2. aug. 2023

Seine julidagar hos svigers



 
Prøver å sitje ute på balkongen for å lese, både i går og litt i dag, men der blir det nesten for varmt. Ute i hagen til svigers førre laurdag var det akkurat passe sommartemperatur og det var berre heilt herleg å sitje ute og lese i kvar vår bok. Jaggu meg var det plutseleg ei lita grashoppe som ville vere med å lese, og det fekk den lov til, tihi. Den sat der ei stund før den hoppa vidare på nye eventyr.




Solnedgangen over fjella heime hos svigers, eit magisk syn me får oppleve så å seie kvar gong me er der. Sukk, rett og slett. For det er ei eiga oppleving kvar gong. Ein av dagane var me på den koselege kaféen Stolt Mat, og det er så utruleg stas at bygda har denne plassen med ein så herleg atmosfære. Stas var det også å ta ein liten tur ut til dei gamle Skodjebruene, det kjem fleire bilete både frå kaféen og frå bruene (men som vanleg tar det litt id, har jo også bilete frå togturen å gå gjennom). Kaffi i en favorittkopp, godt pledd og ei kjekk bok, akkurat slik ein ferie på Sunnmøre ofte ser ut.

Legg igjen ein fin tanke