Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

4. nov. 2026

Amanita et Hydrangea




Til og med flugesoppen lyser opp når eg er ute og går i nærområdet no om hausten. Eg stoppar opp for å sjå på dei gyllengule blada, ein annan plass er det knallraude blad på eit tre, på bakken kan eg skimte det brune haustlauvet i lag med ein stor, prikkete sopp med fleire kulerunde hòl i.





Hortensiaane lever enno i nokre hagar. Å få auge på fargesterke blomar ute når vinteren byrjar å nærme seg, eg klagar ikkje. Ved jernaldergarden på Ullandhaug, går sauane rundt og et. Raggete i pelsen og ganske nysgjerrige på kven eg er som kjem og forstyrrar dei midt i måltidet. Ålreite dyr.

31. okt. 2026

Den midtarste haustmånaden






Siste oktoberdag. Månaden har vore vindfull og proppa med god ein del regn, men fargane – dei har verkeleg lyst opp! I botanisk hage og Sørmarka her om dagen, var det til og med sol og alt skein litt ekstra, i raudt og gult og brunt og grønt og oransje. Takk oktober, eg er glad for at du er til. 

20. okt. 2026

Litterær rute i Peak District






Ingen ferie utan eit litterært stopp eller fem. Medan me budde i Bakewell, brukte me ein dag på å gå i nasjonalparken Peak District. Du finn fleire forslag til turar i området, og me ønskja å gå Jane Eyre Hathersage Trail. Her er det kartet me gjekk etter. Eit anna kart som det går an å bruke, er dette – ikkje nøyaktig den same ruta, men den tar deg med til fleire av dei same plassane. Og så var eg innom både denne og denne bloggen før me drog, eg synest det er greitt å vere litt ekstra forberedt når me skal gå fottur i eit område me verkeleg ikkje er kjent i. Noko av det fyrste meg gjekk forbi, var Brookfield Hall og sidan North Lees Hall som figurerer som Vale Hall og Thornfield i nettopp Charlotte Brontës klassikar Jane Eyre. Turruta lever verkeleg opp til namnet.






Vindfullt var det på toppen av Stanage Edge, men for eit nydeleg landskap! På Stanage Edge såg eg ut over heiene, akkurat slik Keira Knightley gjorde Pride and Prejudice frå 2005. Jepp, endå eit litterært stopp, for filmen er jo basert på romanen frå 1813 med same namn, skriven av Jane Austen.







Mektig å stå høgt der oppe, på toppen av ei klippe og berre kjenne ein er i eitt med naturen, med landskapet og den ville stemninga. Eit anna Jane Eyre-syn var Moorseats som i romanen er Moor House. Mot slutten av turen, fekk me også med oss grava til Little John frå Robin Hood. Grava finn ein ved St. Michael's Church i Hathersage. 8 kilometer med klyving, lyngheier, vind i andletet, sauar og kyr, sol, bratte klipper og flott utsikt – kan ikkje seie anna enn at Peak District verkeleg leverte! 

15. okt. 2026

Haustlege blomar






Fargerike blomar også i oktober, ein månad som egeintleg er full av vind og ekte haustblad. Og regn, må ikkje gløyme det, tihi. Å kunne gå ein liten tur i nærområdet medan himmelen er blå, nyte synet av store, flotte blomar i den botaniske hagen og sidan møte både kanin og gris ved den økologiske garden på Ullandhaug, det er noko som gir meg energi. Får meg til å smile. Ein haustdag som denne.

8. okt. 2026

Gausnesgarden







Noko særskilt til turvêr har det dessverre ikkje vore desse dagane på Sunnmøre. Heldigvis kom me oss ut på ein liten gåtur på måndag. Me gjekk opp den bratte traktorvegen til Gausnesgarden, ein gard som blei fråflytta i 1958. Mannen min hugsa at han var med på skulen opp dit ein gong; då var han også inne i huset. Tittar ein inn vindauga, kan ein få auge på både kjøkkenet og stova, og det ser ut til å vere bra bevart trass målinga utanpå er ganske flassa. Godt å bevege oss litt mellom regnbøyer og den ulande vinden, kjenne frisk luft i andletet og beundre fargekontrastane.

1. okt. 2026

Nøtteliten i arboretet 🐿





Rogaland arboret på denne tida av året er alltid like fint. Haustfargar, så klare som berre det, overalt. Raudt, oransje, brunt, gult og litt grønt innimellom. Treng ikkje noko meir enn eit slikt syn.






Turen me gjekk i helga blei ikkje så lang, det skal eg ærleg innrømme, men til gjengjeld var den vakker. Rogn i fleire forskjellige fargar og regndropar både på blomar og på blad. Medan me gjekk, kom det nokre regnskur, heldigvis fann me le under løvtrea då det bøtta ned som verst.







Små vatn og bekkar, arboretet har alt! Og på sjølvaste kjærleiksstien var det ein Nøtteliten som kom bort og nærmast helste på oss. Tihi, den lurte sikkert på om me hadde noko mat med oss, men den fann seg noko å ete medan me stod og såg på. For ein søtnos, ekornet var verdt turen aleine!