31. okt. 2022

Heddåturen




Lenge sidan sist me gjekk ein av kommunens 52 kvardagsturar, det fekk me til i går. Ute på Gausel, ikkje så langt unna den nye bustaden til broren min, er det fleire parkar, haugar og turstiar. Ein av turane der ute, er Heddåturen. Den er opprinneleg sånn 6 kilometer, men grunna mannen min sin litt vonde fot (overtrakk på fotballtrening), gjekk me ein litt kortare variant. Turen tok oss mellom anna gjennom Gausel fritidsgård, og som førre gong me gjekk i det området, måtte me jo stoppe opp for å helse på dyra. Geitene var ekstra søte og nysgjerrige, både dei små og dei litt større.


Grisen leita etter mat og det same gjorde alpakkaane. Tihi, dei er så artige, ein såg rett på oss som om den poserte og ein annan såg ut som om den hadde noko veldig viktig å fortelje oss. Me såg også to fine kattar på vår veg. Den eine sat heilt stille, så stille inne i skogen og følgde med på kor me skulle. Vidare var det ein annan katt oppe i eit tre (den fauk ned og opp, så den sat ikkje fast, altså). Vanskeleg å ta eit bra bilete av den sidan den var i farta, men sjå så fine teikningar i andletet!






Haustfargar overalt! Gul, oransje, raud, brun. Fargar som skein vakkert då sola innimellom titta fram. Gylne haustblad, alt det gylne haustlauvet. Sundagstur den nest siste dagen i oktober.

30. okt. 2022

Konserthelg med litt dramatikk




Galla-konserten med orkesteret i går kveld gjekk ganske greitt, men det var litt krise i leiren nokre timar før: han som speler fyrstestemma på trombone var blitt sjuk og måtte melde pass. Dimed var me ikkje ei fulltalig gruppe under generalprøva, heldigvis fekk me tak i ein supervikar til sjølve konserten, og songar som "Hjalarljod" og Holsts "Jupiter" låt bra! Gjekk ein passeleg tur i nærområdet der broren min bur, og det gjorde så godt å komme oss ut på ein sundagstur etter helger med mykje gråvêr. Kjekke dagar på jobb, og humoren oss kollegaer mellom – det er ikkje alltid så mykje som skal til for å lyse opp dagane. Alle desse kvardagsgledene, om det er ei god bok, ein kunde som skryt av oss, haustfargane eller kva det måtte vere, for meg er dette noko eg heile vegen prøver å finne, prøver å setje pris på. Ikkje berre har det vore kjekke dagar, men eg har også lese kjekke bøker og kost meg med britisk komiserie og ein artig podcast. Endå meir kjem no:
 
krimbøkene om Jimmy Perez på Shetland av Ann Cleeves, eg har likt alle de eg har lese til no
sidan me såg ferdig Ringenes herre-filmane, byrja me å sjå den fyrste Hobbiten-filmen på fredag
stor stas at Scenekvelder set opp Miss Saigon på Folketeateret neste år 
for ein utruleg vakker soloppgang sett frå togvindauget ein av dei siste oktoberdagane 
sollyset inn gjennom eit vindauge og klinkekuleveggen som laga skuggespel på trappa på jobb
morgontåke, eit magisk bilete frå denne IG-kontoen
kulaste (og søtaste) dinosauren som nokon hadde laga på LEGO-veggen 
lesing på toget medan haustfargane fauk forbi
boka Det vi så var ei kort, men røff forteljing å lese 
stikke innom Sandnes Husflidslags lille messe før generalprøven i går
fjerde boka av Veronica Henry som eg har lese, både i år og totalt
Glen Hansard sin nye song for Maria og hennar familie som måtte flykte frå krigen i Ukraina
ete ute på ein restaurant i Sandnes før orkesterøvinga, like koseleg kvar gong
The Vicar of Dibley med sin herlege humor og den britiske krimserien Grantchester
✦  haustfargane i nabolaget (og eg måtte også ta ein selfie med haustblada i bakgrunnen)
"12 ting du ikke visste om meg" inne hos Et katteliv – her var det mykje eg kjente meg igjen i ;)
spele konsert med orkesteret i går 
gå Heddåturen i dag, og då fekk me helse på geitene ved Gausel fritidsgård
episode to av podcasten til Billy og Dominic frå Ringenes herre-filmane
finne fram ein haug med fargerik ull til nålefilting som publikumsaktivitet på Vitenfabrikken
mannen min laga knallgode viltkarbonadar til middag av kjøtt me nyleg kjøpte på REKO-ringen

