31. jan. 2024

Turtankar





Dropane renn nedover vindauget, ute regnar det. Lengre nord i landet er det meldt ekstremvêr, så regn på ruta og ruskevêr er ikkje det eg skal klage på. Og berre i går var det mjukt kveldslys over naboblokka. Måtte ta ein liten videosnutt i same slengen då eg fyrst stod ute på balkongen. Det øvste biletet er frå fredagens kveldshimmel. Utsikta ser eg jo omtrent kvar dag, men ein himmel full av forskjellige fargar, eit lys som dansar før det blir ordentleg skumring, eg blir ikkje lei. I morgon er det fyrste offisielle dag i ny jobb. Eg er spent. Nokre av dagane må eg jobbe kveld, og eg veit ikkje om eg er hundre prosent klar for det. Men eg antar det går seg til. Kanskje kan eg gå til jobb dei dagane vêret er bra. Eg vil så gjerne utforske nye stiar, gå vegar eg ikkje har gått før, eller ikkje gått på lenge. Eg lengtar etter våren når dagane er lengre og me kan utforske nye plassar i lag i helgene. I alle fall dei helgene eg ikkje jobbar. Gå hand i hand, stoppe opp for å ta eit bilete, gå raskt for å kjenne pulsen stige, nyte det å vere ute i vårlufta. Og etter kvart alt det grøne om sommaren og sidan alle haustfargane. For det er ikkje berre kveldshimmelen som tel sjølv om det nett no kan sjå sånn ut.

29. jan. 2024

Alle dei små lappane

Alle lappane er ikkje opna og lesne endå, for det er mange av dei. Minneglaset er fullt av fjorårets opplevingar, og det er koseleg å ta det fram, ta ein lapp kvar og lese høgt annankvar gong. Vår lille årsoppsummeringstradisjon. I løpet av året skriv me ned minne og opplevingar på fargerike lappar og puttar dei i eit glas som eg har dekorert med eit raudt hjarte. Når januar kjem, opnar me glaset og går gjennom lapp for lapp, minne for minne. 2023 var eit år med både kjekke og kjipe dagar, ein flott togtur i Finland, utforske Åland, mange små turar i nærområdet, hyttepåske, travel desember, orkesterkonsertar og alle dei små kvardagsgledene. Alle desse små lappane som me skriv og les år etter år – ein tradisjon som er godt og vel ti år gammal – er også kvardagsgleder. Mimre litt over året som er gått medan det skumrar ute, stearinlys på bordet, berre han der fine og deg ♥︎

28. jan. 2024

Ruskevêr gir mykje lesing





Plutseleg er årets fyrste månad snart over, og på torsdag byrjar eg i ny jobb. Blir kjekt å komme i gong samstundes som eg er spent. Som du sikkert har skjønt, har eg også denne veka fått lese mykje. Det er stadig nye bøker som eg ønskjer å lese, og den der lesehaugen blir liksom aldri mindre; trur det er eit kjent fenomen for oss bibliofilar ;) Trass noko ruskevêr, har eg vore ute og gått. Og på torsdag var det eigentleg ganske bra og fint vêr, og det var kjempekoseleg å gå ein times tid i lag med ei god vennine. Praten gjekk i eitt og det var godt å bevege på oss og nyte januarlufta. Bra Studio Ghibli-film, brettspel, kinobesøk med fine folk og litt strikking, ei veke etter min smak:
 
