31. okt. 2012

Snart Stavanger og Siddis brass

Travle dagar. Det er jo ofte slik at når ein fyrst har mykje å gjere på ein front, til dømes skulen, skjer det også mykje på andre frontar. Men eg har valt det sjølv, og det er jo kjekt å ha noko å henge fingrane i :) På måndag hadde me vår siste øving med brassbandet her i Kr.sand før konkurransen. Då var me så heldige å få besøk av to journalistspirar frå Mediehøgskolen Gimlekollen. Dei ville lage ein liten reportasje om vår veg fram mot Siddis brass. Veldig kjekt med publisitet, men det er alltid rart å sjå seg sjølv på video. De kan sjå innslaget og reportasjen om de trykker her. I tillegg til at me begge to er engasjerte i brassbandet, jobbar me også i det eine skulekorpset saman, nemleg i Grim skulemusikkorps (eg jobbar jo også i Hånes & Tveit skulekorps). Dei hadde årsfest i går, og når ein gjer ein større innsats, anten som dirigent, instruktør eller forelder, er det jo vanleg å få ein liten oppmerksemd i form av ein blome eller noko anna. Derfor enda me opp med to slike som de ser på biletet. Luksus! I morgon tar me toget til Stavanger, heim til familien og, sjølvsagt til det viktigaste, Siddis brass. Eg gruar meg bittelitt, men aller mest gleder eg meg. Dette blir spennande!

30. okt. 2012

Ting som gjer hausten litt lysare

No som hausten verkeleg er her for fullt, og dagene blir mørkare, merkar eg at det blir tyngre å stå opp om morgonen, enkle gjeremål tar mykje lenger tid å fullføre enn det eg hadde planlagt. Eg likar å lage lister over ting eg skal gjere i løpet dagen, og eg likar å lage lister som fortel noko om saker og ting som får meg i betre humør, som gjer ein grå dag betre. Slike lister har eg publisert her før; de kan finne listene her, her og her. Men det er alltid noko nytt ein kan føye til på ei slik liste, og no som hausten er her, er det veldig greitt å kunne ha nokre ting å sjå fram til når dagane blir lysare, eller kjekke ting det går an å gjere om hausten sjølv om det er litt kaldt og grått ute:

ta på seg varme klede, gå ein tur ut og plukke fargerike blad – raude, gule, grøne

ein stor kopp med kakao eller te

få ei herleg melding frå han fine midt i ein keisam forelesningstime

gå på kino for å sjå den nye james bond-filmen

tusenfryd

ullpledd

høyrespelversjonen av tordivelen flyr i skumringen

ete ein god middag heime med stearinlys på bordet, saman med kjærasten

jentekveld med ein romantisk film og mykje snakk

få opp energinivået på øving med brassbandet

finne inspirasjon til draumehuset, dekorasjonar, oppskrifter og liknande på pinterest

28. okt. 2012

Vakre fargar

Sjå så vakre fargar hausten bring med seg! Desse fargane lyser opp ein grå og keisam dag, og med eitt blir dagen så mykje betre. Det same gjeld ein varm kopp med te eller kakao, ullteppe, stearinlys, eit lite glimt av sola, varme og fargerike klede, ein god film og kjærasten. Kanskje ikkje alt på ein gong, men som eg har sagt før er det slike ting som, i alle fall for min del, kan gjere hausten litt kjekkare og kvardagen litt lettare. Denne helga har gått så altfor fort, men sånn er det jo når ein har det kjekt. Seminar med den flotte gjengen i Agder brass er alltid like kjekt :) Så klart blir ein sliten og (kanskje) litt lei musikkstykket når ein øver på det same stykket ei heil helg. Men det gjer ikkje noko så lenge folka ein speler med er positivt innstilt og har ein god dose humor. På fredag bakte han fine og eg pestonsnurrar, så i tillegg til alle dei fine folka, hadde me med oss ein ordentleg god lunsj. I dag spelte me i nokre timar før me så hadde ei gjennomkøyring og også speleoppdrag i samanheng med fleirkulturell dag i Grimstad. Meir øving i morgon før konkurransen på laurdag.

