31. okt. 2021

Nok ei stemnehelg



Lite fred å få i helga når det har vore Nordsjøstevnet frå torsdag til i dag. Lange dagar, tut og køyr, men litt gøy også sidan det er ei god stund sidan det har vore eit slikt arrangement i hallen. Utanom stemnet har det vore ei veke litt til og frå sidan me gjorde om på skiftplanen; fri måndag, jobb tysdag, fri onsdag og sidan jobb dei andre dagane. Kaffi og bok om morgonane, meir lesing utpå dagen før jobb, litt tid til strikking og ein krimserie er stort sett det eg har fått gjort når eg ikkje har vore i svømmehallen. Ein kveld med orkesteret og nokre timar i lag med ein kompis på fredag må eg også nemne, for det er viktige kvardagsgleder. Andre kvardagsgleder og fine lenkjer:

✦ stearinlys, hauststemning og Nattergalen av Kristin Hannah
✦ skjønnaste Coco, alltid like sjarmerande (og veldig søt som ein trøyttnos)
✦ spele "Takenoko" og ete knallgod is frå lokale Delizia ein kveld i lag med broremann
✦ Markéta Irglová er i gong med å spele inn eit nytt album
✦ i gong med å øve til Nøtteknekkeren i lag med orkesteret
✦ har byrja å sjå kosekrimserien Hetty Wainthropp Investigates
✦ bra, effektivt og koseleg lunsjmøte på jobben
✦ og her finn du gode tips til fleire britiske krimseriar
✦ bruktbøker er alltid ei lita og viktig glede
✦ godt i gong med å strikke det fyrste ermet på genseren til mannen min
✦ finaste Bianco, du var ein heilt spesiell pus og eg blir rørt når eg les dette innlegget
✦ vere med ein ven på køyretur der me drakk kaffi, innom diverse butikkar og praten gjekk i eitt
✦ om du ikkje har høyrt det enno, må du høyre Bjørn Tomrens fyrste song i Stjernekamp-finalen
✦ og veldig gøy at han vann heile sulamitten – heia Tomrefjord!
✦ me var også innom ein blomebutikk der eg såg blå delfinium som eg hadde i brudebuketten
✦ kanskje ikkje Moyes si sterkaste bok, men Når hvalene synger var no fin på sitt vis
✦ Blikket av Oskar Stein Bjørlykke var denne månadens novellesamling
✦ knallraudt haustlauv på ein vegg på veg til jobb

29. okt. 2021

Gyllen laurdag

Sjekkar vêrmeldinga jamt og trutt, slik dei fleste av oss gjer. Meldinga for denne veka var (og er) ikkje noko å skryte av, og då eg såg det i helga, kjente eg at me måtte komme oss ut på tur ein stad medan det framleis var sol. Han fine og eg fekk med oss broremann ut til Rogaland Arboret laurdag formiddag. Kva skal eg seie?! Lyset, fargane, varmen, området, selskapet. Å, eg kjente det i heile kroppen at dette trong eg. Sollyset som varma, som fekk haustlauvet til å skinne ekstra mykje. Ein dag som ikkje var prega av gråvêr og kulde. Lyst og fargerikt overalt, ei gyllen stemning.

 

I arboretet er det mange stiar å følgje, både korte og lange, smale og breie. Me følgde ikkje ei spesiell rute, men berre gjekk rundt omkring. Stoppa fleire gongar for å nyte all den flotte naturen, og både broren min og eg var stadig framme med kameraet. Regndropane på bakken låg som små perlar på haustlauvet i alle fargar, og sola kasta lange skuggar i skogen. Ein slik laurdagstur ♥︎

27. okt. 2021

Tre bruktbøker på rekkje og rad


Fann nokre bøker i to av bokbutikkane då me var i Tvedestrand tidlegare denne månaden. Men me fann også kjekke bruktbøker då me var på biltur i sommar, og dei har eg gløymt å vise fram. I Fjærland fann eg den fyrste boka i Stompa-serien og Høst av Selma Lagerlöf. Sistnemnde bok tenkjer eg å lese i november som månadens novellesamling då Høst er ei samling noveller, essay og talar. På finaste Kyrkjetorget fann eg bok Hele arken full av Gerlad Durrell. Jepp, sjølvaste Durrell, han som skreiv Korfu-trilogien som TV-serien er basert på. Tre bøker eg trur kjem til å bli gode leseopplevingar. Litt omrokkering på skiftplanen, så eg var på jobb i går og har hatt fri i dag. Null planar og dimed har eg fått lese ein heil haug. Og strikka litt medan eg såg på koseleg krim.

25. okt. 2021

Moslivatnet om hausten


Lesestund på hytta etter ein dag med diverse rydding og anna arbeid, det kallar eg heilt greitt. Førre helg var me jo alle oppe på hytta ein tur for å gjere unna litt diverse, og så klart blei det også tid til lesing, quiz, brettspel og hygge. Mannen min fann fram Aukrust-boka som me kjøpte i Tvedestrand, så koselege illustrasjonar. Tenkjer å lese boka sjølv slik at eg kan bli endå betre kjent med Solan og Ludvig. Ikkje så lett å fange på bilete, men prøvde likevel: mamma laga nyleg ei ny lampe av kvistar og eit gammalt trau. For ein kul idé! Utpå kvelden tok me fram "Kokkelimonke", og gurimalla – fullstendig latterkrampe, det ordforklaringsspelet er så himla artig!





