Fargane som møtte oss ute på tur i går, sukk. Hortensia i ein djup rosa farge og med ein lilla prikk i midten. I eit bed var stod det forskjellige blomar tett-i-tett, små blomar i rosa, gule, lilla, raude og oransje fargar. Sundagens friske fargar på ein måndag som har vore regntung og grå.
25. sep. 2023
Måndagsfargar

Merkelapp
tur
24. sep. 2023
Blomar om hausten

Heime hos oss denne veka har Zalo vore på besøk. Han er sin eigen sjef, det er tydeleg, og han har ikkje vore så mykje ute i lag med oss som han av og til er. Men det går litt i bølgjer, til dømes har han dei siste dagane komme ut for å ete frukost i lag med oss nesten før me er i gong. Tihi, ein liten raring er han! Ordentleg sundagstur i dag medan eg kom meg ut på ein liten gåtur på torsdag og sykla fram og tilbake byen på fredag for å levere og hente nye bøker på biblioteket. Tysdagskveld med orkesterøving, dagar med mykje regn, men også dagar med sol og lesing ute. Er litt treig med å dele sundagslista denne gongen, så eg tenkjer at eg ikkje skriv så mykje meir, men berre deler:
✦ gjenlese Eleanor Oliphant har det helt fint av Gail Honeyman
✦ passe kulaste Zalo ei veke
✦ David Tennant som overraskar Michael Sheen med å uttale eit langt walisisk stadsnamn
✦ tilbakeblikk på morgonlyset som møtte oss førre sundag på veg til toget
✦ blå himmel, grøn eng og gule blomar
✦ ååå, eit lite utdrag frå songen "Circle of Life" frå Lion King i Beat for beat
✦"Top 20 Most Ridiculous 90s Music Videos Ever" – sjå denne med Hasselhoff, eg ler høgt!
✦"Top 20 Most Ridiculous 90s Music Videos Ever" – sjå denne med Hasselhoff, eg ler høgt!
✦ kanskje ikkje beste boka av Grebe, men Dvalen var no likevel litt spennande
✦ balkonglesing også i september
✦ alle dei fargerike blomane eg såg i eit bed då me gjekk Bjørnøyturen tidlegare i dag
✦ del ein og del to av Last Night of the Proms på NRK Nett-TV
✦ The Marvels-temaet i denne nydelege versjonen frå The Last Night of the Proms
✦ The Marvels-temaet i denne nydelege versjonen frå The Last Night of the Proms
✦ utsikta frå dagens gåtur
✦ lage gyros og heimelaga tzatziki til middag
✦ boka En dag vil vi le av det, den andre om Tue og hans dysfunksjonelle familie
✦ kjempestilig med sekskanta eikefliser frå Hekkan Design som no pyntar oppgangen i blokka vår
✦ kaffibesøk av mamma og pappa i dag før dei tok med seg Zalo heim
✦ laurdagstaco og animasjonsfilmen The Book of Life
✦ lun helgemorgon med heimelaga kaffe latte, eit mjukt teppe og ei god bok
Merkelapp
sundagsliste
22. sep. 2023
Pus i svogers hus
Fredagskveld i heimen med ein gul fugl som syng med på alle songane som kjem frå Beat for beat på TV-skjermen. Førre helg var det pusekos då me overnatta hos svogeren min og familien hans. Mika og Camilla, eg er ikkje så god på å sjå kven som er kven, men eg trur det var Mika som låg høgt oppe på eit skap, hadde roa og heile oversikta. Og litt kos medan ho låg der var visst heilt greitt.
Merkelapp
hygge
21. sep. 2023
Postbrygge og eit minifyrtårn
Måtte jo ta ein titt på sjølvaste postbrygga då me var ferdige med å sjå oss omkring på Eckerö post- och tullhus. Knallblå himmel denne dagen, og dei gule blomane mot det raude naustet lyste om kapp med sola. I nærleiken er det reist eit monument til minne om alle dei som rodde med posten ute på havet. Vidare stoppa me ved Käringsund fyrlykt. Sat eit par minutt på berget og las i kvar vår bok, men det varte dessverre ikkje lenge: vepsen var plutseleg rundt hovuda våre! Ja, ja, det var fint så lenge det varte. Om ikkje anna blei det god lunsj og sidan ei lesestund i hagen ved Granbergs.
Merkelapp
reise
To ulike, men kjekke bøker

Spionthrillerkomedieserien som Mick Herron skriv om dei "sløve hestane" ved Slough House, eg storkoser meg. Ser jo også TV-serien med Gary Oldman i spissen, og dei har verkeleg fanga essensen frå bøkene. Nyleg las eg altså ut Londonreglene, den femte boka i serien. Håper det snart kjem fleire, for sidene berre fauk av garde. Ein annan forfattar som eg har lese ein del av, er Jón Kalman Stefánsson. Den nyaste boka Gul ubåt var eit merkeleg samansurium av fortid og notid, av erindringar og fantasi. Kanskje litt for lang for min smak då det var ein del som blei fortalt fleire gongar, men likevel var det ei bra bok. For han kan det der med å skrive, han Stefánsson. Han har ein eigen måte å formulere orda på, skildre det han vil vise oss slik at eg blir fanga:
"Og romanen, som nå omslutter deg, er den verdenen der de døde lever, der det forgangne våkner og igjen blir til en ny tid. En verden der stemmene til de døde og de som lever, veves sammen og blir til en samstemthet, en melodi og et minne som strekker seg mot uendeligheten." (s. 127)
"Mamma sa at musikken finner veien dit ikke noe annet levende finner veien." (s. 117)
"Så holdt de krampaktig rundt rattet for ikke å forsvinne, for ikke å behøve å strekke ut hendene mot oss. Hendene som kunne slå, men som ikke kunne stryke. Fordi det trengs mot til å elske, men ikke til å slå? Åh, hold hardt rundt meg, for da blir vi unge igjen. Hold hardt, for da dør jeg ikke fra deg. Hold hardt rundt rattet, for da trenger du ikke å trøste meg. Hold hardt, for da vil det som har svunnet hen, og som vi savner, vende tilbake." (s. 97)
Måtte ha med eit par sitat frå Londonreglene også, humoren som stadig vekk tittar fram mellom all spionasjen: "Det var når bomben sluttet å tikke at man burde bli redd." (s. 147)
"Og det var hovedgrunnen til at Catherine burde være engstelig: Lamb hadde kidnappet Sjefsbikkja og sendt hestene ut på et sinnssykt ærend som, hvis det skulle vise seg å ikke være så sinnssykt likevel, krevde sytten ganger så mange agenter og mye mer ressurser, hvis de ikke skulle gjøre vondt verre. Noe som var deres spesialområde, som noen hadde påpekt. Så hvorfor føltes dert hele bare som en vanlig dag på kontoret? Hun måtte ha vært her for lenge."(s. 147)
"Etter en rask tur innom de to kontorene i denne etasjen – pregløse rom med farger man bare finner på eldgamle fargekart, der sidene er så blasse at alt har blitt nyanser av gult og grått – og en stor bue utenom den mørke flekken under radiatoren, der det har vært en eller annen rustfarget lekkasje, er det tilbake i trappa, som er så gammel og vaklevoren at morgengryet er det eneste som kan bruke den uten å lage lyd – det vil si bortsett fra Jackson Lamb, som når han føler for det kan bevege seg gjennom Slough House like lydløst som et spøkelse, om enn noe mer korpulent. Andre ganger foretrekker Jackson den direkte tilnærmingen, og gyver løs på trappa så det høres ut som en dritings bjørn med en trillebår full av tomme ølbokser. Men morgengryet kommer til de to siste kontorene mer som et vaktsomt spøkelse enn en full bjørn, og det ser liten forskjell på dem og de i etasjen over, kanskje bortsett fra litt ruglete maling på veggen bak det ene skrivebordet, som om den har blitt malt før den ble ordentlig rengjort, pluss noen klumper som henger igjen på gipsen: best å ikke dvele ved hva det kan være. Ellers har dette kontoret det samme preget av frustrerte ambisjoner som de andre, og for en som er så sensitiv som det lettbeinte morgengryet, rommer det også et minne om vold, og kanskje en anelse om at det vil bli mer. Men morgengryet vet at anelser kan forsvinne som dugg for solen – morgengryet kan alt om dugg – og det dveler ikke et sekund ved muligheten for det. Det går videre, ned den siste trappa, og glir utrolig nok gjennom bakdøra uten å ty til det dyttet som vanligvis må til, for døra er beryktet for sin motvilje mot vanlig bruk. I den fuktige, lille bakgården til Slough House tar morgengryet en pause – klar over at dets tid nesten er ute – og nyter den siste, kjølige stunden." (s. 15)

bøker
20. sep. 2023
Neste togtur: sol og blå himmel
Frå Oslo og heimover derimot, skein sola utanfor ruta. Blå himmel med berre eit par kvite ulldottar følgde oss heile vegen frå hovudstaden til Stavanger. Fjell og skog, austlandske gardar, togskjener langs eit vatn og ein raud robåt. Kanskje er raude robåtar ei greie ved vatn som ligg langs togruta?!

