3. aug. 2023

Fest i byen





Viktor Janssons "Vassnymfer" frå 1940 i den eine enden av Esplanadparken i Helsinki. Viss etternamnet høyrest kjent ut, er det riktig: Viktor var faren til Tove Jansson, og det er antakeleg Tove sjølv som er figurert som den store vassnymfa. Sjølve Mummimuseet ligg i byen Tampere, men det var no ein del Tove Jansson-greier å besøke også i Helsinki. Ein park kalla opp etter ho, denne skulpturen, to store freskar og ikkje minst atelieriet hennar. Dessverre er det ikkje ope for besøk, noko me visste på førehand. Me traska likevel bort til leilegheitsblokka frå 1920-talet der det heng ein plakett med kort info. Tove budde der om vintrane, medan ho om somrane budde på ei øy i lag med partnaren Tuulikki Pietilä. På turen vår las eg ut boka Tove Jansson – arbeid og elske av Tuula Karjalainen. Stussa litt over ordval og vendingar innimellom, men usikker på om det er forfattaren eller omsetjaren. Likte uansett å bli betre kjent med Tove, hennar liv, kunst og bøker.


Freskane "Fest i byen" og "Fest på landet" frå 1947, kan ein sjå og studere på Helsinki Art Museum. Fascinerande å sjå ei anna side av Tove, for eg skal innrømme at eg fyrst og fremst kjenner ho som forfattaren og teiknaren av alle karakterane i finaste Mummiverda. Noko vanskeleg å sjå når du "berre" ser heile fresken, men i begge freskane er det faktisk måla inn ein liten Mummifigur.


På museet hadde dei også andre utstillingar og installasjonar, og me tok oss tid til å utforske nokre desse også. Likte godt verket der ein kunstnar hadde samla ting frå strender og sidan laga soltrykk av dei forskjellige objekta. Og eit lite sjølvknips frå den mosaikkbelagde veggen inne på toalettet. Eg er ingen stor fan av rosa, men det var no ganske stilig og effektfullt akkurat der.

Legg igjen ein fin tanke