Viser innlegg med etiketten loppis og gjenbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten loppis og gjenbruk. Vis alle innlegg

28. juli 2026

Folio Society



Ikkje så lenge sidan eg fekk denne spennande pakken i posten. Eg visste jo kva det var sidan det var eg sjølv som hadde bestilt det, men berre sjekk ut den innpakkinga – bøkene var pakka inn med ordentleg omtanke. Søtt klistremerke og to fine bokmerke følgde med. Bøkene fann eg hos nettbokhandelen Sancho's Rare Books, og dei har så mange fine og kjekke bøker. 
 


Tre superfine bøker, alle frå Folio Society. Forlaget gir ut praktutgåver av kjente og kjære klassikarar, og eg har eit par bøker frå før, mellom anna Anne of Green Gables som eg fann i ein bruktbokhandel i Hay-on-Wye. Eg skal innrømme at fleire av bøkene frå Folio Society kostar ganske mykje nettopp fordi dei er praktutgåver, og eg kan jo ikkje kjøpe haugevis av desse utgåvene. Men av og til går det an. I postkassa låg bøkene I Capture the Castle av Dodie Smith, The Railway Children av Edith Nesbit og ikkje minst Anne of Avonlea av L. M. Montgomery. Sistnemnde har eg leita etter i fire år, for heilt sidan eg fann den fyrste boka i Wales i 2022, har eg ønskt meg bok nummer to, både fordi heile Anne-serien betyr ein del for meg, men også fordi både den fyrste og den andre er heilt nydelege å sjå på (tihi, kanskje like greitt at det "berre" er desse to og ikkje alle åtte som er gitt ut frå dette forlaget). Og endeleg fann eg den! Joda, den kosta ein del også hos Sancho's, men det var til ein betre pris enn dei få superdyre eg har sett hos andre nettbutikkar, og så fann eg jo som nemnt to andre slik at fraktprisen for tre bøker var overkommeleg. Vakkert syn i bokhylla!

25. juni 2026

Stavanger antikvariat


Søte, fargerike paraplyar i vindauget, ei eiga hylla med Agatha Christie, synleg regnbogeflagg og gamle bøker overalt. Her om dagen fekk eg tatt ein tur innom Stavanger antikvariat i lunsjpausen då me var i sentrum og ikkje i kontor- og lagerlokalet på Gausel. Spennande å gå rundt og sjå kva som finst der, ståande i hylle etter hylle. Eg fann ei bok av Ursula K. Le Guin til mannen min, og før eg gjekk, stod eg ei lita stund og prata med seljaren. Å prate om bøker med andre som er like glad i bøker som ein sjølv, det er sånt som alltid får fram smilet, både der og då og etterpå på veg heim.

15. okt. 2025

Brukt'n








Akkurat ei veke sidan eg tok desse bileta. Kvar onsdag og laurdag er det nemleg mogleg å besøke bruktbutikken på Kyrkjetorget, og sjølv om målet ikkje naudsynt er å finne noko, er det ingen tur til svigers utan ein tur på "brukt'n". Me står jo midt i ein flytteprosess og prøver heile vegen å sjå over det me pakkar ned, leggje bort både små og store ting og gi dei til loppemarknad eller liknande. Difor var me i år kansje litt ekstra strenge med oss sjølve med tanke på om me verkeleg fann noko som kunne bli med heim. Det blei det ikkje denne gongen, men det var no likevel mykje kjekt, fint, rart og artig å sjå på. Elvira-serviset frå Figgjo var noko eg verkeleg la merke til, og så var det morosamt å sjå gamle, slitte stolar med lapp på der det stod at desse kjem frå møterommet i utanriksdepartementet i tidsrommet 1880-1920. Såg ikkje det fine kaffiserviset eg har sett der år etter år, så kanskje har det funne ein ny heim sidan i fjor?! Bøker i alle sjangrar, eldre kjøkkenreiskap og notestativ med gamle notar rett ved pianoet, her er det absolutt noko for alle!

7. aug. 2024

Fast bruktbutikkstopp






Retromønstrete tekanne og ein herleg grøn, liten vase. Tekanna fekk stå igjen i butikken sidan me allereie har tekanne med flott mønster, men den lille vasen fekk bli med oss heim. Eg snakkar sjølvsagt om Kyrkjetorget, den store bruktbutikken i heimbygda til mannen min. Som med Stolt Mat, er dette eit fast stopp. Butikken har ope onsdagar og laurdagar, og det er akkurat ei veke sidan me stakk innom ein tur. Alltid gøy å sjå kva dei har: flotte servise (tar ofte bilete av nettopp det eine kaffiserviset), gamle møbel, pynt til å ha på veggen og gamle bøker, til dømes Morgan Kane-serien. Brettspelet "Inter-rail" fanga blikka våre. Me kjøpte det ikkje sidan premisset for spelet høyrtest litt dølt ut, men artig var det lell, særskilt sidan me sjølv nyleg var på interrailtur :)



Glasuren på desse keramikkoppane og -skålene var heilt særeigen, og så mange fine glasting i forskjellige fargar! Tihi, hadde eg ikkje allereie samla på Agatha Christie sine bøker i pocketutgåver, mange av dei med stilig retroforside, hadde eg sikkert kjøpt heile de innbunde samlinga, synest den er både kul og ganske stilrein. Ved Kyrkjetorget er det verkeleg noko for alle og ein kvar.

