30. mars 2022

Sykle heim under ein knallblå himmel


Godt å komme ut i sola etter mange timar inne i hallen. Etter å ha vore heime på måndag, var eg mykje piggare i går, og var dimed på jobb både i går og i dag. Onsdagen er den dagen i veka der me har oppe for publikum heile dagen, og med mykje prat, tankar og varm luft heile dagen, gjorde det litt ekstra godt å sykle heim i dag. Kaldt var det, så vidt fire varmegradar, men solskin og knallblå himmel gjorde hovudet lettare. Sykla ein litt annan veg heim slik at eg kunne sjå utover Mosvatnet og berre nyte det heile. Utsikta, fargane, lufta, våren. Snart er det "jeg velger meg april".

28. mars 2022

Kjekke bruktkupp frå ein flott bruktbutikk




Tre flotte bruktkupp som eg nyleg fann hos Antikk&Retro Gjenbrukhall i Sandnes. LP-plate med musikken frå Mary Poppins, ei fin, kvadratisk bileteramme og eit lite fat frå Stavanger flint (har faktisk ei lita skål og eit stort fat i same serie). Mykje fint i bruktbutikken som fanga blikket mitt: gammalt porselen og glas i mange fine fargar. Ein gulgrøn stilig stol, ei gammal klokke og glaslampe på den eine veggen og gamle tubaar. Sistnemnde kanskje for spesielt interesserte, men det er jo akkurat det me er når me speler i eit symfoniorkester ;) Og mønsteret på eit gammalt servise, nydeleg. Starten av denne veka blei ikkje heilt slik eg tenkte: eg vakna med vond hals og formen var ikkje på topp. Dimed blei eg heime frå jobb, så får me sjå korleis formen er i morgon. Lesing og strikking held meg i alle fall med selskap, og om ikkje lenge blir det pizzarestar til middag.

27. mars 2022

Hjernen full av filmmusikk




Kjem vel ikkje som ei bombe at denne vekas absolutte høgdepunkt var å endeleg få spele den filmmusikkonserten i lag med orkesteret. Slitne var me etter fire konsertar, men akk så gøy! Går framleis rundt og nynnar på fleire av songane. På grunn av konsertane som både var på dag- og kveldstid, hadde eg tatt ut ein feriedag på fredag. Turnusfri hadde eg jo måndag og tysdag, og det blei for det meste lesing og innimellom litt strikking. Eg har sett fleire episodar av den herlege kosekrimserien Shakespeare & Hathaway, for eit radarpar av privatdetektivar. Helga på jobb var relativt roleg, det var rett og slett ikkje så mange innom for å bade denne helga som det av og til er. Snart er det leggjetid, kanskje med temaet frå Flåklypa på hjernen. Vekesoppsummering aller fyrst:
 
likte godt å lese Malamanderen, den fyrste boka i Illevik-serien
skjønnaste katten Milo som nyleg blei sju år
filmmusikkonsert x4 (tre skulekonsertar og ein publikumskonsert)
kaffipause mellom skulekonsertare med kaffi i ein Mummikopp og eit par sider i ei god bok
grøne og sennepsgule detaljar på kjøkkenet hos Linda, flotte fargar saman 
lilla og kvite krokusar
turkist og rustikt, eller "berre" eit gammalt bygg (fint lell)
Liebenberg ceramics har så himla mykje fin keramikk
gult er alltid kult, og påskeliljer er akkurat gule og kule
kvite vårblomar og strålande solskin i ein IG-post på Paula sin konto
høyre "Kamilla og Sebastian" på radio nok en gong, tilfeldigvis rett etter filmmusikkonserten vår
frå og med april kan ein reise med båt mellom Kristiansand og Nederland, dette vil eg prøve
lese Biblioteket i Paris om det amerikanske biblioteket og andre verdskrig i Paris
"Top 10 Most Difficult Songs for Male Singers" – m.a. Bohemian Rhapsody og Unchained Melody
fleire kjentfolk i salen under publikumskonserten
ååå, denne minipusen har eg vist nokre gongar no, men den er superskjønn og "pratar" så mykje
ete knallgod, heimelaga pizza og sjå Kompani Lauritzen etter jobben i går kveld
utruleg kul "ballhinderløype", alt tatt i eitt opptak!
Timothy West i ei herleg rolle i kosekrimserien Shakespeare & Hathaway
TwoSetViolin som prøver seg på ein musikkversjon av ordspelet Wordle
ein heilt nydeleg og magisk solnedgang på veg til orkesterøvinga tysdagskveld

