31. jan. 2021

Sol og snø om kvarandre





Med sol kjem lys og glede, eit smil og lettare dagar. Ikkje at alt er fryd og gammen berre sola dukkar opp, men for min del har det vore ei noko betre veke enn det den førre var. På ein måte er det lite nytt, for ein gjengangar er den evinnelege berg-og-dal-bana. Eg håper så klart at me om ikkje altfor lenge kan gå tilbake til ein eller annan kvardag samstundes som realisten i meg veit at det nok er ei lita stund til. Mottoet for tida er dimed "dag for dag". Starta veka bra med quiz over nettet med nokon av dei finaste eg veit om. Å lese ei av Stompa-bøkene fekk fram gode minne: eg hugsar at me såg film ein og to om og om igjen då me var yngre. Lesing, gåturar til jobb, svømming og solskinsdagar er gode ting eg vil nemne her før alt det andre kjem i ei eiga punktliste:

✦ vekas absolutte høgdepunkt: videoquiz med verdas beste jenter
✦ humra høgt fleire gongar då eg las boka Stompa – dagens helt, mange kjekke barndomsminne
✦ "Det här med följare och likes" – eg kjenner meg igjen i det Beatrice skriv i innlegget
✦ lyset i skogen ein av dagane eg gjekk til jobb
✦ kose meg med ein episode av The Durrells og ein Murdoch Mysteries-episode
✦ ha, ha, litt snø og sidan mykje snø, i Stavanger-målestokk (dei to bileta av meg med munnbind)
✦ viktig kronikk om det å ta omsyn til blinde barn som lærer seg å finne vegen sjølv
✦ sol i andletet då eg traska til jobb på torsdag
✦ Fabelskog, ein nettbutikk med mange, fine motiv
✦ lese ei bok medan sola skein inn i stova
✦ svømme 800 meter og øve på å dykke ned etter øvingsdokka
✦ ein dykkar som er kjempegod ven med selar
✦ laurdagstaco og ein god film etter jobb, berre han fine og eg
✦ "More gold" – eit innlegg med mykje fin inne hos Et dryss kanel
✦ januarsola som kastar lange skuggar, eit lite "hei" til kong Vinter
✦ Messi og Ronaldo, to nusselege kattungar, kjempar om den same ballen
✦ fargerike lyskuler sett i eit tre rett ved Kilden
✦ lage ein sop-i-hop-pavlova, god blei den i alle fall ;)
✦ artig om ein konge og om ein mynt: "The Coinage That Never Was"
✦ såre og vakre ord i dei små forteljingane i Sunnaneng av finaste Astrid Lindgren
✦ Eides språksjov er alltid like artig, episode etter episode

29. jan. 2021

Moro med brettspel



Sjølv om det er fredag, er det ikkje kakao i koppen i dag, tihi. Men to helger på rad no har me kost oss med brettspel og kjempegod kakao i lag med broremann. Eg gleder meg veldig til me igjen kan vere sosiale med andre fine folk, spele brettspel eller lese høgt frå ei quizbok, le og berre ha det kjekt i lag. "Ticket to Ride" og "Dominion" er to av spela me har her heime, og det er desse me har spelt i det siste. Ein porsjon strategi og ein porsjon flaks i begge spela, noko som er ei god blanding på korleis eit kjekt brettspel skal vere. I mine auge i alle fall ;) Andre spel eg liker er kunnskapsspel, som "Bezzerwizzer", medan eg ler høgt når me tar fram spel som "Kortskalle", "Fantasi" eller "Alias". "Takenoko" må jo vere noko av det søtaste med ein panda som hovudfigur, og "UNO" er alltid ein klassikar. Kva liker du å spele, har du ein eller fleire favorittar? I går skein sola for full guffe, og eg traska til jobb med eit smil om munnen heile vegen. For sola gjer noko med humøret og energien. Tenkjer eg skal gå i dag også, for det fredag med sol og ein knallblå himmel.

