Viser innlegg med etiketten bryllaup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bryllaup. Vis alle innlegg

22. juni 2026

Under ei gammal hengjebjørk






Trerettars middag på Kronen Gaard, sånn omtrent på denne tida av året. For i år som i fjor og åra før det, tok me turen ut til Vatne i går for å ete ein god sundagsmiddag i eit lokale med historisk sus. Like koseleg kvart år å feire bryllaupsdagen vår der ute i lag med familien, ofte i samband med ein bursdag eller to. Denne gongen hadde eg gulrotsuppe til forrett, sursteik til middag og crème brûlée til dessert (joda, det freista med supergode sjokoladefondanten, men eg ville prøve noko anna i år, og den skuffa ikkje). Valde den friske eple- og rabarbrajuice frå Lyngnes gård på Randaberg, 







Blikket mitt fell på blondegardinene, tapetet og alle tinga med ei historie. Slik vil det nok alltid vere, det er noko med stilen der ute som gjer at det er både fint og koseleg å vere der. Nokre bilete under hengjebjørka er obligatorisk, både for dei som vil og dei som ikkje er fullt så gira. Ha, ha, om ikkje anna blir det artige bilete av slikt. Vintagekjolen frå Canada fekk lufta seg, den er innmari stilig, både i fargane, fasongen og mønsteret. Og så er den eit kjært minne frå ei reise eg aldri gløymer.

1. juni 2026

Morgonlevering



Bryllaupsdagsfrukost på døra. Mannen min hadde nemleg tinga heim morgonlevering med blomar, og til frukost laurdagsmorgon blei det rundstykke, god juice og kake. Sistnemnde hadde me jo etter frukosten sjølve, for då venta det meir kaffi og ei god bok. Litt luksus må ein ha på ein slik dag!

30. mai 2026

Bryllaup av stål ♥

Tåke og litt grått her i byen i dag, ein stor kontrast til den same datoen for elleve år sidan. For då skein sola som aldri før, og me smilte om kapp med den. I år feirar me stålbryllaup, tenk det. Tenk at du framleis held ut med meg som elskar musikalar, hatar koriander og som lett tar til tårene både når eg er glad, når noko er rørande eller når dagen er vond og grå. Du får fram smilet mitt med den rare humoren din, og din armkrok er min heim. Å ha handa mi i di, kjenne varmen din, kjenne at eg er elska; eg er heldig og takksam som får dele livet med deg. Kvar dag du och jag. Eg elskar deg ♥

24. juni 2025

For tiande året på rad





Eller, det kjem jo an på korleis ein reknar, for tar ein med sjølve bryllaupsfesten, er det i år den ellevte gongen på rad at me et middag på Kronen Gaard på denne tida av året. Men du skjønner kva eg meiner: det er vår tiande bryllauspdagsfeiring. På sundag drog me ut i lag med mamma, pappa og broremann, og sjølv om me måtte vente litt – det var ein god del gjestar der samstundes med oss – var maten veldig god. Eg hadde squashsuppe til forrett, kveite til middag og som vanleg den alltid ypperlege sjokoladefondanten til dessert. I glasa hadde me eple- og rabarbrajuice frå Randaberg.
 





Historisk sus i veggane, med alle dei gamle tinga, tapetet og blondegardinene, eg tar meg alltid litt ekstra tid i den atmosfæren før køyrer heim. Og så klart blei det eit par bilete under bjørka, ingen tur utan. Knipsa både seriøse bilete og eit par "løgne" bilete som me seier her i Stavanger. Førre gong eg brukte denne limegrøne kjolen, sykla eg og fekk den inn i sykkelkjeda. Det gjekk jo som det måtte: den fekk ei rivne og fyrst no nyleg, etter nærmare to år, har eg fiksa den såpass at eg føler eg kan bruke den. Synest kombinasjonen med mine kongeblå sko, som eg kjøpte til nettopp bryllaupet, er ganske så kul. Og trass ein del vind, passa det bra å ha på meg ein slik lett og fin sommarkjole.

30. mai 2025

Heile ti år ♥

Latter og store smil, nokre tårer og mange fine folk, ein solskinsdag som eg for alltid vil hugse. Du veit korleis ein seier at tida går fort i godt i lag, og det stemmer. For tenk, i dag er det ti år sidan du og eg sa "ja" til kvarandre. Ti år som eg ikkje heilt skjønner kor er blitt av. Ti år som mann og kone, men endå fleire som kjærastar. Alle desse åra med kvardagar og reiser, orkesterkonsertar og musikalar (tihi, du er god som held ut med ein musikalnerd som meg), år med små og store gleder. Og år med di støtte og armkrok når dagane har vore kjipe og grå. Du som ser meg akkurat slik eg er, anten det er med smil eller med tårer. Å få ha handa mi i di, berre vere med deg, eg kjenner meg elska. Eg er heldig og takksam som får oppleve livet med deg. Du och jag, kvar dag. Eg elskar deg ♥

25. juni 2024

Alltid like historisk sus







Under den grøne bjørka kvart år på denne tida. På sundag var me nemleg på Kronen Gaard for vår årlege bryllaupsdagsmiddag (og bursdagsmiddag). Me var litt tidleg ute, så bjørkebileta blei tatt før sjølve middagen denne gongen. Og eg må le: framleis får eg med meg han der fine på å gjere noko moro når me står foran kameraet ;) Sidan i fjor, har dei fått opp Orangeriet. Titta inn, gløymde å ta bilete, men det såg kjempefint og koseleg ut. På det eine hjørnet rett utanfor, har dei laga til ei lita sitjegruppe, og viss det hadde vore litt meir sol, hadde det vore kjempekoseleg å ta kaffien der ute.





