eg skulle fyke opp og ned hytta, for ikkje berre skal eg vekk i kveld, men om to dagar kjem kjærasten ned att frå Sunnmøre. For to dagar sidan, om kvelden, kom familien frå Florø hit, og me hadde pakkeopning nr. to. Fekk ei kjempefin, lilla lue som tanta mi har laga, og også nokre kjempefine pulsvarmarar som kusina mi laga på skulen til meg :) I går var eg ein tur i byen for å byte ei av gåvene som eg fekk på julaftan, og eg blei veldig fornøgd med det eg til slutt enda opp med. Og på kvelden fekk eg besøk av hu veninna mi som til vanleg bur i Trondheim. Me laga oss god mat, snakka mykje, såg Mamma Mia og Bridget Jones på randen. Er så utruleg kjekt å ha ein slik jentekveld når me fyrst er heime på Sola begge to.

26. des. 2012

Jul på Sola

Og så er me allereie komme til andre juledag. Her i heimen har me det fint; me slappar av og koser oss, prøver ut nokre av gåvene som me fekk på julaftan, koser oss endå meir og som vanleg blir det nok julekaker. Sånn sett så blir det jo litt greitt å komme tilbake til kvardagen om litt over ei veke. Men eg vil ikkje tenkje på det akkurat no. Lille julaftan pynta me treet med masse fin pynt, og me åt god risgraut med mandel i (og den var det pappa som fekk i år). På sjølvaste julaftan var eg i bunad allereie før klokka var elleve! Det må vere rekord! Såg Tre Nøtter til Askepott, og ho fekk prinsen i år også :) Etterpå var me alle bortom mormor ein tur med mat og gåver, og det var koseleg. I år var eg også i kyrkja der eg spelte saman med skulekorpset mitt, altså det korpset som eg spelte i fram til eg flytta til Bømlo. Kjempekoseleg å få vere med dei, og det var dei samme, gamle songane som blei spelt også i år som dei tidlegare åra :) Då eg kom heim, åt me god ribbe og medisterkaker; til dessert åt me riskrem – "same procedure as every year...". Til slutt var det på tide å opne gåvene, og også i år fekk eg mykje fint: klede (blant anna ein kjempefin, kongeblå peplumtopp), fine armband, knallraud kaffikanne og mykje anna. Noko av det finaste var gavekort på Aquarama Spa i Kristiansand som eg fekk av han der fine :) Tusen takk til alle saman! Elles så har eg fått lese ut tre av pensumbøkene for neste semester, deriblant Lasso rundt fru Luna av Agnar Mykle. Boka er på vel 700 sider, men eg må seie at eg blei positivt overraska :) Seinere i dag får me besøk i frå Florø, og då blir det et par gåver til å opne. Og Downton Abbey (julespesial) kjem også i kveld. Jepp, eg gleder meg!

Nokre julebilete

24. des. 2012

God jul!

22. des. 2012

Julebakst

Peparkaker. "Når en pepperkakebaker baker pepperbakerkaker, tar han først en stekegryte og en kilo margarin. Oppi gryta smelter smøret og det neste han må gjøre, er å røre sammen smøret med en teskje med farin." Her heime bakte me som sagt peparkaker på torsdag, men i dag var eg heime hos ei veninne saman med ei til, og då blei det endå meir baking av peparkaker. Kjempekoseleg å gjere noko slik saman no i jula, spesielt fordi me alle bur i forskjellige byar til vanleg :) Sende kjærasten min heim til Sunnmøre i går, og på kvelden var eg på ein liten julefest hos ei her i gata. Kjekt å sjå folk som eg ikkje har sett eller snakka med på ein del år. I morgon skal me i alle fall pynte juletreet og ete ordentleg risgraut til middag; det er jo lille julaftan i morgon!

20. des. 2012

Ordentleg feriehygge!

