31. aug. 2023

Vår eigen afternoon tea


Scones er blitt ei greie for vår del etter at me var i England i fjor. Enkelt å lage, godt som eit mellommåltid om ein lagar dei grove og ekstra godt om ein deler det med andre. På laurdag hadde me invitert eit venepar på veldig uformell afternoon tea. Teen var ikkje varm denne gongen, for til jul hadde eg fått sprudlande te av ei veninne. Til søte scones med syltetøy, var teen akkurat passe frisk og bitter. Makronar frå REKO-ringen, kaffi i eit fint servise og mangopai blei også servert. Synest sjølv det var ganske vellykka, eit par koselege timar ein laurdagsettermiddag.

30. aug. 2023

Svarta Katten





 
Viktig med ein kaffipause, uansett om det er her heime, på jobb eller på ferie. I Mariehamn fann me kaféen Svarta Katten sentralt i bykjernen, og der sat me ei stund og slappa ordentleg av. Lesebretta var med, cappucinoen var god og eg skal heller ikkje klage på kakestykket ;) Blomar og gullkant på serviset, og inne i sjølve kaféen var det ein koseleg atmosfære med gamle møblar og retrotapet. Og eg måtte smile av den svarte katten over dørkarmen, for kaféen må jo leve opp til namnet.

Turtankar


Framleis ganske grønt på trea sjølv om september og hausten nærmar seg. Brune blad dekkjer mykje av bakken i Vålandsskogen, det er stor forskjell på å sjå opp på trea og ned på bakken. Seinsommarlyset skin gjennom alt det grøne på trea, får alt til å lyse som skinande gull. Berre i grønt. Vålandstårnet får meg til å tenkje på Tobias i tårnet. Ikkje for det, tårnet i Kardemomme by er rundt, men det er no kvitt og med balkong øvst, så litt like er dei jo. Slike tankar som plutseleg dukkar opp når eg er ute og går i nabolaget, traskar i eit passe tempo frå skogen og opp til tårnet.

29. aug. 2023

Sjøfartsmuseum og eit stooort skip




Ofte når me er på ferie, blir det eit museumsbesøk eller fem. Det blei det også no i juli, men eg vil påstå at sjøfartsmuseet i Mariehamn på Åland var verd både tida og pengane. Ingen av oss er veldig båt- eller marineinteresserte, men å sjå gamle skipsklokker og like gamle instrument som dei brukte om bord i ein båt, små miniatyrskip og eit enormt ror – det er noko fascinerande ved det.




Innmari kult å sjå eit ekte piratflagg! Ved ein stasjon, kunne eit setje seg ned for å prøve å knyte knuter, og me fekk innblikk i korleis det kunne sjå ut i kahytter. Hallo, sjå på dei heilt nydelege, gamle bøkene, mellom anna fekk eg auge på klassikaren Gone with the Wind av Margaret Mitchell.




Utanfor museet ligg Pommern, ein fire-masta bark frå 1903. Kjøper du billett til museet, får du også tilgang til å utforske det 95 meter lange skipet. Eit stilig syn og eit kjekt museumsbesøk.

28. aug. 2023

Lugnet keramik




Keramikk som går i eitt med stoveveggen vår. I Mariehamn var me innom handverkshuset Salt som er eit atelier og butikk der fleire aktørar har laga brukskunst i materiale som tre, keramikk, tøy, garn, sølv med meir. Såg så mykje fint der at det var vanskeleg å velje, og me kjøpte ikkje noko der den dagen. Men vasene og skålene frå Lugnet keramik fanga blikket mitt litt ekstra, så me (les: eg) måtte innom deira eige utsal ein annan stad på øya før me drog heim til Noreg. Og der, rett utanfor deira lille butikk og verkstad, stod det eit bord med såkalla andresortering. I mine auge var dei like fine sjølv om fleire av dei var testvariantar av nye seriar, og me gjorde eit kupp med vasen, den lille, grøne blomeskåla og den stilige skåla med lokk. Tihi, ein skjønner sikkert at eg er glad i den petrolblåfargen i tillegg til mosegrøn ;) Den grøne skåla tenkjer eg me kan bruke til å ha teposar på, vasen er allereie i bruk til nokre tørka blomar og den blå skåla står til pynt i bokhylla. Viss du plutseleg skulle finne på å ta ein ferie på Åland, berre må du stikke innom Lugnet keramik.

Liten bit av Mariehamn




Veit ikkje om eg heilt har landa enno etter å ha sett sesongfinalen av Good Omens i går. Men, ein ny måndag og ny veke er det uansett ;) Kan du gjette kor bileta i dette innlegget er frå? Jepp, ein liten smakebit av Åland. Vår fyrste ettermiddag og kveld der var ein sundag og mykje var stengd, men me hadde det veldig fint med å berre traske rundt. Skulle bu to dagar i Mariehamn, og gästhemen låg ikkje langt unna ferjekaia. Genial plassering, men det var alt – trur ikkje eg skal skrive meir om den plassen, me skal ikkje bu der ein gong til for å seie det på den måten. Små, kule bilar i ei av gatene midt i Mariehamn. Byen er Ålands hovudstad og den er rett og slett superkoseleg!