Gulrotsuppe til forrett, sursteik til middag og den alltid knallgode sjokoladefondanten til dessert. For min del, me valde litt forskjellige rettar. Eg seier berre "nam" til alt, til og med gulrotsuppa, som eg fyrst var litt skeptisk til, smakte godt. Alle dei gamle tinga dei har der borte, alt frå tekanna til skrivemaskinen, og ikkje minst tapetet og blondegardinene, eg elskar atmosfæren!

30. mai 2024

For alltid den nestsiste vårdagen ♥

Veit ikkje om du veit kor mykje du betyr for meg. Finingen, vimsen, kjærasten, mannen min. Som ser meg for den eg er, både med og utan tårer, både med og utan smil. Ein dag der det nesten berre var smil, var bryllaupsdagen vår. Då du og eg sa "ja" til kvarandre, og i år er det jaggu meg keramikkbryllaup. At me framleis vel kvarandre, er eg takksam for. Å få halde handa di, vere nær deg, dele kvardagen i lag og oppleve nye plassar med deg, er noko som alltid får fram smilet mitt. Einige er me nok ikkje alltid, men at det for alltid er den nestsiste vårdagen, det trur eg me kan vere einige om. Takk for at du held ut med meg, både i går, i dag og i morgon – eg elskar deg ♥

21. juni 2023

Latterkrampe under ei stor bjørk


Kvart år rundt denne tida, køyrer me ut til Vatne og Kronen Gaard for å ete ein god middag. For det var jo der ute me hadde bryllaupsfesten vår, og me synest det er koseleg å dra tilbake til denne plassen der dei har god mat og omgjevnadar med historisk sus. Mamma, pappa og broren min var også med. Sidan mannen min hadde bursdag, blei dette ei feiring av bryllaupsdagen på etterskot og ein ordentleg bursdagsmiddag. Blondegardin, flott mønster på tapetet, ein sofa i inngangspartiet i ein akkurat passe stil og ei herskapeleg kaffikanne, alle ting som fangar blikket mitt.


Caprese til forrett, sidan ovnsbakt laks og som vanleg sjokoladefondant til dessert – seier berre "nam"! Alt smakte heilt fortreffeleg, og det var koseleg å ete desserten ute i fem-tida utan å fryse.


Broremann var fotograf og tok bilete av oss under den store bjørka. Hugsar ikkje heilt kva me lo av, men ofte blir det litt lått og løye når me skal prøve å ta bilete, kanskje særskilt fordi eg gong på gong prøver å få med meg han der fine på eit tøysebilete eller to ;) Superhyggeleg kveld i godt lag!

30. mai 2023

God som gull ♥


Eller eigentleg burde eg vel sagt god som bronse, men det høyrest ikkje like bra ut ;) For i år er det bronsebryllaup, åtte år du og eg. Ein dag eg alltid ser tilbake på med eit smil og varme. Og når eg ser på deg, kjem smilet og eg kjenner varmen. Med deg kjenner eg meg trygg, kjenner eg meg elska. Du er her kvar dag for meg, både dei dagane når tårene renn for ingenting og dei dagane der latteren sit laust. At du står ved mi side kvar dag, det er eg takksam for. Å halde handa di, kjenne at du er nær, vite at du kvar dag vel meg slik eg kvar dag vel deg. Du er god som gull, og eg elskar deg ♥

8. juli 2022

Den årlege Kronen Gaard-middagen




For dei som har følgt med her på bloggen ei stund, veit at me hadde bryllaupsfeiringa vår ute på Kronen Gaard, og kvart år omtrent på denne tida drar me dit for å ete ein god middag. Blei ein god månad på etterskot, men det har det vore andre år også, for oss er det ikkje så viktig at det er på sjølve bryllaupsdagen. Mamma, pappa og broremann var også med, og medan me venta på dei to fyrstnemnde, fekk eg broren min til å ta bilete av mannen min og meg under den store, flotte hengjebjørka. Gøy å ha på meg ein flott kjole eg nyleg kjøpte på ein bruktbutikk i byen.
 





Tinga laks til middag og sjokoladefondant til dessert, og begge delar smakte kjempegodt! Måtte ta ein smakebit av vaniljeparfaiten som mannen min tinga, også den var utsøkt. Gode og mette blei me alle saman. Blondegardiner og fin tapet ein plass, blomegardin ein annan plass og eit gammalt kasseapparat i inngangspartiet. Interiøret er som frå ei anna tid, og atmosfæren er roleg og fin.