Blomar, grønkål, agurk og tomatar, ute i hagen har det vekse mykje forskjellig og det er stas å sjå at det skjer noko med det ein sjølv har sådd. Men det er ikkje berre ute det skjer ting: inne har gummifikenen vår fått nye skot etter at mannen min toppa planten og orkidéane har vakna og ser ut til i trivst i stova vår. Med andre ord blomar det både ute og inne på denne tida av året.
Viser innlegg med etiketten interiør og bustad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interiør og bustad. Vis alle innlegg
24. juli 2026
Inneplantar
Blomar, grønkål, agurk og tomatar, ute i hagen har det vekse mykje forskjellig og det er stas å sjå at det skjer noko med det ein sjølv har sådd. Men det er ikkje berre ute det skjer ting: inne har gummifikenen vår fått nye skot etter at mannen min toppa planten og orkidéane har vakna og ser ut til i trivst i stova vår. Med andre ord blomar det både ute og inne på denne tida av året.
Merkelapp
interiør og bustad
24. apr. 2026
10. mars 2026
Nytt, mjukt salongteppe
Under spisestovebordet vårt ligg det blålege teppet som me i leilegheita hadde under sofaen og sofabordet. Ein treng kanskje ikkje eit salongteppe under eit spisestovebord, men då me fyrst hadde plassert det der, syntest me det passa veldig bra – det gjer plassen litt lunare. Eit kvitt, loddent teppe frå det norske merket Lambo (finn ikkje så mykje informasjon om merket) har me fått frå mamma og pappa då dei skifta ut salongteppa sine for ei god stund sidan. Det har vore eit teppe me hadde på gjesterommet, og her i nyheimen har me hatt det som salongteppe ved sofaen. Men me kjente begge to at med lys sofa, lyst golv og ein stor, lys vegg, måtte me ha eit teppe som var meir fargerikt.
Tja, det var lettare sagt enn gjort å finne. Me såg litt på Finn og var elles rundt på forskjellige møbelbutikkar, men sukk, i butikkane er det omtrent berre kvite, grå og beige teppe som er å finne for tida. Til slutt drog me til Teppelageret på Mariero, den same butikken kor me tinga det blålege salongteppet for mange år sidan. I motsetnad til då, valde me ull som materiale (det andre teppet er kunststoff), og me enda opp med eit ullkuleteppe frå merket Tisca i ein varm, rustraud farge. Alltid litt vanskeleg å ta bilete som gjengir fargen heilt nøyaktig, men eg håper du likevel får eit visst inntrykk. Om ikkje anna, så er i alle fall me supernøgde, både med fargen, materialet og kvaliteten!
Merkelapp
interiør og bustad
30. des. 2025
Dekka bord og pynta tre
Andre juledag hadde me middagsgjestar her hos oss. Me serverte hjortegryte, noko som fall i smak, og bordet var dekka med mormorserviset, smellbongbongar i fint motiv (fleire av motiva frå Sara Miller London er ordentleg flotte) og koselege serviettar. Ikkje veldig avanserte greier, men det treng det heller ikkje å vere. Sundagsmorgon hadde me frukostgjestar, og då var det mellom anna heimelaga surdeigsrundstykke på menyen. Fine folk, bra quiz og dei klassiske dompapane.
Og treet vårt. Skal innrømme
at det er ganske stas å ha eit ekte tre i vår nye heim, kjøpt på ein gard i Randaberg. Treet er fylt med
julepynt der mykje er funne lokalt, på reisar, pynt me har fått eller som har ei anna tilknyting til oss. Mellom anna er det nydeleg
nuperellejulekule frå tante, ugl frå ri.make (som eg skreiv meir om i fjor), ein liten pakke funne i ein julebutikk i York, Mummikule, eit lite tinnhus med
årstalet 2025, ein snømann og ei keramikkstjerne kjøpt på julemesse her i byen, ein nydeleg istappaktig glaspynt fått i gåve, kanadisk julehelsing kjøpt på Etsy, og eit lite lokomotiv – for me er jo
togelskarar! Så mangla me kanskje norske flagg, stjerna er litt skeiv, men det er vårt tre!
Merkelapp
hygge,
interiør og bustad
9. des. 2025
Så smått litt jul
Julepynten er tatt ned frå loftet i blokka, køyrd hit til nyhuset og har byrja så finne sine plassar. Eg skriv har byrja, for det er langt i frå alt eg har funne ut kor skal vere; som nemnt tar det tid å innreie ein ny bustad. Men litt julepynt i bokhylla, ei heimelaga adventskalender til mannen min og små juletreornament gjer no sitt for at det ein kan skimte litt julestemning også her hos oss.
Merkelapp
interiør og bustad,
kvardag
18. nov. 2025
Lyset i vår nye heim
Puslespelbilete på veggen, flotte klassikarar på ei hylle, kjente og kjære gjenstandar på eit skap – dei er ikkje naudsynt akkurat der dei skal vere, men det er fint å ha pakka opp ein del av tinga våre slik at det liknar ein heim. Og så sollyset inn i stova vår om dagane. Morgonlyset som lagar skuggespel på veggane, som får bøkene til å skine litt ekstra, dagslyset som gjer at eg står stille eit par sekund, berre nyt det. Lyset i vår nye heim, for sjølv om det snør akkurat no, såg det slik ut i går.
