6. feb. 2025

På topplue



For snaue fire år sidan, strikke eg ferdig Twiggygenseren i garnet Tweedy frå Pickles. Butikken sel ikkje garnet lenger, men eg har hatt liggjande eit par nøste i den same fargen sidan eg kjøpte litt meir enn eg trong. Og voila, på ein-to-tre hadde eg strikka ferdig ei lue etter oppskrifta På topplue. Ein strikkar med dobbelt tråd, så lua er veldig fort ferdigstrikka. Supernøgd med resultatet!

4. feb. 2025

Maudlandturen




Også i nabokommunen Sandnes, har dei fleire T-turar (kalla nærturar eller kvardagsturar), og på laurdag køyrde me ut til Hommersåk. Turen starta ved Riska kirke, sola strålte og temperaturen var rett under null. Turen tok oss gjennom eit par nabolag, men også langs små turstiar, ein liten bekk og eit vatn. Solstrålane titta fram og alt skinte litt ekstra den aller fyrste dagen i februar.
 



Ikkje berre fekk sollyset meg til å smile breitt; i eit lite nabolag, dukka det plutseleg opp nokre kule trestubbar rett foran auga våre. Tihi, så artig å måle små dører og vindauge på slike stubbar, på ein måte gi dei liv, og det fekk meg til å undre kven som bor der ;) Himmelen var blå, og på vatnet (Frøylandsvatnet, men ikkje innsjøen som i Klepp og Time) var det eit tynt, mønstrete islag.




Ender og måker i skjønn harmoni. Gras og buskar kvite på grunn av rimet. Sola som laga skuggar og som fekk oss til å smile. Smilte jo også fordi det var innmari godt å komme oss ut og gå ein litt lengre tur, det var rett og slett ein god start på helga og på månaden. Rett før me skulle gå tilbake til bilen, såg med kaféen Krokkus drivhuskafé, og eg er så glad for at me tok turen innom. Store plassen var det ikkje, men det var ein veldig koseleg atmosfære der inne og det søte til kaffén smakte ypperleg. Kjem gjerne tilbake dit, ja. Etter kafébesøket, fann me bilen og tok fatt på køyreturen heim.

2. feb. 2025

Surdeigsbrød som ein av mange fine ting







Ser jo at noko av det eg allereie har blogga om denne veka, også blir med i sundagslista. Men eg må jo ta det med likevel nettopp fordi det har vore noko av det som gjorde (og gjer) veka finare. Som ein gullkant på kvardagen. Greie nok dagar på jobb, sånn sett så har ikkje veldig mykje meir å skrive om det, for det er andre ting som verkeleg har vore bra dei siste dagane: kinobesøk, fleire lese- og strikkestunder, heimelaga surdeigsbrød for fyrste gong (mannen min er jaggu meg god!) og ikkje minst gårsdagen tur i nabokommunen. Sola skein, rimet låg som eit tynt teppe og det var heilt herleg å bevege på oss, sånn meir enn "berre" å gå til jobb. I dag har me tatt det ganske med ro, ute var det grått samanlikna med i går, og me gjorde dimed eit par småting i heimen i tillegg til å lese i kvar vår bok. Den fyrste helga i februar har rett og slett vore veldig fin, og eg sluttar den med dette:
 
novellesamlinga Det usynlige barnet av Tove Jansson, med gamle og kjente fjes frå Mummidalen
smakte godt med nybakt og heimelaga surdeigsbrød
solskinet langs Maudlandturen i går
tihi, ein liten dalmatinar som ser på 101 dalmatinere
sjå Conclave på kino med fine folk
installasjonen "Beacon of Light" av 1024 Architecture i samband med lysfestivalen Glød
krimkomedieserien Ludwig er berre heilt herleg
Brugge ser ut som ein veldig fin by, i alle fall når Synne legg ut bilete
blir ikkje lei av å ha på med den raudrutete retrokjolen
boka The Cornish Wedding Murder av Fiona Leitch var ei artig start på ein kosekrimserie 
rydde loftsbua
finne ut at den finaste musikalen Once går i Oslo no i vår (jepp, det kom nokre tårer)
stikke innom ein kafé i går rett før me var ferdige med gåturen
laurdagstaco og sjå halve Guys and Dolls frå 1955
lese Prins Caspian og ta bilete av den saman med begge filmversjonane
å, hallo, alltid like søtt å sjå ein video der ein stor hund og ein minipus blir gode venar
glimt av vår, og eg blei så glad, så glad!
ny serie på jobb med flott mønster på skrivebøker og liknande
kongeblå benk langs Mosvatnet og eit tre som ser ut som om det nettopp har vakna
Miranda skriv i dette innlegget om boka Fuglevokteren fra Vega av James Rebanks
høgtlesing av minnelappar
varm soloppgang på veg til jobb, sett frå bussvindauget fredagsmorgon
byrje på eit nytt strikkeprosjekt, og garnet er ein rein fargefest!

31. jan. 2025

Minnelappar i eit minneglas




Rundar av januar med å ta fram minneglaset, det glaset me år etter år legg lappar oppi, lappar som er fulle av minne me har skrive ned. Framleis er det mange igjen å lese, så eg kan vel seie med ein gong at me ikkje blir ferdige i kveld, tihi! Som dei aller fleste år, har me også i 2024 opplevd mykje, til dømes interrailtur, hyttepåske, små turar, nye jobbar for oss begge to, orkesterkonsertar, musikalar, travle kvardagar og fine kvardagar. Å kunne skrive ned opplevingane på fargerike lappar og leggje dei ned i hjarteglaset, og sidan lese dei høgt når eit nytt år har starta, er ei akkurat passe årsoppsummering i våre auge. Ei lita mimrestund over året som er gått, berre oss to ♥︎

29. jan. 2025

Enno er det januar...





