31. des. 2022

Som ei nyttårsstjerne


Adventsstjerna får hengje i vindauget litt til, i år som i fjor. Som ei nyttårsstjerne med sitt varme, gylne lys. For årets siste dag er her, og i morgon skriv me eit nytt år. På tampen av både 2020 og 2021 skreiv eg at eg ønska meg eit mjukare år, og på nokre område blei det slik i år. 2022 var året det gjekk an å reise igjen og me hadde ein kjempekjekk togtur i England der eit besøk i Agatha Christies feriehus var eit av dei store høgdepunkta. 2022 har vore året me kunne vere meir sosiale, noko som for min del var uvant etter to år med sosiale restriksjonar. I tillegg sa eg jo opp jobben i svømmehallen etter å ha vore sliten og nedfor over lengre tid, og det har tatt ei god stund å få tilbake energien. Krig og uro har også komme med skarpe kantar i 2022. Men oppi alt; eg har lese så mange gode bøker, fleire konsertar og musikalar sit igjen som flotte opplevingar, endå meir strikking, ny jobb på Vitenfabrikken, og også i år har me gått fleire turar i byen vår. For vår del blir nyttårsaftan veldig roleg, men det er heilt greitt det også – ønskjer alle eit godt nytt år og velkommen til 2023!

30. des. 2022

Tankar om ein song på årets nest siste dag



Regnet høljar ned ute. Dropane renn nedover vindauget. Årets nest siste dag byrjar å nærme seg slutten. Etter å ha komme heim frå ein travel dag på jobb, har eg tatt fram boka eg les akkurat no. Frå høgtalarane kjem det enno julemusikk – eg høyrer på julelista mi så lenge eg berre kan. "Benedictus" av Karl Jenkins har eg tre forskjellige versjonar av på den lista. Songen er kanskje ikkje ein julesong, men etter at eg fyrste gong høyrde den då Ole Edvard Antonsen spelte songen på julekonserten hans for fire år sidan, har den vore ein del av julesongane eg berre må høyre. Tidlegare har eg delt Hauser sin versjon av songen, i dag legg eg ved originalen. "Benedictus" er ein del av messa The Armed Man – A Mass for Peace. Messa er dedisert offera i Kosovo-krigen på slutten av 90-talet, men den passar like godt no. Kanskje vil den dessverre passe til alle tider. Eg veit ikkje. Likevel. På eit eller anna vis gir songen meg eit håp, den gir meg ei ro. Å høyre på den medan eg les får meg til å stoppe opp ein augneblink, berre lytte til musikken, høyre den byggje seg opp, lytte til koret når dei kjem inn. Så les eg vidare og lar songen vere der med meg i tankane.

29. des. 2022

Lektyre no i desember


Når desember kjem, er det fram med alle julebøkene eg har lagra på lesebrettet eller som eg vil låne på biblioteket. Vel, eg byrjar nok i slutten av november, då klarer eg ikkje å vente lenger. Denne jula har eg til no lese ein tolv-tretten julebøker, tihi. Ei av dei mest rørande var Julens ni liv av Florence McNicoll der katten Felicia og Battersea Dogs & Cats Home er i fokus. Ordentleg hjartevarm historie! Mandy Baggots bøker, både sommar- og julebøkene som ho skriv, har eg lese fleire av dei siste åra. "'London has its smells too,' Keeley told him as they fell into step together. She may not be able to experience them fully anymore, but she could definitely recall them. 'The Tube, that rush of warm, slightly sweetened air as the trains rush past... the parks in the springtime, daffodils, ducks... and different cultures.' She breathed, remembering. Crazy weird fruit outside Asian minimarkets and.. the food stalls at Lower Marsh Market. 'It sounds magnifique,' he answered her." (s. 156, A Perfect Paris Christmas). Og så må eg ikkje gløyme bok nummer fem om The Bromance Book Club, nemleg A Very Merry Bromance av Lyssa Kay Adams. Så lun humor og karakterar med både styrker og svakheiter. Kjempekjekt å lese ei ordentleg julebok som ein del av ein favorittbokserie!

