29. nov. 2012

Herleg, heimestrikka hals

Lesinga til neste (og siste) eksamen er i gong for fullt. Både i går og i dag, rett etter frukosten, har det vore fram med bøkene, på med musikk og så klart litt kaffe i koppen. Merker at det er mykje pensum som skal på plass, bli forstått, i hovudet mitt, og det er verkeleg ikkje berre berre. Nokre ting set seg, andre går inn det eine øyre og ut det andre. Men eg har jo lese jamt og trutt gjennom heile semesteret, så heldigvis er det ein god del som eg faktisk hugsar og som eg skjønnar. Innimellom alle togturane, eksamenslesing og korps, har eg strikka ein hals til meg sjølv. Og som de ser på biletet, er eg veldig fornøgd (trass i eit trøytt og forkjøla tryne). Fekk inspirasjon herifrå, men sidan eg ikkje brukte det same garnet eller same storleik på strikkepinnane, måtte oppskriften justerast litt. Men som sagt så blei eg veldig fornøgd! Kjekt å bruke noko som ein har laga sjølv, akkurat som med lua eg laga i fjor haust. I tillegg så har eg jo den nye og fine genseren som mamma strikka til meg (og eg har endå meir heimestrikka i klesskapet som nok blir med meg heim til Sola i jula).

27. nov. 2012

Ei dryg veke igjen

Gleder meg så innmari til juleferie! Skulle gjerne hatt ferie no, no med ein gong! Når ein er forkjøla, og i tillegg skal vere opplagt for å kunne lese til eksamen, tja, det er ikkje den beste kombinasjonen. Men eg lever og har ikkje feber, så eg kjem meg nok gjennom denne eksamensperioden, eg som alle andre. Eg får i meg litt kaffi og te (som på biletet, der det er te oppi ein kaffikopp), og det hjelper jo i alle fall litt. Og så hjelper det jo at eg no har fått levert frå meg heimeeksamenen, og berre har ein eksamen igjen! Om ei veke og ein dag er eg ferdig, då har eg juleferie (så no skal eg slutte å klage, for eg veit at eg får ein lang juleferie i år). Hadde ei kjekk øving med brassen i går, og hadde det også kjekt på jobb i dag. Blir så glad og engasjert når eg ser at musikantane forstår det eg seier, eg ser dei får det til og eg trur dei kosar seg! No sit me her og slappar av med god bok, strikketøy og julemusikk. Kanskje litt tidleg, men, men ;)

25. nov. 2012

"Singin' in the Rain"

 

No stormar det og ular ute. Skikkeleg haust! Eg sit her inne i sofaen med pensumbøkene framfor meg, prøver å motivere meg sjølv til å skrive. Heimeeksamen er ikkje alltid like kjekt når ein heller vil sjå film og drikke kakao i sofaen saman med kjærasten mens ein høyrer på det stygge vêret ute. Men, men. Sånn er det jo når me er midt oppi eksamenstida. For å holde motet oppe, høyrer eg på musikk, og då synest eg at dette er den optimale songen på slike tunge og grå regnvêrsdagar :)

23. nov. 2012

Heimeeksamen

Slik har dagen min vore i dag: pensum, boka Nedstörtad ängel av Per Olov Enquist, halspastillar, litt sjokolade og kaffi. Byrja å få vondt i halsen i går, og då eg kom heim frå jobb, hadde han der fine kjøpt både halspastillar og sjokolade til meg. Slik at eg kunne føle meg betre :) Sparte det til i dag, for eg visste det kom til å bli ein lang dag med mykje lesing. Ja, eksamensperioden er i gong for fullt. Var på skulen i går og fekk skrive ned ein del tankar ang. oppgåva, og eg fekk kladda litt. Og – det blir nok skulen på oss begge to i morgon. Ingenting er betre enn å stå opp tidleg om morgonen på ein laurdag, få i seg ein god frukost, dra på skulen, få gjort ein masse og så komme heim, slappe av i sofaen og ete ein god pizza eller anna laurdagsmiddag. Eg gleder meg allereie!

21. nov. 2012

No er me i gong!