28. okt. 2022

Tre nydelege bokutgåver




I Hay-on-Wye fann eg to bøker. Eg kunne garantert ha plukka med meg endå fleire, men så god plass hadde me ikkje i bagasjen. Begge bøkene hadde eg lese før, likevel: den eine mangla eg i samlinga mi, den andre var ei utgåve eg har sett på nettet til ein dyr penge som i Hay-on-Wye ikkje var fullt så dyr. 84, Charing Cross Road av Helene Hanff er ein klassikar for alle bokelskarar, og i Richard Booth's Bookshop fann eg den perfekte utgåva av boka. Stilig omslag og oppfølgjaren The Duchess of Bloomsbury Street er også med. Og så til ei av dei aller finaste bøkene: Anne of Green Gables av L. M. Montgomery. Folio Society gav ut ei nydeleg samleutgåve i 2004 av nettopp denne boka og då eg såg den i bokhandelen The Addyman Annexe, visste eg med ein gong at denne måtte bli med meg heim! Kjøpte også eit fint bokmerke, og eg fann eit i same stil frå Greenway House. Little Lord Fauntleroy av Frances Hodgson Burnett (ho skreiv også The Secret Garden og A Little Princess) fann eg i ein bruktbutikk i Kendal, og heldigvis var det litt plass i kofferten. Eg veit ikkje kor gammal denne utgåva er, for det står ingen plass i boka, men frå andre på nettet med veldig lik forside, kan boka vere frå slutten av 1800-talet og inn på 1910-talet. I motsetnad til dei to andre eg kjøpte, har eg ikkje lese denne boka, og det er ein klassikar eg ser fram til å lese.

27. okt. 2022

Den gylne løve




Eller The Golden Lion som hotellet heiter på originalspråket. For det var der me budde då me var i Settle. Eit bra og koseleg hotell – me fekk til og med eit større rom enn det me hadde bestilt – og den fyrste kvelden åt me både middag og dessert på hotellet. Likte godt den engelske stilen med gamle detaljar i resepsjonsområdet og rutete mønster på putene og i trappa. Nok eit super hotellopphald!

26. okt. 2022

Får aldri nok av fargane om hausten!






Gule, små haustblad mot ein lyseblå himmel. Ein busk med både gule, grøne, oransje og raude blad. Trass dagane som blir mørkare og mørkare, er eg glad eg lever i ei verd der det finst oktober (siterer finaste Anne Shirley her, for Anne of Green Gables er ei av dei vakraste bøkene i mine auge).




Regndropar på eit blad, fargerike blomar og fleire tre med nydelege haustblad, alt dette i nabolaget vårt. Fargar som fangar blikket mitt og som lyser opp og løfter ein grå dag mange hakk.

24. okt. 2022

Settle med alle sine kule og rare blomepotter




Toget på veg til jobben i dag var ganske fullt sidan det førre toget blei innstilt. Men eg fann no ein sitjeplass og koste meg med å lese i boka mi. Også på toget frå Paignton var det mykje folk – alle dei som ikkje hadde reist dei to føregåande dagane grunna faren for solslyng, skulle av garde den onsdagen. Men me kom oss til Leeds der me åt litt mat og venta på neste ledige tog. Utpå ettermiddagen nådde me målet for dagen: Settle i Yorkshire Dales (med bil er det ein tur på dryge 50 mil mellom Paignton og Settle!). For ein koseleg togstasjon midt i finaste Yorkshire: fargane, gangbrua, blomane, den kule benken (skjønte du ordspelet?!), den søte togstasjonen og ein stasjonsmeister som ein kanskje kjenner frå ein veldig kjent TV-serie, kjenner du han igjen?!




I ettertid skulle me ha vore i byen fleire dagar enn det me var – me var der berre to netter – for Settle sjarmerte oss begge to. Koseleg by, bra hotell, eit par fine butikkar og nydeleg turområde rett utanfor bykjernen. Rundt om i sentrum har dei fleire figurar laga (for det meste) av blomepottar i alle slags storleikar og sidan måla i sterke fargar. Etter å ha sjekka inn på hotellet, traska me rundt og berre såg oss omkring. Mary Poppins, postmann Pat, ein elefant og ein edderkopp, Mario, dronninga og fleire andre små og store figurar. Diggar konseptet, det gjer sentrum til noko unikt!

