30. apr. 2018

Biblo Tøyen

Biblo Tøyen, biblioteket for dei mellom 10-15 år, vaksne ingen adgang. På fredag var me altså i Oslo på ein liten "studietur" der Biblo Tøyen var fyrste stopp. Okei, til vanleg er det berre opent for barn og ungdom, men dei har ofte omvisning utanom opningstid for bibliotekarar og andre interesserte. Og før eg seier noko meir: så mykje fargar og så mykje kult interiør. Gondolar og bokhyller på skjener, grotter og holer som ein kan krype inn i med vener, ein gammal buss og ein rosa bil, spegelvegg og ei eiga sko- og vaksengrense. Biblo Tøyen er vel så mykje ein møteplass som eit bibliotek. Her kan ein komme for å lage enkel mat, gjere lekser, spele spel, vere saman med andre på same alder, slappe av. Og kanskje lese ei bok. Eit bibliotek er ikkje lenger berre ein lese- og studieplass. Då dei skulle få i stand biblioteket (som opna for dryge to år sidan), spurde dei ungar om kva dei helst ville ha i eit rom der dei er på fritida, men utan å bruke ordet bibliotek. For mange er det framleis er ein "hysje"-stad, ein "stille plass". Ungane har på denne måten vore med på å bestemme deira eigen friplass. Eg synest i alle fall at denne plassen og opplegget er supertøft.


Sidan Biblo Tøyen ligg nesten vegg i vegg med Deichman Tøyen, fekk me ei kort omvsining også ved dette biblioteket. Svart tak som får lokalet til å virke mykare, ein tribune i barnekroken av små treesker, skilting med krittavler, gamle dørar som skillevegg og magasinhaldar og generelt ei avslappa og koseleg atmosfære. Kunne gjerne hatt dette som min faste leseplass i byen :)

29. apr. 2018

Biblioteksbesøk og kaffidate

Sosial veke med fine folk, både her i byen og i Oslo, for eg var jo som nemnt på dagstur til hovudstaden med nokre kollegaer på fredag. Lang, men samstundes veldig kjekk dag. På tysdag var eg fyrst ute på NAF-kontoret for å fikse internasjonalt førarkort til han, og etterpå blei det middag i Sandnes og lesing på kafé før orkesterøving (som det likevel ikkje blei noko av, men, men). Dagane på jobb har floge av stad med boksal, rykking av ein del av samlinga, eit par ekstravakter nede i byen og til slutt den lille dagsturen. I går sat eg tre timar på Ostehuset saman med tre herlege personar som eg ser så altfor sjeldan. Hygge! Takk for laget, finingar! Har elles ordentleg nedtelling no til eg reiser neste helg. Blir veldig godt å få sjå mannen min igjen. Men no over til sundagslista. Ser at det er mange, mange punkt denne veka, for det har rett og slett vore ei super veke:

✦ novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg av Anna Gavalda saman med ein kopp kaffi
✦ så utruleg mykje kult å sjå og utforske på Biblo Tøyen då me var på dagstur til Oslo
✦ slå av ein prat med ei gammal klasseveninne som eg traff på veg heim frå seinvakta
✦ "8 lästips och DIY av böcker på världsbokdagen 2018" inne hos Monica
✦ diktet Det er den draumen av Olav H. Hauge på ein glasdør på Sandnes bibliotek
✦ alle detaljane i Endeavour: tromming med fingrane på ein togtur, nærbilete av Morse som løyser kryssord og heile tidskoloritten
✦ ete ein burgar med gode søtpotetfries hos Jordbærpikene i Sandnes
✦ ikkje at eg brukte mykje pengar i russetida, men kult å vere bevisst og lage russebuksa sjølv
✦ lese ute på balkongen tidlegare i dag
✦ sjå og høyre skulekorps som øver fram mot nasjonaldagen
✦ ein kaffidate saman med ei veninne etter jobb på torsdag
✦ for ein fin romantisk fantasy-film: The Age of Adeline
✦ koseleg lesekrok på Stovner bibliotek (eller Deichman Stovner)
✦ te i eit fint krus ein av kveldane
✦ tusenfryd på ein grøn plen
✦ artikkelen min frå i fjor om metabøker med oppdateringar og nypublisering på Verdas bokdag
✦ pause i den besteste lesekroken med fargerike bøker og herleg solskin
✦ at det gjekk raskt å fikse internasjonalt førarkort, så no blir det biltur i Canada og i England
✦ "Bridge Over Troubled Water" i vakker a cappella-versjon med Peter Hollens og Tim Foust
✦ og apropos a capella: denne med Ylvis er like artig og fin kvar gong
✦ raraste, kulaste og finaste Zalo, for eg åt god middag og såg HP-film nr. fem heime på Sola i kveld
✦ kaffi og ein cookie medan eg las i ei bok hos Coffeeberry i Sandnes
✦ sitje på kafé i tre gode timar saman med to gode veninner og typen til ho eine
✦ blomar i knallsterke fargar rett utanfor blokka vår

27. apr. 2018

Vårtur rundt Vannassen førre laurdag

Lang dag i dag med dagstur til Oslo for å besøke to bibliotek, på Tøyen og på Stovner. Mykje å sjå saman med ein fin gjeng, men eg trur bileta frå vår lille tur for komme neste veke. No er det rett og slett helg. Førre helg, nærmare bestemt laurdag etter ein handlerunde, gjekk eg ein liten tur rundt Vannassen. Akkurat passe lengde på turen i akkurat passe vårvêr. Fuglane fekk mat, ein av svanene svømte rundt i einsam majestet, vakre kvitveis og det er neimen ikkje enkelt å ta ein selfie med fastobjektivet ;) Og ei slik lita fjør på bakken får meg alltid til å tenkje på Forrest Gump.