Og...der! Eksamensperioden er i gong. I dette semesteret har eg berre to eksamenar, men det er likevel eksamenar som eg må gjere og eg vil jo helst gjere det bra :) Denne fyrste eksamenen er heimeeksamen, noko som vil seie at me får ei veke på å skrive denne oppgåva, med dei hjelpemidla me har for handa. Enkelt?! Tja, sensorane har jo desto høgare krav til kva ein god heimeeksamen er enn ein eksamen me skriv på skulen utan noko form for hjelpemidlar. Eg er i alle fall i gong med denne heimeeksamenen etter at oppgåveteksten blei lagt ut tidlegare i dag. I går hadde me (klassen min og eg) siste forelesning for dette semesteret, og no er fokuset retta mot eksamenane. Og litt korps innimellom. Har ikkje tatt nokre nye bilete i det siste, så eg legg heller ved nok ein bileteserie i frå Downton Abbey. Alle er nok ikkje like hekta som det eg er, men eg viser desse bileta likevel ;)

19. nov. 2012

Tung måndag

Ei ny veke er i anmarsj. Etter å ha høyrt på korps og elles slappa mykje av i helga, merker eg at det er tungt å komme i gong med veka. Eg veit at eg må lese mykje pensum i løpet av veka i tillegg til at me får utdelt heimeeksamenen no på onsdag. Dette hjelper ikkje akkurat på motivasjonen. Men om under tre veker er det juleferie (som eg allereie har nemnt), og eg gleder meg! Noko anna som også gjer starten på veka litt tung, er at alt som kunne gå gale gjekk gale i dag morges: smøret smakte vondt, eg brann meg på brødristaren, hjulet på sykkelen min var ikkje heilt fiksa (det blei eigentleg fiksa førre onsdag...), kjeda hoppa av og det var så glatt at me måtte gå av syklane. Ja, slik kan det også gå. Men eg trur det fiksar seg med øving i kveld :) Alltid kjekt å spele saman med dei i Agder brass. Må berre få legge ut "diplomet" me fekk av dei herlege musikantane i Grim skolemusikkorps (klikk på biletet, så blir det større) :D Tusen takk alle saman!

17. nov. 2012

Stavanger Open 2012

Helga byrjar å nærme seg slutten, noko som alltid kjem som ei overrasking. Helgene går så altfor fort, spesielt dei der ein er fri og frank, og ikkje treng å gjere så altfor mykje. I går sov me lenge og vel, men me fekk utruleg nok lese noko pensum (for eksamenane nærmar seg med stormskritt) i tillegg til å berre sitte i sofaen og sløve. Ute har regnet verkeleg hølja ned. Både i går og i dag. Men det er jo slik det ofte er her på Sola og i Stavanger-området; regn, regn og atter regn. Har i dag vore i Stavanger forum for å høyre på Skolekorpset Sola (skulekorpset i mitt hjarte) og Grim skolemusikkorps. Det er skulekorpskonkurransen Stavanger Open no i dag – det er jo derfor me er her denne helga – og eg må seie at eg er imponert! Eg blei faktisk rørt der eg satt i salen og såg mitt gamle skulekorps på scenen. Dei er så flinke alle saman, både Sola og Grim! Det blir Kr.sand i morgon, men om berre tre veker har eg juleferie, og då blir eg jo her til over nyttår.

15. nov. 2012

Herleg, heimestrikka genser






















Har nettopp komme heim til Sola for nok ei helg med korpskonkurranse. Som de ser så er eg strålande fornøgd med den heimestrikka genseren som mamma har laga til meg. Den er veldig varm og god, så eg skal iallfall ikkje fryse i vinter ;) Elles, etter mykje rydding, støvsuging og kutting av frukt, hadde eg styremøte (Agder brass) i leilegheita i går. Det var eit produktivt og koseleg møte. I dag har eg lese pensum og vore på jobb før me tok toget til Sandnes der me blei henta av pappa. Har fri i morgon, men det blir forhåpentlegvis noko pensumlesing i løpet av dagen.

13. nov. 2012

Svevande lyrikk

Svevande, flytande, abstrakt. Tropar er ikkje tropar, figurar er ikkje figurar og symbol er heller ikkje handfast. "Det (språklige) ordnede kosmos bryter sammen i takt med at man nærmer seg det iakttagende, ordnede blikkets punkt, m.a.o. subjektet." Når ein blir servert setningar som dette på forelesning, då lurer ein verkeleg på kva ein eigentleg gjer der. Lyrikk, poesi, altså det me ofte kallar dikt, har eg hatt om på universitetet før og eg synest det var spennande. Men no verkar alt berre som eit einaste stort samansurium, og når oppgåvene me får lyder "finn verkemiddel", er det ikkje like lett. Kor skal ein starte, kva skal me eigentleg sjå etter?! Heldigvis har me ikkje berre om lyrikk, men også om drama og sakprosa, og eksamenen i dette emnet er heimeeksamen. Så eg trur det skal gå bra, men eg merkar at eg i forelesningstimene lar blikket vandre, for det blir for abstrakt for min del. Me er alle forskjellige, andre synest kanskje desse timene med lyrikk er alle tiders. Eg for min del tenkjer heller på at det snart er jul. Jul med familien og alle tradisjonane som høyrer julen med :) I morgon blir det styremøte her i heimen med styret i brassbandet, så eg må nok rydde og fikse litt før dei kjem hit i morgon kveld. På biletet kan de sjå nokre av dei dikta me har på pensumlista vår no i haust. Så var det om å gjere å forstå dei, då... :P