27. jan. 2021

Dyremøte oppe på Ullandhaug




Skulle av garde til biblioteket i går for å hente bøker då det plutseleg byrja å snø. Altså, det vêret me har hatt no i januar, altfor skiftande for min smak! Men på laurdag var det bert og sola titta fram, og me kjente at me måtte ut og gå ein liten tur. Fekk med oss broremann opp til Ullandhaug. Alle dei fine dyra der ute, både små og store. Ein av dei søtaste er ein av minihestane dei har der som blir brukt i terapi, og den er ordentleg kontaktsøkande. Sauane låg og slappa av, akkurat passe bedagelege. Før me byrja på heimturen, gjekk me den bratte bakken opp til Ullandhaugtårnet for å sjå litt utover byen. Noko sur vind, så me stod ikkje der lenge, men me fekk i alle fall gått nokre skritt før det blei brettspel, kakao og laurdagspizza. Seinare i dag er det i gong med kveldsvakta. Før den tid tenkjer eg å lese litt i ei av bøkene eg henta i går. Lesehaugen er som vanleg stor ;)

25. jan. 2021

Småting som skaper glede

Tidleg i dag var det minus fem og ein halv grad ute. Brr, me er ikkje heilt vande med slik vintervêr. Men sola har skine, og det har løfta dagen mange hakk. Heilt herleg å kjenne sola i andletet då eg traska til butikken for å handle! Og så få sollys rett inn i leilegheita då eg kom heim, eg klagar ikkje. Ein frimåndag med bra vêr, bok i fanget og no i kveld stearinlys på bordet og quiz over nettet med ein finfin gjeng. Stearinlys i kombinasjon med gode bøker og klassisk musikk har fått meg gjennom ein tung og grå haust, og sjølv om dagane sakte, men sikkert blir lengre og lengre, tenner eg framleis eit par lys om kveldande. Eg tar alltid ein ekstra runde når eg skal sløkke dei, for levande lys skal ein vere varsame med. Lys i mørketida. Okei, litt klisjé, men sant er det likevel.

24. jan. 2021

Kulaste miniserien og eit nytt strikkeprosjekt

Ønsker ikkje å vere meir negativ her på bloggen, ikkje sånn eigentleg. Men for å oppsummere veka, må eg sneie borti det eg har nemnt tidlegare, nemleg at det har vore grå og tunge dagar, særskilt på jobben. Torsdag og fredag var i alle fall betre enn dei tre fyrste dagane, og no har eg enno to fridagar igjen der eg kan ta det heilt med ro. Og så tenkjer at eg, slik som i mars i fjor, berre må ta ein og ein dag av gongen. I tillegg til den rare jobbkvardagen, saknar eg å kunne vere meir sosial, kunne treffe fine folk på kafé, spele i lag med orkesteret. Hjertesukk. Sånn, då har eg lufta litt frustrasjon og vel å sjå på alt det fine og gode som eg også har sett eller gjort desse dagane:

✦ sett ferdig den besteste miniserien Good Omens for tredje gong, Tennant og Sheen speler så bra!
✦ og når me snakkar om Good Omens: her er Crowley og Aziraphale sine beste augneblink
✦ Harmels Vingården hemmelighet er ikkje hennar beste, men likte i alle fall vrien på slutten
✦ lese ei bok med nydelege illustrasjonar både med og utan stearinlys
✦ flanellsengesett, pusen Mira og safranbolle, dette innlegget er ordentleg koseleg
✦ nok ein laurdag med kakao og "Ticket to Ride" :)
✦ kjempekjekt å vere i gong med eit nytt strikkeprosjekt, denne gongen blir det ei T-skjorte
✦ minimini kattunge som liker å bli klappa, kjempenusseleg og superduper søt
✦ den perfekte vinterboka: Trollvinter av Tove Jansson
✦ liv og røre med ender og fuglar på islagte Mosvatnet
✦ "One Day More"-parodi i samband med ny president i USA – James Corden er berre genial
✦ gå tur opp til Ullandhaug i går der me blant anna sa "hei" til ein sauetrio
✦ kulerund minifontene, sett på veg heim frå jobben ein dag
✦ "Min favorittmusikk med Christian Ihle Hadland" –  tenk at me hadde konsert Hadland i fjor
✦ siste hint av vinter ved Mosvatnet
✦ sollyset inn i suvenirhylla vår ein av dagane
✦ Rebeccas magiske bilete etterfølgd av eit sitat frå ei av bøkene til L. M. Montgomery
✦ spele eit anna spel etter middagen i dag med dei to faste i vår lille kohort
✦ fine Synne skriv bra, direkte og med klokskap om fjoråret i dette blogginnlegget
✦ fargesterk gatekunst på ein port 
✦ gå heim frå jobb både tysdag og onsdag – det gjorde godt å lufte hovudet og bevege meg litt