26. okt. 2012

Sjølvportrett versjon 2

Då sluttar eg utfordringa der eg starta den, nemleg med eit sjølvportrett – av meg sjølv sjølvsagt. Ikkje noko særleg fiksfakseri med tanke på kreativitet eller fantasi, det er berre eit bilete som viser andletet mitt, akkurat slik eg ser ut her og no. Men det viser i alle fall den nye frisyren min veldig bra :) Har nettopp vore hos frisøren og eg må seie at eg blei veldig fornøgd. Herleg å bli kvitt ein del hår (for det byrja å bli altfor langt for min smak). Har elles gjort veldig lite i dag; me sov lenge, brukte lang tid på frukosten, og då den var ete opp, var eg innom frisøren. No nærmar det seg middag (vegetarlasagne) og etterpå blir det øving med Agder brass. Det blir det heile helga, for me skal ha seminar i høve korpskonkurransen Siddis brass som går føre seg i Stavanger neste helg. Eg er litt spent, men eg trur det blir kjekt og så er det alltid hyggeleg å sjå familien min igjen.

24. okt. 2012

Svart og kvitt

Trettidagarsutfordringa nærmar seg slutten, og etter dette innlegget har eg berre eit bilete igjen å legge ut. Det har vært utfordrande (det er jo trass alt ei utfordring), men det har vært utfordrande på ein bra måte. Eg har mått skru på kreativiteten og det er ikkje berre enkelt å skulle gjere det på kommando. Alle produkta, altså bileta, har heller ikkje blitt like bra som det eg hadde sett for meg i tankane mine, men øving gjer meister. Dagens bilete skal vise eit motiv med tittelen "black and white" eller "svart og kvitt" om ein skal seie det på norsk. Ein kan jo tolke det på mange moglege måtar, og det du ser på biletet er mi tolking. Du som les dette ville nok heilt sikkert ha brukt kreativiteten på ein annan måte og ha kome opp med eit heilt anna forslag. Men det er det som er det kjekke med slike utfordringar; det finst ikkje ein ordentleg fasit, ingen løysing er meir rett enn ei anna. Har vore på skulen i går og i dag, men i morgon er det ikkje undervisning, så då blir det nok heimekontor og pensumlesing akkurat som på måndag. Men eg har nok å gjere, så sjølv om eg ikkje skal på skulen, skal eg nok få gjort det eg har på tapetet. Og slik går dagane...

22. okt. 2012

"Ein fin liten blome..."













"Raindrops on roses and whiskers on kittens. Bright copper kettles and warm woolen mittens. Brown paper packages tied up with strings. These are a few of my favorite things...". Eg veit at ein på biletet ser ein stemorsblom og ikkje ein rose, men eg likar så godt teksten til denne songen (og songen er jo frå den fine musikalen Sound of Music, noko som berre gjer den endå finare). Er det noko eg saknar om hausten, så er det dagslyset som no om hausten forsvinn så altfor fort, og så er det blomane. Blomane i alle moglege fargar, blomane som duftar så godt, dei lysar opp ein grå kvardag. Men sjølv om det er haust, er det nokre blomar som nektar å visne, slik som stemorsblomen på biletet. Den gjer ein kald og mørk oktoberdag litt lysare og det er noko ein kan like. Forelesningen på skulen blei i dag avlyst på grunn av sjukdom, så planen i dag er å lese litt i pensumbøkene mine, kanskje øve litt og så blir det jo øving med Agder brass utpå kvelden. Så sjølv om måndag ikkje er min favorittdag i veka, trur eg dette kan bli ein fin dag :)