11. nov. 2012

Helg med stor H

Sit her i stova med kaffekoppen i handa. Nyt morgonen, det er sundag. Nyt at det er helg, ei helg der eg faktisk har fri. Okei, eg burde nok ha lese pensum eller gjort noko husarbeid, men ein må kunne nyte ein fin morgon, det er jo sundag. Eg har i tillegg vore litt småforkjøla, så eg kjenner det er greitt å ta det litt med ro før turen til Stavanger og før eksamenane kjem. På torsdag, etter at eg hadde vore på jobb, tok me oss ein tur ned til byen for å sjå Skyfall, den nye James Bond-filmen, på kino. Bra underhaldning med mykje spenning – alt i ekte Bond-stil! Har så klart fått dilla på den offisielle songen til filmen, nemleg "Skyfall" med Adele. Den er så typisk Bond, og de kan høyre den her. Helga har gått med til å spele spel, vaske litt klede (i maskinen altså), sjå ein episode av Heartbeat, rydde litt, handling i butikken, og i går kveld såg me den vakre filmen Så som i himmelen, med stearinlys på bordet. Eg hadde sett den ein gong før, men det var veldig lenge sidan. Den er så fin, så utruleg fin med vakker musikk, alvorlege, men viktige tema, og innimellom ein dose med lun humor. Filmen rører ved meg, og tårene mine berre rann og rann i går kveld. Så som i himmelen er ein film eg verkeleg tilrår, og om ikkje anna, sjå i alle fall dette klippet. Og heilt på tampen: gratulerer med farsdagen, pappa! Håpar du får ein kjempefin dag og at du nyt denne sundagen :)

9. nov. 2012

Inspirasjon

Sjølv om eg har Pinterest og finn masse inspirasjon i frå den sida, er det nokre gongar endå kjekkare å finne inspirasjon frå magasin, avis og reklame som kjem i posten. Sitte inne i stova mens det regner ute, klippe i magasina, lage fine kollasjar fylt med bilete av klede, smykke, sko, møblar, draumeheimen osv. No har eg kjøpt meg ei kladdebok og dekorert den, og i denne boka kjem eg til å samle på alle desse bileta, dei som gir meg inspirasjon og kreativitet. Dekorasjonen er kanskje litt jentete, men eg synest ikkje det gjer noko, eg. Dei fyrste sidene er fylt med bilete av klede og sko, men etter kvart kjem det nok nokre bilete av hus og heim også (har til og med fått med meg eit bilete i ekte Downton Abbey-stil...). Og så kjem eg sikkert til å lime inn kopiar som eg har liggande, kopiar med hekleoppskrifter, idéar til julegåver og liknande. Men det blir ikkje matoppskrifter å finne i denne boka, for det har eg denne boka til :) I helga håpar eg på å få lese noko pensum og elles gjere veldig lite. Skal jo til Stavanger ein tur neste helg, i tillegg til at det no byrjar å nærme seg eksamen, så eg får nytta sjansen til å kvile litt når eg faktisk kan.

7. nov. 2012

"I won't be happy with anyone else as long as you walk the earth"

Det er lite nytt å skrive om her frå Kr.sand; det går for det meste i skule og i korps. Derfor legg eg heller ut endå fleire bilete i frå favorittserien min. Fine bilete. I ein slik dramaserie som Downton Abbey er det naturleg å ha fleire parallelle historier sjølv om de aller fleste hovudpersonane kjenner til kvarandre. Det er historier om intrigene og maktfordelinga blant tenerskapet, det er historier som fortel om lagnader i samband med forliset av "Titanic" og fyrste verdskrig, det er historier om tap, og det er historier om kjærleik. Kjærleiken mellom lord og lady Grantham, lady Ediths evige jakt på ein ektemake, William sin kjærleik til kjøkkenjenta Daisy og varmen mellom herskapet og tenerskapet. Om ein ser bort frå det fine paret lady Sybil og Thomas Branson, har eg to klare favorittar når det gjeld desse kjærleikshistoriene og de kjem her: kjærleiken mellom Anna Smith og John Bates, og også den mellom lady Mary og Matthew Crawley. Begge desse para kjempa lenge for å få kvarandre. Etter mykje om og men, gifta Anna og John seg i siste episode av sesong to; lady Mary og Matthew gifta seg i fyrste episode av sesong tre. Og ja, eg er hekta!