25. apr. 2024

Sennepsgul krukke til ei lita samling


Like spennande kvar gong, å gå inn i ein brukt- eller antikvitetsbutikk er som entre ei eiga lita verd. Fredtun Antikk-brukt ligg ute på Revheim, berre ein liten køyretur unna. Har køyrt forbi mange gongar, men aldri vore innom. Så då me såg at butikken var open her om dagen, stakk me innom. Så mykje å sjå på, beundre og studere litt ekstra. Og plutseleg var det ein liten gjenstand som fanga blikket mitt: ei slags krukke i kvitt og sennepsgult. Eg løfta på den, og under var den signert Albin Brekke. Brekke var ein keramikar som hadde verkstad i Kopervik på 60-talet. Eg veit eg har vist dei før, men dei er så fine at eg viser dei igjen: eg hadde jo nemleg tre andre små krukker frå same keramikar ståande som pynt i vår kjære heim. No har eg altså fire, ei lita Albin Brekke-samling.

29. sep. 2023

Mønstrete veggar


Loppis i eit gammalt hus på Åland. God plass i bagasjen hadde me ikkje, men då me såg eit skilt langs vegen med ordet "loppis", måtte me jo likevel innom. Og sjølv om me ikkje fann noko, var det litt spennande å gå inn i dette gamle, fargerike huset med interiør og detaljar frå ei anna tid.

28. juli 2023

Loppis og antikk på Kyrkjetorget og Trankokeriet


Ingen Sunnmørstur utan Kyrkjetorget. Diggar at det finst ein så stor bruktbutikk i heimbygda til mannen min. Fat og tallerkenar med fine mønster, eit servise eg veit eg har tatt bilete av før nettopp fordi eg liker det så godt (skulle gjerne ha kjøpt det, men me treng ikkje eit heilt servise), ordentleg Poirot-kaffikopp, forskjellige glasobjekt i vakre blåfargar, fargerike veggteppe og eit forsøk på å syne fram kor stort det er inne i bruktbutikken. Eit herleg samansurium av loppisar!


Ålesundstur på oss i dag, og før me drg heim til svigers igjen, var me innom Trankokeriet Antikk. Slappa fyrst av med ein god cappuccino etter gåtur og bading. Sidan brukte me (eller: mest eg) litt tid på å gå rundt i butikken og titte. Altså, sjekk ut alle dei flotte tekannene! Retroservise på rekkje og rad, og det same med glasflaskene som stod i vindauget og blei lyst opp av sola. Lukta av gamle ting og stemninga i butikken, er du i Ålesund, er Trankokeriet vel verdt eit besøk.

18. aug. 2022

Bruktbutikken i mitt hjarte


Ikkje mange dagar igjen til eg byrjar i den nye jobben. Kjenner eg grugleder meg, for det er jo ein annan jobb enn det eg har gjort tidlegare, det er ein ny plass og ikkje minst nye folk som eg skal treffe og bli kjent med. Men eg tenkjer det kjem til å gå bra, og for det meste er eg spent på ein positiv måte. Denne torsdagen ønskjer eg å tipse om ein av dei beste bruktbutikkane. Joda, eg har skrive om den mange gongar før, likevel gjer eg det igjen. Køyrer du nokon gong mellom Ålesund og Molde, er sjansen stor for at du køyrer forbi Sjøholt. Gjer du det på ein onsdag eller laurdag, berre må du ta ein tur innom bruktbutikken på Kyrkjetorget. Kvar gong me er hos svigers, må eg innom her. Hadde me hatt plass, hadde det store, flotte bordet blitt med oss heim, og ein gammal radio på ein teakkommode fanga også blikket mitt. Her kan ein finne det aller meste, om ein leitar litt – for det er ofte slik i bruktbutikkar at ein må sjå seg omkring både to og tre gongar før ein plutseleg får auge på akkurat det ein leita etter. Har du ein slik favorittbruktbutikk?

15. juni 2022

Innom tre bruktbutikkar i nabobyen


Sidan me fyrst var i Sandnes og hadde god tid etter øvinga på laurdag, nytta me sjansen til å teste ut fleire av bruktbutikkane dei har i byen. Eller, rettare sagt, det var mannen min som kom på den idéen for å gjere laurdagen til ei lita utflukt og ikkje "berre" eit dryg time med orkesterøving. Åt fyrst ein god lunsj (veldig koseleg med kaffidate) og sidan gjekk me fyrst innom Bruk brukt, ein liten pop-up-butikk i regi av Sandnes kommune. Fann ei lita sak som eg har gløymt å ta bilete av, og tok heller ikkje bilete i butikken. Men i dei to andre, Om igjen og Velvet, måtte eg ta fram mobilkameraet. Karaflar i fleire fasongar og fargar, gamle lamper og møblar, små glas med søte mønster etsa på glaset og tøy i ordentleg syttitalsfargar. Velvet er ein butikk der ein finn på nytt og gammalt, medan hos Om igjen finn du berre gamle ting. Og der er det mykje å sjå på, garantert noko for ein kvar smak. Sjølv om det ikkje var mitt favorittmotiv, likte veldig godt formen på kaffiserviset. Eller kanskje me skal gå for eit middagsservise med små, fargerike blomar?! Neida, eg er nøgd med dei servisa me har, men alltid gøy å titte, for det er mykje fint ein kan finne brukt om ein berre leitar litt.