31. des. 2015

2015 i korte trekk

Året er snart omme. Berre nokre timar igjen og plutseleg er 2016 her. 2015 har vore eit tungt år skulemessig. Eg har ikkje heilt funne min plass på det studiet eg går sjølv om eg no berre har eitt semester igjen. Å vere den einaste som tar studiet på normert tid er noko av grunnen til at det har vore tøft fordi eg ikkje har nokon andre i same situasjon som eg kan snakke med om fag, oppgåver o.l. Men eg skal klare å fullføre, og på det private planet har 2015 vore eit av mine beste år, utan tvil! 30.mai står igjen som den mest minnerike dagen, ein dag som til no var og er den største i mitt liv. Å seie "ja" til min beste ven og feire dagen saman med alle dei som betyr mest for oss, er så utruleg fint å tenkje tilbake på! Å kjenne seg så elska, kjenne kjensla av å vere forelska sjølv etter sju år, vakne opp som mann og kone...jo, 2015 har vore eit fantastisk år med tanke på kjærleiken!

Me har også farta litt rundt om i landet, der juli månad var den travlaste med tur til Kråkerøy, Vinjerock med den beste gjengen og til slutt ei veke på Sunnmøre. I mai var me på Årnes i konfirmasjon, og i oktober hadde me ei herleg veke på Rhodos. Spelekveldar med vener, kjekke konsertar med orkesteret og mange fine gåturar har også vore ein stor del av 2015. Å jobbe som badevakt ved sidan av studiene og orkesteret har eg òg brukt tid på i løpet av året. Det gir meg avbrekk og glede, for eg sit ikkje berre stille og ser på bassenget; eg får jo også prate med kundar og vere servicemenneske, noko eg trivst godt med. I løpet av året har me også hatt to turar til Austlandet for å sjå musikalar og besøke våre fine tante- og onkelbarn. Er så kjekt å få lære dei å kjenne meir og meir for kvar gong! Me er heldige som har så flotte familiar, vener og kjente i kvardagen vår og livet vårt. Me har rett og slett mykje å vere takksamme for, og alt i alt har 2015 vore eit fint år. Gleder meg til alt det 2016 har å by på. Takk for det gamle, og godt nytt år!

30. des. 2015

Fin bok på tampen av året

Ute blæs det stikker og strå. Det knirkar og uler i heile blokka. Tok sykkelen fatt for å ta ein snartur til Kilden, men er veldig glad for at eg ikkje skulle noko lengre enn det. For det er på slike dagar at det er ekstra godt å kunne krype inn under eit teppe med ei god bok og ein kopp eller tre med kaffi. Held for tida på med tre forskjellige skjønnlitterære bøker – det er berre slik det blir av og til. I tillegg til å verkeleg kose meg med dei siste sidene i den siste Harry Potter-boka, er eg i gong med bok nr.5 om Joona Linna. Og så fann eg Matilda av Roald Dahl i bokhylla heime på Sola og fann ut at, jo, det er lenge sidan eg har lese den og det ville eg gjere noko med. Så no er eg i gong med den også :) Og når ein av mine favorittar frå barndomen, Den hemmelighetsfulle hagen, blir nemnt, set eg endå meir pris på boka. I morgon er det nyttårsaftan, og eg håper alle får ei fin og kjekk feiring!

28. des. 2015

Sjølvaste julaftan

Bordet på julaftan var pynta så fint med bordkort laga av runde julekaker, morosame nisselys, fine glas og like fine roser. Ikkje så mykje stæsj, men akkurat passe og nok til at ein ser at det er jul.


Sambuaren til onkelen min fylte år den 24., så då dei kom heim til oss etter å ha blitt henta på flyplassen, blei det ei lita marsipankake med lys på! Såg ferdig Tre nøtter til Askepott, og etterpå var det rett i bunaden. Også i år blei det eit bunadbilete og to. Same plassen som alle andre år, men i ei anna drakt sidan mamma og pappa har pussa opp heile gangen i haust. Og sjå så fine julelys :)


Etter å ha vore i kyrkja og spelt saman med skulekorpset, blei det til slutt middag. Stas og ekstra koseleg å få feire julaftan saman med min fine og kjekke mann! Me åt ribbe, medisterkaker og
-pølser, og til dessert hadde me riskrem m/tilbehør. Og etter det venta det kaffi og julegåver!

