28. feb. 2020

Vårkjensle i nærområdet

Bittelitt snø ute på graset i dag tidleg. Lite snø å spore då eg var ute og gjekk på måndag. Eg hadde vore på biblioteket på Madla, og på veg dit tok eg bussen. Sidan det var sol og herleg vårvêr ute, ønskja eg å ta beina fatt då eg skulle heim. For sjølv om eg syklar dei aller fleste dagane når eg skal til jobb og på den måten får kjenne frisk luft, er det noko spesielt ved det å gå. Berre gå, ikkje tenkje på noko som helst, berre sjå meg omkring, nyte vêret. Nesten heime, stoppa eg opp ein augneblink for å helse på endene og svanene. Dei såg ut til å kose seg i sola. Meir eller mindre vårstemning.

26. feb. 2020

Gammal bok i februar

Akkurat no slappar eg av med ei bok og kaffi, ein morgon heilt etter min smak. Sola tittar inn gjennom stovevindauga, og eg håper vêret held seg slik. For om tre timar byrjar eg på jobb og viss eg då kan sykle med sola i andletet, då er det verkeleg ein bra dag. Må berre dele eit lite bilete av månadens litteraturprisvinnar som altså var De levendes gud av Grazia Deledda. Ein ser at boka er gammal: den brune fargen, den uleselege teksten utanpå forsida, dei litt flyssete kantane. Kan ikkje sjå det ut frå biletet, men i tillegg så luktar den gammalt. Boka, den italienske originalutgåva, er frå 1922 medan den danske omsettinga er frå 1928. Tenk, det er nærmare hundre år sidan! Kjenner eg utfordrar meg sjølv når eg eg har eit slikt lesemål, for dette er bøker eg antakeleg ikkje ville ha lese viss ikkje. Den neste i rekkja er den nyaste, men det er ikkje mars heilt enno, så eg får vente litt til.

24. feb. 2020

Svenske fastelavnsbollar

Fastelavnsbollar i fleire variantar. Okei, i to variantar, men det heldt for oss sidan me berre var tre personar: broremann, min betre halvdel og meg. I år ønska me å prøve den svenske varianten semlor i tillegg til vaniljekremvarianten (eg vil heller ha det enn vanleg krem). For dei som lurer på kva fyll ein har i semlor, er det eit slags mandelfyll. Ein greiv ut litt av bollane, blandar det i lag med mandelfyll, me gjorde det enkelt med marsipan, og litt varm mjølk. Fyllet skal så på plass i bollane, for etter å ha grave ut litt av innmaten, er det jo eit halvstort hol i kvar bolle. Til slutt legg ein på litt piska kremfløyte og voilà – svenske fastelavnsbollar! Me inviterte som nemnt broren min hit, og me åt eit par bollar kvar og drakk heimelaga kaffi latte før me drog fram spelet "Dominion".

23. feb. 2020

Ei rolegare veke

Både i går og i dag byrja eg dagen med å sitje i mi eiga verd med ei god bok i fanget. Las i fleire timar før eg i det heile tatt tenkte på å gjere noko anna. Å, eg håper eg aldri blir lei av å lese, av å dykke ned i eit anna univers, om så berre for ein halvtimes tid. Er ikkje så lett å lese om morgonen når eg står opp halv seks, men eg har lese litt kvar dag etter jobb, altså. Kva anna har eg funne på denne veka? Vel, i motsetnad til førre veke, har desse dagane vore nokså rolege. Timane på jobb har gått fort, vêret har vore av og på (verken vinter eller vår, meir som hausten), eg har ledd av nokre Superstore-episodar, me hadde ein kjekk kveld på Sola i går og i dag har me bakt fastelavnsbollar og hatt ein akkurat passe roleg sundag. Maestro ventar, så eg skal poste dette innlegget no:

✦ språket til Totland i Vintertonar er nydeleg
✦ høyre heile The Book of Mormon-albumet då eg vaska på jobb måndagsformiddag
✦ å følgje dei seks kvalpane til Loulou, dei er så herleg nysgjerrige og søte
✦ dramatisk over Ullandhaug då eg gjekk heim tysdag etter jobb
✦ sesongpremieren av Outlander – diggar den serien
✦ "No Time To Die" – Billie Eilish med den offisielle Bond-låta til filmen som snart kjem på kino
✦ fastelavnsbollar i to variantar
✦ lita Cinema Paradiso-utstilling på Odeon kino i byen, for det er den aller finaste filmen
✦ vloggane som Jonna lager er like kjekke og fine å sjå på kvar gong
✦ morgonvakt i lag med denne fine førarhunden
✦ "Top 10 Movie Musicals That Became Broadway Musicals"Once og Mary Poppins
✦ har allereie blogga om denne boka, men Livet – illustrert fortener ein plass også her
✦ og det same med den fargerike buketten me fekk av nokre venar
✦ stilig versjon av songen "Into the Unknown"
✦ laurdagspizza og "UNO"-speling heime på Sola
✦ høyre litt på musikken frå den nye versjonen av Little Women
✦ den gamle bygninga der Rogaland fylkeskommune har sine kontor
✦ kult å gjenbruke gamle vaser med slik betongmåling, sett inne hos Anna María
✦ Maestro-finalen no i kveld, fy flaten, finalistane er så morosamme og dyktige
✦ stas at Lisa Aisato delte Instagram-posten min
✦ lyset på sofateppet og stovegolvet

21. feb. 2020

Livet 🍃

Har du ikkje lese Snøsøsteren, Til ungdommen eller Jenta som ville redde bøkene, har du verkeleg noko til gode. Tekstane til forfattarane (Maja Lunde, Linn Skåber og Klaus Hagerup) er gode, men illustrasjonen til Lisa Aisato gjer at tekstane kjem til live. Eg veit eg har skrytt av illustrasjonane hennar fleire gongar, men eg må berre gjere det endå ein gong. For i Livet – illustrert har ho samla mange av sine gamle og nye teikningar i lag med nokre få ord som får fram bodskapet i bileta. "Husker du at vi badet i sommerregnet? Husker du hvordan sommeren var grønnere, vinteren hvitere og julen helt magisk?". Eg kjenner meg veldig igjen i ho som sit der og oppdagar nye verder gjennom bøker, og paret under paraplyen kjenner du kanskje igjen frå baderomsveggen vår.


"Noen dager ville vi gjøre opprør. Andre dager trengte vi en pappa." Og etter kvart blir me eldre og eldre. Boka les du kanskje på eit kvarter, for det er lite tekst, men det er ei bok du kan lese om og om igjen. For bileta hennar er så levande, det skjer noko med meg når eg ser fargerbruken hennar, måten ho fangar augeblikk på, alt det skjøre, vakre, triste og flotte med livet. Livet slik det er.

19. feb. 2020

Solbada stove

Smiler når eg kjem heim til eit syn som dette. For det er så godt at det byrjar å gå mot lysare tider, og eg blir glad når eg kjem heim etter jobb og det framleis er lyst ute. Eg kom heim kvart over tre i dag og då skein sola inn. Rett på skjenken som me kjøpte på Kyrkjetorget for ein god del år tilbake. På den raude, retro lampefoten og på bryllausbileta. Det er slikt som set gullkant på kvardagen.

17. feb. 2020

Fargar på ein måndag

Kan ikkje seie at me ofte har ein slik blomsterbukett som denne i heimen. Så klart, det hender jo innimellom at enten han eller eg slår til, men særskilt ofte er det nok ikkje. På torsdag fekk me middagsbesøk av eit venepar, og dei hadde med seg denne flotte buketten. Klare fargar, enkel i stilen og ikkje minst eit hint av gult. Trur dei kjenner oss nokså godt ;) Buketten er framleis like fin, og den står no her i stova og lyser opp leilegheita. Ein flott og fargerik måndagsbukett!

16. feb. 2020

Fullt program gjennom heile veka

Teater, kino, brudekjoleprøving, svømmeøkt, bursdagsfest og orkesterkonsert. Jepp, i tillegg til jobb måndag, tysdag og onsdag har det verkeleg gått i eitt resten av veka også. Trur eg kan seie at det har vore ei supersosial veke, og det har vore kjempekjekt! Sjølv om eg er ein ganske sosial person, treng eg å ha ein del aleinetid, og heldigvis har eg fått tid til det også. Berre ei bok, kaffi og roleg musikk. Ein av dagane traska eg til jobb i mine eigne tankar. Balsam for sjela. Hei og hå, ei ny veke i morgon, og rett under kan de lese alle mine fine punkt for denne februarveka:

✦ bli spurt om å vere forlovar for ei god veninne, kjempestas og så klart svarte eg "ja"
✦ månadens Christie-bok var Invitasjon til mord, og eg har kost meg med å lese om Miss Marple
 mange har høyrt denne allereie, men Angelina Jordans Goodbye Yellow Brick Road er nydeleg
✦ bursdags- og innflyttingsfest ute på Tananger i går hos ei veninne eg kjenner frå vgs
✦ gå til jobb ein av dagane, for det gjer alltid godt med frisk luft i andletet
✦ sjå den nye versjonen av Little Women på kino i lag med ei veninne
✦ kvalpane til Loulou (og så klart Loulou sjølv) er kjempesøte, herlege og artige, berre sjå her og her
✦ vere med på brudekjoleprøving rett før helga starta for fullt
✦ lysande fisk midt på torget
✦ lita stund sidan jul, men Niina publiserte nettopp eit innlegg med stemningsfulle julebilete
✦ De levendes gud av Grazia Deledda frå 1922 som månadens litteraturprisvinnar
✦ måndagsmorgon med bok i fanget
✦ programmet Eides språksjov er like morosamt episode etter episode
✦ middagsbesøk av eit venepar
✦ og etterpå stikke på teateret der me såg og høyrde teaterkonserten Tønes
✦ TwoSetViolin med "How not to be a conductor" – dei treff verkeleg spikaren på hovudet
✦ bra svømmeøkt i lag med ein av mine gode kollegaer på (nye) Gamlingen
✦ februar er ikkje berre mørke, regntunge dagar, ein kan også sjå dei vakraste solnedgangar
✦ orkesterkonsert i lag med dei yngre strykarane frå kulturskulen i Sandnes

14. feb. 2020

Rasteplass over ein hovudveg

Som regel pleier eg å sykle til jobb, og når det bøttar ned ute, blir det buss. Innimellom når eg har kveldsskiftet, kjenner eg at det er godt å ta beina fatt, noko eg gjorde her om dagen. Gjekk då vegen om kulverten ved gamle Gamlingen. Okei, kulverten ligg over motorvegen, så ein høyrer ein del støy og dimed sit ein ikkje der lenge for å ta ein god rast, men det er likevel blitt veldig fint. Grønt gras, fleire benkar, grusveg og ein halvstor dam. Ein flott rasteplass på veg til eller fra jobben.

12. feb. 2020

Little Women



Historia er velkjent, Louisa May Alcotts roman Little Women frå 1868 er filmatisert mange, mange gongar, boka er gitt ut i like mange versjonar og utgåver. Sjølv hugsar eg godt at me hadde denne utgåva heime, ein noko forkorta Småfrøkner, men det er no eit kjært barndomsminne. Det er ikkje meir enn tre år sidan det blei laga ein miniserie om søstrene Jo, Meg, Amy og Beth, og eg hugsar eg likte den. Eg har også sett 1994-versjonen, men eg må seie at den eg såg no i kveld med ei god veninne, er nok den eg kjem til å hugse best. Regissør Greta Gerwig har i mine auge gjort ein kjempejobb i å få fram den nydelege historia, og sjølv om Jo er den som ber forteljinga og sånn sett er hovudpersonen, får alle søstrene scenetid. Med namn som Saoirse Ronan (Atonement og Brooklyn), Meryl Streep, Emma Watson og Timothée Chalamet, er dette ein film fylt med mange gode skodespelarar. Alexandre Desplat har komponert musikken, akkurat slik han har gjort til andre av mine favorittfilmar som Moonrise Kingdom, The Grand Budapest Hotel, Kongens tale og dei to siste Harry Potter-filmane. Ein hjartevarm film som eg håper du tar deg tid til å sjå.

10. feb. 2020

Stille før stormen

Nok ein måndag, nok ein morgon med ei bok i fanget, kaffi i ein kopp og beina inntulla i eit pledd. Eit heimehekla pledd denne morgonen i nydelege fargar. Ute er det stille før stormen, for det er meldt bøttevêr langs heile vestlandskysten. Seinare i dag blir det kveldsvakt på jobb. Elles er planane for veka både teater, bursdagsfest og orkesterkonsert, så eg reknar med at dagane kjem til å fyke av garde. Foreløpig tar eg det heilt med ro med meir kaffi og The Great British Bake Off. 

