18. aug. 2023

Mineral og spelkonsollar i eit og same museum



Heilt sidan eg var lita, har steinar og fargerike mineral vore noko som har fanga blikket mitt. På Vapriikki museum i Tampere, hadde dei ei eiga mineralutstilling, og så klart måtte me få med oss det. Malakitten i sin sterke grønfarge, bergkrystall så stor som berre det og endå større fossilar.


Kulebergart (pallokivipenkki), ørkenrose, kjempestore ametystar, eit intrikat skip og små dyr forma av stein. Alle fargane og mønstera som lyste mot meg, like fascinerande no som då eg var yngre!

Vapriikki hadde ikkje berre ei mineralsamling, men også andre utstillingar, til dømes ei om eventyr, ei anna om postvesenet, Mummispel gjennom tidene og ei stilig utstilling om forskjellige spelkonsollar. Det var fyrst og fremst den siste (i tillegg til alle steinane) me konsentrerte oss om. På ein vegg kunne ein sjå ørten forskjellige konsollar, ein kunne prøve kjente og kjære spel inne i ein liten spelehall, og det kulaste var å stikke hovudet inn på forskjellige rom som alle representerte forskjellige tiår. Mannen min måtte jo prøve både det originale "Pong"-spelet og spelkonsollen Commodore 64. Kjempekjekk plass der det verkeleg var noko for alle og ein kvar!

Legg igjen ein fin tanke