I løpet av det døgnet me var der, fekk me oppleve både øspøsande regn, solskin og ein solnedgang som tatt ut frå ein Disney-film. Altså, eg blir ikkje ferdig med haustfargane. Det er verkeleg noko av det som held meg oppe no når hausten er her. Også langs vegen på veg opp til hytta var det fullt av haustteikn, og me måtte stoppe slik at eg kunne ta bilete av dei rundaste og flataste flugesoppane eg har sett på lenge. Den store, runde er jo som tatt ut frå eit Super Mario-spel ;) Moslivatnet om hausten, det er fint der oppe. Roleg måndag her i heimen, heilt fri utan store planar. 

24. okt. 2021

Togferieinspo og filmdate x2



Skulle jo tru at no når me har opna for fullt, er alt tilbake til det gamle. Den gong ei, for plutseleg kjem det to stemnehelger på rad. Mellom desse stemna skal me ha stengt for vedlikehald. Fyrste stemnet byrja tidleg fredag og sjølv om eg ikkje har jobba i helga, var eg då med på å rydde heile torsdag og vere til hjelp fredag. Blir litt rare dagar av sånt, men mellom tidlege morgonar og litt trøtte kveldar har eg lese mykje, nytt haustfargane, vore ute på ein akkurat passe gåtur i går og ledd av Kongen befaler. Og så har det vore ein del anna fine saker og ting i tillegg, dei finn du her:

✦ dynefrukost og dei to siste episodane av herlegaste Coda KORK i dag tidleg
✦ lese Togferie og på denne måten få inspirasjon til kor neste års ferie kan gå
✦ laurdagspizza, filmen Five Pennies med Danny Kaye og strikking
✦ høyre episode to av Togpodden, og lese om veterantog i Noreg
✦ at det framleis er fargar på trea rett ved blokkane her i nabolaget
✦ bokklubbmøte over nettet
✦ ha med meg ein god vikar som er veldig "på" og ønskjer å lære mykje
✦ gleder meg veldig til å sjå The French Dispatch, berre sjekk ut denne og denne meldinga
✦ søtaste Chaba som leiker me ein ball i eit lite basseng
✦ for dei som enno ikkje har sett serien: heile The Durrells ligg ute på NRK Nett-TV
✦ ete knallgod middag ute på restauranten Zouq
✦ og etterpå sjå No Time to Die, den nyaste Bond-filmen (litt klisjé, men eg likte slutten)
✦ lite sjarmtroll av ein raud panda som vinkar frå eit tre, kanskje for å seie "hallo"
✦ nydeleg å gå tur i Rogaland Arboret i går med tre i alle moglege fargar og fasongar
✦ Edinburgh om hausten, ser heilt fantastisk fint ut!
✦ stikke innom Halloween-pynta Heddas gård etter å ha gått tur
✦ ikkje Mackintosh si beste bok, men det var likevel nok spenning i Gissel
✦ Synne sitt nyaste blogginnlegg med ein herleg oppsummering av årets sommar
✦ og Idas "En nydelig dag" – blir varm om hjartet når ein finn glede i det små
✦ tjuvstarte helga på torsdag med bollar, eit halvt auge på kampen på Aspmyra og ei god bok
✦ endå ei Christie-bok, og Poirot er jo berre ein av dei artigaste karakterane!
✦ avslutte veka med knallgod sundagsmiddag og ein runde med quiz

22. okt. 2021

Oslo eit lite døgn førre veke


Onsdag til fredag førre veke var me jo som nemnt ute på ein liten biltur. Fyrste stopp var Tvedestrand, neste stopp (og sånn sett hovudmålet) var Oslo. Her skulle eg på musikal i lag med den eine niesa vår. Og det var kjempegøy å sjå Mamma Mia! live på ei scene. Historia er kanskje litt tynn, men musikken derimot...song med på dei aller fleste av songane! Før musikalen traska me litt rundt i sentrum. Haustlauv på bakken og på trea, og som i fjor langs heile vegen inn og ut av Oslo sentrum. Ikkje alltid like enkelt å ta bilete i fart, men du får no eit inntrykk av alle dei sterke fargane som lyste opp langs vegen. Medan niesa vår og eg var på musikal, fekk mannen min treft eit venepar. Og etter musikalen fekk eg slå ein av lengre prat med ein god kompis som attpåtil speler i musikalbandet. Så artig at han har spelt på dei aller fleste av dei åtte (!) musikalane eg har sett på Folketeateret. Frukosten på hotellet dagen etterpå var av ypperste klasse, og så klart kjente eg meg heime med bøker som interiør. På veg heim tok me ein liten svipptur innom bruktbutikken Team Albania som ligg på veg inn mot Kragerø. Dei har så mykje kult og artig i den butikken. Viss du har lese alt så langt, har du vore god. Tihi, eg er ferdig no. Eller – god helg, fine deg!

