31. juli 2022

Nusseleg kanin mot slutten av juli og ei veke full av togturar

Etter nærmare tre veker på farten, kom me heim utpå fredagsettermiddag. Nei, eg skal ikkje prøve å oppsummere tre veker i denne sundagslista, så eg kjem difor til å halde meg til denne veka som nettopp har vore. Men etter ein interrailtur (for det meste) i England, kan eg nemne: Agatha Christie-galleri og hennar ferieheim, bading, tur i Yorkshire Dales, cream tea på kaféar, til saman 38 togturar (40 om ein reknar med tur-retur historisk damplokomotivtur), eit teaterstykke og ein musikal, besøke The World of James Herriot og The World of Beatrix Potter, båttur på innsjøen Windermere, ein god del lesing kvar einaste dag og så mykje, mykje meir. Varme og kanselleringar har det blitt, likevel har me har no komme oss dit me skulle på eit vis. Som vanleg når me har vore på ferie og opplevd ting, har det blitt mange bilete, og fleire av dei kjem eg til å dele her på bloggen, men fyrst må eg lande. Eg kjem ikkje til å stresse, det er jaggu meg mange blinkskot å gå gjennom. I helga har me tatt det med ro med film, lesing og eit besøk hos nokre venar på Hundvåg. Som du skjønner har me hatt ein opplevingsrik tur og fine siste dagar på togferie:
 
lese ut Den forsvunne domprosten av Christie (og jepp, biletet er tatt foran ferieheimen hennar!) 
stas at Christie-kontoen på Instagram delte akkurat det bokbiletet
stor stas å besøke James Herriot-museet i Thirsk, han som har skrive All Creatures Great & Small
Disneyfilmen Encano og knallgod, heimelaga vegetarpizza i går kveld
junibilete i fleng inne hos Et katteliv – får ordentleg sommarstemning :) 
trass mange flotte overnattingsstadar: så herleg å endeleg sove i vår eiga seng igjen! 
løyse kryssord ombord på ferja heim til Noreg og sjå solnedgangen over båtripa
Conor Nickerson som på ein utruleg kul måte har Photoshoppa seg sjølv inn i barndomsbilete
for ein søt kalv som leikar som aldri før med ein hund
biletet blei litt lite, men boka Both Can Be True fekk meg til å felle tårer og er veldig godt skriven
gammal klokke, berre ei av detaljane på koselege Kirkgate House Hotel i Thirsk
ete god frukost på det kule hotellet Bunk midt i Utrecht
knallgøy å sjå musikalen Anything Goes på Barbican Theatre
togturen heim frå Kristiansand til Stavanger, sjå det norske landskapet frå togvindauget
å, i Hellas-episoden av denne serien kan ein få glimt frå nydelege Korfu
fascinerande lesing om sauebonden og landskapet i Lake District, ein plass me nyleg besøkte
bruke den nye T-skjorta mi, og kjekt at Easy as Knit delte mitt bilete av den
besøke venar Hundvåg og helse på den supersøte kaninen deira, ser du at den rekker tunge?! ;)
koseleg å prate lenge med dei fine folka, og det blei også kaffi og kanelsnurr i kaféen deira

13. juli 2022

Stilig sommartopp




Både gøy og avslappa med noko kjappstrikka på pinnane. Lenge hadde eg leita etter ei enkel oppskrift som kunne likne på T-skjorta Monica i Friends har på seg i ein tidleg episode av serien. Det er ei enkel T-skjorte med dobbelt vrangbord (2 rette, 2 vrange) der vrangborden er litt lang og sjølve skjorta er litt kort. Kom plutseleg over Easy Basic Tee frå Easy as Knit, og eg brukte den som utgangspunkt. Garnet er bomullsgarnet Paris frå Drops i ein herleg vinraud farge.

 
 
 
Og eg kunne ikkje blitt meir nøgd! Strikka alle vrangbordane (halsen, erma og nedst på toppen) noko lengre enn det som stod i oppskrifta, men eg prøvde den på fleire gongar undervegs slik at eg lett kunne tilpasse den akkurat slik eg såg føre meg (det er det mest geniale ved å strikka ovanfrå og ned). Veit eg seier det omtrent kvar einaste gong, men dette er allereie blitt ein favoritt i klesskapet. Nytt garn i ein stilig blåfarge ligg og ventar, for denne toppen berre må eg ha fleire av!

11. juli 2022

Djupe røter



Om ein dryg månad kjem Markéta Irglová ut med eit nytt album. Til no har ho delt ein song, "My Roots Go Deep", og eg kunne høyrt på den om og om igjen. Markéta har ei stemme som er mjuk og vakker å høyre på, for meg er det som balsam for sjela. Musikkvideoen er filma i kontinuerleg opptak, noko som passar godt til stemninga og teksten i songen. Berre eit mjukt måndagstips.

