29. nov. 2013

Juleførebuingar

Om nokon lurer, så er det stort sett eksamenslesing det går i her i heimen. Hadde ein ordentleg fridag på onsdag med svømming og bading, litt julegavehandling (eller berre trasking rundt i byen) og restaurantbesøk. Og innimellom slappar eg av med juleførebuingar: pakke inn julegåver og gåver til adventskalenderen, byrje å finne fram julepynt, høyre på julemusikk, glede meg til å sjå nokre julefilmar... Sjølv om det ikkje er desember før på sundag, kjem me nok til å pynte ein del her i leilegheita morgon av den enkle grunn at sundag kjem til å gå i eitt med to korpskonsertar.

27. nov. 2013

Nokre gleder denne veka

Deler ei lita liste denne veka også. No nærmar jula seg med stormskritt, og eg gleder meg som ein liten unge. Jula er familietid, venetid (og ventetid) hyggetid, lesetid. Jula er noko av det finaste. Litt kvitt ute, fine lys, fyr i peisen, juletre... Under kan de sjå kva som gleder meg denne veka:

✦ danse rundt i prikkete kjole medan eg høyrer på "Cecilia" med Simon & Garfunkel
✦ denne morosame musikkvideoen (fantastisk konsept)
✦ snart, så snart, er det desember, og eg kan endeleg pynte heimen med nissar og høyre på herleg julemusikk
✦ teikneseriestripa av TegneHanne - eg kjenner meg sånn igjen
✦ Wes Anderson sine filmar
✦ fikse fjorårets fine skolettar hos skomakaren
✦ sjå på Heartbeat ein laurdagskveld, akkurat som for ti år sidan då den serien gjekk kvar laurdag på NRK
✦ å leggje eit nytt puslespel saman med kjærasten
✦ vite at eg i jula verkeleg skal kose meg med den siste boka i serien om Harry Potter
✦ sterk historie om ei tøff jente som har tatt eit viktig val
✦ ete frukost medan me ser på Beat for Beat på Nett-TV
✦ sjå at vener i utlandet set pris på julekortet frå oss

26. nov. 2013

Fin videosnutt no som det nærmar seg vinter



Nokre videosnuttar blir eg aldri lei av å sjå på, og dette er ein av dei. Eg veit eg har delt denne videoen før, nærmare bestemt i januar i fjor, men eg deler den igjen. No som vinteren snart er her for fullt, passar det fint å dele denne artige videoen som er full av snø og herlege pingvinar.

25. nov. 2013

Litt kvitt, litt kaldt

Rim ute på graset, på blomane og på blada. Om nettene er det no frost, og me fyrer med ved inne. Vinteren er komme. Ikkje med snø enno, men den kjem vel den også. Den kan godt vente litt.

24. nov. 2013

Topp 5 – favorittar frå barndomen

Denne lista kunne ha vore så ufatteleg lang, så i dag gjer eg det enkelt og skriv ned dei fem fyrste minna frå min barndom som eg kjem på i farta, sånn her og no. Nokre av dei, til dømes Dumbo, vil jo alltid soleklart vere ein av mine favorittar; han er jo til og med her i Kr.sand med meg ;)

Dumbo - min absolutte favorittbamse som har vore med på mange, mange bilturar, og han har også vore ein runde eller to i vaskemaskinen

songkonkurranse - på bilturar på veg til Horten eller Hitra, hadde me ofte songkonkurransar der me plystra eller nynna på ein song og så måtte som dei andre gjette kva song det var

TAB X-tra - då me var sjuke og måtte vere heime frå skulen, var det ofte mormor som passa på oss, og ho gav oss alltid akkurat den brusen for at me skulle kjenne oss betre

pannekakefredag - eg laga røra, broren min steikte pannekakene, alle åt dei, som regel kvar fredag

leike i nabobarnehagane - me leika mykje med venene våre i barnehagane (som enno ligg omtrent vegg-i-vegg med huset vårt) i helgene då det ikkje var nokre andre der, og me hadde det kjempemoro med blant anna politi og tjuv

23. nov. 2013

Skumring

Rolege dagar her no før eg tar fatt på eksamenslesinga sånn på ordentleg neste veke. No byrjar det å skumre ute allereie i fire-tida, og slik så det altså ut då eg var på veg til jobb på torsdag. Fine gatelykter, rosa himmel. I går var me nede i sentrum for litt julegåvehandling. Herleg vintervêr å vandre rundt i, me tok ein kaffi for å varme oss litt på hendene og kom heim då klokka var passert fire. Planen for helga: tja, kanskje ein liten juleverkstad og så smått byrje på eksamenslesinga :)

21. nov. 2013

Eit stort smil!

