31. des. 2017

Sundagsliste på sjølvaste nyttårsaftan

Årets siste sundagsliste, og det på årets siste dag. Dagane har gått i eitt og eg har sånn sett ikkje heilt hatt styringa på kva dag som har vore kva dag. Slik er det å ha ferie (ok, eg var på jobb på onsdag, men bortsett frå det, har eg hatt heilt fri). I byrjinga av veka var me heime på Sola med film, julekaker og julehygge, medan no mot slutten av veka har me vore, og er framleis, hos svigers med brettspel, snø ute og elleve personar rundt matbordet. Alt i alt har det vore ein bra og veldig fin jul, og eg gleder meg til å gå inn i eit nytt år saman med ein god gjeng av dei som står meg nært. Håper du og dine kjem til å feire nyttråsaftan akkurat slik de synest er finast, anten det er med ein stor fest heime eller på ei hytte langt oppe på fjellet. Og her kjem den siste sundagslista i 2017:

✦ lyset over dei snødekte fjella
✦ sjå den andre HP-filmen, Harry Potter og Mysteriekammeret, med familien 2. juledag
✦ "10 Hermione Granger Quotes That Remind Us All To Be Strong Witches"
endeleg få ramma inn "God jul"-broderiet som eg sydde ein eller annan gong på skulen
✦ dei store julelysa i taket på jobb
✦ at miniserien Little Women, etter romanen av Louisa M. Alcott, no finst på NRK Nett-TV
✦ eit lite juletre på Sola flyplass
✦ julaftan nr. 2 med hans familie
✦ parodiske bokomslag i ekte Penguin Classics-stil
✦ feire juledagane saman med ein gul krabat og ein krabat på fire bein
✦ vakre blomar i dette blogginnlegget inne på bloggen Vardagskonst
✦ spele "Mistenkt" med tanteungane
"Thor: Ragnarok 4D", altså, kor tar James Corden alt frå?!
✦ ullsokkar, julestjerne, juleduk og bok i fanget – romjulshygge heime hos svigers
✦ eg blir aldri lei solnedgangen over dei høge fjella her på Sjøholt
✦ tretti fine, heimelaga gåver (idéar til neste jul) inne hos A Beautiful Mess
✦ blåtimen ein av dei siste dagane i 2017 – "Å vestland, vestland..."

30. des. 2017

Fire bøker på tampen av året

Trur ikkje det skal vere vanskeleg å sjå kva bøker eg har lese i det siste; tre av fire bøker har handla om James og gatekatten Bob. Då eg plutseleg fann ut at eg skulle lese den fyrste, En gatekatt ved navn Bob, likte eg den så godt at neste gong eg hadde vakt ved hovudbiblioteket, måtte eg opp i tredje etasje (faktaavdelinga) for å låne med meg dei to neste. Så rørande, fint og sjarmerande om katten Bob som finn James, ein gatemusikant og tidlegare rusmisbrukar, og korleis Bob forandrar James sitt liv til det betre. Enkelt skrive, men likevel så herlege bøker. Som eg skreiv i denne bloggposten, syntest (og synest vel enno) eg at Døren var tung å lese. Men eg blei no ferdig til slutt, og forteljinga i seg sjølv er fascinerande og god. Dryge nitti bøker har eg lese i løpet av året, nokre betre enn andre, men jamt over har det vore mange gode bøker, og eg er nøgd med leseåret 2017.

29. des. 2017

Kvit jul på Sunnmøre

Istappar i eit vintekvitt og blått landskap. Så om me ikkje fekk kvit jul på Sola og i Stavanger, har me no fått oppleve ei kvit romjul her på Sunnmøre. Dei høge fjella med eit tjukt, kvitt lag på toppen, bada i eit gyllent lys både om morgonen og om kvelden. Nord-Vestlandet på sitt beste <3


Både store og små har vore ute i snøen, nokre aka og andre stod og såg på ;) Me har også fått lese ein god del, slappa av, vore elleve personar rundt middagsbordet og spelt brettspel der "Mistenkt" i mine auge har vore det kjekkaste. For dei som lurer: ja, "Mistenkt" er ein oppfølgjar eller variant av "Cluedo". Helga kjem til å gå fort, og før ein veit ordet av det, skriv me januar 2018.

Fyrste og andre juledag

Femte juledag er allereie her, og om to dagar er det nyttårsfeiringa i gong. Romjula har gått litt for fort, men eg har heldigvis nokre fridagar igjen før eg er tilbake på jobb igjen på onsdag. Fyrste og andre juledag var rolege, fine dagar med familien. Kaffi og julekaker, solid fyrstedagsfrukost, kransekake etter middag hos onkelen min og familien hans, jul med Zalo og besøk av alltid fine Milo og englespelet i full fart. Ordentleg julehygge og julefred, ikkje noko stress eller ståk.

28. des. 2017

Tidlegare i desember

Framme på Sunnmøre. Roleg dag i dag etter både jobb og fleire timar på reise i går. Her på Sjøholt er det snø ute, og eg må jo innrømme at kvit jul er ganske fint. Men me fekk no oppleve snø og kvit frost tidlegare i desember. Ein vakker soloppgang og dei stilige julelysa rett ved hovudbiblioteket har også vore å sjå tidlegare i desember. No er det romjulshygge med familie, bok og brettspel.