28. des. 2022

Pingvinar og grompenissar i skjønn harmoni




Romjulspynt. Neida, ikkje berre romjulspynt; me har no hatt julepynta heim heile desember, men eg har gløymt å vise fram mine favorittar. I julebutikken på Tronsholen fann eg den søte pingvinen og fuglen på det øvste biletet i tillegg til piggsvina på det andre biletet. Klarte rett og slett ikkje å gå forbi dei ;) I ein kunstbutikk i Sandnes sentrum kjøpte eg glaspingvinen, for den var akkurat passe søt og rar på same tid. Grompenissane i keramikk smiler eg like mykje av kvart år, og telyshaldaren forma som ein sopp som eg fann på ein bruktbutikk eit år, er framleis ganske kul. Og så er det juletrepynten som eg heng på  trollhassel og eit kalendertre. Kulane med nupereller, keramikksopp kjøpt på ein marknad i Hay-on-Wye, glaspynt frå Solamessen, fuglar frå Hadeland Glassverk, broderipynt kjøpt på Etsy og arva juletrepynt  – alt i ei herleg blanding som for meg er jul.

27. des. 2022

Solajula




Tysdag og tredje juledag. Den er allereie snart over og i morgon skal eg på jobb igjen. Alltid rart å byrje på jobb midt i veka, og så plutseleg er det helg og eit nytt år. Puh, desse dagane har gått litt for fort for min smak. Men nok om det, sånn har juledagane vore sett ut. Nokon åt pinnekjøtt, andre ribbe eller medisterkaker. Riskrem med ein kjempegod bringebærsaus til dessert. Stor julefrukost både fyrste og andre juledag, og bordet var dekka med nisseserviset. Ingen hast, me sat under dyna med kvar vår bok og kaffi i ein kopp til alle hadde stått opp, slike treige og rolege morgonar.


Mummi-julekula er den finaste eg har. Ei relativt stor julekule, så den tok eg med til Sola og fann ein plass til den på juletreet. Og den søte, lille ugla og ei julekule med nuperellepynt. Pynten ein ser berre ein gong i året, må jo sjå på og beundre den litt ekstra. Me har spelt fleire brettspel, mellom anna det artige "Imagine" (kan du sjå kva yrke ein av oss har prøvd å få fram på biletet?!). Quiz i massevis, og både Zalo og Balto ville vere med og feire jula med oss. Zalo er heilt med når han får sitje på skuldra til pappa, for han er favorittpersonen. Å, desse rolege romjulsdagane!

25. des. 2022

Julerelatert sundagsliste




Juledagane. Eg var på jobb dei fire fyrste dagane denne veka og tok sidan fri lille julaftan. Godt å ha ein liten minijuleferie, ha god tid i lag med kjente og kjære, stå opp seint, lese mykje, høyre endå meir på julemusikklista mi, sjå på NRKs avdentskalendrar og eigentleg berre roe ned. Skal innrømme at den siste dagen på jobb, altså 22. desember, blei mykje travlare enn det eg hadde trudd med ein god del innom Vitenfabrikken og mykje å rydde og ordne opp før ferien. Men så kom ferien og til no har me altså tatt alt i vårt eige tempo. Lita sundagshelsing og årets siste sundagsliste:
 