20. okt. 2012

På avstand

Dagens jobb, haustmarknaden sammen med Hånes & Tveit skulekorps, er unnagjort. Sjølv om ikkje alle musikantane var på plass i tide (!), fekk me øvd litt og sjølve konserten klokka ett gjekk veldig bra. Aspirantane hadde jo sin fyrste konsert og eg må seie at eg synest dei var flinke! Det blei også litt kaffe, kake og lodd, og for dei som var interesserte var det nok av lopper å ta av (sjølv så prøver eg å unngå loppemarknad i og med at leiligheita vår ikkje er av den største sorten, og også det faktum at me har det meste med treng). Vêret viser seg ikkje frå si beste side denne helga, så det blir nok ikkje noko særleg med uteaktivitetar. Det blir nok film, laurdagsmat og stearinlys i kveld. Og i morgon blir det (kanskje) ein del skulearbeid (les: lesing av skjønnlitterære bøker som står på pensumlista). Men det er kanskje like så greit at me har ei roleg helg, for tre av dei fire neste helgene er opptekne med korps, både på den eine og den andre fronten. Det blir både seminar og korpskonkurranse med Agder brass før det brakar laus saman med Grim skulemusikkorps på korpskonkurranse i Stavanger! På biletet: flugesoppen på avstand.

18. okt. 2012

Tett på

Fyrste styremøte med (det nye styret i) Agder brass er gjennomført og eg er fornøgd. Eg har med meg ein god gjeng i dei andre styremedlemmane, så sjølv om eg enno er spent og litt smånervøs, trur eg dette kjem til å gå bra, og at sesongen blir alle tiders! Det blir nok å henge fingrane i etter kvart, men det fyrste som skjer er Siddis Brass om to veker (ein korpskonkurranse), og der har det førre styret gjort mesteparten av det som trengst. Eg hiver meg på og tar utfordringane som dei kjem. Det er i alle fall den innstillinga eg har no, akkurat no, og som eg håpar eg klarar å halde på :) I dag har eg vore på skulen, eg har skrive litt oppgåva i NO-145 og eg har vore på jobb ute på Hånes. På laurdag skal me ha haustmarknad, og der skal aspirantane opptre for fyrste gong. Eg må seie at eg er litt spent, ja! Dagens emne er "close-up", eller "tett på" som eg har omsett det med. Tett på ein flugesopp.

16. okt. 2012

Something pink

For litt over ti år sidan, kom det ein song som blei ein hit både her i Noreg og i heimlandet Sverige, nemleg Rosa Helikopter. Det var ein song som verkeleg satte seg på hjernen, og på sommarkurs (NMF) året etterpå (eller var det året etter det...) spelte me den songen om morgonen for å vekkje folk. Eg kan også rosasongen: "Rosa, jeg liker bare ting hvis de er rosa". Men sjølv om eg kan, eller har høyrt, nokre songar om rosa objekt, kan eg ikkje seie at rosa er min favorittfarge. Det er veldig få gjenstandar her i stova som er rosa, og skal eg telje kor mange klede eg har som er rosa, kan eg telje dei på ei hand. Men dagens emne er, som tittelen på innlegget tilseier, noko rosa. Så sjølv om eg ikkje eig så mange rosa ting, har eg noko som eg synest det er verd å vise, nemleg den fine fleecegensaren som er designa av Kari Traa. Til trass for at den er rosa, er eg faktisk veldig glad i den (for dykk som likar designen; sjekk ut karitraa.com). Nok om rosa. Kjekt på korpsøving i går, og har nettopp vore på jobb. I morgon blir det lang skuledag; på kvelden styremøte med det nye styret i Agder brass :)

14. okt. 2012

Skulekorpsseminar

Helga har gått så altfor fort, slik den alltid gjer. No sit eg her og høyrer på vinden som blæs ute. Mannen i huset er på seminar i Laudal, sjølv så var eg der i går saman med resten av korpset (Grim skulemusikkorps) og dei andre instruktørane. Då alarmen ringde klokka halv åtte i går (om morgonen altså), var det så mørkt ute at eg ikkje skjønte at det faktisk var morgon! Eg likar ikkje at det blir så mørkt no om hausten! Då hjelper det litt å ha på fargesterke klede, tenne eit stearinlys eller rett og slett berre sitje inne, slik eg gjer no, og høyre på den ulande vinden ute. Var kjekt på seminaret i går med aspirantane, og dei var jaggu meg ivrige etter å lære notar og nye songar :) Kom seint heim i går, og det blei ein roleg kveld. Var nedom byen ein tur i dag for å sjå litt på ting og tang på ein vintagemarknad (nesten ein loppemarknad). Fann ein herleg boleroaktig jakke i ein knallgul farge (som eg ikkje ga så mykje for). Blir kjekt å kunne ta den i bruk når det nærmar seg vår, sølv om det er ei stund til. Legg ved eit bilete av nokre ender som me såg då me var på tur førre helg (emnet for biletet er "animal"). Og så kjem jo Downton Abbey på skjermen i kveld!

12. okt. 2012

Solskin og solstrålar

"You are my sunshine, my only sunshine. You make me happy when the skies are grey...". Akkurat slik hadde eg det førre sundag då me var ute på tur i Baneheia. Det var så fint vêr, sola den skein som aldri før og den gav oss lys og varme! Dei siste dagane har det også vore sol, men neste veke er det nok ein gong meldt regn og grått vêr. Men det er jo slik hausten ofte er. Ein får derfor nytta sjansen når den fyrst er her (godvêret altså). Oppgåva i NO-143 er levert, så får me sjå om eg får den godkjent. Men i og med at det i dag kom ei obligatorisk oppgåve i det andre emnet eg har dette semesteret, kan eg ikkje leggje inn årene :P Har sett på oppgåva og eg har allereie skrive ned nokre små stikkord. Som eg skreiv i førre innlegg er det seminar i morgon. Seminaret er med aspirantane i det eine skulekorpset, så då blir det nok ein del lek og moro i tillegg til speling. Dei resterande timane av denne veka kjem nok til å gå med til å lese pensum, rydde i heimen og slappe litt av før det atter ein gong er måndag og ny veke. Og kanskje burde eg øve på instrumentet; det er jo Siddis brass om ikkje lenge...

10. okt. 2012

Hand i hand

Hand i hand, du og eg, eg og du. Eg føler meg tryggare når eg er saman med deg, når du held handa mi og ser på meg dei fine augo dine. Eg er glad for at det er oss to, og om ikkje lenge har me vore i lag i heile fire år! Har sagt det mange gongar før, men tida går så altfor fort (og den ringen på fingeren som er med på bilete er ikkje ny om nokon skulle lure...). Vel, på berre to dagar har det skjedd ein del. Eller; det er vel eigentleg ei stor hending: på måndag var det årsmøte med brassbandet, og litt ut av det blå blei eg valt som styreformann i korpset! Eg føler meg ikkje heilt førebudd, men eg vel å ta det som ei utfordring, og så vil eg jo bli ei erfaring rikare :) Neste (og fyrste) styremøte blir allereie neste veke, så dette blir spennande! Og sånn elles er eg snart ferdig med oppgåva i NO-143, men om to dagar kjem det ei oppgåve i det andre emnet, og så blir det seminar på laurdag, så eg har nok å henge fingrane i. Men det er jo slike dagane ofte er... :)

8. okt. 2012

Hoppande glad

Dette er meg hoppande ute i hagen. Sjølvportrett utan andlet. Okei, om ein ser nøye etter, kan ein sjå litt av munnen min. Eg meiner likevel at dette er eit bra døme på nettopp sjølvportrett utan andlet. No skal eg innrømme at eg ikkje ofte er ute i hagen for å hoppe. Men i går var det herleg ute, skikkeleg fint haustvêr, ikkje det grå og regnfylte som me har hatt dei siste dagane. Me tok syklene bort til Baneheia, satte dei frå oss og tok beina fatt på ein oppkvikkande tur rundt om i løypene. Sola skein, blada på trea var både grøne, raude og gule, me såg både sopp og ender, og me hadde med oss god niste og kakao. Sundagstur med andre ord! Og då me kom heim, blei det litt hopping i hagen. Gjorde ikkje så altfor mykje resten av dagen, og høgdepunktet var definitivt andre episode av Downton Abbey. Eg veit ikkje kvifor eg er så glad i den serien, men ein ting kan eg seie: den er så utruleg gjennomført – på alle plan!