Merkelapp
interiør og bustad,
kvardag
14. nov. 2025
To flyttebilete og fire togbilete
To bilete frå nesten akkurat to veker sidan. Du lurer sikkert på korleis det ser ut her i nyhuset, og då seier eg at du får vente litt til. For det fyrste er det ikkje berre berre å ta innebilete på denne tida av året, for det andre er det framleis eit par esker som står rundt omkring, me manglar hyller og ting er generelt ikkje på plass. Slik er det jo med flytting, og over ser du to bilete frå vår fyrste heile dag her. Flytteesker over heile stova og ein nokså improvisert frukost med kaffi i turkoppane våre.
Og no over til noko heilt anna; eg sleng med fire bilete frå ein togtur mellom Newcastle og Oxford. Eg sit framleis og sorterer bileta frå interrailturen vår, og desse er neste i rekkja. Etter å ha vinka farvel til finaste Bilton Barns, køyrde me til Newcastle i leigebilen, leverte den frå oss ved togstasjonen og venta sidan på toget som skulle ta oss med til Oxford. Togstasjonane i Storbritannia er som regel alltid flotte å sjå på! Sjølve toguren var ikkje så veldig spennande – det var eit ekspresstog med null bytte og tok berre litt over fire timar – men eg titta no likevel ut togruta innimellom kaffidrikking og krimboklesing. Og plutseleg var me framme i Oxford.
Merkelapp
interiør og bustad,
reise
30. apr. 2025
Raudstrupe på kjøkkenet
Raudstrupen er kanskje ikkje ekte, men fin er den likevel. Eg kjøpte den på Varatun julemarknad i fjor av Tove Helen Barstad (Boblende art). Raudstrupen er jo ein av dei aller vakraste fuglane (The Secret Garden), og fargane passar perfekt på kjøkkenet vårt, den lyser opp kva dag som helst.
Merkelapp
interiør og bustad
3. mars 2025
Vår i stova 🌱
Plukka ein neve snøklokker i dag. Det aller vakraste vårteiknet står no så fint på stovebordet. i rullesteinvasen frå MingarWalker glassblåseri. Å, dei er eit flott syn, både vasen og blomane. Og nei, eg er ikkje ferdig med å dele snøklokkebilete, eg ser dei overalt no. Eg smiler der eg går, stoppar opp fleire gongar og ser på dei frå forskjellige vinklar. Mars er her, våren er definitivt her.
Merkelapp
interiør og bustad
20. feb. 2025
Søte krus til vinterteen
Vinterserviset vårt, det frå Porsgrunds Porselænsfabrik med dompapar på, er jo rydda vekk for denne sesongen. Og treng me fleire krus?! Definitivt ikkje, men eg klarte berre ikkje å gå forbi desse to søte på jobb. Merket er Sara Miller London, og på jobb har me skrivebøker, gaveposar, pennar, lommebøker med meir frå dette merket. Nokre av motiva og mønstera blir litt mykje i mine auge, men så er det andre som er heilt nydelege. Desse krusa med små dyr som speler instrument og går på skøyter, er blitt våre vintertekrus, sånt som (bokstaveleg tala) set gullkant på kvardagen.
Merkelapp
interiør og bustad
30. des. 2024
Ikkje like kul som Zalo, men ein flott og ekte julefugl
30. desember og jula er snart omme. Eller, for all del, det heiter jo at "jula varer helt til påske", men likevel, eg tenkjer at julepynten skal ned til helga her i heimen. Før den tid, berre må eg vise fram denne flotte julefuglen. Den er laga av Rikke (bak Instagram-kontoen ri.make), og ho har laga den utelukkande av stoff- og små sytrådrestar. Rett og slett ein ordentleg gjenbruksfugl til jul, og den er allereie blitt eit fint tilskot til julepynten vår. Julepynt som skal vare år etter år.
Merkelapp
interiør og bustad
11. juli 2024
Balkongblome
Evigraud valmue. Ved resepsjonen på Kronen Gaard, fekk eg plutseleg auge på ein stor vase full av keramikkblomar, laga av Marit Lura. Me kjøpte ein av dei av raude, og den står no ute på balkongen saman med ein av tomatplantane våre. Ein raud blome som kan stå ute heile året.
Merkelapp
interiør og bustad
4. juli 2024
Jærsk keramikk

Langs den jærske kysten med bil, kan ein plutseleg få auge på sjølvaste Keramikken. Så klart måtte me jo stoppe der då me var ute og køyrde ytrevegen for et par månadar sidan. Inne i bygget, var det både skåler og krus, keramikklokker og anna kunst, det aller mest av Odd Sama, men også av Kirsti Prøis. Diggar akvarelleffekten på fleire av krusa og dei små muggene, og eg fann til slutt ei lita mugge som er perfekt når ein skal servere vaniljesaus eller liknande. Ordentleg vårleg og litt sommarleg med små penselstrekar i oransje og grøne nyansar, og me har allereie tatt den i bruk.
Merkelapp
interiør og bustad
12. jan. 2024
Vårt vakre vinterservise
Juleløparen er bytta ut med den vanlege, men eg har ikkje heilt klart å rydde bort juleserviset. Eller, i mine auge er mønsteret meir vinter enn jul og difor fann eg ut at me kunne bruke det litt til sjølv om jula er over. For serviset er litt for fint til å berre liggje i esker og ikkje blir brukt. Som med måleriet som farfar måla, blir eg glad av å sjå på serviset med dei små dompapane som sit på tynne greiner. Og sølvborden rundt gjer at serviset ser litt ekstra elegant ut. Eg skreiv om serviset også i fjor, men det er fyrst i jula som var at me fekk tatt det i bruk. Om du skulle lure, er serviset frå Porsgrund Porselænsfabrik, og eg gleder meg til å ta det i bruk vintersesong etter vintersesong.
Merkelapp
interiør og bustad,
mat og drikke
Abonner på:
Innlegg (Atom)