22. jan. 2021

Fredagsfint



Startar helga med ei bok i fanget og roleg musikk over høgtalarane. Generelt ei grå veke med is og regn og tunge dagar på jobb. Det er merkeleg at det er så stille på jobb, utan publikum og med færre tilsette på jobb. Finn glede i bøkene eg les for tida, koselege TV-seriar og desse fine bileta frå førre veke. Kvitt og lyst ute. Sollys og solstrålar overalt, rimet og små bitar av snø på grøne blad og rosa lyng. For når dagane er går, er det viktig å kunne ha noko å sjå tilbake på som får fram den varme kjensla, eller ha noko å glede seg til (men, ha, ha, slik det har vore no, veit ein ikkje kva som skjer frå dag til dag, og det er vanskeleg å planleggje). Men akkurat no er det helg, og det blir bra. 

20. jan. 2021

Tidlegare i kveld


Gjekk heim frå jobben i dag. Jobbkvardagen er akkurat no ei berg-og-dal-bane med kollegaer som må vere heime, alle restriksjonane og den evige usikkerheita. Det hjelper å lufte hovudet og tankane med ein gåtur, både i går og i dag. God wok til middag, og eg har pakka meg inn i eit pledd og lese i ei sårvakker bok av Astrid Lindgren. Hennar ord, om det er bøkene om Pippi eller ute på Saltkråkan, dei er nostalgiske, vakre, gode, kloke og såre. Eg har strikka litt, høyrt på musikk og ser no på Truls à la Hellstrøm. Dei to, altså. Litt av ein duo, og eg må dra på smilebandet fleire gongar. 

18. jan. 2021

Hekta på tweedgarn



Medan eg ventar på meir garn, kan eg gi ein smakebit av den genseren eg held på å strikke. Eg fall sånn for garnet og oppskrifta på Pickles at eg berre måtte byrje å strikke ein ny Twiggygenser. Denne gongen har eg valt eit tjukkare tweedgarn og ei litt anna oppskrift, men den største forskjellen er antalet masker og pinnestorleik. Garnet heiter Pickles Tweedy, og fargen er nydeleg krema rustraud med hint av oransje og kvitt. Å, eg skulle helst ha strikka ferdig genseren i går, men eg får smøre meg med tolmod sidan det er noko leveringstid på garnet.  Men – det blir bra til slutt! 

17. jan. 2021

Lyse dagar om vinteren



Heldigvis har det vore ei noko lettare veke med sol og flott føre, kjekke dagar på jobb og småhumring av å lese dei bøkene eg er i gong med for tida. Lyset ute desse kalde januardagane, å, det har gjort godt. Sola og sollyset gjer ting med eit lysare, og sjølv om det er meldt sludd og regn dei neste dagane, har eg i alle fall fått oppleve ei kjempeflott januarveke no denne veka. I helga har me slappa av, spelt brettspel med broren min (me tre er blitt ein liten kohort), sett på kjekke TV-seriar og lese ein heil del. Hallen er nok stengd nokre veker til, men me gjer det beste ut av situasjonen med mykje humor, ein god del kaffi og pågangsmot. Deler her vekesoppsummeringa:

✦ kakao toppa med krem og bittesmå marshmallows og det artige spelet "Ticket to Ride"
✦ tihi, små geitekillingar, berre sjå her kor søt denne er
✦ sola som skein på naboblokka fleire av dagane
✦ prøve å oppsummere fjorårets beste leseopplevingar i mitt førre blogginnlegg
✦ "Matching Classical Music to Famous Artwork" – TwoSetViolin med ein herleg video
✦ gå til jobben på måndag, godt å kjenne frisk luft og berre få bevege meg ordentleg
✦ Jesus Christ Superstar er heile femti år i år, ein av dei musikalane eg diggar aller mest
✦ sjå ferdig Narnia-serien, nostalgisk gjensyn med alle dei fire sesongane med Sølvstolen til slutt
✦ om årstidskontrastar, mørketida og midnattssol, ein liten video laga av finaste Jonna
✦ blir alltid like glad når sola skin inn i stova vår
✦ sundagsmorgon med stearinlys, ein liten sjokoladebit og ei god bok på lesebrettet
✦ koala møter kenguruar
✦ strikke vidare på Twiggygenseren (sjølv om eg no må la den liggje litt til eg får skaffa meir garn) 
✦ Bisarre fortellinger av Olga Tokarzcuk er verkeleg ei spesiell og merksnodig leseoppleving
✦ å fange sollyset då eg var på eg til butikken 
✦ november sett gjennom Niina sine auge
✦ hint av kvit snø på grøne buskar og rosa lyng
✦ Jojo Moyes si nyaste bok, Det siste brevet fra deg, var noko føreseieleg, men fin likevel
✦ "Min favorittmusikk med Håkon Vestly" – interessant å høyre på dette innslaget
✦ jobbhumor, kanskje ikkje den beste humoren, men gurimalla så artig likevel
✦ sjå eit par episodar av Great Canal Journeys, altså – den serien er berre så koseleg britisk