pakke inn julegåver lille julaftan medan eg såg på Love Actually, den finaste julefilmen 
titte opp på Karlsvogna og nordstjerna ein morgon eg venta på bussen
likte godt å lese juleboka The White Christmas Inn, akkurat passe søt, fin og rørande
søtaste LEGO-pingvinen 
prat og ein kaffitår hos eit venepar midt på dagen lille julaftan
"Nordnorsk julesalme" med Moddi
juledekka bord og god julemiddag i lag med familien 
felle eit par tårer då eg såg siste episoden av Snøfall
kjempekjekt med lokale varer i julepresangen frå jobben
moro på Abelloftet (å sjølv vere med i kaleidoskopet) 
både Balto og Zalo er glade for å feire jula i lag med oss
å lese Synnes innlegg om det å prate med ein framand, koseleg person på trikken
julequiz og artige brettspel
Kulen som bommet, bok nr. tre i den herlege serie om Torsdagsmordklubben
nye julepingvinar og ei gammal juleplate som ein del av julepynten i heimen vår
fyrste juledagsmorgon med fyr i peisen, nytrakta kaffi, dyne i sofaen og kvar vår bok 
starte juleferien med ein nydeleg julekonsert med Bugge Wesseltoft 
prinsen fekk Askepott i år også, og Sonja fann julestjerna og redda jula
bli heilt ferdig med den mjukaste Marble Sweater og vise den fram her på bloggen
pynte juletreet lille julaftan i lag med broremann
lese ein siste #readchristie2022-bok: Guds kvern maler langsomt (Hercule Poirot's Christmas)

24. des. 2022

Vindfull julehelsing


Prinsen fekk Askepott i år også. Trur du Sonja kan finne julestjerna og redde jula? Her i heimen har me hatt ein kjemperoleg morgon med kaffi, quiz, lesing under ei dyne i sofaen, nokre julekaker og så klart Tre nøtter til Askepott. Snart blir det Reisen til julestjernen. Årets julekortbilete er frå ein vindfull dag på Solastranda. Me hadde det løye med å prøve å ta eit ekte hoppebilete utan å få frostbit, for jaggu meg var det kaldt utan hansker, skjerf og varm jakke. Men biletet blei superkult, så det var absolutt verd det! Vil ønskje alle ei riktig god jul i lag med kjente og kjære ♥︎

23. des. 2022

Lille julaftan etter boka






Treet er pynta, grauten er eten og mandelen er funnen. Lun stemning med fyr i peisen, kos med krøllebølle, julekaker og ein liten kaffitår. Latter med spelet "Decrypto". Vår kveld på Sola no lille julaftan. Tidlegare i dag såg eg ein julefilm medan eg pakka inn gåver, me var ute og køyrde juleærend heilt ute til Bryne og fekk pakka inn resten av gåvene då me kom heim. Stod opp akkurat passe seint og hadde ein roleg morgon. Kvitt ute er det ikkje, men jul blir det no likevel.

21. des. 2022

Marble Sweater 💜




Marble Sweater av PetiteKnit, denne genseren med ein tråd Naturgarn frå Viking Garn og ein tråd Fat Mohair frå Strikkefeber, er ein mjuk og tjukk vintergenser. Ein herleg pastelldraum! Den har vore nesten ferdig ei stund, men eg brukte litt tid på å felle av med italiensk avfelling og til slutt feste alle trådane. Vrangborden på bærestykket valde eg å strikke litt kortare enn det som stod i oppskrifta, medan eg strikka erma med lang vrangbord. Supernøgd med resultatet! Genseren blei akkurat passe stor og kosete, eg elskar dei lilla og blå sjatteringane i mohairen – å, dette var eit kjempekjekt strikkeprosjekt! Får sjå kva eg kjem til å strikke vidare. Akkurat no går det mest i lesing, eg har eitt prosjekt på pinnane, men det går litt treigt sidan eg les julebøker i fleng ;)

20. des. 2022

Lesetid med krøllebølle



Ser ikkje ut til å vere nokre skuleklassar eller større arrangement på jobb dei to neste dagane, me merkar at no er det berre eit par dagar til jul. Merka det også i helga på oss her heime, tempoet var nokså lågt og laurdagen var ein ordentleg "slappe-av-inne-dag". Balto var også på besøk, og det var koseleg å sitje i sofaen under eit teppet, ha ei god bok i fanget og klappe den mjukaste krøllebøllen.

19. des. 2022

Gyllengul adventsbakst


Gløymde å lage lussekattar i fjor, og som eg skreiv for to år sidan, har me ikkje ein ordentleg lussekattetradisjon. Men dei me laga i 2020 var såpass gode at me fekk lyst til å lage dei i år også til Luciadagen den trettande desember. I skuffa hadde me safran som me knuste i ein mortar før pulveret blei blanda ut i væska. Stilig å sjå korleis den rustraude safranen etter kvart blir påskegul.