10. juli 2022

Relativt avslappa ferieveke




Hos oss har det vore ordentleg feriestemning heile veka. Stå opp halvseint, treige morgonar, få avtaler og lite på programmet. Ein del av tida har gått med til å pakke og planleggje resten av turen vår, for no er me faktisk ute på interrail. Jepp, dette innlegget er skrive på førehand, og om ein ser bort frå eit par andre innlegg som kjem til veka, vil det bli stille her nokre veker. Men då har eg masse kjekt å vise utpå seinsommaren og hausten! Lunsjdate med ei veninne på måndag, og på onsdag var me og broremann heime på Sola ein tur for spel og heimelaga is. Ho eine tanta vår var der også og hadde med seg finaste Balto, ein ordentleg sjarmør i krøllepels. Men nu, nu kör vi:
 
både tøff og vakker bok, The Garden of Evening Mists er ei bok eg kjem til å hugse lenge 
sjå ferdig fyrste sesong av Heartstopper, å, for ein heilt nydeleg serie (og tårene rann!)
tihi, denne lille katten sluttar aldri å sjarmere
Alice Oseman er blitt ein av mine favorittforfattarar, las nyleg ut Jeg håper noen kan høre meg
vassliljene i Vannassen
Markéta Irglová som delte eit bilete frå heimbyen der det var 15-årsjubileum for filmen Once
stilige, gamle og fargerike lamper på ein kafé midt i byen
gleder meg veldig til å endeleg sjå Agatha Christies The Mousetrap på teateret
måtte smile då eg las namnet på ein klesbutikk i sentrum: "Fine mann" 
ete god lunsj og prate mykje i lag med ei god veninne på Jordbærpikene
å, sjå på desse øyra til denne lille hunden, og ikkje minst dei bittesmå kattepusane
likte godt She Drives Me Crazy, akkurat passe humoristisk, alvorleg, skeiv og litt sukkersøt
viss vêret blir dårleg i sommar: The Durrells ligg framleis ute på NRK Nett-TV :D
reiseinspirasjon de luxe då eg las boka Ferie med tog av Sigrid Elsrud
Wilda er god på å tipse om bærekraft og gjenbruk, og på dette biletet finn ein flotte bruktplagg
"Imagine" er eit himla artig spel, og me hadde det gøy på Sola på onsdagskveld 
strikke og lese innimellom pakkinga
byrje å sjå sesong tolv av Taskmaster
utruleg stas at ein no kan høyre musikalen Chess på norsk på Spotify (og eg kjenner trommisen!)
Balto er på besøk hos mamma og pappa, og han fann seg ei mjuk pute å leggje hovudet på
ei lita fjør midt alt det grøne graset

8. juli 2022

Den årlege Kronen Gaard-middagen




For dei som har følgt med her på bloggen ei stund, veit at me hadde bryllaupsfeiringa vår ute på Kronen Gaard, og kvart år omtrent på denne tida drar me dit for å ete ein god middag. Blei ein god månad på etterskot, men det har det vore andre år også, for oss er det ikkje så viktig at det er på sjølve bryllaupsdagen. Mamma, pappa og broremann var også med, og medan me venta på dei to fyrstnemnde, fekk eg broren min til å ta bilete av mannen min og meg under den store, flotte hengjebjørka. Gøy å ha på meg ein flott kjole eg nyleg kjøpte på ein bruktbutikk i byen.
 





Tinga laks til middag og sjokoladefondant til dessert, og begge delar smakte kjempegodt! Måtte ta ein smakebit av vaniljeparfaiten som mannen min tinga, også den var utsøkt. Gode og mette blei me alle saman. Blondegardiner og fin tapet ein plass, blomegardin ein annan plass og eit gammalt kasseapparat i inngangspartiet. Interiøret er som frå ei anna tid, og atmosfæren er roleg og fin.

6. juli 2022

I eit lite tjern




Kanskje ikkje så mange av dei enno, dei kjem nok når me er på ferie. Men dei få vassliljene som eg såg ved Vannassen, var store og knallrosa. Blada var det mange av, runde og like flotte som sjølve blomane. Nøkkeroser som nokon kallar dei, fyrste gong eg høyrde det namnet var då eg las Guro og nøkkerosene av Anne-Cath. Vestly. Barndomsminne, trur eg har lese alle bøkene hennar. Hugsar aller best bøkene om Knerten. Klarinettsoloen frå lydbøkene er for meg ein stor del av min barndom.

Alt dette i eit lite tjern.