inga overrasking at eg les fleire bøker på ein gong (liker framleis det artige rottebokmerket) 
gå tur opp til Vålandstårnet med ei god veninne midt i veka
ho, ho, denne pingvinstolen såg ganske digg og morosam ut 
gå og sjå The Holdovers på kino – for ein hjartevarm, humoristisk og litt alvorleg film!
ler godt av Kongen befaler som no er i gong igjen med ny sesong 
Lucy Pittaway har ein så herleg og artig stil på dyra ho lager bilete av
spele "Takenoko", eller Pandaspelet, etter laurdagstaco og film
superkult at denne Christie-podcasten har rangert alle romanane av Christie, frå "best" til "verst"
treffe på ein skeptisk katt og ein gjespande, nysgjerrig katt på ein og same spasertur  
gå til byen sjølv om det var ruskevêr ("Det finnes ikke dårlige klær...")
blitt ein tradisjon i sundagslista: søte Bami og like skjønne Dami, dei finn på så mykje løye
stort og raudleg hus mot den lyseblå himmelen
å endeleg lese bok nummer fem i Heartstopper-serien av Alice Oseman!
"Top 20 Iconic Broadway Dance Numbers" – musikalar og dansenumre; ja, takk!
orkesterøving, trur konserten 18. februar blir kjempebra
ta ein titt på (men ikkje kjøpe) glittergarnet hos Selfmade (tidlegare Stoff og stil)
interessant lesing inne hos Synne ang. Harry Potter-forfattaren
lese mi fyrste bok av Agota Kristof
lyset på himmelen fredagskveld
Rebeccas lille video full av nydeleg vinterstemning (og teksta ved sidan av videoen)
boka Stillheten er et øksehugg av Tom Ingar Eliassen var ei sår historie
mjuk start på dagane med god kaffi, ullgenser og ei bok i fanget

26. jan. 2024

🕊🎶


30. desember 2022. Tankar om ein song på årets nest siste dag. For eit drygt år sidan skreiv eg ned nokre ord om "Benedictus" av Karl Jenkins. At eg fyrste gong høyrde den på julekonsert med Ole Edvard Antonsen på trompet i konserthuset. At eg har fleire versjonar av den på julesonglista mi, og fleire av versjonane også er på lista mi over rolege songar. Songar eg ofte speler medan eg sit og les. Berre i dag dukka songen opp to gongar i løpet av ganske kort tid. Kvar gong den kjem, kjenner eg at skuldrene blir låge. Ro. Stille. Når regnet piplar ned ute, ein dag er grå og ting er kjipt, kan likevel "Benedictus" få det heile til å sjå lysare ut. Karl Jenkins forklarer her kvifor songen kjennest så vakker og mektig ut på same tid. Komponisten skreiv songen som ein del av messa The Armed Man – A Mass for Peace, ei messe dedisert til offera under Kosovo-krigen på 90-talet. Med alt som skjer i verda no, er heile verket enno aktuelt. Av og til set eg på heile messa og høyrer meg gjennom det dramatiske, det triste, det rolege, det håpefulle. Melodisk håp om ei betre verd. Ein melodi eg kan høyre om og om igjen, i mine øyre som balsam for sjela. Vakker harmoni, uansett tid og stad.

24. jan. 2024

Når den krittkvite snøen ligg som eit tynt teppe











Snøkvitt vinterlandskap på sitt aller finaste. Før det blei for mykje snø, før det sidan regna heilt bort og blei til slaps og sorpevatn. No er det heilt bert ute. For det skal eg innrømme: når snøen ligg der som eit tynt teppe, så lys og fin, då kan den få lov til å liggje. Ein liten tur frå UiS via den botaniske hagen og over Ullandhaug. Sola strålte som aldri før. Sauane med si tjukke ull såg ut til å ha det fint (sjølv var også eg pakka inn i ull frå topp til tå), og det var ein herleg trasketur på ein dryg halvtime.

22. jan. 2024

Relativt mjuk januarmåndag




Vinden ulte og regnet bøtta ned i natt. Vakna opp til det same vêret i dag tidleg, og då var det litt ekstra fint med god kaffi, ei bok og dei kulaste putene (kjenner meg veldig igjen i alt det som står på bokputa). Ein mjuk start på dagen og veka. Trass ruskevêret, fekk eg gått ein tur til byen og "biblå". Alle kjenner jo ordtaket "Det fins ikke dårlig vær, bare dårlige klær", eller kva?! Tihi, eg var nesten for varm då eg var framme sidan eg hadde tatt på meg ullundertøy og heile pakka. Godt å bevege kroppen litt, og vel heime, har eg lese meir. Koser meg også med strikkinga, elskar Markagarnet frå Oslo Mikrospinneri. Er ikkje så mykje eg har igjen på akkurat det strikkeprosjektet, og slit med å finne ut neste prosjekt. Eller, eg har garnet og veit kva eg vil strikke, men eg klarer ikkje å bestemme meg for sjølve fargekombinasjonen. Rett og slett valets kval. Men akkurat no er det tilbake til boka ;)