Merkelapp
reise
Regnvêrsettermiddag på toget

Regn på ruta her heime. Regn på ruta då me drog til Oslo fredagsettermiddag. Kaffi i ein kopp og ein liten sjokoladebit, perfekt lesestund. Gardar og sauar fauk forbi i det jærske landskapet.
Meir dropar på ruta etter kvart som me kom lengre og lengre ut mot Høg-Jæren, og det var vanskeleg å skimte landskapet anna enn som flyktige vatn og grå berg. Om ikkje anna fekk eg tid til å lese mykje i ei tjukk bok, to hundre sider gjekk unna i ein fei. Ein regnvêrsettermiddag på toget.
Merkelapp
reise
19. sep. 2023
Heilstøypt musikaloppleving

Musikal nr. 10 på Folketeateret! Det heile starta med Billy Elliot ein januardag i 2015, musikalopplevinga som kanskje også er den sterkaste av dei alle. Men Mary Poppins og Chess er to andre eg hugsar godt. Miss Saigon er ein musikal der eg berre hadde høyrt eit par songar tidlegare, og før me reiste, høyrde eg gjennom albumet på Spotify og las meg gjennom historia på Wikipedia. Sjølv om eg dimed ikkje har hatt eit stort forhold til akkurat denne musikalen, blei det litt av ei forestilling. med. Kjempeflott musikk (både tekst og musikk er av dei same folka som står bak Les Misérables: Alain Boublil og Claude-Michel Schönberg), dyktige skodespelarar, store songstemmar og spektakulær scenografi. Og ja, den berømte helikopterscena var så tøff og mektig som den berre kan bli! Nok ein gong storkoste me oss med ei heilstøpt musikaloppleving produsert av Scenekvelder. Sidan 2016 har dei hatt rettigheitene til Miss Saigon, men dei har venta på dei riktige skodespelarane – det var det vel verdt å vente på! Så er det like gøy kvar gong å juble litt ekstra når orkesteret kjem opp på scena for applaus, eg veit eg har nemnt det før, men eg gjekk musikklinja i lag med han eine som speler slagverk. På veg opp til salen, tok eg det vanlege trappebiletet, og så var det litt artig å prøve den nye fotokiosken som dei har laga til. Han der fine er ikkje alltid like glad i å posere, så han fekk sleppe, tihi ;) Noko anna som var artig var å ta ein liten titt på nokre av kostyma frå tidlegare musikalar, til dømes frå Chess og Mamma Mia. Eit par heilt supre timar i hovudstaden!
Rundt på Løkka

Laurdagsformiddag på Grünerløkka. Me hadde billettar til matinéforestillinga av Miss Saigon, og som i fjor drog me inn til Oslo ikkje så lenge etter frukosten. Det var visstnok Løkkadagene på (nettopp) Grünerløkka med matbuer, sal i fleire butikkar, brukskunst og andre fine ting i små buer. Sirkel Oslo hadde mykje fint, mellom anna nydelege notisbøker. Åt gode vårruller frå ei bu til lunsj, og etterpå stakk me bort til Haralds vaffel. For ein kaffitår og noko attåt måtte me jo ha ;)
Merkelapp
hygge,
mat og drikke,
reise
18. sep. 2023
Eckerö post- och tullhus
Eckerö på Åland var ein fin plass å vere, ferieroa fann me der ute ved kysten. På vår siste heile dag på øya, besøkte me mellom anna Eckerö post- och tullhus. I 1828, under tsar Nikolai I si regjeringstid, kom dette bygget på plass, og det var det fyrste offisielle bygget som møtte dei reisande frå Ålands hav. Postvegen mellom Sverige og Finland gjekk jo som nemnt over Åland, og Eckerö post- och tullhus var både arbeidsplass og bustad for dei som jobba i postverket.

Gammal tapet kunne ein skimte inne i huset, og så var det kjekt å sjå eit par utstillingar. I både fyrste og andre etasje er det noko å sjå, til dømes glasutstilling og brukskunstutstilling. Påfuglen i glasmosaikk var nesten det aller finaste, og så fekk eg auge på keramikken til Lugnet keramik. Kunne glatt ha kjøpt dei flotte tallerkenane, men så var det det der med plass i bagasjen, tihi ;)
Merkelapp
reise
Abonner på:
Innlegg (Atom)