Stakk ein tur ut på det grøne området Lilla holmen der me såg høner, søte kaninar og ein majestetisk påfugl. Me hadde ingen plan anna enn å berre nyte kvelden, utforske bittelitt av det Åland og Mariehamn hadde (og så klart har) å by på. Kveldslyset då me gjekk tilbake til gästhemen var varmt og gyllent, fleire av dei vakre husa var bada i kveldssola og feriekjensla var sterk.

27. aug. 2023

Litt opp og litt ned




Supersosial laurdag, superroleg sundag. Kvardagane har eg brukt til å lese, gå nokre små turar ute, ta ein titt på fleire bilete frå sommarferien, følgje med på jobbmarknaden og strikke vidare på ei T-skjorte eg held på med. Nokre dagar er kjekkare enn andre, det går liksom litt opp og ned, men sånn er det jo i periodar; eg hugsar enno dei rare vekene då me plutseleg måtte jobbe i uteavdelinga sidan svømmehallane fortsett var stengde. Motivasjonen vår låg og dagane berre snegla seg av stad ein etter ein. Men i går var det koseleg å ha eit venepar på besøk eit par timar, og me hadde laga til afternoon tea med både scones og kake. Utpå kvelden var me i ein akkurat passe stor bursdagsfest hos ei barndomsveninne. Mykje prat, spelte "Ryktet går" og quiz på Kahoot, veldig triveleg! Har for det meste lese i ei kjekk bok i dag, og for ikkje lenge sidan såg me (den til no) siste episoden av Good Omens. Åh, eg vil sjå meir, Crowley og Aziraphale er jo berre dei aller beste! Okei, må vel prøve å få publisert vekas sundagsliste no snart, ganske mange punkt å dele med dykk som vanleg:
  
boka The Great Escape from Woodlands Nursing Home var både varm, morosam og rørande
spagettimiddag med kantarellar som ei veninne av oss hadde plukka
fine og viktige tankar inne hos Ei blå stugu
lese den tøffe boka Hvis det skulle komme et menneske av Thomas Korsgaard
invitere eit venepar på afternoon tea i går
sjekk ut denne kule bussen frå 1964 inne hos Et dryss kanel
digga å lese om Fleire vestlandsvegar av Halvor Folgerø – ordentleg fascinerande
mange gode varer å hente på REKO-ringen
står allereie på bibliotekets venteliste, gleder meg til å lese den nyaste boka til Tore Renberg
og boka har fått supre meldingar: berre sjå her, her, her og her!
diktsamlinga du og jeg av Victoria Dalsberget var ei vakker leseoppleving
liten selfie frå Sørmarka med byen i bakgrunnen
for ei forvandling, kjempekjekt å sjå Jonna sitt nye arbeidshus 
kaffi, makron, teppe og ei bok etter sundagsfrukosten 
hi, hi, ho me var i hos bursdag hos i går hadde pynta kaka med små, rosa flamingolys :)
søtaste hunden som prøver å vekkje kattane
sitje ute på balkongen om kvelden med bøker og lanterner
frå fyrste sesong: "Good Omens If It Was A Romantic Comedy" – denne er så herleg!
tårene rann under siste episode i sesong to av Good Omens (og som eg håper på ein tredje sesong!)
og her er eit lite intervju med Michael Sheen og David Tennant om finaleepisoden
vaske badet og ordne litt i leilegheita
blome langs grøftekanten på ein av dei små gåturane

25. aug. 2023

Balkonglesing ein augustkveld




Kvardagsglede kan vere så mangt. Kanskje er det å komme heim til varm middag, ha på seg ein kjole på jobb, sjå blomar langs grøftekanten eller få fin melding frå ein ven. Ein augustkveld med lesing ute på balkongen under kvart vårt teppe og lys i lanternene våre, for meg ei lita kvardagsglede.

På veg til Åland






Mellom Turku og Mariehamn med M/S Viking Glory. Ferja er berre eit par år gammal, og framstår som stilrein og moderne. Kvart på ni om morgonen gjekk den frå kai i Turku, og me var framme i Mariehamn på Åland sånn kvart over to. I den finske skjergarden såg me små båthus og større villaer, den eine minte meg litt om huset til Pippi Langstrømpe. Mesteparten av tida brukte me på å lese i ein av salongane ein kan finne om bord. Buffelunsj der det var mykje fancy å velje mellom (og det er ikkje alltid like enkelt for meg som er noko kresen i matveien, men lunsj blei det, altså).

24. aug. 2023

Små turar




Sørmarka ligg litt lengre unna oss enn Mosvatnet, men det er ikkje meir enn ein liten sykkeltur unna. Som turåområde er Sørmarka det største samanhengande friområdet i fastlandsdelen av Stavanger, og det er fleire stiar å gå, fleire løyper å utforske. To gongar dei siste vekene har eg sykla bort rett etter frukost. Gå opp ein bratt bakke for å få ei kjempefin utsikt over byen. Nyte skogens ro.




Blåklokker med små regndropar på, sollyset gjennom trea, andre små skogblomar. Det treng ikkje å vere ein lang tur, det viktigaste er å bevege meg litt. For sjølv om eg smiler på biletet, skal eg innrømme at det går opp og ned om dagane. Prøver å fylle dei med fine ting, og det å komme meg ut innimellom og gå ein liten tur, er ein av dei. Små turar i eit flott og grønt friområde.