21. jan. 2024

Miniteselskap midt i veka




Torsdag var eg på jobb i fem timar. Frå og med 1. februar finn du meg nemleg på Norli på Madla, og eg hadde ei lita vakt allereie denne veka. Trur det kjem til å bli bra. Når det gjeld vinterstemninga, har me som store delar av Noreg hatt ein heil haug med snø. Starta med eit lite lag på måndag, sidan blei det berre meir og meir medan det i går og (særskilt) i dag har regna vekk igjen. Mange gåturar på meg har det ikkje blitt på dette føret, men to små spaserturar blei det no trass alt det kvite på bakken. Kjempekoseleg å vere hos ei veninne onsdagkveld, og me prata, mimra og hadde eit par kjekke timar i lag. Mesteparten av helga har eg kost meg inne med å lese bøker medan det storma ute. Tihi, den der lesehaugen blir – som nemnt – aldri mindre. Ikkje oppsummeringslista heller:
 
tysdagsformiddag med kaffi, ei bok og orkesternotestudering 
boka In the Greek Midwinter av Mandy Baggot var ei herleg, lita utflukt til varmare strøk
Nicola Walker i krimserien Annika, ho eig skjermen i tillegg til at eg diggar serien
smykkedesignet Ava og Ea frå Embla er utruleg lekre
vinter i den botaniske hagen: den gule og kule stolen skein verkeleg opp
✦  "Mobilmanien dreper musikkmagien" – veldig bra skrive om mobilbruk på kulturopplevingar
høyre på ein podcastepisode av The Comfort Book Club der dei prata om ei miss Marple-bok
solstrålane på den snøkvite enga 
gøy med orkesterøving
snødekt allé ved Mosvatnet då eg gjekk heim frå jobb på torsdag
Niina sine stemningsfulle bilete i dette blogginnlegget med ekte novembermotiv
strikkestund i byrjinga av veka 
lage laurdagspizza, sjå film og spele ein runde "Azul"
synest Datteren i Paris av Kristin Harmel var betre enn hennar førre (og alltid latte og noko attåt)
altså, videosnuttane av Bami og Dami er alltid like søte, uansett om dei søv, slåst, et eller leiker
ein time i ein avslappande flytetank i lag med finaste mannen
prøve å oppsummere fjorårets bokår, så mange gode bøker som eg las i 2023!
småhumrar av desse små historiene frå då dei laga The Princess Bride-filmen
Judith Hermanns bok Vi skulle fortalt hverandre alt
illustrasjonane til Sara Rhys, særskilt av lundefuglane, er ordentleg flotte
tilbakeblikk på ein tur førre veke då det var is på vatnet og eg kjente sola varme andletet
miniteselskap hos ei god veninne, og det blei både scones, te, kake, prat og mykje latter :)

19. jan. 2024

Salt og søtt




Over eitt år sidan me prøvde flytetank for fyrste gong, nærmare bestemt i desember 2022. Nyleg var me innom Jæren Flytesenter for andre gong, og det var like herleg og avslappande som sist. Ein ligg i ein stor tank der vatnet inneheld 26 prosent mineralsalt, noko som gjer det veldig enkelt å flyte. Vatnet er kroppstemperatur og når ein ligg der og flyt, er det som om ein er heilt vektlaus. Du bestemmer sjølv kor lenge du vil flyte, om du vil flyte aleine, som par i ein tank eller ein såkalla veneflyt og om du vil ha musikk og lyset i tanken av eller på. Å, ein time slik med heilt avslapping, det kan eg verkeleg anbefale! Og eg berre måtte ta eit lite bilete av den søte flodhesten som stod på ei lita hylle inne på badet, for den var akkurat passe søt, tihi. It's all in the details!


Spelekveld med eit venepar er også noko me har gjort no nyleg, nærmare bestemt for akkurat ei veke sidan. Altfor lenge sidan sist, og det var superkjekt å spele "Azul", "Imagine", "Tiki Topple" og eit lite kortspel til slutt. Mykje prat og latter blei det også, i tillegg til litt kake; eg hadde nemleg laga sitronkladdkake. Nokon syntest det var bittelitt mykje sitron i (les: ikkje meg), men at vaniljeisen balanserte det ypperleg. Uansett for mykje sitron eller ei, det var ein bra og finfin kveld! Dagen etterpå hadde me litt restar til dessert medan me las i kvar vår bok, helgestemning de luxe.