20. okt. 2021

Oktoberfint

Fargefest! Nokså stor kontrast mellom desse bileta og vêret ute her hos oss i dag. Men det er også difor eg legg dei ut her no, trur me alle treng ein dæsj med fargar når dagen er grå. At slike fargar finst! Med himmelen som bakgrunn er det nesten som å sjå regnbogen. Ikkje heilt, men i alle fall like fint. Tenkjer eg skal prøve å lese litt. Kjenner energien ikkje er på topp etter å ha stått opp halv fem to dagar på rad. Seier meg nøgd viss eg får til å lese ein halvtime før auga mine dett igjen.

18. okt. 2021

Bokby nummer to i år


Kaldt å sykle til jobben i dag, rett rundt null gradar. Fysj, den der hausten. Men eg hadde på meg ull og var sånn sett førebudd. Som i fjor då me såg Chess, valde me å leige bil for å komme oss til Oslo (ville eigentleg ta toget, men mykje buss for tog på grunn av arbeid på diverse strekningar for tida). I fjor overnatta me i Kragerø, i år i Tvedestrand. Greitt å kunne dele opp turen slik at det ikkje blir å sitje i bilen i nærmare åtte timar for så å skulle vere klar til å gå på musikal. Og så tok me det som ein liten miniferie :) Tvedestrand er ein bokby, akkurat slik som Fjærland. No er det jo utanom sesongen, men me fekk vore innom to antikvariat. Fann eit par gode bøker å ha med heim, og elles så er det noko heilt eige med lukta av slike bokbutikkar. Synet av gamle bøker. Bøker i trapper, måleri av ein som les ei bok, ei heil hylle full av Frøken Detektiv-bøker. Koseleg å traske litt rundt, sjå kvite, gamle hus, bu på eit hyggeleg hotell og nyte ein flott morgon dagen etterpå. Eit ordentleg haustbilete til slutt: sjekk ut det rustraude take som matchar alle trea og blada i Tvedestrand.

17. okt. 2021

Lita ferieveke



Ferieveke med alt frå rolege dagar til kino, musikal, bokby og til slutt minidugnad på hytta no i helga. Eg tok ut tre feriedagar og så hadde eg i tillegg turnusfri torsdag og fredag. Måndag og tysdag var eg stort sett heime, las og strikka og såg på krimseriar. Onsdag drog me av garde til Tvedestrand i leigebil. Kjekt og koseleg å vere på tur i lag med mannen min. Fekk vore innom eit par av antikvariata i byen før det så var Oslo og Mamma Mia! i lag med ei av niesene mine på torsdag. Gøy! Kom heim på fredag, og i går og i dag var det ein liten hyttetur med resten av familien. Fekk unnagjort eit par nyttige ting og elles mykje tid til lesing, brettspel og quiz, latter og avslapping på sofaen Veit ikkje om eg er heilt klar til å ta fatt på morgonskiftet i morgon, kunne fint ha hatt ferie ei veke til. Men eg er i alle fall klar til å dele sundagslista med dykk:

✦ Tokarczuk skriv på ein heilt særeigen måte, denne gongen i Daghus, natthus
✦ liten tur opp til hytta no i helga
✦ blir alltid i godt humør av å sjå på videoar av søte geitekillingar
✦ sjå musikalen Mamma Mia! i lag med ei av niesene mine – me storkoste!
✦ ete ute på ein palestinsk restaurant i Oslo med herleg atmosfære og knallgod mat
✦ slå av ein prat med ein kompis etter musikalen, kult at han er med i musikalbandet
✦ fascinerande å sjå denne store kvalen som vil helse på ein padlar
✦ lese ut fleire bøker i løpet av bilturen 
✦ strikking i byjinga av veka
✦ radarparet McDonald og Dodds, for ein artig krimserie, altså
✦ knallraudt på ein vegg i nabolaget
✦ tysdagsfrukost i sofaen medan me humra av Coda KORK
✦ tick, tick...Boom! ligg no ute på Netflix, må setje av tid til å sjå den
✦ stoppe på veg til jobb for å ta bilete av eit fint tre 
✦ ete på Døgnvill og etterpå sjå Dune på kino, litt av ei filmoppleving!
✦ og sidan høyre på albumet frå filmen med musikk komponert av Hans Zimmer
✦ 21 måtar å ta i mot applaus på (denne ler eg høgt av kvar gong)
✦ biltur i lag med den finaste mannen
✦ alle dei fargerike haustblada på ein vegg ut av Oslo sentrum
✦ ender, svaner og morgonlyset etter å ha sjekka ut av hotellet torsdagsmorgon
✦ Straffekaffe laga av innsette og tilsette ved Bjørgvin fengsel
✦ bøker i ei trapp på eit av antikvariata i Tvedestrand
✦ lesestund på hytta med ein av dei søtaste illustrasjonane
✦ magisk soloppgang over Moslivatnet i dag tidleg