12. aug. 2023

Til Tampere

 
I Joensuu var me berre ei natt, og dagen etter, tok me toget til Tampere. Alltid kjekt med ein togtur, kanskje litt ekstra koseleg når eit kjært barndomsminne pryda ei av togvognene (kulaste Muldvarpen frå barne-TV, eller på tsjekkisk: Krtek/Krteček). For å komme oss frå Joensuu til Tampere, måtte me bytte tog i Tikkurila, ikkje så lamgt unna Helsinki. Sjølv om me berre hadde elleve minutt på oss, gjekk det heilt fint å bytte tog, og me var framme i Tampere i tre-tida.
 



Hovudgrunnen til at Tampere stod på besøkslista vår, er at det er i denne byen Mummimuseet ligg. Joda, du har også Mummiverda ikkje så langt unna Turku (Åbo), men det er noko meir kommersielt. Museet i Tampere har Janssons originalteikningar og fleire tablå som Tuulikki Pietilä laga med alle dei kjente og kjære karakterane. Og då me fann ut at hotellet me skulle bu på, Dream Hostel & Hotel, ligg rett ved museet og at museet hadde langope akkurat om torsdagane, var det berre å leggje frå oss tinga våre og stikke rett bort til Mummitrollet og alle dei andre. På grunn av opphavsretten, er det ikkje lov til å ta nærbilete inne på museet, men eg fekk no tatt eit par stemningsbilete som får komme sidan. Me hadde tinga hotellromdelen av overnattingsplassen, ein koseleg plass der ein kunne sitje ute i fellesområdet i gode stolar og med ei bok i fanget. Eit lite kjøkken var det også viss ein ønska å lage seg enkel mat. Etter museumsbesøket, var det litt kake og kaffi på ein fin kafé, og rett utanfor hotellet såg me plutseleg ein liten Walk of Fame der me fann Sibelius-stjerna. Middagen den dagen blei knallgod pizza på restauranten Basiliko.

Legg igjen ein fin tanke