18. jan. 2024

Mitt bokår 2023 📚

Bøker, alltid bøker. Lesestund om morgonen med dagens andre kaffikopp, lesestund på ein kort busstur eller ein lengre togtur. Lesestund på kafé, lesestund på ferie, lesestund på senga før me sovnar. Alltid lesing, og 2023 var eit bra bokår for min del. Ikkje enkelt å oppsummere, men dette er no eit forsøk på å skrive ned kva bøker som fekk meg til å smile eller gråte, kva bok som fekk meg til å tenkje, kva bok eg verkeleg koste meg med. I fjor las eg 160 bøker der 93 av dei var frå mi eiga bokhylle (les: eg inkluderer lesebrettet som eiga bokhylle), noko som vil seie omtrent 58 prosent; kan ikkje anna enn å seie meg veldig nøgd med det. Skal fortsetje med lese meir frå mi eiga bokhylle også dette året. I tillegg har eg eit eige lesemål for 2024, og det er å lese ei fagbok i månaden. Og for sjette året på rad, blir eg med på #readchristie-utfordringa. Ein av dei absolutte favorittane eg las i fjor, var nemleg Evig natt av Agatha Christie, gleder meg stort til å lese fleire av hennar bøker. Når me fyrst snakkar om krim: Ann Cleeves sine krimbøker las eg også ein del av, mellom anna dei to fyrste i Two Rivers-serien. Og så må eg ikkje gløyme bok nummer fire i Torsdagsmordklubben-serien av Richard Osman. I mine auge er den framleis ein ordentleg kosekrimserie!
 
Mitt lykkested av Emily Henry overraska meg. Eg har lese fleire av Henrys bøker – likt dei veldig godt – og dei fleste er litt meir beint fram feelgood-bøker. Hennar nyaste bok var meir sår og hjartevarm enn det eg hadde sett for meg, men på ein veldig positiv måte, og dette var ei av dei beste bøkene eg las i fjor, den stal hjartet mitt litt ekstra.
Funny Feelings av Tarah DeWitt hadde meir alvor og djupn i seg enn det eg trudde, litt som Mitt lykkested, og den var verkeleg ei bok slo an for min del. Dødens læregutt av Terry Pratchett fekk eg anbefalt av mannen min, og eg småhumra godt fleire gongar medan eg las den. Sjangermessig er det ikkje ei bok eg ville valt ut sjølv, difor var det litt ekstra kjekt at denne koste eg meg ordentleg med.

Når ein les bøker, er det jo på ein måte som å reise. Med
Kjærlig hilsen fra London av Sarah Jio fekk eg meg ei reise i bøkenes verd, heilt bokstaveleg talt, og boka er ei av favorittane. Med boka Armstrong av Torben Kuhlman tok eg ei reise til månen (og boak er i tillegg nydeleg illustrert). Around the World in 80 Trains av Monisha Rajesh var ei leseoppleving der eg fekk reise på kryss og tvers med tog, og den fjerde boka i Harry Potter-serien tok meg tilbake til trolldomsverda. Det gjorde også The Very Secret Society of Irregular Witches av Sangu Mandanna: ekte bokmagi med hekser og magi, herlege karakterar, ein liten dose kjærleik og om det å finne ein stad der ein endeleg kan kjenne seg heime. I Egne steder av Kristin Valla fekk eg eit glimt av den franske landsbygda.
 
