14. aug. 2023

Puusti med knallgod kaffi


Etter å ha vore på Mummimuseet, rakk me så vidt ein kaffi på kaféen Mimosa. Dagen etterpå var me både på båttur og eit anna museum, og før middag, blei det tid til – jepp, du gjetta riktig – eit kafébesøk. Tihi! Kaféen Puusti rett ved hotellet var berre heilt superkoseleg med hekla teppe, bokstabel, fargerike puter og ikkje minst knallgod kaffi og noko godt bakverk ved sidan. Me sat på kaféen og las litt i kvar vår bok medan me drakk kaffi. Liten laatuaikaa i lag før middag.

Legg igjen ein fin tanke