30. sep. 2021

Shine Short Sleeve


Som vanleg på denne tida av året, er det ikkje like enkelt å ta gode bilete sidan det blir mørkare dag for dag. Men den eplegrøne toppen er no heilt ferdig, så ein av dagane fekk eg med meg mannen min ut for å ta bilete av den i dagslys. Oppskrifta er Shine Short Sleeve frå Novemberknits og den er strikka i dobbelt tråd Plum frå Rauma. Eg kjøpte garnet på sal, og sidan eg ville vere sikker på at eg kjøpte nok nøste frå det same fargepartiet, kjøpte eg litt meir enn eg trong. Difor strikka eg erma lengre enn det som stod i oppskrifta slik at toppen blei meir ein genser med trekvart erme enn ei T-skjorte. Halskanten er nedstrikka og erma er i perlestrikk, rett og slett ein nydeleg detalj! Toppen er litt gjennomsiktig, så eg kjem nok til å ha ein singlet eller sports-BH under. Men det gjer meg ingenting, for den er ordentleg fin uansett. Eg har til og med kjøpt eit litt anna garn og ein heilt annan farge for å lage ei T-skjorte etter kvart. Akkurat no er det ein genser til mannen min på pinnane, og så har eg også garn til to andre prosjekt, så me får sjå kva eg kjem til å strikke fyrst ;)

29. sep. 2021

Nye leseeventyr

"Det er allerede blitt fortalt at lyset på Skiveverdenen beveger seg langsomt, som en følge av at det må trenge gjennom Skivens enorme og eldgamle magiske felt. Så morgengryet er ikke den plutselige affæren det er i andre verdener. Den nye dagen bryter ikke fram, den liksom skvulper nennsomt over det sovende landskapet på samme måte som tidevannet sniker seg fram over stranden og smelter nattens sandslott. Det pleier å flomme rundt fjell. Hvis trærne står tett sammen, kommer det ut av skogen kuttet i tynne bånd med skygger imellom." (s. 97).

I sommar blei eig utfordra av mannen min til å lese ei fantasybok av sjølvaste Terry Pratchett. Tidlegare har eg berre lese Good Omens som han skreiv saman med Neil Gaiman. Eg tok i mot utfordringa, og eg innrømmer at eg koste meg med å lese om Besta Værvoks og Eskarina. Å lære meir om Skiveverdenen (Disc World) som eg mange gongar har høyrt om og som eg har skjønt er ei stor greie for mange som liker fantasy. Boka De åtte fjellene av Paolo Cognetti er verkeleg ei av dei beste bøkene eg har lese i år, alle naturskildringa og venskapet mellom dei to hovudpersonane. Boken med glemte navn av Kristin Harmel og One Last Stop av Casey McQuiston er to andre bøker eg nyleg har lese som kjem høgt på lista over gode bøker lesne i 2021. Kjekke og gode bøker, altså!

27. sep. 2021

Fargefest og svanefamilie rundt Mosvatnet

Traska ein runde rundt Mosvatnet på laurdag. Hausstola både skein og varma, den flotte svanefamilien var ute på tur og eg såg haustfargar på fleire av trea. Andre er framleis grøne og dannar ein fin allé langs vatnet. Eg gjekk ikkje særskilt fort, men berre naut det gode haustvêret og alle fargane, trur det var akkurat det eg trong den dagen. Tidleg start på veka i dag, samstundes ein roleg start trass gjenopning. Det tar nok litt tid før folk skjønner at me har ope utan at dei må booke på førehand på nettet – dei kjem vel etter kvart. Dinglande sånn litt etter litt.

26. sep. 2021

Heile tjuefem kjekke punkt







Er det berre meg som ikkje nødvendigvis roper høgt "hurra" for full gjenopning? Altså, eg er kjempeglad og letta for at me no kan gå tilbake til ein eller anna form for normal kvardag, men å gå frå å ha restriksjonar alle vegar til å ikkje ha det i det heile tatt, det kjenner eg er litt ubehageleg. Eg veit det kjem til å bli betre litt etter litt, berre at det akkurat no kjennest veldig rart. Okei, sånn elles har det vore greie dagar på jobb og eg har klart å verkeleg slappe av desse fire fridagane mine. Lesing kvar dag, strikkedilla med eit nytt prosjekt på pinnane (denne gongen ein genser til min betre halvdel) og REKO-ringen er alle små gleder som har fått meg til å smile i løpet av veka. Kva anna? Jo, eg ser eg har mange punkt på lista i kveld, så det er berre til å ta ein titt rett under:

✦ starte fredagen med kaffi og ei bok medan eg koste meg under det gule ullpleddet
✦ glimt av haustsola inne hos Et katteliv
✦ at me no kan skrote bookingsystemet, for no er me i gong med vanlege rutinar igjen på jobb
✦ tøff lesing: Hendelsen av Annie Ernaux
✦ minielefant som leikar med ein basketball, så utruleg søt og artig!
✦ regn på ruta ute = strikking og lesing inne
✦ liten tur rundt Mosvatnet i går der eg såg dei fine svanene
✦ storfangst på REKO-ringen
✦ arkitektur midt i byen der sola laga skuggespel
✦ lese ute på balkongen etter turen i går – tenk å sitje ute og lese i slutten av september!
✦ Benedicte frå Godalen vgs. som vel å bli frisør som ein av dei fyrste i rullestol
høyre opninga av Brukners fjerde symfoni i episode to av Coda KORK 
✦ endå ei sak om bruktbua ute på Forus – hurra for gjenbruk!
✦ heimelaga vegetarlasagne som restemiddag på jobb
✦ og apropos jobb: sjekk ut den boksen med Twist me fekk frå nokon som takk for lån eit lokale
✦ tilbakeblikk på mai og juni inne hos Niina
✦ besøke ein god ven på Gamlingen
✦ fleire kjekke biblioteksbøker som ligg og ventar på meg i lesehaugen
✦ ein badegjest som syntest øyredobbane mine var stilige (og det er dei jo)
✦ laurdagspizza og den rare og herlege filmen Frequently Asked Questions About Time Travel
✦ levere tilbake ubrukt garn hos kjekkaste Magiske masker og finne noko stilig å bytte det i
✦ følgje Tim og Pru langs elva Brahmaputra nord i India, eit av dei finaste programma i mine auge
✦ haustbilete i rusteraude fargar
✦ novellesamling om bøker og bibliotek

24. sep. 2021

Storfangst!



Ordentleg storfangst ute på REKO-ringen i går! Heimelaga fiskekaker og hjortekjøt frå Fjord & Fjell Delikatesser, grønsaker frå T. Reed AS, egg frå Rennaren gård, to forskjellige vårrullar frå Asia Catering, to speltbrød frå Ryfylke bakeri & konditori og knallgod eplejus frå Sandalen gård. Ei lita stund sidan sist me handla frå REKO-ringen, så denne gongen tok me litt av, hi, hi! Finn mykje bra, og me synest dette er ein enkel og god måte å støtte lokale aktørar på. Kvardagsglede rett før helga.

22. sep. 2021

For alle bibliofilar 📚📚






Fjærland og alle bøkene. Den norske bokbyen med bokbutikkar, antikvariat og små utsal langs fjorden. Me var der for fem år sidan, og eg kjente at det i år var på tide å ta ein ny tur innom. Bokbyen blei offisielt opna i 1996, med andre ord er den heile tjuefem år i år. Etter å ha ete ein stor is i Balestrand, køyrde me i finvêret langs ein arm av Sognefjorden. Å, Fangirl av Rainbow Rowell er ei så søt bok. Og så ei av bøkene bak TV-seriane All Creatures Great and Small. Blir aldri lei av bøkene til Agatha Christie, men eg har dei aller fleste ståande i bokhylla her heime, så det blei med å berre beundre dei littegrann. Å, tenk å bu nært eit slikt bokparadis, eit besøk kvar veke!

 








Gode barndomsminne då eg fann hyller fulle av Frøken Detektiv-bøker og ikkje minst Stompa-bøkene. Sistnemnde serie har eg både lese, høyrd som høyrespel og sett som filmar. Ha, ha, eg kan enno høyre for meg Gisle Straume som lektor Tørrdal: "Umpf, du store alpakka!". Og så må eg le litt meir, for det er jaggu meg forskjellig lesestil på oss to ;) Okei, noko overdrive, men likevel. Gamle gardiner og gamle bøker – som hand i hanske. Viss du som meg er glad i bøker, veit du kva eg snakkar om når eg seier lukta av gamle bøker, det å opne ei ny bok, kjensla av å kunne utforske nye verder. Ein liten måsunge på parkeringa var eit søtt syn, og ei stilig, trekanta bokhylle fanga også blikket mitt. Trur det blei med oss tre eller fire bøker vidare på ferda, eg får vise dei seinare. Før me drog frå Fjærland, berre måtte eg gjere meg til litt inne i den raude telefonbokkiosken. 

20. sep. 2021

Bambus 🐈





Hels på Bambus, den finaste sjarmøren i pels. Litt ragdoll, mest birma. Ho bur hos onkelen min og sambuaren hans i Oslo, og er ein ekte bykatt. Kanskje ikkje den mest kosete katten, men med den mjuke pelsen og det uskyldige blikket gjer det ikkje så mykje – Bambus er ein fining uansett. Og då me om kvelden skulle til å leggje oss, var ho så herleg der ho titta på oss frå den grøne putesaka som ho visstnok ikkje bruker å vere i til vanleg. Ein sjarmerande pelsdott, det er det ingen tvil om.

19. sep. 2021

Stemne på jobb, ny favorittbok og ei bra vekesliste







Lenge sidan førre gong eg har hatt jobbhelg med stemne, men det var altså tilfelle no i helga. Stupestemne med omtrent 80 deltakarar, og eg synest at det alt i alt gjekk veldig bra. Rart å byrje å ha slike arrangement igjen, men veldig gøy å sjå at det er litt ordentleg liv i hallen igjen. Ny favorittbok, Gershwin på programmet, kaffi og mykje prat med ein god ven rett før helga og god stemning på jobb i helga. Har det skjedd så mykje meir? Nei, eg trur ikkje det. Jo. Ikkje at det er noko nytt, men eg er takksam for å ha ein mann som ordnar i heimen når eg sjølv er på jobb ørten timar, det må eg få seie. Tusen takk, kjære! Og eg vil påstå at sundagslista denne veka er veldig bra:

✦ De åtte fjellene, ei slåande og vakker bok om oppvekst, venskap og fjella
✦ lita balkonglesingøkt den eine dagen då eg hadde fri
✦ høyr kor høgt denne lille siameserkatten mel
✦ kaffi og kake i lag med ein god ven før fredagskveld på jobb
✦ og ikkje berre kafé med venen min, men fleire timar med prat, handlerunde og latter
✦ fargeklatt av eit hus på veg heim frå jobben ein dag
✦ Bjørn Tomren i Stjernekamp, berre høyr når han syng "Eg er framand"
✦ bra øving med orkesteret tysdagskveld, eg gleder meg til konsert om to veker
✦ Alicia har nyleg funne så mange fine bruktkupp på auksjon, gå inn her for å sjå
✦ sjå og høyre fyrste del av KORKs jubileumskonsert, dei er nemleg 75 år i år
✦ fekk nesten tårer i auga då eg i ein butikk såg fleire Lisa Aisato-puslespel
✦ helgestemning med jordbær, finaste katten og haustfargar inne hos Et katteliv
✦ skeiv kjærleik, ungdomstid og kroppspositivisme – alt i ei og same bok
✦ knallraud blome og flott regndropar i den botaniske hagen
✦ bli med og ta ein titt på Mummihuset i miniatyr
✦ stupestemne i helga, noko som gjekk veldig bra
✦ nesten heilt ferdig med å strikke den kongeblå genseren
✦ tøff, men så himla viktig lesing om kor slemme ungdommar kan vere
✦ gøy å lese vidare i Narnia-serien, og karakteren Puddleglum (Dysterpytt) er herleg og artig
✦ har berre sett to episodar, men gurimalla, me ler høgt av Coda KORK
✦ komme heim til ferdig taco og Jumanji (den frå 1995) i går etter over ti timar på jobb

17. sep. 2021

I Monets hage 💐





God fredag frå Hadeland Glassverk. Neida, me er ikkje der no, men bileta er tatt der. For i løpet av bilturen vår, var glasverket eit av stoppa våre. For tre år sidan var me der fyrste gong, og då hadde dei ei Mummi-utstilling som me utforska (og same antrekket, tilfeldig?!). I år var det Monet som stod i fokus. Sjølve utstillinga hoppa me over sidan me (les eg) ikkje hadde fått med oss at det var ein eigen billett for å sjå den i tillegg til at me skulle vidare til Kistefos med alt som er å sjå der borte. På nettsida ser eg at utstillinga ser kjempefin og det kan godt hende me gjekk glipp av noko, men som du kjem til å sjå seinare, er Kistefos ein plass som verkeleg er verd å setje av nok tid til å oppleve. Men ein liten snartur i Monets hage blei det, og den var kjempefint laga, det skal dei ha! Glaslampene, særskilt dei blå, er flotte og elles fann me eit par gåver og ei vase til oss sjølve. Sola skein, og etter å ha ete lunsj, sette me oss i solskinet og åt ein knallstor softis. God var den, men det blei nesten for mykje sidan den var så stor, og det var heller ikkje gøy då vepsane byrja å komme.

 



Klarte å la vere å bli stukne av veps, heldigvis. Me stakk innom fleire av butikkane også etter å ha ete, for det finst mange av dei på området til glasverket. På området har dei i tillegg geiter, høner, hestar, grisar og kaninar som ein kan helse på. Hi, hi, geita hadde stil, det skal den ha! Synest forresten den statuen med glasblåsaren på plenen er ein fin detalj, ein detalj som viser både fortid, notid og framtid. Hadeland Glassverk, produsent av glas sidan 1765. Over 250 år med produksjon.