Aller helst les eg enkeltståande bøker, men av og til dett eg over ein serie eller to som tar meg med storm. I fjor var det bøkene om Bergman-brødrene av Chloe Liese og Christmas at Castle Street-trilogien av Jessica Redland. Eg diggar at Liese skriv om kjærleik der fleire av hovudpersonane har eit handikap, har ein autismediagnose eller at ho skildrar skeiv kjærleik. den tredje boka frå Helen Hoang, The Heart Principle, i hennar serie, og både den og dei to andre bøkene er kjempekjekke. Las også den siste boka i Tremarnock-serien av Emma Burstall. Ser at eg ikkje las nokre Herriot-bøker i fjor sjølv om eg har dei hylla, så det får eg sjå til å gjere noko med i år ;)
 
Ikkje sjeldan ser du meg felle tårer når eg les, eller når eg ser ein film.
Harold Frys utrolige pilegrimsferd av Rachel Joyce er deifintivt ei slik bok. Do You Know Me? av Libby Scott og Rebecca Westcott (las jo den fyrste, Can You See Me? i 2022) er ei anna. Oskar og meg av Maria Parr fekk meg til å både smile, le, undre og felle nokre tårer, makan til bra barnebok skal du leite lenge etter. The Christmas Holiday av Sophie Claire og De tre av Valérie Perrin fortener også å bli med her.

Om ein tar eit blikk på kva sjanger eg les ein del av, må eg nok innrømme at mange av bøkene, er ekte feel-good. Men som eg har skrive tidlegare: eg les fyrst og fremst det har lyst til når eg sjølv ønskjer. Likevel er det nokre bøker, både skjønnlitterære og fagbøker, som belyser viktige tema. Uønska åtferd av Olaug Nilssen
der ho skriv utan filter om ein familie der eit av borna er psykisk utviklingshemma og korleis dette påverkar heile familien. Forlatte steder av Cal Flynn er fascinerande, skummel og håpefull medan Fri av Lea Ypi er ei memoarbok om ein oppvekst i Albania under og etter eit diktatur. Og så må eg ikkje gløyme Vestlandsvegar og Fleire Vestlandsvegar av Halvor Folgerø. Farlege og spektakulære vegar, dette var to kjempekjekke bøker.
 
Når ein les, oppdagar ein gjerne noko nytt. Ein kan sluke ei bok, forsvinne inn i nye univers, utforske frå stovekroken. Bøker der orda fyk av garde, og ein berre vil ha meir av det same.
Tress of the Emerald Sea av Brandon Sanderson las min betre halvdel og eg samstundes, og det var utruleg spennande å dykke ned i den same boka og berre bli der for ei stund. Elles var det kjekt å vere tilbake i den magiske bokhandelen med Trehusbiblioteket av Anna James. Framleis ganske fascinerande å tenkje på korleis det ville ha vore å prata med sine favorittkaraktarar! Hemmelighetene i stormskogen av L. D. Lapinski var den siste boka i serien om Fremmedsteds reisebyrå, eit univers som det har vore stas å bli kjent med. Og ikkje minst Tore Renbergs Lungeflyteprøven. Her er det dryge 550 sider med eit djupdykk ned i ei anna tid der Anna Voigt er personen det heile starta med, ho som var mistenkt for spedbarnsdrap. Renberg har skrive ei bok der saka Anna Voigt blir utforska på fleire måtar, ei god blanding av både fiksjon og sakprosa, her er det berre å setje seg ned og lese!
 
Joda, tårene kjem raskt når det er noko fint, trist eller rørande i boka som eg les, men det er fleire bøker som også får fram smilet, får meg til å humre.
The Princess Bride av William Goldman er ei slik bok, ei bok full av humor, "breaking the fourth wall", eventyr og romantikk. Lovelight Farms av B. K. Borison og The Secret Life of Albert Enwistle av Matt Cain  var begge bøker som gav meg ein god, varm klem (og begge vil eg absolutt seie er to favorittar frå fjorårets bokår, særskilt sistnemne som også fekk fram tårene, tihi). The Place Between av Kit Oliver fekk meg til å humre godt innimellom, og det gjorde også The Great Escape from Woodlands Nursing Home av Joanna Nell.

Og så har du nokon som skriv bøker som er heilt nydelege. Vakre og poetiske ord og skildringar.
The Little Prince av Antoine de Saint-Exupéry
er ein ekte klassikar som eg må nemne her. Mannen bak De åtte fjellene, Paolo Cognetti, kom i fjor ut med
Ulvens lykke. Nok ein gong har han skrive ei bok full av dei finaste naturskildringane. Siste sats av Robert Seethaler, Ellie and the Harpmaker av Hazel Prior og Mange mil før mørket faller av Jocelyne Saucier er tre andre bøker eg gjerne vil nemne. Alle desse forfattarane har eg lese bøker av tidlegare og likt veldig godt, og det er bøker eg alltid ser fram til å lese. 