27. des. 2017

#2017bestnine

Onsdag midt i romjula. Seinvakt på jobb, og etter det tar me flyet opp til Sunnmøre der me skal vere ei snau veke. Juledagane har vore fine utan stress og eg ønskjer berre å titte innom for å seie "hei", og for å dele mine ni mest likte bilete på Instagram. I løpet av året har eg visst delt rundt 420 bilete der eg veit at mange av dei er frå Interrail-turen vår i sommar. Mange bokbilete veit også at eg har delt, og det kan ein tydeleg sjå i kollasjen over; fire av ni bilete er av bøker og bibliotek (og kjærastebilete er visst også noko mange liker). Om ein samanliknar med i fjor, var fjoråret meir variert i den same kollasjen. Kollasjen viser jo berre dei bileta som er mest likt, eg veit at eg i løpet av året også har vist vakre haustfargar, kaffikoppar, gatekunst og ein god del anna. 2017 har vore eit bra år, no skal dei siste dagane utnyttast til det fulle med familiekos og julehygge.

25. des. 2017

Jula heime

God måndag, folkens. For ja, det er måndag i dag sjølv om det ikkje kjennest slik ut. Men det er då ein veit at ein har ferie :) Me hadde ein fin julaftan i går, akkurat passe og akkurat slik eg ønskja. Mamma, pappa, broren min, mannen min og eg. Julepynta bord, tente lys, ribbe, medisterkaker og tilbehør til middag, riskrem til dessert. Og raud julebrus frå Berentsens brygghus.


Sidan me feira jula i Oslo i fjor og med det prøvde å pakke lett, hadde eg ikkje bunaden på meg då. Men i år hadde eg det, og det blei som vanleg eit par bilete i gangen av det vakraste plagget eg eig. Og så tok broren min eit heilt fantastisk rart og artig bilete av meg og min fine, lo høgt då eg såg det! Fin pynt på treet og då særskilt nuperellestjerna. Grisen er kanskje meir stygg enn det den er fin, men ei morosam, lita julegåve var det no lell. Ein finfin julaftan sjølv utan spor av snø.

24. des. 2017

Julekort anno 2017

Også i år legg eg ut ei lita julehelsing her på bloggen. Årets julekortbilete er tatt ved Mosvatnet, og sjølv om me det var opphald til biletet blei tatt, vil eg no påstå at det har vore ein regntung sommar og haust. Men nok om det, no er jula her! Ønskjer alle ei fin jul med ro, hygge, kjente og kjære!

Tre små bilete frå dagen før dagen

Lille julaftan kom og gjekk med risgraut, pynting av treet, leggje gåvene under det og litt brettspel heilt til slutt (det blei "Fantasi" i går, og me lo stort sett heile vegen). Dagen før dagen akkurat slik den skal vere. No er det Tre nøtter til Askepott på skjermen, og eg håper ho får prinsen i år òg.

23. des. 2017

Ein førjulskveld med den besteste gjengen!

Å få til å møtast, oss fem jentene, me som har klart å halde kontakten sidan me slutta på musikklinja for åtte år sidan sjølv om me bur i kvar vår by, er ikkje kvardagskost. I går var me endeleg samla for førjulskos her heime, og det blei ein superkoseleg og triveleg kveld. På menyen stod tacosalat, kake, klementinar og småsnacks, og kvelden gjekk fort med mykje prat, latter, oppdateringar på livet og mimring. De er den beste gjengen, takk for ein alle tiders førjulskveld 

22. des. 2017

Middagsbesøk og den vakraste julekonserten

Seinare i dag kjem det ein fin gjeng med veninner på besøk, og eg gleder meg som ein liten unge; det er nemleg ikkje kvar dag me møtast, alle fem. På måndag hadde me også nokre kjekke folk på besøk. Me åt god middag, prata og lo før me køyrde i samla flokk ned til Stavanger konserthus. Konserten me skulle høyre på, var julekonserten "Desemberstemninger" med Ole Edvard Antonsen, Didrik Solli-Tangen, Stine Hole Ulla og band. Og gurimalla, det var berre heilt magisk. Då Antonsen spelte "Vidda" og temaet frå Tre nøtter til Askepott og Solli-Tangen song "O, Helga natt" og "Anthem" frå Chess, då kom det eit par tårer. Så vakkert! Og det toppa seg med allsong på det siste verset av "Deilig er jorden". Ein alle tiders måndagskveld i advent.

20. des. 2017

Den store julekakebakedagen

Neimen ikkje enkelt å ta gode bilete når det er mørkt og grått ute (for den snøen som låg så fint for nokre dagar sidan, er no borte vekk). Men eg måtte likevel fram med kameraet då broren min og eg bakte serinakaker og sjokoladestenger i går. For tredje året på rad om eg hugsar rett. Julemusikk på full guffe og etterpå venta god middag og julefilmklassikaren Christmas in Connecticut

18. des. 2017

Vålandsparken v12

Så avrundar me året slik det starta: med eit kvitt lag på bakken. Ikkje mykje, men litt. Bittelitt. Det er sjelden ein får oppleve mykje snø her i byen, men me har hatt nokre dagar med snø no denne månaden. Slik såg det ut i Vålandsparken i går, lyst og kvitt. Men ikkje fullt så kvitt at ein ikkje kunne sjå noko av det brune lauvet på bakken. Ein ny måndag er her. Håper det blir ein fin ein.