Deigen blei silkemjuk og me delte den så inn i passe store deigemne. Laga forskjellige figurar, putta rosinar på dei alle og sette dei til heving. Og så kor luftige og gylne dei blei, ikkje minst smakte dei veldig godt. Alltid koseleg å lage noko i lag. Kanskje skal me ha julepakkeinnpakkingsdag i lag også, tihi. Avdelingsmøte og elles fikse litt smått og stort i utstillinga, det var min start på veka.

18. des. 2022

Fire lys er tente




18. desember og fjerde sundag i advent. Sundagen er snart over og om berre ei lita veke er det julaftan. Fyrst ventar fire dagar på jobb, men dei kjem til å gå fort. Det har i alle fall denne veka gjort med fleire arrangement på jobb, julekonsert og det eine med det andre. Me hadde til og med ein lunsj i lag, oss kollegaer som var på jobb på fredag, der me åt lutefisk. For min del var det fyrste gong eg smakte det, og det var overraskande greitt, særskilt med tanke på at eg er nokså kresen. No i helga har eg vore litt småforkjøla, så sånn sett var det veldig okei å ikkje ha store planar. Eg har fått lese mykje, me passa krøllebølle i går og eg har kost meg med å følgje med på både Snøfall og Jul i Blåfjell. Men no ventar boka, og etter kvart senga. Vekesoppsummering med litt forskjellig:
 
UiS sin julekonsert, tårene rann som berre det då alle var med på sisteverset av "Deilig er jorden"
siste adventssundag med alle lysa tente og det finaste magasinet frå Fredag 
gode varer frå REKO-ringen
"Both Sides Now" sunge av Sanne Kvitnes på fredagens Beat for beat
hjelpe tanta mi med eit lite flyttelass over til Jørpeland i dag
og stikke innom finaste Heddas gård på vegen tilbake  
høyre ein barnehage syngje Luciasongen midt i Langgata tidleg om morgonen
ordentleg varm, rosa Disneyhimmel ein morgon på jobb då eg stakk hovudet ut på takterrassen
kan varmt anbefale parflyt i ein flytetank: uvant i byrjinga, men så behageleg og avslappande
Det ble natt i Caracas blei den siste boka i mitt lesemål
gult er kult 1: heklagenser kjøpt på Fretex og flotte øyredobbar laga av Angélica León
lange skuggar og kvitt rundt Mosvatnet
ikkje heilt overbevist over konsistensen, men lutefisk for fyrste gong var ganske okei
oktoberbilete frå i fjor inne hos Niina, ho har ei heilt eigen måte å fange stemninga på
juleromanen Snowflakes Over The Starfish Café likte eg godt, og heimelaga latte er alltid godt!
gult er kult 2: lage heimelaga lussekattar med ekte safran til Luciadagen (og dei blei knallgode)
vere med å dekke bord med juleraude serviettar og blomar då det skulle vere julelunsj på jobb
lesetid i lag med krøllebølle 
sjå desse søte pallaskattane som tassar rundt omkring
gult er kult 3: sett i kaleidoskopet på Abelloftet
Mandy Baggots julebøker har blitt eit must for meg dei siste åra, fyrst ut er One Night on Ice
vinterlys på paviljongen i blåtimen om morgonen etter å ha gått av toget

16. des. 2022

Kvit førjul





Ute har det vore nærmare ti kalde gradar dei siste dagane, og det knitrar i snøen når ein går. Mosvatnet er heilt kvitt, lyser opp. Gylne solstrålar treff både oss og den kvite snøen. Ein kvit førjul.




Lange skuggar, overalt. Is på store delar av vatnet i tillegg til den kvite snøen på toppen. Å få oppleve ein slik flott desember der all det kvite ligg utan å bli til slaps og sølevatn etter ein dag, er eigentleg ganske fint. Til og med for ein som ikkje er veldig glad i snø. Vakre vinterdagar i desember.