"Nå har vi vaske golvet og vi har børi ved, og vi har sett opp fuggelband og vi har pynta tre'." Nei, me har nok ikkje komme så langt her i heimen, men me er i gong. Og då eg var innom biblioteket på tysdag, såg eg at dei hadde pynta så fint og laga eit slags juletre. Eg synest det er kjekt at det går an å pynte litt alternativt sånn i blant (men her heime skal me pynte eit vanleg, fint, grønt juletre på lille julaftan). Elles så er kjærasten her på besøk, men i morgon reiser han heim til sin familie på Sunnmøre der han skal feire jul. Ingen av oss vil gi slipp på å feire ein tradisjonell jul saman med våre familiar. Så sjølv om eg så gjerne ville hatt han her med oss i jula, så skjønner eg godt at han vil heim til sin eigen familie og feire jul saman med dei :) I går då alle hadde komme heim og fått i seg litt middag, tok me alle i eit tak på kjøkkenet og bakte peparkaker. Og som alltid smakte deigen mykje betre enn dei ferdigsteikte peparkakene ;) Litt artig er det jo å stå der med mel overalt, deig på fingrane og god lukt i frå ovnen. Blir ikkje heilt lei alle førebuingane til jul. No blir det snart puslespellegging her. Hygge!

18. des. 2012

Kafé- og handletur :)

Dagane her på Sola går fort, og plutseleg har eg snart hatt to veker juleferie. Allereie! Tida går ofte litt for fort når ein har ferie. Det er så mykje ein vil gjere og så mykje som skal bli gjort, og plutseleg er kvardagen her igjen. Men eg skal i alle fall nyte ferien så godt eg berre kan :) Har i dag vore i Stavanger sentrum saman med ei av mine besteveninner på endå meir julehandling. Eg er jo ferdig med handlinga, men det var ikkje ho, og då ho spurde meg om eg ville vere med, så svarte eg så klart "ja". Kjempekjekt å endeleg få treffe ho igjen; det er ikkje så altfor ofte at me får sjå kvarandre når ho bur i Trondheim og eg i Kr.sand. Me gjekk mykje rundt og bare kikka på ting og tang, ho fann nokre julegåver og så var me innom vår stamkafé, Steam. Godt med ein god kopp kaffe, og så blei det jo mykje prating! Før me tok bussen heim, var me innom Meny på Straensenteret, og desse epla møtte oss då me kom inn i butikken. Artig! Var også ein tur innom biblioteket, så no skal det bli mykje lesing her i huset :)

16. des. 2012

"Pakke, pakke, pakke, pakke..."

Pakkar inn julegåver for fullt! No når dei aller fleste gåvene er i boks, kan eg jo like gjerne pakke dei inn slik at dei er klare til julaftan. Nesten eit lite juleverkstad! Har hatt nokre fine dagar saman med kjærasten min, men i går reiste han tilbake til Kr.sand for å dirigere to konsertar. På grunn av det dårlege vêret som har vore her dei siste dagane, var det ei stund usikkert om han kom seg til Kr.sand. Heldigvis letta vêret utpå dagen, og han fekk dirigert den eine av dei to konsertane i dag tidleg. Dagen vår på fredag blei feira med julegåvehandling (eg var vel meir gira enn han), middag på restaurant og som sagt Hobbiten. Det var i alle fall kjekk undehaldning, så opplevinga var eg fornøgd med ;) Mamma og eg har i dag vore på endå meir julegåvehandling. Det var nemleg ope på Kvadrat, og eg må seie at det var veldig greitt å få denne handlinga unnagjort. Elles så sit eg nede på rommet mitt og småputlar med noko temmeleg hemmeleg. Det er jo ofte slik før jul at ein har løyndomar, noko som i alle fall eg synest er litt spennande :)

14. des. 2012

Fire fine år!

Tida går utruleg fort! Tenk at det allereie er fire år sidan me to, han der fine sambuaren og eg, blei saman. Det er fire år sidan fyrste gong me kyssa, det er fire år sidan fyrste gong me heldt hender, det er to og eit halvt år sidan me flytta saman, det er eit og eit halvt år sidan me flytta saman til bustad nr. to. Me har opplevd mykje i løpet av desse fire åra. Eg budde jo eit år på folkehøgskule utan han, før me flytta saman, men det gjekk eigentleg ganske bra. Så klart var det mykje saknad, men eg trur det er bra å kunne oppleve ting på eiga hand også. Det året opplevde eg så utruleg mykje, eg vaks, og sjølv om det var utan han, har eg aldri angra på at eg følgde draumen min om eit år på folkehøgskule før ein eventuell høgare utdanning. Eg er glad for at me tok sjansen på å bu vekke frå kvarandre, og eg er glad for at me tok sjansen på å flytte saman sjølv om eg då syntest at det var litt skummelt. Me er ikkje alltid einige om ting og tang, men me utfordrar kvarandre; me blir jo einige til slutt (om ikkje anna, så blir me einige om at me er ueinige). Gratulerer med dagen!

13. des. 2012

Snøkaos

"Det snør, det snør, tiddelibom. Det er det det gjør, tiddelibom. Nå snør det mye mer enn før, tiddelibom – og huttemeg tu". Ja, her har snøen verkeleg lava ned, og eg kan ikkje påstå at eg liker det! Det er greitt med litt snø som berre ligg der, litt for å pynte opp den elles så triste naturen no om vinteren. Men når snøen berre skapar kaos, og ein må ut for å moke i alle fall tre gongar i løpet av dagen, då er snøen berre i vegen. Den er jo fin å sjå på, eg skal innrømme det, men det er òg det einaste som i mine auge er positivt med den kvite massen. Nok klaging; det kunne vore mykje verre. Eg har kjærasten min her, og då blir det med ett så mykje betre. I går bakte me serinakaker, eg rydda i heimen og han moka snø, me laga middagen, og elles slappa me av. Me har ikkje gjort så mykje i dag i og med at eg, igjen, har klart å bli forkjøla. Får håpe det går over til julaftan om ikkje anna ;) I morgon, om eg er litt betre, skal me til byen for å handle nokre julegåver, og så skal me på kino for å sjå Hobbiten. Eg har ikkje nokre store forventningar fordi den har fått blanda kritikk, men det blir likevel kjekt med ein kinotur :)

11. des. 2012

Nydeleg solnedgang!



Vinterdag på fjellet

Eg lar biletet tale for seg sjølv! Pappa og eg var oppom hytta i går med litt "juleproviant", og der møtte me dette nydelege synet. Sola stod høgt på himmelen, snøen var krittkvit og det var is på vatnet. Me bar ved opp til hytta, sette fram litt juledekor og elles sjekka at alt stod bra til. På veg heim, om bord på ferja, fekk me sjå ein nydeleg solnedgang (bilete kjem seinare)! Herleg tur ein ordentleg, fin vinterdag. Har fått unnagjort litt julehandling i dag; i kveld kjem kjærasten min hit :)

9. des. 2012

Førjulstid på Sola

Heime på Sola! Nesten ein månad med juleferie skal bli herleg. Har hatt nokre travle, men fine dagar i Kristiansand. På torsdag var eg jo på styremøte, og mesteparten av fredagen brukte eg til å pakke kofferten med klede og det eg elles skulle ha med meg. Frå seks til ni var eg på nissespeling saman med ein fin gjeng i frå brassbandet. Me brukte litt tid på å komme i gong, men etter kvart lydde det ganske ålreit :) I går fekk eg pakka resten av kofferten, og eg stod ei stund på kjøkkenet der eg bakte sjokoladestenger som me skulle ha med til julebordet med Agder brass. Det er der biletet blei tatt. Me hadde det veldig artig med quiz, "Eyetoy" og mykje lått og løye. Og i dag måtte eg tidleg opp; bussen som eg skulle ta, gjekk klokka ni. Bussturen gjekk fint, eg høyrde på musikk og slappa av. Eg gjekk av på Helleland, for mamma og eg skulle jo innom julebyen Egersund. Kjempekoseleg med ein liten jentetur, og no byrjar verkeleg førjulstida!

7. des. 2012

Finaste songen i desse førjulstider



Jula byrjar å nærme seg, og då er det alltid ein song som eg berre må høyre, nemleg "Walking in the Air" frå teiknefilmen The Snowman. I filmen er det Peter Auty som syng songen, men det er Aled Jones som verkeleg gjorde songen kjent nokre år etter at filmen kom ut. Det er han du kan sjå i videoen ovanfor. Her syng han med seg sjølv, og det er ca. tjue år mellom lille Aled Jones og den vaksne versjonen. Eg har nok delt denne videoen før, men eg må dele den i år også. Vakkert!

5. des. 2012

Ferdig – no er juleferien her!

Eg er ferdig med alle eksamenane mine, og har no offisielt JULEFERIE! For ei herleg kjensle! Sjølve eksamen kunne gått betre (men også verre), men eg er strålande fornøgd i og med at eg har strevd med å skjønne alt i dette emnet. Det har vore så mykje å halde styr på, og ikkje alt har vore like enkelt å forstå. Men no er eg ferdig. På sundag ber det mot Sola, men på vegen blir det ein stopp innom julebyen Egersund saman med mamma. Det er et par år sidan sist gong eg var der, så eg gleder meg litt ekstra mykje i år. Der er det alltid så god stemning med folk i nissekostyme, julemusikk og fleire, små torgbuer der det blir selt heimelaga produkt. Saman med pynting av treet på lille julaften, Tre Nøtter til Askepott, Reisen til Julestjernen, og vere saman med familien i jula, er det dette som er jul. Prøv ut julebyen du også! På biletet ser de kor glad eg er etter overstått eksamen; semesteret er over (ikkje skuleåret altså...). I morgon er det siste dag på jobb for dette året, og seinare på kvelden skal eg på styremøte med brassbandet. Og elles skal eg pakke og slappe av dei neste dagane :)

3. des. 2012

Kvitt så langt auget ser

Ute er det heilt kvitt. Inne sit eg og les til eksamen. I natt har det snødd veldig mykje, og det gir seg ikkje. Eg er jo ikkje den som liker snøen mest, men no er det siste veke her i Kristiansand for i år. Etter klokka tre om to dagar har eg offisielt juleferie, og på sundag reiser eg heim til Sola. Eg har rett og slett ein månad med juleferie. Skal ikkje klage på det, nei :) Fekk ordentleg julestemning i går då eg hjelpte skulekorpset (Hånes og Tveit) med å spele på familiegudsteneste. Mykje bra julemusikk og ein varm stemning. Resten av dagen i går gjekk med til lesing, me høyrde mykje på julemusikk og me hadde risgraut til middag. Med andre ord: desember! I kveld blir det årets siste øving med brassbandet. Men på laurdag skal me på julebord saman med den gode gjengen, så i kveld blir ikkje den aller siste gongen før neste år saman med dei. Eg må seie det at sjølv om eg eigentleg er eit janitsjarmenneske, så trivst eg veldig godt saman med alle dei flotte folka i Agder brass :) Vel, no må eg tilbake til lesinga. Eksamen om to dagar...

1. des. 2012

"...det er første desember i dag"

Og der var det plutseleg fyrste desember, gitt! Her i Kristiansand har det snødd i natt, så då me våkna, var det ganske kvitt ute. No som det er desember, synest eg det er heilt greitt med litt snø, men eg er glad for at snøen venta såpass lenge (fyrste året med budde her, kom snøen fyrste helga i november og låg fram til april!). Også i år har me pakkekalender, men i år byter me på å opne slik at me har annankvar dag. Sambuaren var fyrst ut, og han fekk ei nisselue med bittelitt snop oppi. Eg har ei nisselue frå før, så no kan me gå rundt og vere nissar saman, men berre her heime i så fall ;) Trass i at det er laurdag i dag, har me vore ein tur på skulen; han har eksamen på tysdag og eg på onsdag, så no er det verkeleg siste innspurt. Kjem nok til å ta det med ro i kveld :)