26. apr. 2018

Koseleg hos Coffeeberry

Både på tysdag og i dag var eg innom kaféen Coffeeberry, fyrst i Sandnes og så her i byen. God mat og kaffi, så kult at dei kallar ei skive "blings" og så berre diggar eg interiøret. Fargane, mønsteret på puta, den gamle radioen. Gjenbruk og ein retro stil, heilt i mi gate. Akkurat som kaféen eg besøkte og søtsakene eg såg i Kongsberg. Ja, takk til fleire koselege kaféar med ein slik stil og atmosfære!

25. apr. 2018

Numedalslågen, sol og godt selskap

Litt treig her, men no kjem dei siste bileta frå helgeturen til Kongsberg. Etter at broren min og eg hadde ete kvar vår vaffel, drukke kaffi og prata ei god stund, traska me som nemnt bort til den andre delen av byen. Gjekk over Nybrua og stod ei lita stund og titta på Numedalslågen. Synest han fiskaren i elva var ganske kul (og ser du forresten "treet" i elva på det øvste biletet?!). Vel over brua, såg eg denne veggen. Eg liker det meste av slik gatekunst, og det gjorde eg med denne også.


Dagen etterpå, med andre ord laurdagen, starta eg dagen ute med ein kopp kaffi. Så herleg å sitje ute, kjenne sola varme sjølv om klokka ikkje var meir enn elleve-ish. Etter ei lita stund ute i sola, tok veninna mi og eg ein tur inn til sentrum for å handle litt. Var ikkje på jakt etter noko særskilt, men fann jo blant anna den jakka som eg er veldig nøgd med. I eit par av butikkane me var innom, hadde dei søtsaker pakka inn i ein retroaktig stil. Blir alltid like glad når eg ser sånt :) Me sat ute i fleire timar då me kom tilbake. Så skjønt å berre sitje der, slappe av i sola, lese litt og prate ein heil del. Og så fine Samuel, me to blei gode vener. Kubbelys i flotte fargar som lyste opp stova, og til middag: restepizza. Ei helg i eit veldig godt selskap, takk for at eg fekk komme, fine deg!

23. apr. 2018

Små kvardagsgleder langs vegkanten

Startar veka med seinvakt og blomar. No er det så vakkert og vårleg ute når eg syklar til og frå jobben. Kvitveis oppe i skogen, hestehov langs vegkanten og rett utanfor blokka vår er det nokon som har planta desse flotte raudrosa blomane. Små kvardagsgleder og ei flott start på veka. Og så er det Verdas bokdag i dag! Hipp, hipp hurra for bøker og lesing! Blir nok ikkje så mykje lesing for min del sidan eg kom seint heim, men litt lesing på sengå før eg sløkker lyset blir det nok likevel.

22. apr. 2018

Litterær klassikar, vårvêr og kaffi frå ein Mummikopp

Tenk at me er over halvvegs i april allereie. Dette året har til no gått litt for fort. Eller altfor fort. Men det positive er at det ikkje er lenge til eg får sjå min kjære igjen. Lykke! Våren med alle dei fine blomane, varmare vêr og blå himmel har vore røynda denne veka. For når dagane er slik ute, blir alt så mykje enklare, lysare, finare (vêrsjuk, eg?). Sykle til jobb med sola i andletet omtrent kvar dag, høyre fuglane kvitre, ikkje lenger trenge å ha på meg ullstrømpebukse. Dvoraks 9. symfoni ("Fra den nye verden på orkesterøving, produktive dagar på jobb, frisørbesøk og tid til lesing er noko av det som gjer at eg oppsummerer denne veka som fin og bra. Resten kan de sjå under:

✦ kaffi og den fjerde boka i Anne-serien: Anne of Windy Poplars
✦ alltid koseleg å starte helga med å besøke ei veninne
✦ og at ho veninna mi fekk meg til å sjå den fyrste episoden av Friends
✦ roper høgt hurra for mindre plastemballasje i butikken
✦ vårdikt av Olav H. Hauge i avisa Dag og Tid
✦ rydde i klesskapet
✦ miniserien Paul Merton's Secret Stations (Med somletog i Storbritannia) på NRK Nett-TV
✦ og på grunn av dette programmet: "Britian's forgotten railway stations"
✦ gråte, le og gråte endå meir av filmen Third Star med bl.a. Benedict Cumberbatch og Tom Burke
✦ "Hvorfor blogger jeg egentlig?", godt skrive og godt å lese inne hos Ann Merete
✦ tok tid å lese den ut, men likte veldig godt slutten på klassikaren Den gamle mannen og havet
✦ eit andepar som hadde gått frå Mosvatnet og opp til blokkane våre
✦ søte, små beaglevalpar
✦ Endeavour (eller Unge inspektør Morse), for britisk krim er den aller, aller beste
✦ presskannekaffi i Mummikopp før husarbeid (og ein sniktitt på den hekla løparen)
✦ gult er kult, denne gongen med hestehov langs vegkanten på veg til jobb
✦ "11 A.A. Milne Quotes That Are as Sweet as Honey"
✦ gå ein liten tur rundt Vannassen, ikkje tenkje på noko som helst
✦ stort smil fordi eg var hos frisøren her om dagen, no er eg klar til ferietur
✦ vårblome i nabolaget