21. okt. 2017

Orkesterhelg

Tittar berre innom for å seie "hei" og "god laurdag". Me har nettop vore på ei lita øving med orkesteret og klokka seks i kveld blir det konsert. Halvorsens symfoni nr. to og Beethovens Trippelkonsert står på programmet. Det blir også konsert klokka sju i morgon kveld, så dette blir med andre ord ein ordentleg orkesterhelg. Forhåpentleg får me også tid til å lese litt, slappe av, sjå ein film, gå ein tur viss vêret er bra nok. No er det pause med kaffi og roleg musikk på øyret.

20. okt. 2017

To silhuettar

Om berre ein dryg månad er det plutseleg to og eit halvt år sidan den finaste dagen. Og tenk: i desember er det ni år sidan han og eg blei "me". I oktober har temaet for Monthly Makers vore foto. Me har nok bilete på veggane, og eg hadde heller ikkje eit spesifikt motiv eg ville prøve å ta bilete av. Opp gjennom åra har eg samla på nokre lenkjer til fine idéar, og då eg leita, fann eg ei lenkje til korleis å lage silhuettar. Og då var det gjort. Resultatet ser du over: silhuettar av to bryllaupsbilete.


Eg følgde ikkje "oppskrifta" som eg fann til punkt og prikke, men eg brukte den som eit utgangspunkt. Fann to bilete frå bryllaupet der det er tydelege profilar og nok mellomrom mellom oss slik at ein ser detaljane også når bakgrunn og alt av fargar blir tatt vekk. Opna bileta i Photoshop, markerte bakgrunnen, klippa den vekk og la på eit adjustment layer som heiter "threshold". Drog den kvite pila heilt til høgre slik at alt blir svart, og dei lille felta som ikkje blei det, tok eg å "måla" over med penselen (ha, ha, framleis i Photoshop). Fekk tatt utskrift av silhuettane og byrja å klippe dei ut. Mange små detaljar å klippe ut, så her måtte eg fram med det lille tolmodet mitt. Limte til slutt silhuettane på noko fint papir som eg hadde liggjande.


Originalbileta og silhuettane rett under. Og vel, eg blei veldig nøgd. Veldig kjekt å prøve ut ein ny teknikk, og når resultatet blei slik eg hadde sett for meg, er det ekstra stas! Den største av silhuettane skal stå i eit hjørne på kjøkkenet medan den lille i ramma skal stå på nattbordet. Å lage slike silhuettar gjer eg gjerne fleire gongar. Perfekt som gåve til jul, bryllaup, bursdag og liknande.

19. okt. 2017

Lys og hygge inne ein haustkveld

No byrjar det å mørkne ute, tidlegare og tidlegare for kvar dag. Me tenner stearinlysa, blar i IKEA-katalogen, drikk kaffi. Å sitje under eit mykt og varmt teppe og leve meg inn i eit anna univers med ei god bok, det er noko eg sett veldig pris på. Berre senkje skuldrene, draume meg av garde.

18. okt. 2017

Fargerik bygning i Wien

Trur me såg denne fargerike plassen på eit postkort i ein butikk, og før me drog vidare til neste by (Budapest), ville me prøve å finne plassen: Hundertwasserhaus. Huset er eit leileghetskompleks som blei laga av artist Friedensreich Hundertwasser og arkitekt Joseph Krawina. Huset blei bygd i åra 1983-85. Så mange fargar, fasongar og artige detaljar! Eit bra siste stopp i ein by eg ser tilbake på med mange gode minne. Og dagen etter var det av garde med tog til Ungarns hovudstad.

17. okt. 2017

Vålandsparken v10

Nokre av trea har framleis mange grøne blad, men det er vel ingen tvil om at det har dukka opp fleire blad på bakken. Brune blad. Og fleire gule blad har komme blant dei grøne på trea. Me er godt ute i oktober og slik ser altså Vålandsparken ut no. Haustleg stemning med lauv overalt.

16. okt. 2017

Regndropar i haustmørket

Mørkt ute i dag tidleg, det var tungt å stå opp. Ein merker at no er det haust, energien er ikkje heilt på topp. Men det hjelper når me har ete litt frukost, drukke ein kopp med kaffi eller to, sykla i frisk haustluft på veg til jobb. Er ikkje veldig glad i regnet, men å sjå dropane på ruta når det er mørkt ute...fint. I haustmørket. Eller kanskje eg burde seie haustlyset – dropane får så vakre fargar i lyset frå gatelyktene eller frå TV-skjermen til naboen. Regndropar i oransje, grønt, blått og lilla.

15. okt. 2017

Solstrålar i oktober

Det har vore haustferie her i byen denne veka. Ikkje at eg har hatt ferie, men vinter- og haustferie betyr fleire arrangement på jobb. Travelt, men samstundes veldig stas når me ser at ungane møter opp til både kodeklubb og FIFA-turnering. Ute har me hatt både vind og regn og sol og (nesten) sommar, ein typisk haust på Vestlandet. Eit kinobesøk, nokre koppar med te, mimring til dagane i Wien, strikking og mykje lesing. Veka oppsummert i nokre punkt, fleire punkt og lenkjer kjem her:

✦ burde nok ha lese bok ein og to om Hillevågsgjengen, likevel har eg storkost meg med Skada gods
✦ haustlyset over Mosvatnet då me gjekk tur torsdag ettermiddag
✦ song nr. 1 på denne lista over dei ti beste instrumentale Disney-songane (tårene renn kvar gong)
✦ ta bilete som me kan bruke til årets julekort
✦ sjå Blade Runner 2049 på kino – ordentleg bra!
✦ så små, skjønne sandkattar fanga på film
✦ ei god veninne  som plutseleg tok turen innom jobben min
✦ ha på den den guloransje retrokjolen
✦ Adam Douglas som syng "This is the Moment" og Didrik Solli-Tangen med "Anthem"
✦ hauststemninga i bileta inne hos Niina
✦ byrje på eit enkelt skjerf i dei finaste blåfargane
✦ Seethaler, forfattaren bak den fine Et helt liv, har skrive nok ei bra bok: Tobakkshandleren
✦ regndropane på ruta i kveldsmørket
✦ drikke te og lese i kvar vår bok om kveldane
✦ "The Best Names from Literature" – blant anna Jean Valjean, Scarlett O´Hara og Heathcliff
✦ ein bra laurdag på jobb: kaffi, solstrålar og nytt interiørmagasin
✦ avslutte førre veke med litt brettspel hos nokre kjekke folk
✦ eit tre langs jobbvegen min i alle hausten fargar

14. okt. 2017

Fint her om dagen

På torsdag på veg til jobb. Ikkje at eg er veldig glad i regnvêr (så kjipt å sykle i fullt regntøy når det bøttar ned), men regndropane derimot. På vindauget om kvelden, på eit blad på bakken eller på blomar. Det er noko magisk med ein drope som ligg der så frisk og klar. Uansett årstid.

13. okt. 2017

Oppe i eit pariserhjul og mektig sjokoladekake

Fredag og helg. Skuldrene er senka. I alle fall nesten. Skal nemleg på jobb i morgon, så eg får ikkje heilt roa over meg før i morgon kveld. Men no i kveld tenkte eg å fortsetje med nokre kjekke minne frå Interrail-turen. Etter å ha vore ei stund på nasjonalbiblioteket, tok med T-banen til Praterparken. Her kan ein ta karusellar og berg-og-dal-bane, gå inn i eit spøkelseshus eller sitje inne i fine vogner i eit pariserhjul. Me gjekk for pariserhjulet med dei knallraude vognene.


Vêret var ikkje det beste, det kom til og med nokre ordentlege regnbyer. Likevel synest eg med fekk ei grei utsikt over byen. Ein eller annan gong håper eg å kunne få eit gjensyn med flotte Wien.


Middag måtte me jo også ha, og denne kvelden åt me kvar vår gode burgar med tilbehør hos Bierteufl. Smakte veldig godt! Sidan dette var den siste kvelden i byen, fann me ut at det var på tide å finne ein plass der me kunne ete Sachertorte til dessert, for det er jo eit must i Wien ;)

11. okt. 2017

Eit av dei vakraste biblioteka📚

Korleis har dagen din vore? Her har det vore grått og regntungt, men om ein ser bort frå det, har det vore ein bra dag på jobb med vanleg skrankearbeid og eit produktivt møte. For ein som jobbar ved eit bibliotek, trur eg draumen må vere nasjonalbiblioteket i Østerrike, Österreichische Nationalbibliothek på originalspråket. Det startar allereie når ein står ute og ser opp på bygninga.


Biblioteket blei bygd i mellomalderen av Habsburgmonarkiet. Den eldste boka som ein enno kan finne på biblioteket, er frå 1368! Alle utsmykkingane, måleria i taket, ornament i søkk og kav. Alle dei gamle bøkene i flotte, høge bokhyller, kan ikkje seie anna enn at det var litt av eit syn.


Trur eg skal la resten av bileta tale for seg sjølve. Eg blei overvelda, kanskje bergtatt er det ordet som passar best. Den gamle globusen, stigane opp til bøkene, lyset. Alt. Bøker og bibliotek, altså 

10. okt. 2017

Ute akkurat no

Kanskje ikkje akkurat no med tanke på at den knallblå himmelen ikkje er så knallblå her i byen i dag. Men likevel, dei andre fargane er her enno. Å sykle forbi tre som er grønt, raudt, gult og oransje, eller gå ein tur og få auge på ein busk i knallraude fargar. Ekte kvardagsglede for min del. Kanskje ei lita glede for mange, men den er likevel viktig når det innimellom er mørkt og grått.

9. okt. 2017

Studieturen

Planen i går var å berre slappe av, lese lenge og lese endå litt meir. Men då me såg ut, var det altfor fint vêr til å berre sitje inne. Me fann ut at den såkalla Studieturen, som er dryge syv kilometer, kunne passe perfekt på ein sundag som den me hadde i gårSjå den knallblå himmelen, fargerike blomar som framleis lyser opp på balkongar og dei fine kattane me møtte på vår veg.


Eg har ikkje så mykje anna å seie enn "sukk". Eit lite sukk. Sidan me hadde hatt skikkeleg gråvêr tidlegare i veka, var det ekstra godt å kunne gå ute utan regntøy, utan å kjenne vinden piske i andletet. Den friske lufta, det gylne lyset mellom dei raude og gule blada. Sundagstur på sitt beste.


Som namnet på turen tilseier, går ein del av turen innom universitetet. Rart å vere der sånn plutseleg no når eg ikkje studrere der lenger. Oppdage ein statue som eg ikkje har sett før, berre vere der "på besøk". Før me vende snuten heimover, var me også ein liten tur innom den botaniske hagen. Fall veldig for den herlege fargen på desse bæra. Etterpå kom me oss heim til kaffi og bok.