15. jan. 2021

Mitt bokår 2020 📚


Til no har eg lese ut sju bøker i 2021. Som eg skreiv i dette innlegget i fjor, er det ikkje viktig for meg kor mange bøker eg les, men heller det at eg koser meg når eg les, at bøkene eg les får meg til å slappe av eller lar meg reise til eit anna land eller ei anna verd. I 2020 las eg nesten 130 bøker, og eg har tatt med meg lesegleda inn i det nye året. Tenkte eg skulle gjere ei slags oppsummering slik eg har gjort dei siste åra. To år på rad har eg utfordra meg sjølv med å lese ein klassikar i månaden (2019) og ei bok skrive av ein kvinneleg Nobelprisvinnar i litteratur (2020). Eg har ei liknande utfordring i år, nemleg å lese ei novellesamling kvar månad. Og så blir det, nok ein gong, ei Agatha Christie-bok i månaden i samband med #readchristie2021. Eit generelt lesemål i år er å lese meir frå eiga bokhylle. Det kan vere både bøker eg har lese før og bøker eg enno ikkje har lese, og det gjeld bøker som fysisk står i hylla eller som eg har på lesebrettet mitt. Men no over til bokåret 2020. Emily of New Moon og Emily Climbs av L. M. Montgomery, Orientekspressen av Torbjørn Færøvik og Kunsten å følge hjerte av Jan-Philipp Sendker er fire bøker som har gjort det slik at eg har fått reise utan å forlate sofaen. Sukk, eg saknar Prince Edward Island, og tenk å kunne reise på ei lang togreise slik ein kunne gjere med Orientekspressen. Den norske kaffesjela av Egon Holstad er ei anna bok eg har reist med, for då eg las den, var det ei herleg reise i kaffiens verd. 



Tritonus
av Kjell Westö, Over horisonten av Jojo Moyes og Frøken Island av 
Audur Ava Ólafsdóttir er alle bøker der eg blei slukt inn i handlinga. Tritonus var innimellom veldig gjenkjenneleg sidan me driv med musikk, og Moyes si bok med sterke kvinnekarakterar og eit kløvhestbibliotek var ordentleg fascinerande. Bøkene til Ólafsdottir er alltid ei sann glede å lese. Må i same slengen nemne Hollowpox av Jessica Townsend, den tredje boka i Nevermoor-serien. Ho har klart å skape eit univers der eg drøymer meg vekk og berre nyt det å vere djupt inne i ei fantasybok.



Kvart år blir det ein del krim, og ein av dei beste var Mord på Orientekspressen med Hercule Poirot i spissen. Å, han er berre så artig! Bøkene til Camilla Grebe var verkeleg nervepirrande (har enno ikkje lese heile serien) medan bøkene til Kroken & Kolden var sånn herleg kosekrim. Troubled Blood av Robert Galbraith, Bakom synger døden av Karin Fossum og The Glass Room – bok nr. fem om Vera Stanhope – er andre bra skrivne krimbøker. 



Mange av bøkene eg les, får meg til å felle tårer. The Girl He Used to Know av Tracy Garvis Graves fekk tårene til å trille, eg heia på karakterane og dette er rett og slett ei av dei beste bøkene eg las i fjor. Bønn for Tsjernobyl av Svetlana Aleksijevitsj var den fyrste litteraturprisvinnaren eg las, og dette er ei tøff bok med stemmer frå mange av dei som stod midt oppe i Tsjernobyl-katastrofen. Det same med boka Plattformen som ikke kunne velte, ei visuell dokumentarbok om Kielland-ulykka. Slutten på This Is How It Always Is av Laurie Frankel er eit siste lite døme på ei bok der slutten gjorde meg så rørt at eg ikkje klarte å slutte å grine.



