19. aug. 2023

Feriebåttur




Hår i vinden. Medan me var i Tampere, nytta me sjansen til å ta ein liten båttur på innsjøen Villilänsalmi. Om bord var det litt for høgt volum av ein musikksjanger ikkje heilt etter vår smak, men utanom det berre slappa me av. Las litt i kvar vår bok, titta på landskapet som me segla forbi, fekk håret i trynet grunna vinden, smilte likevel. Ein liten båttur i ferien, ein feriebåttur.

Legg igjen ein fin tanke