23. okt. 2022

Mellom anna tre bøker og grønt er skjønt




Tjo, hei og hoppsasa – ny sundag og ny liste. Godt med ei rolegare veke enn den haustferieveka, men det har likevel vore nok å halde på med. Med alle dei installasjonane ein finn i fire etasjar på jobb, er det alltid noko eg må fikse eller rydde opp i. Eg har vore nokre timar ekstra i resepsjonen sidan ho som pleier å sitje der, skulle vere vekk ein halv dag og eg har laga eit lite hefte med spørsmål til eit arrangement som var i går. Lesing på toget, lesing i sofaen og litt på senga før me sovna, det å alltid ha ei god bok å lese på, det er ei viktig kvardagsglede for meg. Strikkinga går også framover, har mellom anna byrja på eit nytt strikkeprosjekt. I går var eg ute på restaurant med ei god veninne før me gjekk til konserthuset for å sjå Opera Rogalands versjon av Carmen. For ein bra heilaften! Blir vel litt lesing før ei ny veke startar, og før det postar eg vekas lenkjer og andre kjekke punkt:
 
spennande og ny bok frå Unni Lindell
fargane på trea ute no, like fint kvar einaste haust
oppdage podcasten til Billy Boyd og Dominic Monaghan (frå Ringenes herre), så herleg humor!
gnocchi til middag i går på ein restaurant i byen
byrje å sjå den herlege britiske komiserien The Vicar of Dibley
Niinas bileteserie frå ein soloppgang på fjellet, då får det ikkje meir magisk enn dette!
haustblad på ein grøn busk på veg frå jobb 
vere i konserthuset og oppleve Carmen i lag med ei god veninne
Hauser og Andrea Morricone som speler ein nydeleg song til minne om Ennio Morricone
interessant lesing frå 1937: Notatbok frå ein barndom av norsk-argentiske Norah Lange
lese ut den herlege boka Thank You for Listening av Julia Whelan
retromønster på tøystoffruller hos CREOLink i Sandnes
traileren for sesong fem av The Crown er no ute
min grøne, heimestrikka Markatopp (grønt er skjønt v1)
ete ute i Sandnes før orkesterøvinga på tysdag
oppskrift på kladdkake med sjokoladeglasur – denne ser kjempegod ut
roleg helgemorgon med kaffi, sjokoladebit, bok og eit okergult ullteppe
lysshow i kaleidoskopet på Abelloftet
alle dei små, kule strikkegreiene India Rose Crawford lagar, mellom anna denne søte frosken
ikkje ekte nordlys, men stilig å sjå nordlyset i taket inne i planetariet (grønt er skjønt v2)
grøn kjole og vått haustlauv (og grønt er skjønt v3)
heimelaga pizza medan me såg ferdig den besteste trilogien, nemleg Ringenes herre!

21. okt. 2022

Stappfull LEGO-vegg og høge lydar frå mange hundre tusen volt

 
Min morgonrutine på jobb, eller, ein av dei i alle fall. I tredje etasje har me eit rom fullt av LEGO, og kvar morgon når eg tar runden for å skru på lys, prosjektorar og opne utstillinga, stikk eg også innom LEGO-rommet. Ofte er det fullt av nye figurar og små brikkar på den grå LEGO-veggen, så fullt at det er tomt for brikkar og heller ikkje plass til å lage nye motiv. Ein av dagane fekk eg tatt eit tidsforløp av korleis det ser ut når eg tar vekk brikkane frå veggen (det du ikkje ser: kor langt mange av dei fyk og kor mykje eg må feie opp frå golvet...). I haustferien hadde me demonstrasjon av Tesla-spolen vår kvar dag. Eller ein Tesla coil som dei fleste kallar den, kalla opp etter oppfinnaren Nikola Tesla. Det er ein transformator som kan skape høgfrekvente vekselspenningar og den me har på jobb sender ut lysbuer med 800 000 volt. Me har eit svært gitter rundt den og køyrer den berre etter å ha sjekka alt som står på sikkerheitslista. Eg filma demonstrasjonen nokre av dagane, for me kan spele musikk på den! Klarer du å høyre kva fire melodiar eg har filma i videoen over?

19. okt. 2022

Smaragdgrøn Markatopp




Markagarn, eller tidlegare Nordisk sommergarn, frå Oslo Mikrospinneri er eit av mine favorittgarn. Så mjukt i ein blanding av norsk lamull, lin og morbærsilke. Nyleg blei eg endeleg ferdig med ein grøn Markatopp. Aldri enkelt å få fram fargen på eit bilete slik den er "på ekte", men fargen er ein ganske klar grøn, nesten som ein mørk smaragd, med det kule namnet Mojito. Eg brukte litt tid på denne sjølv om den er strikka på halvtjukke pinnar: eg måtte trikse litt med erma som eg syntest blei for vide under armholene, litt sånn flaggermuserme. Dette er eit problem som gjentar seg på ein del av oppskriftene sidan fleire av dei er laga til folk med litt lengre armar og overkropp. I tillegg er Markatoppen ein veldig kort topp, og etter å ha felt av, var eg ikkje nøgd med lengda. Strikka dimed endå litt til, men det blei ein liten kant på vrangborden der eg eigentleg hadde felt av. Likevel, eg kjem til å bruke denne toppen, for den blei stilig til slutt, er så mjuk og god og eg diggar fargen!