6. okt. 2012

Effektiv og fin laurdag

Nettopp kome heim frå skulen. Ja, me var på skulen i dag, på ein laurdag! Eg held jo på med den oppgåva, og eg veit at eg jobbar mykje betre på skulen. Kjærasten min har i tillegg åtgang til eit eige rom (for dei masterstudentane som studerer matematikkdidaktikk slik han gjer), så då er det ganske enkelt å finne seg ein ledig plass der det faktisk er stille. I alle fall i helga. Før me sykla til skulen, tok me oss god tid, åt ein god laurdagsfrukost og høyrde litt på radioen. Det er noko med helga som gjer morgonen så fin :) Eg fekk skrive ein god del på oppgåva før me pakka saman tinga våre og gjekk ut av skulebygningen. Då me skulle låse opp syklane våre, høyrde me ein person, ein Securitasvakt, som gjekk rundt og plystra for seg sjølv. Eg ropte til han: "Er det Kamilla og tyven du plystrar på?", han lo og eg fekk eit "ja" til svar. Artig! Kvelden i kveld blir nok roleg, men fin. Og sjå så fine fargar ein finn ute i naturen no - eg blir litt glad inni meg til trass for grått og kaldt vêr :)

4. okt. 2012

Something orange

Hausten er verkeleg her med mykje regn og grått vêr. Her har vêret skifta kraftig frå dag til dag, alt frå regn som berre dett ned og ikkje vil stoppe til sol og vindstille. Regnkledet har derfor blitt flittig brukt. Men eg skal ikkje klage; i og med at skulane rundt om i Kr.sand har haustferie, har me ikkje vore fysisk til stades på jobb og det har dermed ikkje blitt altfor mange eller lange turar ut i det ekle haustvêret. Og med eit slikt vêr og litt meir tid til overs enn vanleg, har me nytta sjansen til å sitje inne med ein film på skjermen, noko varmt i kruset og stearinlys på bordet. Og med eit teppe rundt så klart. I tillegg blir det jo så fine fargar ute på trea no om hausten. Har fått begynt på oppgåva som me fekk tildelt på tysdag. Foreløpig har eg ikkje skrive så altfor mykje, men eg er i gong og eg trur det kjem til å gå bra :) I samanheng med trettidagarsutfordringa, vil eg vise dykk denne boka med tanke på noko som er oransje. Den er berre genial og inneheld så utruleg mykje artig om ting som både er nyttig og unyttig :P Om de finn den på biblioteket ein dag - sjekk den ut!

2. okt. 2012

Mine nye sko

Sko er ikkje det eg interesserer meg mest for og det er dermed ikkje det eg eig mest av. Men no i haust måtte eg berre innsjå at eg trong nye sko- eller støvlettar. Dei eg kjøpte førre vinter, var eg eigentleg veldig fornøgde med, men plutseleg sprakk den eine skoen på tvers (sjølve yttersolen), og dermed var dei ikkje noko tess lenger. Prøvde å lime og fikse, men dengong ei. Så for eit par veker sidan var me begge to nede i byen og leita etter nye haust-/vintersko. Og me fann det me leita etter begge to :) På sundag var eg i ekstase, for då var det endeleg tid for sesongpremieren på Downton Abbey. Eg er storfan og då eg høyrde at dei (NRK) hadde framskunda premieren ein månad, var eg eit stort glis. Episoden innfridde så til dei gradar, med bryllaupet mellom Mary og Matthew som det største høgdepunktet. Kjolen var nydeleg, og eg gleder meg til vegen vidare!