9. juli 2026

Brutt lenke






Luftetur her ute. Gå ut på berget, kjenne lukta av sjø, høyre bruset frå bølgjene. Både fargen og dufta frå nyperosene, synet av den mjuke myrullen, stoppe opp for å sjå på "Brutt lenke"-monumentet, eit minnesmerket etter Alexander Kielland-ulykka. Tenkje på det fine, store havet som også tar liv. Pust ut, pust inn. Sidan gå vidare og berre vere ute, i eitt med naturen for ei lita stund.

7. juli 2026

Bodleian Library






Divinity School og Duke Humfrey's Library i Oxford var absolutt eit av høgdepunkta på fjorårets interrailtur, og eg har spart dette besøket til slutt. Altså, sjekk ut taket! Å, det var utruleg stas å få ei lita omvisning der med så mange gamle bøker (og lukta av desse), arkitekturen og stemninga 







Duke Humfrey's Library frå slutten av 1400-talet er den eldste lesesalen ved Bodleian Library i Oxford. Tenk å kunne sitje her og studere, eller berre lese av all lyst. For å komme inn på dei forskjellige romma, til dømes Radcliffe Camera, må ein tinge billettar på førehand. Desse blir lagt ut på nett ein månad i forkant (akkurat på datoen), så eg var spent på om me klarte å få tak i billettar. Heldigvis gjorde me det, og me valde den guida omvisninga som varer i ein halvtime. Ein treng ikkje alltid så lang tid for å kjenne magien og historia som sit i desse salane, eit perfekt bibliofilbesøk!

5. juli 2026

Kattebok og nabolagskatt






Sit her og prøver å oppsummere nok ei veke, slik eg ofte gjer om sundagane. Er ikkje alltid like enkelt, særskilt når hovudet ikkje heng heilt med. Det er liksom litt rart når mannen min har "ferie" og ikkje eg (han er lærar), nokre av dagane på jobb er framleis supertravle (det er ikkje berre berre å byrje i ny jobb midt i høgsesongen), og så er det den der rare greia med fotball-VM – det er ei spent stemning som også eg kjenner på sjølv om eg ikkje er interessert i fotballspetakkelet. Oppi alt tar eg vare på alle dei gullkanta augeblinkane og samlar dei opp, slik som kundeserviceskryt, gårsdagens frukostquiz eller kveldens familiegrilling. Eg kjem nok til å leggje med før kampen set i gong:
 
 som eg hulka medan eg las denne: The Travelling Cat Chronicles av Hiro Arikawa gjorde inntrykk
 tinge setereservasjonar til togferien vår 
 grilling og speling i lag med familien på Sola i dag 
 lurer på om eg burde ha lese Mine venner av Fredrik Backmann i papirformat og ikkje på lydbok 
 kva bokelskarar blir kalla i forskjellige delar av verda, her er det mange fine og artige variantar 
 nabopusen er framleis litt skeptisk når den ser oss, men fin er den lell 
 knalloransje grøftekantbukett  
 trass ein del vind, har eg nokre av dagane hatt flotte lesestunder ute i hagen
 når den lille pusen litt etter litt blir kjent med den mykje større hunden 
 nyperoser, sjølukt og blå himmel ved Brutt lenke-monumentet på gårsdagens lille luftetur 
 Closely Watched Trains av Bohumil Hrabal var ei passe surrealistisk leseoppleving 
 høyre "He Ain't Heavy, He's My Brother" med The Hollies på radioen ein morgon 
 traske ein liten halvtime i nabolaget tidlegare i dag 
 Tweedy og Fluff må vere ein av dei skjønnaste duoane på Instagram 
 laurdagspizza og LOTR-film nr. to i lag med broremann 
 glimt av kontorlivet: Mummi-flaske og -skrivebok, ein finfin kaffikopp og ein ypperleg penn 
 Zalo er like artig å ha på besøk gong etter gong, eit sjarmtroll som kvitrar i veg
 bake kake og ha med på jobb fordi ein av kollegaane mine hadde bursdag 
 gult er alltid kult, særskilt på asfalten på ein regntung dag 
 frukosthygge med den besteste gjengen, takksam for slike stunder i lag med fine folk 
 og så klart blei det både quiz, kaffigodt og ein heil haug med herlege digresjonar 

3. juli 2026

Lindgren-klassikar med Leseklubben

Ordentleg lesestund i lag med mannen min no i kveld. Eg las to kapittel i ein fantaysklassikar og ein del sider månadens Christie-bok, og før eg gav meg heilt, var det fram med sjølvaste Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren. Eg les den jo i lag med Leseklubben på NRK, og det er kjekt å høyre (eller sjå på, alt etter kva ein sjølv ønskjer) ein podcastepisode i veka etter å ha lese dei aktuelle kapitla. Boka hadde eg ståande i bokhylla. Lenge sidan sist eg las denne svenske klassikaren, og det er både fint, kjekt og rørande å lese denne på nytt saman med mange andre lesarar og lyttarar!

1. juli 2026

Der det skjer 🦜



Sjølv om han kanskje ikkje er i like full fart som tidlegare, vil Zalo vere med der det skjer. Som vanleg. Han har vore her hos oss no den siste veka, og der han dei fyrste dagane var litt daff og veldig roleg, har han no vore ute og floge og å sitje på hovudet er framleis "heilt konge" (rakk ikkje å ta bilete, for plutseleg var han på vingane). Artig å høyre at han liksom syng til radioen og pratar med oss, men det aller kjekkaste er når han kan slenge ned eggeskalet frå toppen av buret. Eg trur han kunne blitt verdsmeistar i eggeskalkasting! Tihi, når han gjer det, er han ein fin, liten raring!