30. juli 2021

Kjempekoseleg kafé og alltid Kyrkjetorget




Stolt Mat her på Sjøholt har sidan 2015 vore ein butikk som sel lokale vare, alt frå ost og spekemat til krydder, syltetøy, kaffi og is. I fjor haust opna dei ein kafé i same lokale, og så klart måtte me prøve ut den her om dagen. Interiøret er brukte møblar og gammal pynt, ein herleg retrostil heilt etter min smak. Og apropos smak: cappucinoen og ostekaka smakte fortreffeleg! Ein ny stamkafé!






Så klart har me også fått tatt turen innom bruktbutikken på Kyrkjetorget. Dei har alltid så mykje fint der. Og ein del rare ting. Kaffiserviset fanga blikket mitt med det fine mønsteret medan den store sparegrisen blei i overkant som eventuell pynt. Me fann begge to eit par ting til heimen, men eg får heller vise det fram litt seinare, det same gjeld overnattingsplassane me var på i helga og all den vakre, norske naturen. Får ha ein del av det til gode når august og etter kvart kvardagen kjem.

29. juli 2021

Liafjellet








Ut på tur, aldri sur. Som regel stemmer dette veldig bra, men eg skal ærleg innrømme at toppturar ikkje er mi sterkaste side. Eg finn lite motivasjon i å berre gå opp, opp, opp. Joda, utsikta er ofte kjempeflott, men når du går og det kjennest som om du aldri kjem fram, du kan ikkje ein gong sjå toppen...vel. Her hos svigers er det høge fjell på alle kantar, og med finvêret på tysdag, bestemte me oss for å ta turen opp til Liafjellet, 528 moh. Turen i seg sjølv er ikkje lang, likevel blei det ein del stopp undervegs med ein sur mine frå meg. Til slutt kom me oss heilt til topps, og utsikta var det lite å klage på. Blåbær og tyttebær var det mykje av langs stien, og høgt der oppe sat eg stille og titta på blåklokkene som igjen titta utover horisonten. Det var godt å bevege på oss etter fleire timar sitjande i bilen dagen før, det er det ingen tvil om. Men eg håper neste tur blir på ein litt slakare sti. 

28. juli 2021

Ytst ved Sognefjorden






Som vanleg når me er på ferie, tar eg litt for mange bilete. Eg sletter nokre av dei litt etter litt, men det blir mange bilete likevel. Nokon andre som kjenner til det problemet? ;) Me slappar av her på Sunnmøre, og som eg skreiv på måndag, tenkjer eg ikkje så mykje på bloggen – ferieinnlegga kjem når eg har tid og ikkje naudsynt i kronologisk rekkjefølgje. Men her kjem eit biletedryss frå Brekkestranda Fjordhotel, vårt fyrste stopp. Hotellet ligg nydeleg til ytst ved Sognefjorden, fint rom og her fann me roa utpå kvelden med kvar vår bok og ein is til dessert etter middagen.

 




Fekk auge på så mange detaljar, alt frå motiv i betongen ute til hyttestilen med gamle ting inne i fellesområda. Viss du ser på det aller øvste biletet, ser du at glasa i vindauga er alle i forskjellige storleikar og vinklar, noko som er ein del av heile hotellstilen. Det einaste som gjorde opphaldet mindre bra, var at dei få som var på jobb verka å ha fått lite opplæring og verka underbemmana.

 




Likevel, me hadde ein avslappa kveld der etter å ha køyrt frå Stavanger midt på dagen. Og kven kan klage på å sjå sola gå ned i havet på ein sommardag som den me fekk oppleve på fredag?! Å sitje ute på ein benk og nyte synet av ein gyllen solnedgang, for oss var det ein strålande start på ferien.