6. nov. 2012

"It's doing nothing that's the enemy"

Hekta! Eg er rett og slett hekta på Downton Abbey. Serien er skapt av Julian Fellowes (og litt Gareth Neame) og blir i Storbritannia sendt på ITV. Her i Noreg er det NRK som sender den og me er godt i gong med tredje sesong; eg kan ikkje få nok. Eg har følgt med sidan fyrste sesong og har (utruleg nok) fått med meg alle episodane så langt. Og for de som kjenner meg godt, er det sikkert ikkje så vanskeleg å sjå for seg at eg lever meg inn og blir veldig engasjert. Eg tenkte eg skulle legge ut nokre bileteseriar i frå denne serien og eg startar med å vise fram den vakre lady Sybil som blir spelt av den engelske skodespelaren Jessica Brown Findlay. Tar også med nokre bilete av lady Sybil og Tom Branson, han som i løpet av serien blir hennar ektemake. Alle bileta er skjermdump frå diverse episodar, og om de vil høyre kjenningsmelodien frå serien, kan de trykke på den lille playknappen heilt nedst i innlegget (henta frå youtube.com). Er elles godt i gong med veka, men eg må seie at eg ser fram til å endeleg få ei heil helg der eg kan gjere akkurat det eg sjølv vil :)

4. nov. 2012

Kjekk helg med brassbandet

Årets Siddis brass er over, og eg skal vere ærleg og seie at det gjekk ikkje så veldig bra for oss denne gongen. Men, men. Eg har hatt ei kjempefin oppleving med korpset, og sidan det ikkje gjekk så bra i år, har me mykje å gå på til neste år :) Og så satsar me på at me gjer det litt betre i NM. Det blei ein lang, men kjekk dag i går med speling og mykje sosialt samvere. Eg kan ikkje legge skjul på at eg blei veldig stressa rett før me skulle på scenen då det viste seg at partituret og ess-tubastemmen låg att heime på Sola. I tillegg blei det mykje styr med ekstrautstyret me skulle ha med oss på scenen, og ikkje alle var like glade for det. Men alt ordna seg til slutt, og eg koste meg på scenen! Åt middag på restaurant saman med resten av korpset og hadde det gøy på fest med dei same folka :) I dag har me tatt det med ro, mamma og eg var ein tur innom mormor, og til slutt var det toget heim til Kr.sand. Har med andre ord hatt ei veldig fin helg, og så skal me, nok ein gong, ein tur til Sola om to veker :)

2. nov. 2012

Windows of the World

Heime ein tur. Heime på Sola. Ute regner det, nei, høljar det ned. Me vakna til sol og blå himmel, men det har snudd. Ja, ja. Det gjer jo eigentleg lite og ingenting. Me skal spele konkurranse i morgon, uansett om vêret er bra eller ikkje ;) Me tok toget seint i går og pga. diverse forseinkingar, var me ikkje på Sola før halv tolv. Men til trass for at det var seint, måtte me jo snakke litt med mamma og pappa før me la oss. Det er jo nokre månadar sidan sist me såg dei! Vel, me tok oss god tid i dag tidleg med god frukost, nykokt kaffe og dagens avis :) Var ein tur nede i Sola sentrum for å handle noko garn, og elles fekk eg både tid til å øve litt og få lese i Bjørnson (i boka Arne i frå 1859). Me hadde tacograteng til middag, og frå seks og til ca. elleve hadde me øving med brassbandet. Må seie at det var litt rufsete i starten, men det kom seg etter kvart. Så eg trur det kjem til å gå greitt i morgon. Om det er nokon i nærleiken som er interessert i å høyre oss, speler me i Zetlitz-salen i det nye konserthuset i Stavanger i morgon kl.1350 :) Og stykket me skal spele, heiter Windows of the World, eit stykke i seks satsar med variasjonar i både tempo og stil.