4. juli 2022

The Landscapes of Anne of Green Gables 📗💚




Bøker i sofaen, bøker på nattbordet, bøker i bokhylla. Nokre bøker blir ståande lenge i hylla før eg les dei. Ikkje fordi eg ikkje vil lese dei, men fordi eg ikkje vil dei skal ta slutt. The Landscapes of Anne of Green Gables av Catherine Reid er ei slik bok. Eg såg den då me var i Canada for dryge fire år sidan og sa ganske raskt til mannen min at den boka ville eg ha. Eit par veker etterpå hadde me bryllaupsdag og han hadde kjøpt boka i ein butikk utan at eg hadde sett det. Nyleg blei saknaden etter Canada og aller finaste Prince Edward Island veldig stor, og dimed fann eg fram boka som ei trøyst. Og boka skuffa ikkje! Berre omslaget i seg sjølv, både med og utan det lause omslaget, er himla vakkert. Me finn utdrag frå Anne of Green Gables-bøkene og dagbøkene til Montgomery, og saman med fantastiske bilete og fakta om øya, er dette ei kjempeflott mimre- og landskapsbok.
 

"And I could once more enjoy the cold pure beauty of the landscape... The snow crackled and snapped under the runners. The sky faded out but the strip of yellow along the west got brighter and fierier, as if all the stray gleams of light were concentrating in one spot, and the long running curves of the distinctness and bare birches hung their slender boughs against the cold with the very perfection of grade." (s. 222, opprinneleg frå The Selected Journals of L. M. Montgomery, vol 1). Og jada, eg ser at boksidene med fyrtårna er med to gongar, men det gjer ingenting: fyrtårn er veldig typisk ute på PEI. Alle dei fine orda som skildrar landskapet, og bileta som gong på gong viser øya akkurat slik eg hugsar den, eg drøymde meg vekk ei stund medan side for side blei snudd

3. juli 2022

Is og lesing på solskinsdagar












Kan vel seie at eg har ferie no. Han fine og eg hadde sett av tre veker senare i juli og inn i august som ferieveker, men no er det slik det er med tanke på at eg er mellom to jobbar, og dimed blir det ferie litt lengre. Vêrgudane har (stort sett) vore på vår side denne veka, så lesing på balkongen og ved Vannassen har det blitt, og eg har nytt det! Tur til byen x2, strikke ein heil haug med det grøne, flotte garnet, planleggje interrailtur, vere fleire timar i lag med ei god veninne og ta livet ganske med ro. Resten av veka har eg prøvd å oppsummere i ei sundagsliste, slik eg ofte gjer:
 
at mannen min har levert phd-oppgåva – kjempestolt kone!
fascinerande lesing frå Karin Ericsson i Den andre døden 
ny låt frå Markéta Irglová, gleder meg til nytt album i haust 
stikke innom Gladmatfestivalen med ei veninne og ete knallgod softis
artig å sjå kor sikker Brett er (TwoSetViolin) på at denne songen er frå Noreg ;)
Wales som reisemål i ein episode av Great Canal Journeys
bittesmå kattungar og ein snill golden retriever
tinge heim middag fredagskveld for å feire at mannen min hadde levert nemnde oppgåve 
nokre timar midt i veka i solskinet ved Vannassen
veldig mange gode varer hos Skjæveland Gardsutsalg
magisk solnedgang
strikketid, for det grøne garnet er berre heilt nydeleg
Elena Ferrante som i Innanfor margane skriv om nettopp skriving og lesing
me er kanskje ikkje heilt like, men alle er like mykje verde – sett på ein vegg i sentrum
Niina sitt magiske bilete av soloppgang i tåkehavet
stikke innom svømmehallen for å helse på og sjå ein undervassrugbykamp 
og det norske kvinnelaget vann gull og herrelaget tok bronsen (europameisterskap)
flausar frå den finaste serien Heartstopper
og apropos Heartstopper: stas å sjå ei bokutstilling med bøkene på Ark midt i byen 
sydentemperatur i Tromsø, ordentleg sommarstemning hos Et katteliv
sundagsmiddag i lag med familien ute på finaste Kronen Gaard 
laurdagspizza og filmen Holiday frå 1938 med Katherine Hepburn og Cary Grant
alltid balkonglesing

1. juli 2022

Reprise av ved eit lite vatn


Onsdag var det akkurat ei veke sidan eg hadde min siste dag på jobb i svømmehallen. Ei dryg veke har gått fort, og for det meste har eg tatt det med ro, prøvd å lande. Onsdag var også ein dag med superfint vêr, akkurat slik det var andre pinsedag. Eg smurte meg med solkrem, fann fram herlege sommarklede, pakka vatn og litt anna i ein sekk og sykla til Vannassen. Endene koste seg i sola, eg såg to skjønne måkeungar og gjekk berrføtt i graset, både i skuggen og i sola rett ved vasskanten.
 



I sekken hadde eg med med både bok og strikketøy, og eg slappa av fyrst med det eine, så med det andre. Engsoleie og små, høge strå mot ein lyseblå himmel. Eg høyrde nokre som sprang rundt vatnet og såg andre som spaserte roleg rundt, som tok seg ein pause på ein benk og naut solskinet i andletet. Akkurat som andre pinsedag slappa eg ordentleg av eit par timar på graset ved eit lite vatn.