Ferdig med semesteroppgåva! Glad og nøgd no, det skal eg ærleg innrømme. Skal ha ein skuleeksamen om tre veker, men etter det er det plutseleg ferie. Det skal bli fint, det :)

20. nov. 2013

Dropar på ruta

Regn. Det kan vere ganske så fint, det. På måndag regna det noko voldsomt. Eg sykla heim frå skulen i fullt regntøy, og så var det fram med boka (den sjette om Harry Potter), stearinlys og kameraet. Regndropar og stearinlys er så fint, det gir meg ein varm, god kjensle langt inne i meg.

18. nov. 2013

Julemusikk på forskot

Fekk utdelt julenotar på korpsøvinga i dag, så no byrjar eg å få julestemning. Kanskje litt tidleg, for eg er av den typen som ikkje vil at julestemninga skal komme før 1.desember. Men me skal ha julekonsert 15.desember og må jo difor øve litt på julemusikken me skal spele sjølv om det ikkje er desember enno. Koseleg var det uansett, med mykje latter og litt kake i pausen (ein av musikantane hadde vore i bursdag i går og hadde med seg kakerestar). Kjem til å sakne desse folka til neste år... Nei, eg tenkjer ikkje på det no. Skal heller glede meg til julebordet, julekonsert og NM :)

17. nov. 2013

Topp 5 – herreplagg

Vel og merke plagg mannen i heimen har i klesskapet sitt. Og sidan han for det meste går i jeans eller i svart bukse, blir denne sundagens topp fem herreplagg med fokus på overdelar, slik som ei skjorte, genser eller kardigan. Kjenner eg han rett, liker han best når han får klede til bursdagen; han er ikkje av den typen som liker å gå rundt i byen eller på eit senter for å prøve mange nye klede. Men nettbutikk går greitt ;) Her får de i alle fall fem av hans plagg som eg liker best:

1) grøn kardigan - denne blei eigentleg øydelagt då me hadde vatn i kjellaren i sommar (hans klede låg anten rett på golvet eller i kofferten som også låg på golvet), men dei hadde den, heldigvis, endå i butikken, slik at me fekk kjøpt ein ny. Kjempefin farge og snitt!

2) blå skjorte med litt kvitt i - ei fin skjorte som han kan bruke både til kvardag og til fest

3) burgunderraud genser - denne kjøpte han på La Redoute, og det er ein litt tynn genser som sit veldig fint på

4) blå ulltrøye frå Devold - me var innom Devoldfabrikken på Langevåg i sommar, og då fann me kvar vår fine trøye i ull, ei trøye som kjem til å bli mykje brukt i løpet av vinteren

5) genser med striper i raudt og svart - striper er alltid ein slager og denne passar til det meste

16. nov. 2013

Oppgåveskriving og artig skulptur

Ordentleg studiedag på skulen i dag. På ein laurdag. Det nærmar seg tid for innlevering av semesteroppgåva, og eg skriv meir effektivt på skulen, så då var valet enkelt. Me høyrde litt på Popquiz, eg måtte ta bilete av brød-elgen som no står i hovudhallen, rett ved biblioteket, på skulen, og elles blei det mykje skriving (som du kan sjå på biletet, så står mattebøkene og litteraturbøkene på rekkje og rad). No har me begge to lagt frå oss skulearbeidet, og det kjem til å bli ein roleg kveld med heimelaga pizza, ein film, berre vere oss to. Akkurat som førre laurdag :)

14. nov. 2013

Midt i veka

Denne veka har gått veldig fort, og me er allereie litt over halvvegs. For det meste har eg denne veka skrive på semesteroppgåva mi i tillegg til å vere litt på jobb sånn innimellom. Og så hadde me stor ryddedugnad på måndag med brassbandet, noko som for min del var heilt greitt (eg liker jo faktisk å rydde, ikkje heile vegen, ikkje absolutt alle moglege ting, men ein del av ryddeomgrepet passar meg veldig fint). No skal eg snart av garde til jobben ute på Hånes, men før det, har eg berre lyst til å dele nok ei lita liste med fine ting, denne gongen fine ting på ein torsdag, midt i november:

✦ å bruke den heimestrikka jakka som eg fekk av mamma og pappa til bursdagen min
✦ hjartesmil si fine liste over 50 ting som gjer ho glad
✦ stearinlys, kaffi, kjærast og White Collar
✦ treffe på fine vener, sånn heilt plutselig, som ein ikkje har sett på år og dag
✦ at det kjem til å bli ein femte sesong med Downton Abbey
✦ følgje dagboka frå studieturen til årets kull på Afrikalinja ved Bømlo fhs.
✦ vakre klede frå Downton Abbey
✦ sjå sære filmar, som Being John Malkovich, saman med kjærasten min
✦ artig bileteserie
✦ at me i dag har vore saman i fire år og elleve månadar, og med det at me neste månad feirar fem år saman
✦ den fine heimesida til tante og onkel med så utruleg mange vakre bilete som ein kan kjøpe og ha på veggen
✦ PistolShrimps (no også på p3.no, og om ikkje anna, så sjekk i alle fall ut Saruman med "Tro-lo-lo")

12. nov. 2013

Ordentleg sundagstur ♥

Me tok oss ein tur ut i skogen på sundag. Nydeleg haustvêr som me verkeleg måtte utnytte til det fulle, for det kjem til å bli fort nok kvitt og veldig kaldt ute, og så klart fullstendig kaos på vegane. Gjekk litt rundt i ein skog i nærområdet, tok ein god del bilete, heldt hender, kyssa litt... Ein ordentleg romantisk og fin sundagstur med den varmande sola i ryggen ♥

10. nov. 2013

Til pappa!

Ville berre få seie "gratulerer med farsdagen!". No når eg legg ut dette, er du nok oppe på hytta. Kanskje ikkje på skøyter, slik som i påska, men eg håper uansett at dagen din blir fin. Eg seier som dei fleste: du er verdas beste pappa. Og kven kan vel gløyme Bonanza-songen då me var små og du leika med oss?! Takk for at du er den du er, pappa! Gratulerer så mykje med farsdagen!

Topp 5 – reisemål eg har sett

...og som eg fint kunne ha reist til om igjen og om igjen og om igjen, ja, de skjønner greia. Så dette er altså mine topp fem denne sundagen, ein sundag i november kor det er fint å mimre litt:

1) Zanzibar - blå himmel, blått hav, kvite strender, eit paradis på jord kor eg for snart fire år sidan tok dykkarlappen i eit heilt fantastisk farvatn

2) Hitra - Noregs sjuande største øy, og her har eg trått mange av mine barndomssomrar. Bading, fisking frå berget, UNO-speling til langt på natt, latter og glede

3) Korfu - eg har alltid likt dei greske øyer, og Korfu er ei av dei finaste med kjærleikskanalen, Achilleion, den lille kyrkja ute på Kanoni og nydelege solnedgangar

4) London - berre eitt ord: storbyferie

5) Krakow - ein by med mykje historie, gamle, men fine bygningar, god og rimeleg mat og så klart litt shopping

9. nov. 2013

Litt skulearbeid på ein elles avslappa laurdag

Planen i dag var å dra av garde til skulen for å arbeide med semesteroppgåva. Men sidan regnet har falle ned frå himmelen jamt og trutt i heile dag, kom me oss aldri så langt. Må seie at insiprasjonen og motivasjonen søkk når det er så himla grått og trist ute. Likevel fekk me jobba ein del med skulearbeidet rundt kjøkkenbordet tidlegare i dag medan me høyrde på Popquiz og annan fin musikk. No blir det snart nystekt brød her, og resten av kvelden skal me berre slappe av. Fyrste helga på ganske lenge at det ikkje skjer noko korpsrelaterte arrangement. Det blir godt med ei helg kor me kan senke skuldrene, sjå ein film, ete god mat, tenne nokre stearinlys, berre vere oss to.

7. nov. 2013

På veg til skulen i nydeleg haustvêr


Førre torsdag, 31.oktober, gjekk eg til skulen i kjent stil (eg tar jo bussen rett til jobb etter å ha vore på forelesning, og går difor til skulen kvar torsdag slik at eg slepp å plukke opp sykkelen på veg heim). Rundt halsen hadde eg kameraet fordi haustfargane gjer meg så glad og på ein slik fin haustdag tenkte eg at det var mykje å ta bilete av. Og det var det. Gult, brunt, grønt, raudt, oransje, rosa. Så fina fargar. Ein katt og eit graskar. Ein veldig fin start på ein nydeleg haustdag!