26. juli 2021

Sundagsliste ein dag på etterskot







Sundagslista kjem seint, ein dag på etterskot. Det er ferie og eg stressar ikkje med å vere pålogga nettet og poste innlegg her på bloggen. Ferie er ferie, ferdig snakka! På fredag reiste me midt på dagen på fredag, og me har fått sett og opplevd så mykje fint. Biltur i Noreg er ganske bra, i alle fall når vêret klaffar og ein ikkje stressar frå det eine til det andre. Jobbdagane førre veke var heilt greie, men det er ingen løyndom at ferien var etterlengta. Kva elles skjedde førre veke? Kan ikkje hugse at det skjedde noko særskilt, så eg ser at denne sundagslista nesten blir ei rein feriegledeliste, tihi. Heldigvis mykje igjen av ferien. Akkurat no er det ferie på Sunnmøre. Og nokre høgdepunkt:

✦ likte godt den nyaste boka til Kristin Harmel, nemleg Boka med glemte navn
✦ fyrste dose med vaksine tok eg to dagar før me drog – hurra!
✦ is og lesing ute på balkongen etter vaksinen
✦ stas å gå ein liten tur opp til Nigardsbreen i går i nydeleg vêr
✦ lesestund ute om kveldane både ved Brekkestranda og ved Nes Gard
✦ ein husky som blir ven med fleire, skjønne kattungar
✦ gyllen morgonsol på veg til jobb ein av dagane
✦ og kveldssola ved fjorden då me overnatta på Brekkestranda Fjordhotel frå fredag til laurdag
✦ herleg å bade i Lustrafjorden
✦ sjølv om eg ikkje kjøpte mange bøker, var det gøy å stikke innom Den norske bokbyen i Fjærland
✦ altså, skjå kor innmari søt denne lille kvalpen er!
✦ ein av dei faste badegjestane som skrytte av spelelista me hadde på høgtalarane den dagen
✦ alltid like flott å køyre over fjellovergangar i vårt lille land
✦ ha med strikketøyet på ferie og verkeleg komme i gong med ein ny genser
✦ blir aldri lei av å høyre "Vidda" når me køyrer langs den ville, norske naturen
✦ historisk og gammal stil på Nes Gard, her kjem me gjerne tilbake
✦ ete og prate med eit venepar ein times tid i Skjolden i går
✦ at me – om ikkje anna – har hatt heilt strålande vêr desse fyrste dagane av ferien vår
✦ stilig med norsk OL-gull i triatlon
✦ lese ut klassikaren Reise i måneskinn som nyleg er omsett til norsk (kom ut på ungarsk i 1937)
✦ eventyrleg overnatting i ei slags hobbithytte ved Sjodalen hyttetun og camping
✦ sjå hare og ekorn då me overnatta i nemnde hytte

23. juli 2021

Tilbakeblikk på fjorårets bilferie

 

No er me på veg! Årets sommarferie er i gong og fyrste stopp blir Brekkestranda Fjordhotel. Ting tar tid, men eg var nyleg ferdig med å setje saman alle dei små videosnuttane frå fjorårets bilferie til ein lengre video. Her finn du elvar og fjelltoppar, solnedgang og heimelaga bringebærsyltetøy, pingvinar og geiter, ein bilferie i Noreg slik den kan sjå ut. Hei, hurra for sommarferie!

21. juli 2021

Skeieturen





Kvardagsturane som me har her i byen, eg er så glad i dei! I mine auge er dette ein enkel måte å utforske store delar av byen på: det finst korte og lange turar, turar i enkelt terreng og turar i meir ulendt terreng. På laurdag køyrde me gjennom Hundvågtunnelen, parkerte ved Hundvåghallen og byrja å traske langs den 8,2 kilometer lange Skeieturen. I Eventyrskogen var det eit tre med stilig stamme, blomar overalt og me møtte ein svanefamilie då me etter kvart kom oss ned til sjøen.

 




Blåklokker på eit svaberg. Roa ute ved havet. Akkurat slik me også opplevde då me gjekk Sundeturen. Det er kjekt å traske i bykjernen, i nye bustadsområde og industriområdet Forus, men det er ingen tvil om at som gir mest energi og ro i sjela etter ein travel jobbveke, er stiar som tar oss med til eit vatn, inn i ein skog eller langs kysten. Fekk auge på eit bittelite skjel blant alle steinane. Spiralmønsteret stakk seg veldig ut, og karane gjekk i forvegen medan eg titta litt ekstra på funnet.




