29. juli 2012

Travle og kjekke dagar

Kan endeleg setje meg ned og slappe av. Har eit par fridagar før eg atter ein gong byrjar på eit nytt skift på onsdag. Denne veka har vore slitsam, for eg er ikkje vande med å stå opp klokka fire midt på natta. Fredag var den lengste dagen av dei alle: eg sto opp ti over fire, sykla ti på fem, var på jobb fram til klokka to, tok ein tur til byen der eg møtte to av dei beste venene mine frå folkehøgskulen. Saman gjekk me rundt og såg på det yrande folkelivet i og med at det var Gladmatfestivalen. Etter det sykla eg til ei kjempeherleg jente frå vgs., for der skulle me ha ein liten fest med nokre av dei frå klassen på vgs. For ein kveld det blei. Eg sykla heim saman med ei av de andre og då eg kom heim, var klokka så mykje som kvart på tre! Eg hadde nesten vore oppe i tjuefire timar og det er sjeldan til å vere meg ;) Eg hadde fri i går også, men fordi eg var så seint heime dagen før, sov eg lenge i går. Og halv fire tok eg bussen til Tananger der eg hadde ein kjempefin og koseleg ettermiddag med dei to frå folkehøgskulen. Så dagen i går gjekk veldig fort, og det er derfor ekstra herleg å kunne slappe av inne i dag mens regnet pøser ned ute...

25. juli 2012

Morgonskift



Har ikkje noko særskild nytt å fortelje. Her går det i jobb og regn, regn og atter regn. Og bittelitt sol innimellom. På måndag var det meldt opp mot 40 mm nedbør fra 0-6 om morgonen, så eg spurde han eine som eg jobbar saman med om eg kunne sitje på med han. Og det kunne eg heldigvis. Men både i går og i dag har eg sykla til jobb, heile 2,3 mil til saman kvar dag, og eg må seie at det faktisk er ganske så forfriskande :) Det verste er at eg må stå opp litt over fire, noko som eg til vanleg kallar "midt på svarteste natta". Det har gått greit, men eg innrømmer at eg gledar meg til laurdag, for då kan eg sove lenge! Berre to dagar att... På fredag kjem ei av mine beste veninner til byen, og det ser eg fram til. Går litt for lenge mellom kvar gong me ser kvarandre. Og så har eg nettopp sett ein av dei mange filmatiseringane av Les Misérables (De Elendige på norsk), og eg kan ikkje vente til filmatiseringen av musikalen kjem på norske kinoar til jul :D

21. juli 2012

Avslappa laurdag

Sit inne og ser ut på regnet som høljar ned. Trur dette blir ein skikkeleg "vere-inne-dag". Lese litt i ei bok, sjå på film, slappe av, kanskje rydde litt meir. I går derimot var det strålande sol og blå himmel – og mykje vind. Så på ein måte kan ein seie at det var både og vêr, litt varmt og kaldt om kverandre. Uansett så tok eg meg ein sykkeltur i går. Når neste veke byrjar no på måndag, er eg jo nøydd til å sykle til jobben. Turen er ca. 13 km ein veg, så det blir over 2 mil på meg når eg syklar både fram og tilbake. Eg fekk verkeleg prøvd meg i og med at eg fekk ein frykteleg sidevind, og då snakkar me om vind som nesten bles meg ut i grøfta! Var passe lei, men eg kom meg fram. På måndag er det i tillegg meldt øspøsande regn, så eg må berre holde motet oppe... Elles så hadde eg besøk i går (kjempekoseleg) og i dag blir det som sagt ein dag der eg nok kjem til å holde meg innandørs :) Eg legg ved eit bilete av den fine himmelen slik den var her om dagen :)

18. juli 2012

Raude markjordbær

Endeleg! No som sola skin igjen etter nokre dagar med mykje regn, har eg fri og kan faktisk nyte sommarvêret! Eg blir så mykje lettare til sinns når det er lyst og fint ute enn når gråvêret er på besøk. Blir også kjekkare på jobb, for med finvêret kjem det fleire folk. Og med fleire folk blir det også litt meir å gjere og hengje fingrane i. Og då går også tida litt fortare ;) Då eg kom heim frå jobben i dag, tok eg meg ein sykkeltur i sola. Neste veke må eg nemleg sykle til jobben fordi bussen ikkje går så tidleg (skal vere der kvart på seks om morgonen) og då er det greit å ha prøvd ut sykkelen i og med at det ikkje er min eigen sykkel. Kjempegod sykkel, så sjølv om det er over ein mil til jobb, skal eg klare det. Om ikkje anna så kjem eg til å vakne i alle fall, ein blir jo så svevnig (søvnig altså) på bussen tidleg om morgonen.... Var ute i hagen ein tur no i dag og der veks det markjordbær i fleng. Sjølv om eg ikkke er så glad i markjordbær, eller jordbær generelt, så er de jo eit symbol på sjølve sommaren. Eg veit at det kjem til å komme fleire dagar med grått vêr, men akkurat no har eg fri og då er livet herleg!

14. juli 2012

Ein strålande sommarmorgon

Å vakne av solljoset kl.05.20. Vite at eg kan sove i over ein time til. Stå opp kvart på sju, spise ein god frukost, nyte morgonen aleine fordi familien er på hytta. Gå til bussen, sjå på sola som skin så høgt på himmelen. Ta bussen som flyt så fint av garde fordi det er så lite trafikk. Komme tidleg på jobb. Nyte stilla før dei trufaste morgonsymjarane tar sats ut i bassenget. Sjå på borna som leiker og kosar seg i bassenget. