30. jan. 2023

Minnelappar




Måndag 30. januar. Litt treige er me, for fyrst på månadens nest siste dag, har me hugsa å ta fram minneglaset. Kva er minneglaset, spør du kanskje. I løpet av året som går, skriv me ned minne og opplevingar på fargerike lappar og puttar dei i eit glas som eg har dekorert med eit raudt hjarte. Hugsar ikkje kor mange år me har halde på med denne tradisjonen, men trur me har hatt høgtlesing av slike minnelappar i dryge ti år. Om ikkje anna, så var 2022 i alle fall betre enn 2021, eg siterer meg sjølv: "På ein måte kjennest det ikkje ut som om 2021 har vore – det gjekk liksom i eitt med 2020". I fjor sa eg jo opp jobben i svømmehallen og byrja på eit årsvikariat ved Vitenfabrikken. Mange flotte turar og gode bøker, og eg veit at fleire av lappane i glaset vil vere alt det kjekke me opplevde på togtur i England. No gleder eg meg til å lese lappane i tur og orden, litt etter litt. Med stearinlys på bordet, kanskje litt roleg musikk i bakgrunnen, berre han der fine og og eg ♥︎

29. jan. 2023

Dagslys medan ein trallar på Olsenbanden-temaet








Januar er på hell, berre to dagar igjen av årets fyrste månad. Veka har vore ganske vanleg med varierte dagar på jobb, både når det gjeld arbeidsoppgåver og når det gjeld kor travelt det er, me var på orkesterøving på tysdag, fått tid til å lese mykje (blir ikkje lei toglesing) og i går var det endeleg ein fridag med bra vêr. Gjekk ved Frøylandsvatnet i lag med broremann, sola skein og etterpå var mannen min og eg innom Garborgsenteret for å høyre Edvard Hoem fortelje om Arne Garborg og hans samtid i samband med Garborgdagar. Litt stas å få med oss det. I motsetnad til i går, har det regna mykje i dag, og me har slappa av inne med bøker, puslespel, roleg musikk og god kaffi. Snart tar med oss kvar vår bok og les litt på senga før me sovnar. Tid for vekas tjueein fine punkt:
 
kaffe latte og den finfine boka Lovelight Farms av B. K. Borison
laurdagspizza og Pixar-filmen Fremad (Onward)
kan ikkje klage på å pendle med toget når eg får oppleve ein slik solnedgang
sollys over fjelltoppane inne hos Et katteliv
stilig skuggespel på planetariet
rett-på-selfie med den kulaste vintagegenseren arva etter svigermor
ete knallgod wok på Lille Bangkok i Sandnes før orkesterøvinga 
Synne har posta det fyrste bryllaupsinnlegget, koseleg å få ta del i den store dagen 
innekos på ein regntung sundag
diktene mine vil ikke forande verden av Patrizia Cavalli er den fyrste diktsamlinga for min del i år
hi, hi, artig å opne Fanz Jäger-skapet på jobb, ordentleg Egon Olsen
som me lo av denne TwoSetViolin-videoen
endeleg bli ferdig med Aisato-puslespelet
lese på toget medan sola gjekk ned 
bittesmå pinnefigurar i alle moglege situasjonar, mellom anna med søte ekorn
dagslyset!
silhuettar i solskinet rundt Frøylandsvatnet i går 
sjå nokre episodar av Drømmeslottet
søtaste lille pusen som leikar i lag med fine hundar
begge syntest det var kjekt og interessant å høyre Edvard Hoem fortelje om Arne Garborg
gøy å lese ut Gargantis, bok nummer to i Illevik-serien

27. jan. 2023

På ei ferje og eit tog for å komme oss heim


Aller siste del av fjorårets interrailtur. Dei to siste dagane var reine transportetappar, og det blei tatt få bilete. Trur eg byrja å bli litt sliten av å vere på tur, i alle fall når også turen frå Utrecht til Eemshaven blei meir stressande enn naudsynt, akkurat som turane til Thirsk og London nokre dagar før. God frukost før me pakka og byrja på togturen til Eemshaven. Lett krisestemning når det eine toget ikkje gjekk lengre enn til Zwolle grunna skade på linja, me skulle jo nå ei ferje! Heldigvis gjekk det lokaltog til Groningen, og me rakk toget til Eemshaven. Ferja stod klar, me sjekka inn, fann lugaren vår og tok ein liten kvil. Elles ein roleg kveld: åt middag, las litt i kvar vår bok, løyste kryssord og fekk sett ein knallfin solnedgang over horisonten med vindmøllene langt der ute.


Sov greitt i lugaren og etter kvart blei det morgon. Åt frukost og las litt medan me venta på å gå i land. I Kristiansand hadde me litt tid å slå i hel før togturen heim til Stavanger. Naut ein knallgod is på Sval, den same kaféen som me var innom på veg til Nederland og England, tihi! Kaffi og bok på toget er alltid ein slager, og me fauk forbi vatn, små båthus, blå himmel og fleire togskjener før me til slutt var heime i vår eigen by, heime i leilegheita vår. Eit ordentleg flott togeventyr var over!

25. jan. 2023

Fargespel på himmelen







Framleis er det mørkt ute når eg står og ventar på bussen og sidan toget på veg til jobb. Men i helgene står me opp litt seinare, og i helga såg det slik ut rett utanfor stovevindauget vårt. Eg berre måtte ta meg ein liten tur ut på balkongen, knipse nokre bilete, nyte denne heilt magisk soloppgangen. Ordentleg Disneyfargar over heile himmelen. Å oppleve ein sånn start på dagen, uansett om det er helg, kvardag eller kanskje ein ferie, er noko eg set veldig pris på. Fargane gir meg ro, samstundes som eg får energi til å ta fatt på dagen. Morgonstund med fargespel på himmelen.

23. jan. 2023

Bokelskarens gøymestad 📖




Endeleg! Tidleg i fjor posta eg eit innlegg om dette puslespelet med tittelen "Boktatt". Motivet er henta frå boka Jenta som ville redde bøkene av Klaus Hagerup illustrert av Lisa Aisato. Etter å ha pusla det ferdig, limte me det og ramma det inn. Ikkje lenge etterpå, slo eg til då det var tilbod på puslespel og kjøpte endå med motiv frå den same boka – eg får ikkje nok av Aisatos illustrasjonar! Han fine og eg byrja på dette ein gong i løpet av dei fyrste månadane i fjor, men viss du ser nøye på det, er det mange brikker som ser kjempelike ut. Difor brukte me ei stund på å leggje det ferdig, og då alle brikkene var på plass, mangla me heile tre brikker. Tok kontakt med puslespelforlaget som sa dei skulle sende brikkene me mangla. Det tok si tid, og eg måtte purre fleire gongar. Då me fekk dei ein gong i haust, hadde dei ikkje berre sendt oss brikkene me mangla...neida, me fekk alle tusen og måtte leite oss gjennom alle for å finne dei tre me faktisk mangla! Puh, fann dei litt etter litt, men dei passa ikkje hundre prosent sidan dei nok ikkje er stansa ut samtidig. Dimed tok det endå lengre tid, for me måtte finne ut korleis me best mogleg skulle løyse dette. Vel, fram med tapetkniven, triksa det til og alt i alt blei det ganske ok. Også dette puslespelet limte me og har nyleg ramma inn. To flotte puslespel frå ei vakker bok, ei bok der eg kjenner meg veldig igjen i hovudpersonen, å berre sitje der mellom alle bøkene, sluke side etter side. Boktatt i ein bokelskars gøymestad.

22. jan. 2023

Lite regn, mykje kaldt vêr




I motsetnad til førre veke, har det vore sol og ganske så flott vêr mange av dagane. Kaldt har det vore, det ligg framleis eit bittelite lag med snø ute på bakken etter at det snødde tidleg i veka. Å gå frå jobben til toget med sola i andletet og ein solnedgang langs togskjenene, eg kjenner det gjer godt. Både travle og ikkje-travle dagar på jobb, mykje tid til lesing, liten bytur i går for å gjere unna nokre ærend, kveldsstund med kakao og ein nokså daff sundag. Planen var å gå ein litt lengre tur i dag, men plutseleg var det ikkje så mykje sol og jaggu meg var det ein sur vind ute. Fekk no tatt ein liten tur ut for å nyte dagslyset, så får me heller glede oss til lengre turar når det ikkje er så mykje vind. Om ikkje anna har eg fått lese og strikka ein heil del. Snart måndag igjen, her er dei siste dagane:
 
fjerde boka i Den magiske bokhandelen-serien, som eg diggar desse bøkene
takterrasseutsikt midt i Sandnes sentrum på ein flott januardag
vere med på vertemøte der det mellom anna blei ein liten dominokonkurranse
kakao og lesestund
nytt symmetrisk mønster oppe på Abelloftet
blir alltid i godt humør av å sjå ein kjempenusseleg kattevideo
lese ut "Det tomme toget" av Øivind Håne på eit (nesten) tomt tog
sjå ferdig Demenskoret, for ein TV-serie der det kom både latter og tårer!
alltid litt ekstra stas å få skryt frå gjestar om at kundeservicen er bra
"og jula varer helt til påske...", måtte nemleg lese ut juleboka Christmas Wishes at Pudding Hall
lunsj med ei god veninne på jobb (også ho kjenner Vitenfabrikken godt)
"Top 10 Best Musical Movies of 2021" – her finn ein både tick, tick...BOOM! og In the Heights
laurdagstaco og filmen Raya and the Last Dragon
stilig med ein gammal stol som matchar skiljeveggen
varmt og gyllent sollys i Langgata
treffe på kjenninar nede i sentrum i går, koseleg å slå av ein liten prat
strikke medan me såg på film
og berre sjå kor søt og herleg karakteren Tuk tuk frå den same filmen er  
knallrosa himmel over hustaka då me skulle ete frukost i går
framleis veldig nøgd med å ha investert i juleserviset Dompap
dus og nydeleg solnedgang over fjorden ein av dagane då eg tok toget heim frå jobben

20. jan. 2023

Mitt bokår 2022 📚


Alltid like vanskeleg å prøve å oppsummere eit bokår. Også i 2022 las eg ein heil haug, nærmare bestemt 142 bøker. Veldig gøy at 75 av desse var frå eiga bokhylle, det vil seie omtrent 52 prosent. Mi eiga utfording i år blir å fortsetje å lese frå eiga bokhylla og lese ei diktsamling kvar månad. #readchristie2023 blir det også tid til. Elles kjem eg til å lese det eg vil, når eg vil – for meg er skal det vere kjekt og avslappande. Få meg til å både le og gråte, rett og slett kose meg med lesinga. Kva las eg så i fjor? Som eg skreiv, er det ikkje berre berre å oppsummere så mange bøker i eit innlegg. Men det blei i alle fall jo ei Christie-bok kvar månad, for krimbøkene hennar er alltid ein slager. Ann Cleeves sine krimbøker har eg også lese nokre av, og mot slutten av hausten las eg bok nummer tre i Torsdagsmordklubben-serien
av Richard Osman. Betre kosekrim skal ein leite lenge etter.

Å oppdage ei ny verd, å berre dykke ned i ei bok, nesten sluke den. Det treng ikkje å vere at forfattaren faktisk har oppfunne noko heilt nytt, det er nok om orda og setningane berre vil få meg til å lese meir, meir, meir. The Reading List av Sarah Nisha Adams (hallo, bøker om bøker), How the Penguins Saved Veronica av Hazel Prior og gjenlesing av Red, White and Royal Blue av Casey McQuiston var alle bøker eg slukte. Og så var det så kjekt å vere tilbake i den magiske bokhandelen i bok nummer tre om Tilly og Oskar: Tilly og kartmysteriet av Anna James. Altså,
å kunne snakke med sine favorittkaraktarar og bli med dei til deira verd, tenk om me faktisk kunne det

For det meste les eg enkeltståande bøker, men om eg skal nemne ein serie, må det bli bøkene til James Herriot. Bøkene som inspirerte TV-serie All Creatures Great and Small. Til no har eg lese seks av dei, og heldigvis har eg endå fleire ståande i bokhylla mi. Eg fell nokre tårer, smiler og småhumrar for meg sjølv når eg les desse bøkene!  men denne serien fengar berre meir og meir!

The Sign for Home
av Blair Fell The Love Hypothesis av Ali Hazelwood, The White Christmas av Colleen Wright og The Social Que av Kay Kerr var alle bøker som overraska meg på eit eller anna vis. Til dømes så var The Sign for Home skrive med ein meir tyngde, ein meir spiss penn enn det eg trudde samstunde som det var ein del humor der også. The White Christmas trudde eg var meir "lettbeint" julebok enn det den eigentleg var, og eg må seie at den rett og slett var alt på ein gong; både julete, fin, sår, artig og hjartevarm.
 
Mange av bøkene eg les, er ekte feel-good, det skal eg ærleg innrømme. Samstundes las eg fleire bøker i fjor som tar opp viktige tema. Obie is Man Enough av Schuyler Bailar, Derfor må du vite at jeg er same av Ella Marie Hætta Isaksen og Blomsterdalen av Niviaq Korneliussen er alle bøker som eg lærte meir av og der forfattaren skriv med både såre og tøffe ord. Teikneserieboka Forår i Tjernobyl av Emmanuel Lepage kjem også til å sitje i lenge. 
 
I fjor kunne me endeleg reise utanfor landet igjen, og togboka Ferie med tog av Sigrid Elsrud var ein herleg inspirasjon. Så klart reiste eg også med andre bøker:
den fjerde boka i Tremarnock-serien, A Cornish Secret,  tok meg med til Cornwall Ditt fravær av mørke av Jón Kalman Stefánsson tok meg med til Island og Morgen i Jenin av Susan Abulhawa tok meg med til Palestina og Midtausten.

Både når eg ser filmar og når eg les bøker, byrjar ofte tårene å renne. Det er nok fleire bøker enn eg hugsar som fekk meg til å gråte i fjor, men eg veit at Julens ni liv av Florence McNicoll verkeleg fekk fram tårene i auga mine. Slutten på Hestekunstneren av Jojo Moyes og Can You See Me? av Libby Scott og Rebecca Westcott må eg også nemne her.
 
Men det er ikkje berre tårer, det er mange bøker som har gitt meg ein god latter med herleg humor Ex Libris: Confessions of a Common Reader av Anne Fadiman fekk meg fleire gongar til å småhumre, for her var det mange ting eg kjente meg igjen i som ein bokelskar. Isn't it Bromantic? og A Very Merry Bromance av Lyssa Kay Adams, bok nummer fire og fem i The Bromance Book Club-serien fekk meg til å ville ha meir, og Thank You for Listening av Julia Whelan var akkurat passe herleg, romantisk og morosam. Å sitje under eit varmt pledd med noko varmt i koppen og kose meg med ei super bok er for meg er lik ein god, varm klem.

Nokre forfattarar klarer å skrive bøker som rett og slett er vakre. The Landscapes of Anne of Green Gables av Catherine Reid var berre så utruleg vakker med bilete frå finaste Prince Edward Island, utdrag frå bøkene til L. M. Montgomery og meir om hennar forfattarskap. Vil tilbake til den øya no med ein gong. Å vanne blomster om kveldene av Valérie Perrin er sår og vakker på same tid (og sleng på litt krim, for det er ein roman som rommar det aller meste). Det regnet fugler av Jocelyne Saucier og klassikaren Black Beauty av Anna Sewell var også nydelege bøker, og den sistnemnde var så mykje meir enn det eg trudde.

18. jan. 2023

Onsdagskakao


Favorittkopp fylt med kakao. Kvar vår kopp med god, varm sjokolade. Å halde rundt koppen slik at mine kalde hender blir varme. Finne fram ei av dei kjekke bøkene eg les for tida og berre slappe av. Det er januar, og sjølv om det blir lysare dag for dag, er det mange dagar med sludd og gråvêr, ordentleg hufsete og rufsete. Kanskje burde eg byrja å lage fotobok frå fjorårets togtur, eller kanskje burde eg strikke meir på dei to strikkeprosjekta eg held på med. Aller helst burde eg sikkert ha komme meg tidlegare i seng, for det er noko med ein god natts søvn, særskilt no når det er mørkt. Men så er det hygga den der kakaokoppen gir meg. Og ikkje minst boka, lesetid gir meg ro. Så eg gir meg sjølv litt meir tid med kakaoen før den blir kald og boka før eg blir altfor trøytt.

16. jan. 2023

"For nå kommer du og jeg og dompapen..."


Lenge har eg sett etter juleservise i bruktbutikkar og på finn.no når november og desember har nærma seg. Ønskjer å kjøpe brukt når eg kan, men dessverre fann eg aldri noko servise som i mine auge var fint eller klassisk nok. Kanskje kravstor, men det skal vere noko me kan bruke år etter år og ikkje bli lei. Plutseleg såg eg dette dompapserviset frå Porsgrunds Porselænsfabrik og eg fall pladask. Hos Christiania Glasmagasin var det på tilbod etter jula, så no har me investert i fire frukosttallerkenar og like mange djupe asjettar og kaffikoppar med skål. Hadeland Glassverk har det same motivet på nokre av sine produkt, og me kjøpte ei lita glasskål i tillegg til to krukkar (ikkje vist på bileta). Det som er litt morosamt, er at me tidlegare hadde kjøpt ein liten karaffel med dette motivet, så ein kan nesten seie at me byrja å samle for nokre år sidan på akkurat dette serviset ;) Dompapane er så søte og den lille sølvborden rundt kantane er prikken over i-en. Gleder meg til å ta serviset i bruk kvar desember. Eit klassisk servise med naturmotiv, heilt perfekt til vinteren.

15. jan. 2023

Rørande TV-serie




Nokså vanleg januarveke her i Stavanger. Vitenfabrikken har opna for publikum etter vedlikehaldsdagane førre veke, og Sandnes symfoniorkester er i gong med øvingar til neste prosjekt. Det blei lang juleferie for vår del sidan me ikkje var med på det siste prosjektet i fjor, difor var det litt ekstra kjekt å spele i lag med resten av gjengen igjen tysdagskveld. Eg gleder meg kvar dag over lesetid på toget og litt i sofaen etter å ha ete middag. Om kveldane har eg også kost meg med strikking og eg har latt tårene renne samstundes som smilet har vore stort når eg ser all livsgleda som musikken gir dei i Demenskoret. Eg trur mange av oss i løpet av livet har vore tett på ein eller fleire som har hatt ein demensdiagnose. Sjølv hadde mormor demens dei siste åra ho levde, og eg hugsar enno korleis song og musikk var ei stor glede. TV-serien som du no finn på NRK Nett-TV anbefaler eg varmt til alle som ein! I går sykla eg ned til byen, både for å levere bøker og for å lufte meg litt. I dag har det stått lesing på planen, tihi. Vil lese litt til før ei ny veke startar, så hei og hå:
 
lese den fyrste boka i #readchristie2023, nemleg Kom til meg, død
solnedgangen ein av kveldane på veg heim frå jobb, for ein nydeleg januarhimmel
koseleg å ete lunsj med ei veninne som stakk innom jobben på fredag 
laurdagspizza og siste del av den siste Hobbiten-filmen
å, De åtte fjellene, ei av dei beste bøkene eg las i 2021, kjem snart ut på kino!
både skummel og litt rustikk kunst på togstasjonen; "Tankedelere" heiter den 
syntest Enola Holmes 2 var ein artig film
måle med ein herleg grønmåling på ein skiljevegg på jobb 
fyrste bursdag i 2023 på Vitenfabrikken, som regel er det tre slike bursdagar kvar onsdag
"Bli kjent med stugu" – kjekt å lese og bli meir kjent med Anna inne på bloggen Ei blå stugu 
få unnagjort nokre ærend i byen og i same slenge besøke Løvås bruktbu (Christie-bøker, altså)
Édouard Louis har nok ein gong skrive ei tøff bok om klassereise 
hygge med Mummi-englespelet
på veg til jobb ein av dagane, møtte eg ein kosete og kjempeskjønn pus
hypnotiserande på Abelloftet
tur til Egypt og Nilen med opplesing av Mord på Nilen i ein episode av Great Canal Journeys
ete pizza på Noi i Sandnes før orkesterøvinga
og sidan spele med orkesteret for fyrste gong i år
TV-serien Demenskoret på NRK, det er rørande å sjå all den varmen og humoren i det triste
kaffi og puslespel, ordentleg sundagsaktivitet

13. jan. 2023

Helgeord





Stearinlys på bordet og ei bok i fanget. Min fredagskveld, og eg klagar ikkje. I bakgrunnen høyrer eg på Enya, kjenner helgeroa dett på. Nyleg såg eg ein filmtrailer for ein film som er basert på ei av mine favorittbøker som eg las i 2021. Den må eg få med meg på kino. Solnedgangen medan eg venta på toget heim i går, var fargerik og nydeleg. Skyene var farga oransje, rosa, grått og gult om kvarandre. Dei siste dagane har det regna mykje, så ein slik ettermiddag var litt ekstra fint.

11. jan. 2023

London-Brussel-Utrecht





Joda, det er faktisk nærmare eit halvt år sidan me var på togtur i England, tida fyk. Etter å ha sett musikalen Anything Goes, var det berre å leggje oss, for neste dag var det reisedag. Åt ein knallgod frukost på ein koseleg kafé sidan hotellet ikkje hadde frukost. Litt dyrt var det, men posjerte egg, avokado, godt brød og kaffi klaga me ikkje på. Pakka resten av sakene våre og traska bort til St. Pancras. Tihi, kjøpte me oss nokre smakfulle makronar frå Ladurée til å ha på toget. Så bar det av garde frå London til Brussel. Frå Brussel vidare til Rotterdam og så til slutt til Utrecht, Nederlands fjerde største by. Blei mykje lesing på toga, og tida gjekk fort. I Utrecht skulle me bu på Bunk Hotel, ein overnattingsplass som er laga om til eit hotell i det som tidlegare var ei kyrkje. Romma var knøttsmå, men likevel koselege, og viss du vil spare endå meir, kan du velje å overnatte i eit lite kapselrom. Knallgod gnocchi til middag og det var kult å berre gå rundt og sjå på alle dei festlege detaljane. Fekk dessverre ikkje sett mykje av Utrecht, men både den byen og generelt meir av Nederland ønskjer me å få oppleve ein annan gong. Las i kvar vår bok resten av kvelden.