27. des. 2015

Sundagsliste i romjula

Så godt å kjenne på den roa som berre jula kan bringe med seg! Her har me nettopp sett ferdig den aller siste episoden av Downton Abbey, og du kan jo tru at det både blei latter og tårer i løpet av halvannan time. Både fint og vemodig å seie "ha det" til familien Crawley og alle dei andre. Håper de alle har hatt nokre fine dagar så langt i jula :) Ei lita liste fin ein under her også denne sundagen:

✦ ha jentegjengen på besøk med god mat og så himla mykje prat :)
✦ mykje fint og søtt på cuteoverload.com: så utruleg fluffy kaninungar, rørande videoklipp av ein liten katt som blir redda, nusselege kattungar, søt kaninunge og fleire herlege kattungar
✦ feire jul saman med mannen min, familien min, ein onkel og hans sambuar
✦ "Dumme telefon"! – så herleg skrive av Tore Renberg
✦ spele i kyrkja saman med skulekorpset på julaftan og komme heim med ordentleg julestemning
✦ hit vil eg reise, helst sånn no med ein gong
✦ den aller siste episoden av Downton Abbey
✦ invitere og lage i stand kalkunmiddag heime hos oss i Stavanger 1.juledag (absolutt vellykka!)
✦ for ein søt valp som blei godkjent som politihund
✦ lese litt i den siste Harry Potter-boka
✦ denne historia
✦ bruke mykje tid på å spele forskjellige brettspel
✦ kjenne at eg har klart å senke skuldrene litt no i romjula

26. des. 2015

Risgraut og juletrepynt

Tradisjonen tru åt me risgraut på lille julaftan, og som nemnt så var det eg som fekk mandelen i år. Marsipan er heilt greitt, men ikkje min store favoritt, så premien – ein liten marsipangris – delte eg opp slik at me alle fem fekk kvar vår lille bit, ein liten smak. Etter mi meining var det akkurat passe.


Akkurat som alle andre år, var det broren min og eg som hadde ansvar for å pynte juletreet og plassere gåvene under det. I år var også mannen min med, og eg syntest i alle fall det var stor stas :) Alltid like kjekt å opne juleeskene og ta ut den pynten ein hugsar så godt frå barndomen!

25. des. 2015

Brunsj med den beste gjengen

1.juledag er her, og sjølv om me desse dagane søv på Sola, har han og eg invitert familien hit på kalkunmiddag i dag. Ein fyrste gong for alt ;) Har fleire bilete både frå lille julaftan og frå i går, men dei får komme litt etter litt. Stikk berre innom for å seie "hallo" og for å dele desse tre bileta frå tysdag då eg hadde jentegjengen frå vgs. på besøk på brunsj. Mykje god mat, alt frå varme rundstykke til ost og kjeks, ein heil haug med kaffi og te og ikkje minst mykje prat, latter og fine minne. Dei siste gjekk kvart på sju på kvelden, så det blei ein del timar med den beste gjengen :)

24. des. 2015

Årets lille julehelsing

Vil ønskje alle fine lesarar ei herleg julefeiring og ei kjempefin romjul! Årets julekortbilete er frå turen vår til Rhodos :) Her blir det, etter å ha sett den aller beste julefilmen, speling i kyrkja med skulekorpset, og resten av dagen og kvelden blir det mykje fin og god hygge med familien!

23. des. 2015

Vår julepynt

Treet er pynta, julegåvene er tatt fram og me har ete god, heimelaga risgraut (eg fekk mandelen og vann ein liten marsipangris). Vel å merke er alt dette gjort på Sola, men me har jo pynta med litt julepynt i leilegheita vår i Stavanger i førjulstida. Og den pynten er den ein kan sjå her i dagens blogginnlegg :) Nissar med lua godt nedover auga er noko som går igjen i vår heim i alle fall. Men ein julefugl, ein nissekatt og to glasenglar er også ein del av den lille julepynten me har.