Men eg har også lese fleire bøker som har fått meg til å smile og le. Knytta til hytta av Magnus Helgerud står nok igjen som den eg lo mest av, for ei vittig bok om fenomenet hytteliv! Royal Holiday av Jasmine Guillory, sommar- og julebøkene som Mandy Baggot har skrive (bl.a. Those Summer Nights frå Korfu og One Christmas in Paris) og Ayesha at Last av Uzma Jalaluddin– ein moderne versjon av Pride and Prejudice – er andre bøker som eg har småhumra av.



Det er ikkje alle bøker eg veit så mykje om før eg byrjar å lese dei, og på denne måten er det fleire bøker som overraskar meg; fyrst og fremst positivt. Tremarnock-serien av Emma Burstall (eg har lese bok ein og to) var ei herleg overrasking, og dette er blitt ein favorittserie. Det store ødet av Kristin Hannah overraska fordi eg trudde historia var meir lettbeint enn det den faktisk var. Felix Ever After av Kacen Callender er ei bok som utfordrar spørsmålet om kjønn og om det å bli plassert i bås, for treng me alle eigentleg det, er det ikkje berre nok å vere (til dømes) Felix, og eg synest forfattaren tar opp desse aktuelle tema på ein varm måte. The Love Story of Missy Carmichael av Beth Morrey starta treigt, men tok seg veldig opp, og det blei ei kjempfin og sår leseoppleving. Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof skriv akkurat passe enkelt og konkret om rasisme, og dette var ei bok me diskuterte i boklubben vår. Til slutt må eg også nemne The Bromance Book Club og Undercover Bromance av Lyssa Kay Adams, for det var mykje meir enn berre chick-lit og eg gleder meg til å lese den tredje boka seinare i år.



Red, White & Royal Blue av Casey McQuiston, Tollak til Ingeborg av Tore Renberg og The Flatshare av Beth O'Leary er tre bøker eg gjerne les igjen. Den fyrste fordi den er søt, annleis og brennande aktuell, den andre fordi den er så kompleks (og så er den skrive på nynorsk av ein av mine favorittforfattarar) og den siste fordi den er akkurat passe feel-good.



Langsomt lukker jeg døren av Linda Olsson har eit nydeleg språk. Det har også På jorda er vi glimtvis vakre av Ocean Vuong, som i tillegg er røff og tidvis vond å lese. Vintertonar av Anders Totland og diktsamlinga Ikke slipp av Trygve Skaug er to bøker der orda sat i lenge og eg skreiv ned fleire av setningane. Tove Janssons Sent i november er, som mange av hennar bøker, skrive med eit nesten poetisk språk og har ei heilt eiga stemning. Og til sist må eg nemne Livet – illustrert av Lisa Aisato med dei aller vakraste illustrasjonane. 

13. jan. 2021

Glimt av kong Vinter



Kong Vinter kom plutseleg hit til Stavanger. I alle fall eit lite glimt – det er vel meir is og glatt føre ute no enn det det er kvit snø og skiføre. På måndag gjekk eg til jobb og i går var det komme endå litt meir snø. Snø på dei eviggrøne bartrea, snø på bakken som eit mjukt teppe. Lyset på himmelen i går, sånn herleg skarpt og lyst, slik berre vinterhimmelen kan vere. Snøen og eg, det er akkurat som hausten og meg: eg kan sjå at den er fint og finne ein del glede i det heile, men me kjem aldri til å bli bestevenar ;) Ferdig med kveldsskiftet på jobb, og har dimed fri dei neste dagane. Tenkjer å lese, strikke, jobbe vidare med fotoboka frå bilturen vår i fjor og ta det ganske med ro. 

11. jan. 2021

Alltid ein fining




Sjølv om han av og til kvitrar litt ekstra høgt, så høgt at me endar opp med å seie "Zalo, no må du roe ned", er han alltid ein ordentleg fining. I romjula og på fyrste nyttårsdag var han heilt med. Han ville smake på maten me åt, han sat og kvitra på skuldra til mannen min som om han ville seie noko viktig, pappa er framleis favorittpersonen, ein skjerm er kjempespennande og når han sit på eit hovud er han kongen av verda. Fine, pratsomme og kule Zalo, eg smiler av desse bileta :)