...men snart. Snart er våren her. Joda, februar er framleis ein vintermånad, og me kan fort få frost og snø, likevel er det ofte då eg pleier å sjå dei fyrste snøklokkene poppe opp. Opp og fram mot lyset vil dei. Allereie i går fekk eg eit lite glimt av at noko byrjar å skje, og eg stod der og smilte for meg sjølv.

28. jan. 2025

Marmelade, akkurat som Paddington



Heimelaga klementinmarmelade på varme vaflar, mmmm! Mannen min hadde kjøpt litt for mange klementinar for eit par veker sidan og tenkte at han kunne lage klementinmarmelade av dei me hadde igjen. Og det blei ein suksess! Dompapserviset frå Porsgrunds Porselænsfabrik er framleis i bruk, for som eg skreiv i fjor, er det for oss både jule- og vinterservise. Tenkjer me ryddar det bort til helga når februar er i gong, men å, eg blir glad av å bruke det, både til frukost og til kveldskaffien.

26. jan. 2025

Dei der punkta som gjer dagane betre




Sola i andletet i byrjinga av veka, fine lesestunder,  og kundar som takkar for god service, eg tar til meg alle små gleder. For innimellom føler eg at verda går av hengslene, det er uroleg og eg kjenner liksom ikkje igjen den tida me lever i. Kjem ikkje til å skrive ei lang tankerekkje her og no, men likevel, eg måtte nemne det. Dagane på jobb har vore greie, heldigvis ingen som skjelte meg ut i motsetnad til førre veke, og han fine og eg har hatt eit par lesestunder i lag, noko som gir meg ro. Sidan eg jobba i går, blei helga nokså kort, og eg har difor prøvd å verkeleg finne sundagskjensla i dag. Veit ikkje om eg har så mykje meir å fortelje, lar heller dei små punkta under seie sitt:
 
den fyrste boka mannen min plukka ut til meg, var herlege Skrellingene av Terry Pratchett
gåsungar på trea
fortsetje å plukke ut bilete til fotobok 
Fantastic Friends-episode frå Istanbul med baklava og nynning på songen "Feed the Birds"
nydeleg versjon av "The Sound of Silence"
oppsummere fjorårets bokår
soloppgang over blokka 
strikke på eit restegarnprosjekt å luske på nye strikkeplanar
rekkje å lese eit par sider i blåtimen før laurdagsvakt
utruleg kult at And Then There Were None, ei favorittbok, plutseleg var på jobbens topp ti-liste
vinke til dei lange skuggane då eg gjekk til jobb på onsdag
og skuggespel i stova er alltid noko eg smiler av 
tihi, ein stor og snill golden retriever som helser på ein miniversjon av seg sjølv
vintersola som lyste så klart og gyllent
artig å sjå rare lysflekkar på himmelen rett ved blokka vår, noko som kjem frå lysshowet i sentrum
heimelaga klementinmarmelade på varme vaflar
surdeigspizza og resten av Hitchcock-filmen Vertigo (og for ein slutt!)
boka Let it Snow av Sue Moorcroft blei sesongens siste julebok  
Billy Boyd (kjent frå LOTR-filmane) ser ut til å vere ein ordentleg hjartevarm fyr
å pynte bordet på jobb med søte kort og like søte bamsar
rim på blad og greiner
sola i andletet oppe ved Vålandstårnet
Renbergs Farmor har kabel-TV er sånn søt og melankolsk på ei og same tid

24. jan. 2025

Opusbesøk 🐱





Pelsete Opus. For ja, ho har mykje pels, pels som er så mjuk og glatt som silke. Frå torsdagskveld til sundagskveld, var ho på besøk hos oss. Den fyrste timen vandra ho rundt i leilegheita og prøvde å bli kjent med dei forskjellige romma, men det tok ikkje lang tid før ho fann seg til rette. Noko av det beste er visst å bli børsta, det kan ein halde på med lenge, og av og til var det gøy å leike. Kos likte ho også, viss du har volumet ganske høgt, kan du høyre purringa mot slutten av den lille videosnutten.
 



Med sine kulerunde auge, såg ho tidvis ganske forskrekka ut, tihi. Men stort sett sat ho i ein krok og slappa av eller låg på sofaen og sov. På laurdagskvelden, var ho med på å sjå Vertigo, og å liggje på fanget medan eg drakk kaffi og las ei bok var visst heilt topp. Eit riktig så koseleg helgebesøk ♥

22. jan. 2025

Kald og solfylt formiddagstur




Frostig formiddag. Rim på dei små blada, eit tynt, nesten gjennomsiktig kvitt teppe på marka og det varme, og samstunde skarpe, januarlyset. Måndagsturen i nærområdet såg nettopp slik ut. Eg fekk til og med auge på tre fulle av gåsungar. Allereie no kan ein sjå glimt av vår og lysare tider.




Turen gjekk opp til Vålandstårnet, og eg stod der ei lita stund og naut både utsikta og sola i andletet. Og sola skein på ein busk, eg prøvde å fange solstrålar som sneik seg inn mellom trea, og på veg heim såg eg ein flott vott som nokon hadde mista. Å, eg håper den finn tilbake til heimen sin igen (sjølv om eg tviler). Ein sånn formiddagstur, ein kvardagstur, som eg kjente eg fekk energi av.