25. mars 2022

Kjærleikstema x2





To forskjellige versjonar av ein og same låt. Kjærleikstemaet frå filmen Cinema Paradiso, komponert av Andrea og Ennio Morricone. Tåreperse. Eg har nemnt denne filmen og låten før, delt den i fleire sundagslister, men endeleg skal eg få vere med og spele den sjølv. I kveld skjer det. Trøkk blir det når me skal spele "The Imperial March" frå Star Wars, låge tonar får du høyre når musikken frå The Pirates of the Caribbean kjem, dei høge kjem med E.T. Garantert gåsehudfaktor når oboisten skal spele "Gabriels obo" og tubiasten får skine i "Jaws". For meg er det Cinema Paradiso som tronar høgst av desse og dei andre låtane, det har du sikkert allereie skjønt. Men som eg nemnte i dette innlegget førre veke, gleder eg meg veldig til å spele all den kule filmusikken for publikum i kveld, og det kjem til å bli kjempestas. Tidlegare i dag spelte me tre skulekonsertar – kjenner det litt i leppene, men me har heldigvis nokre gir igjen å gå på til konserten i kveld ;)

23. mars 2022

Ullandhaug om våren



 
Krokusar, dyr ute på beite, solskin, påskeliljer og blå himmel. Våren er her, utan tvil. Minihestane oppe på Ullandhaug koste seg i sola her ein dag, medan dei søte og fluffy hønene treivst best i skuggen. Alt som berre poppar opp frå jorda, alt som skin og lyser litt ekstra. Og lukta. Lukta av vår.

21. mars 2022

Afternoon Tea




Til jul for godt over eitt år sidan, gav eg mannen min blant anna eit gåvekort på Afternoon Tea hos GamlaVærket i nabobyen. På grunn av restriksjonar og nedsteningar, var det fyrst no at me fekk moglegheita til å tinge plass. Broren min er også glad i te, og difor blei han også med. Vakkert servise, god økologisk te, avslappa og hyggeleg stemning og eit lass med sandwich og søte saker. Me koste oss og blei gode og mette. Dette var ein veldig bra laurdagsaktivitet, kjem gjerne tilbake!

20. mars 2022

Lyspunkt oppi alt




Mykje bra vêr her i byen denne veka, og det har vore ei glede å sykle fram og tilbake jobben. Ikkje ei glede å stå opp grytidleg, men når ein kan droppe ull og det byrjar å lysne ute sjølv om klokka berre er ti over seks, då er det i alle fall mange hakk opp frå januar og februar. Dagane på jobb har vore greie, ein del av dei faktisk ganske produktive (fredagen var kanskje ikkje ein av dei). Uroa i kroppen går opp og ned, eg skal innrømme det. Har skjønt at me er fleire som har det slik, likevel er det til tider utmattande. Solskin, kaffi, gode bøker og strikking held meg oppe. Det same gjer min gode og tolmodige mann ♥︎ Og når eg ser på bileta frå denne veka, ser eg at det er ein del lyspunkt oppi alt:

kaffi, solskin, arva bestemorsruteteppe og boka Stoner
blir ikkje lei synet av snøklokker
kattar og ei bokhylle, kan det bli betre?! ;)
Kongen befaler og Kompani Lauritzen er kjekke TV-program å følgje med på
ein badegjest som kalla meg for solstråle og som sa at sola alltid skin i svømmehallen
og ein annan kunde som syntest det var gøy at eg dansa litt til musikken
lille flodhesten Omo, så søt, herleg og "blorbete" 
lage ferdig og tinge fotobok frå fjorårets bilferie
orkesterøving tysdagskveld, om berre fem dagar er det konsert
100 klassiske utdrag på 10 minuttar, er så mykje artig TwoSetViolin finn på
veldig fascinerande å sjå dette vandrande strandbeistet
sola i andletet då eg sykla heim frå jobb på fredag
hytteliv og lune vårteikn inne hos finaste Ida 
endå ein gong solskinet som skein inn på det eine rommet på jobb
er så mange søte videosnuttar av denne lille pusen, denne gongen er det mat som er det store
teste ut Afternoon Tea på GamlaVærket i går, meir om det kjem i eit eiga innlegg :D
Nedtegnelser om sorg av Chimamanda Ngozi Adichie er ei kort og rå bok
gå ein minitur i solskinet i dag der me på avstand helste på minihestane 
Endeavour og 20 "fun facts" – vil ha meir av denne britiske krimserien no
at rosene mannen min kjøpte til heimen førre helg, framleis har litt futt i seg
vinne ei garnpakke frå Pickles
flott, vinterleg og rørande video frå Jonna – slutten med helsingane frå Ukraina vil sitje i lenge
lesestund om kveldane med stearinlys på sofabordet
få vite korleis det gjekk med Ben og Arthur i Here's to Us (musikalnerdar er fine folk)

18. mars 2022

Lesestemning


Kveldane byrjar å bli lysare, likevel tenner eg stearinlysa som står i stova. Lager meg ei stille lesestund, eller, prøver i alle fall. Ikkje like enkelt når energien ikkje er heilt på topp etter å ha vore vaken sidan halv seks, halv fem den eine dagen. Men å setje av tid til lesing kvar dag, om det så berre er eit lite kvarter, er for meg viktig. Det gir meg ei ro som eg ikkje finn så mange plassar. Å tenne eit par stearinlys skaper ekstra hygge. Ei lun stemning. I bakgrunnen høyrer eg på filmmusikk. For ei lita stund er eg i mi eiga verd. Eller i bokas verd. Kanskje går det ut på det same.

16. mars 2022

Dette blir stas! 🎶🎺





Berre ni dagar til det brakar laus! Tre skulekonsertar på dagtid og ein litt lengre konsert for publikum på kvelden, altså fire konsertar på ein og same dag. Men det gjer ingenting, for på programmet står det filmmusikk. Låtar frå Flåklypa Grand Prix, musikken frå Pirates of the Caribbean-filmane, Harry Potter, The Avengers, The Mission og kjærleikstemaet frå den aller finaste Cinema Paradiso. Og det er ikkje alle, det blir jaggu meg musikk frå enda fleire filmar. Mannen min må til og med ha med seg begge tubaane for å kunne spele alle stykka slik dei står på notane. Å, som eg gleder meg til denne konserten – repertoaret har vore klart i to år sidan me eigentleg skulle spele denne konserten i mars 2020. No er det på tide! Er du i området, stikk innom Sandnes kulturhus fredag 25. mars kl. 19, dette blir bra og me er så klare til å spele for dykk!

14. mars 2022

Husabøturen




Halv seks ringde alarmen i dag. Altfor tidleg, men eg kom meg likevel av garde på sykkelen og var på jobb før halv sju. Tenk, no byrjar det å lysne ute når eg har morgonskiftet, og det gjer ikkje så mykje å sykle tidleg som det gjorde for eit par månadar sidan. Over til laurdag, for då var me endeleg ute på ein lengre gåtur igjen. Vindfullt var det, men innimellom varma sola og me syntest alle det var godt å kjenne frisk luft. For nokre vakre og fargerike blomar me såg rundt omkring, og eit murgjerde med stilig mosaikk fanga også blikket mitt. Desse kvardagsturane, alle plassane me utforskar.