Også i år var me ute ein tur og samla inn nokre greiner og noko grønt for å lage ein juledekorasjon med hengjande figurar, akkurat som på eit juletre. Må vel kunne seie at det blei ganske så fint og ordentleg "julete". Om berre nokre timar er det julaftan med bl.a. bunad og Tre nøtter til Askepott!

21. des. 2015

Julekakebaking

Som nemnt tidlegare her på bloggen, så stod baking av sjokoladestenger og serinakaker på timeplanen på laurdag. Mannen min fiksa meir på senga, så det var fyrst og fremst broren min og eg som stod på kjøkkenet. Litt søl og litt svinn, men det blei likevel nok då alt var ferdigstekt ;)


Fyrst ut var sjokoladestengene. Ingen jul utan, i alle fall ikkje her hos oss. Me rulla deigen i mange, lange "pølser", trykka dei litt flate, og det blei ein del brett inn i ovnen før heile deigen var brukt opp. Etter steiking, blei alt kutta på skrå, og vips, ein haug med sjokoladestenger klare til servering.


Etter at me hadde bakt ut ørten sjokoladestenger, var det fram med serinakakedeigen. Gløymde å ta bilete av sluttresultatet, men eit par bilete av prosessen blei det. Og såpass kan eg vel seie at smaken var akkurat slik den skal vere. Veldig kjekt å få besøk, bake saman og høyre på musikk på full guffe (og syngje ganske så høgt med den stemmen me har). Gjentar det gjerne neste år :D

20. des. 2015

Kjekke podcastar og snart jul

Om berre fire dagar er julaftan her. Desember har gått så himla fort, for ikkje å seie heile dette året. Rart med det – ein føler åra berre går fortare og fortare. Helga har vore fin med både jobb, julekakebaking, julefilm og syngje (jule)songar for full hals. I morgon blir det litt meir jobbing med masteroppgåva før det blir middagsbesøk av eit venepar utpå kvelden. På tysdag blir det julebrunsj med den beste jentegjengen, og på onsdag er det jo lille julaftan. Mykje bra denne veka:

✦ høyre at den kjempespennande boka Kjære søster blir nemnnt i denne bokpodcasten
✦ bake sjokoladestenger og serinakaker med broren min
✦ dette bør eg prøve å bli betre på å gjere, for eg kjenner meg veldig igjen
✦ kose oss med White Christmas frå 1954
✦ "Den stille julesorgen" – ein veldig bra kommentar
✦ den gode beisejobben som mannen min har gjort med senga vår
✦ nydelege bilete (og fine kattar) hos Rania
✦ lita feiring på årsdagen vår med god middag og den spennande filmen Gone Girl
✦ tredje podcast inne hos Synne, og litt ekstra koseleg når det er juletema:)
✦ få julekort i posten
✦ Line Jansrud som "Årets banebryter"
✦ dele ut gløgg og peparkaker i garderoben på jobben
✦ kjempekul videosnutt med Star Wars-temaet
✦ alle dei fine kommentarane som kjem inn her på bloggen
✦ for eit morosamt julekortbilete :)
✦ at eg skal spele saman med skulekorpset i kyrkja på julaftan
✦ gaule på "Cheerio" på kjøkkenet under julekakebakinga
✦ så utruleg søt koalaunge, denne tøffe katten og ikkje minst denne rørande videoen

18. des. 2015

Stavanger bada i lys

Her om dagen gjekk me ein snartur opp til Vålandstårnet. Ikkje like bra utsikt som oppe ved Ullandhaugtårnet (som kan sjåast på det siste biletet opplyst av julelys), men ganske bra utsikt er det likevel. Så fint å stå der oppe og sjå utover byen, sjå alle dei fine lysa så lang auget rekk. Eg har enno ein god del å lære når det gjeld å ta bilete ute i bekmørket, men eg måtte berre prøve likevel :) Om ikkje mange timane er det jobb, og i morgon er det helg og julekakebaking!