Hundekjeks høgt i sky såg me fleire plassar. Og så måtte broremann og eg prøve den lille linebana som me kom over på ein leikeplass. Ha, ha, såg sikkert litt rart ut, men artig var det lell! Heddas gård, den lille kaféen med gardsutsal som eit venepar av oss driv, ligg rett ved turtstien. Me nærma oss slutten og nytta så klart moglegheita til å stikke innom for ein kopp kaffi, knallgod kanelknute, litt drøs og mykje hygge. Rett og slett ei perfekt avslutning på nok ein flott tur.

19. juli 2021

God middag med historisk sus 🍽





Kvart år i samband med bryllaupsdagen vår, pleier me å ete middag ute på Kronen Gaard. For dei som ikkje veit det, så var det der ute me hadde bryllaupsfesten vår, og middag i månadsskiftet mai-juni har blitt ein tradisjon. I år var me litt treige (korona og jobb kom litt i vegen), men det som ventar på noko godt... For sursteiken til hovudrett var veldig god, og sjokoladefondanten supergod! Tihi, må jo le litt, for me åt det same då me var der i fjor ;) Men den sjokoladefondanten er verd å ete år etter år! Koseleg å ete i lag med resten av familien på ein plass med historisk sus. 

18. juli 2021

Klar for ferie






To dagar går litt for fort, i alle fall når ein er bortskjemt med å ha fire. Snakkar om fridagar viss det var uklart. Vel, vel. Eg har fått vere akkurat passe sosial, lese ein heil del, ete sundagsmiddagen på restaurant og prøvd å slappe av. Ei helg etter min smak. Vekedagane har vore betre enn førre veke sjølv om det å gå på jobb annakvar dag tidleg og seint framleis ikkje er noko eg liker. Kven var det som eigentleg fann på det opplegget?! Men no er det berre fem dagar igjen, og det skal gå bra. Det hjelper å ha noko å sjå fram til. Kva med deg, har du noko å sjå fram til i veka som kjem eller den nærmaste tida? Om ikkje anna, kan du kose deg med fleire av dei fine punkta rett under:

✦ språket til Jón Kalman Stefánsson, like fint i Stjernens knitring som i dei andre bøkene hans
✦ blir ikkje lei av å spele "Kortskalle" – så enkelt og likevel så artig
✦ filmen The Mitchells vs. the Machines på Netflix var ei herleg overrasking
✦ mange gode tips til forskjellige kulturopplevingar rundt om i landet no i sommar
✦ tinge overnattingar til ferien
✦ kaffidate på kafé i lag med ei god venninne som eg ikkje hadde sett på lenge
✦ Twiggy-topp i tre forskjellige variantar, den nyaste i ein kort, varmgul variant
✦ "Top 10 Greatest Broadway Love Songs" – med songar både frå RENT og Little Shop of Horrors
✦ finfin bokkopp, kakao med bittesmå marshmallows og bok
✦ lese ut novellesamlinga Avgrunnen og andre noveller av Doris Lessing 
✦ hadde vore kjekt å stikke innom kaffibrenneriet Jacu når me er i Ålesund
✦ ete sundagsmiddag på Kronen Gaard i lag med heile familien
✦ og det var litt ekstra stas å ta på meg ein av kjolane som eg har arva frå mamma
✦ balkonglesing fleire av dagane, noko som gjorde godt for kropp og sjel, særskilt etter jobb
✦ lille, søte Coco er på farten igjen
✦ kjøpe garn i ein heilt nydeleg farge, gleder meg til å byrje å strikke ein ny genser
✦ kjempefin tur (Skeieturen) i går, og det var gøy å prøve å hengje i ei lita linebane
✦ stikke innom Heddas gård heilt på slutten av gårsdagens tur
✦ Litlefjellet kan bli ein bra gåtur når me om ikkje lenge skal til Møre og Romsdal
✦ bra skrive frå Håheim om det å ta over familiegarden
✦ nybakt brød ikkje lenge før leggjetid
✦ prøve å finne ut kva bøker eg skal ha med meg når me reiser på fredag