9. feb. 2020

Varm lunsj før jobb x2

Litt annleis veke sidan den kollegaen eg jobbar på skift i lag med, har vore på ferie, noko som vil seie at eg har hatt hovudansvaret i lag med tre vikarar kvar kveld (og heile helga). Stort sett har det gått greitt, men eg kjenner det litt i hovudet no. Både i går og i dag har det vore full rulle med folk som ønskja å bade, og me måtte faktisk halde billettsalet stengt innimellom. Puh. Samstundes har det vore ei bra veke der han fine og eg var ute og åt varm lunsj to dagar i samband med "100-ugå", eller "Spis for 100" som det eigentleg heiter. Bøker og kaffi er alltid ein del av veka mi, inga overrasking der, og så har det vore ein god del anna som de kan sjå i lista mi rett under:

✦ koseleg atmosfære på restauranten Olive Tree midt i byen
✦ hi, hi, denne raude pandaen som elskar kjeks
✦ kul måke midt oppå Alexander Kiellands flosshatt
✦ bokhylleomvisning inne hos Beatrice, alltid kjekt å sjå og lese om bøker
✦ snøklokker, like vakre år etter år
✦ sjå eit par episodar av The Great British Bake Off
✦ knallgod laurdagspizza i lag med mannen min og broremann
✦ orkesterøving i Sandnes, byrjar å bli bra (me skal ha konsert om ei veke)
✦ endå ein ny vlog frå Jonna
✦ Ayesha at Last, ein herleg, moderne vri på den kjente Stolthet og fordom
✦ Ranias guide til Olympuskamera og -objektiv
✦ ete god og varm lunsj før jobben på onsdag på Café Bacchus i lag med mannen min
✦ blir alltid i godt humør av å få sollys rett inn i stova
✦ gammal klassikar: Mr. Bean under OL 2012 i London med temaet frå Chariots of Fire
✦ 2019-versjon av The Lion King slår ikkje originalversjonen eller musikalen, men likte den likevel
✦ diggar det å kunne starte kveldsvaktdagane med å drikke litt ekstra kaffi og lese i ei god bok
✦ "Året som gikk" – ein fin, rørande og bra årsoppsummering inne hos Et katteliv
✦ historia fenga meg ikkje heilt, men språket i Om søvn og mørke er veldig bra
✦ komme heim til god middag etter ein travel jobbsundag

7. feb. 2020

Den aller minste og søtaste hesten

Hestejente har eg aldri vore, men altså, desse to små ponniane oppe på Ullandhaug – kjempesøte! Folen kan ikkje vere mange veker, så bitteliten og nusseleg. Den var veldig nysgjerrig og kom oss i møte for å helse på. Store, kulerunde auge som såg på oss med eit vakent blikk. Folen traska etter kvart bort til mora for å få mat. Alltid hyggeleg å kunne få sjå og helse på slike søtnosar!

5. feb. 2020

#readchristie2020 📚

Agatha Christie, i mine auge Krimdronninga med stor K. Eg veit ikkje kor gammal eg var då eg las ei av bøkene hennar for fyrste gong, men at dette er ein forfattar som har vore med meg i dryge femten år, det er inga overdriving. Opp gjennom åra har eg tatt fram minst ei Christie-bok kvart år, og då ofte i påska. Påskekrim, veit du ;) I fjor var eg med på leseutfordringa #readchristie2019, ei utfordring ein finn inne på den offisielle Agatha Christie-nettsida. Det kjem vil ikkje som ei stor overrasking at eg har mange av bøkene hennar ståande i bokhylla, både norske og engelske, (nesten) alle i pocketversjonar. Som du kanskje ser, er bøkene ikkje frå same serie, med det meiner eg at dei ikkje er gitt ut samstundes eller på same forlag. Diggar dei som har eit herleg retroaktig omslag, til dømes Mord på Nilen og 4.50 fra Paddington. Inne på nettsida finn ein forslag til bøker ein kan lese kvar månad i samband med leseutfordringa. I januar var temaet "A story that changed Christie's life" og hovudforslaget frå dei som har laga utfordringa var The Mysterious Affair at Styles. Den las eg i fjor, men til kvart tema har dei også andre forslag slik at det alltid vil vere ei bok som eg kan kose meg med. Så også i år kjem eg til å lese tolv gode bøker skrivne av krimdronninga.