 

Turen tok oss me både i bustadsområde, langs kysten og opp på ein liten haug. For det skal dei ha desse turane: dei er svært varierte. Vinden kjente me godt då me stod på toppen av Austbø, og det var ei slags flygande kjensle å stå med armane ut og kjenne vinden ta tak. Utsikt over bybrua og eit par av dei andre byøyene (Husabøturen er ute på Hundvåg), ikkje verst. Ein liten pust i bakken tok me oss tid til sjølv om det blåste. Og så kunne eg ikkje la vere å smile stort sidan eg hadde med meg den flotte vassflaska med Mummimotiv – den matcha til og med turjakka mi!








Nesten som ei dør på eit Hobbit-hus og ikkje langt unna ein gammal smijernsport. Gulgrøn eføy på eit tak og eit sjøhus pynta med eit raudt ror. Ein båt som låg og duppa frå side til side blant kvittoppa sjø. Ein annan plass såg me eit lite rådyr (den stakk for fort til at eg fekk tatt bilete av den...), og ein flokk med fine sauar, rett og slett ein tur heilt etter vår smak. Vår eigen by.

13. mars 2022

Morgonsol og kveldssol, ein kvardagstur og den besteste boka




Gode bøker i fleng, sollys, kveldshimmel og rolege aktivitetar. Alt i alt kan eg ikkje klage på korleis veka mi har sett ut. Framleis vanskeleg å forstå det som skjer lengre aust i Europa, og uroen vil ikkje heilt sleppe taket. Desto viktigare er det å prøve å lage seg mjuke dagar der ein ikkje druknar i nyheiter og informasjon. Tre dagar på jobb gjekk fort, og helga har vore akkurat passe roleg med tur, god mat, strikking og lesing. Ei slik helg er ikkje noko nytt, men me liker det slik. Prøve å ikkje ha full kalender, ha tid til å gjere ingenting. Senke tempoet. Snart er det leggjetid, fyrst ei finfin liste:

gjenlesing av den aller besteste boka Red, White and Royal Blue av Casey McQuiston
sollyset inn på det eine rommet på jobb onsdagsmorgon
ååå, snøklokkene!
bokkklubbmøte over nettet med den finaste gjengen 
gå Husabøturen der me blant anna såg fleire fine sauar
Ine Hoems "Alt vi har kjært" inne hos Et katteliv, ein slik song me treng akkurat no 
god kaffe latte og spennande å lese Christie-boka Etter begravelsen
nok ein videosnutt av den minste og søtaste lille pusen
Ella Marias sterke stemme i Derfor må du vite at jeg er same
ler like mykje kvar gong eg høyrer Raske Menns versjon av "Se ilden lyse" ;)
få god hjelp i garn- og strikkebutikken Magiske Masker som ligg midt i byen 
bolen og den oransje fargen på T-skjorta eg strikkar no
Bonnie Wright som i sin nye video fortel oss om kva materiale kvardagslege ting er laga av
mange like brikkar, men koseleg å pusle eit nytt Aisato-puslespel
kveldshimmelen over Mosvatnet, å ha dette som ein del av nærområdet
viss eg nokon gong er i Hamburg, berre må eg innom denne miniatyrverda
klippe håret hos frisøren, det gjorde godt
den nye West Side Story-filmen, mykje prat og strikking hos eit venepar ein av kveldane 
trass ein del vind: at det faktisk har gått an å sitje ute på balkongen eit kvarters tid
hi, hi, trur denne lille elefanten elskar å bade 
lita øving i dag i lag med mannen min, om under to veker er det orkesterkonsert
Radikal ro, mange gode tips om korleis ein kan leve saktare og ha meir ro i kvardagen