17. jan. 2024

Rim som glitrar



Snø her i byen igjen. Kvitt over det heile. Veit ikkje heilt om eg liker det, men det er no slik det er. Håper det ikkje kjem så altfor mykje meir, at det no berre kan liggje som eit kvitt teppe, slik at eg på ein eller annan måte kan synest det er heilt greitt, til og med gå ein tur eller to. Me får sjå. Om ikkje anna fekk eg gått eit par turar førre veke då det var tørt og kaldt. Rimet låg overalt som små krystallar, visse stadar var det nesten kvitt. Mosvatnet var trygg å gå på og mange var ute på skøyter. Sjølv skøyta eg littegrann med sko på, for eg måtte jo våge meg utpå eg også ;) Heilt herleg å kjenne solskinet på heile kroppen, innimellom stoppe opp og beundre alt rimet som glitra i solskinet.







Når solstrålane finn vegen mellom trea, dei nakne trea som framleis står der utan grøne blad, eg smiler. Smilet var stort då eg fann solstrålar overalt kor eg gjekk, korleis buskar som ser brune og visne fekk eit nytt liv med rimet som glitra då sola trefte dei. Kameraet var framme heile vegen fordi eg stadig såg noko eg fekk lyst til å fange på film. Kanskje finn eg også fotomotiv i snølandskapet.

15. jan. 2024

Fargesprakande himmel



 

Balkongutsikt tidleg ein morgon. Torsdag førre veke berre måtte eg ein snartur ut på balkongen sjølv om det var godt under minus ute, for ein slik soloppgang! Også fredagsmorgon fekk me oppleve ein like vakker soloppgang. Slike morgonar. Kvardagsmagi, om så berre for nokre minutt.

14. jan. 2024

#readchristie også i år




Lesing på høgt nivå gjennom heile veka. Det å kunne slappe av med ei god bok, det er noko heilt eige ved det, skuldrene blir låge. Eg prøver å få til ei (eller fleire) lesestund kvar dag. I byrjinga av veka var det tørt og kaldt ute, difor nytta eg så klart sjansen til å komme meg ut på eit par turar i nærområdet. På tysdag var det fyrste øving med orkesteret etter jula, ei kjekk øving sjølv om det var ein del som ikkje var på plass sånn note- og spelemessig ;) Og når det gjeld jobbnytt: eg fekk tilbod om ein jobb her om dagen og byrjar neste månad! Det får komme meir om det seinare. Fredagskveld kom med brettspel, prat og latter med eit venepar. Helga har vore roleg, han har skrive og eg har lese og rydda litt i heimen. Snart er det på tide å leggje oss, skal berre få skrive ferdig her fyrst:
 
boka Stylesmysteriet er fyrste bok ut i årets #readchristie-utfordring (Poirot og Hastings, altså!)
og Mjøsa rundt med mor er den fyrste boka i mi eiga utfordring: lese fleire fagbøker
å, desse magiske soloppgangane me har her i byen for tida
solstrålane i ryggen ute på tur
sjå sesong tre av Slow Horses – Gary Oldman er berre heilt rå i rolla som Jackson Lamb!
fine sprossar rundt vindauga på eit murhus
liten pus som blir bestis med ein finfin hund 
taco og filmen Katteprinsen i går kveld
lage sitronkladdkake til fredagsbesøket, smakte godt med litt restar til dessert i helga
siste bok i ein kjekk trilogi: Starry Skies over the Chocolate Pot Café av Jessica Redland
for ein stilig bokfontene
vintermåleriet etter farfar
endå fleire krystallar ute
litt festleg lesing om ein katt som tok seg ein ferjetur 
få eit jobbtilbod
byrje å sjå Heartstopper
framleis stas å bruke (jule)vinterserviset med dei vakraste dompapane
årets fyrste orkesterøving
søtaste Dami som passar på like søte Bami
"Azul" var eit av spela me spelte på fredag, kjempegod stemning :)
romantisk komedie i bokform med The Co-op av Tara DeWitt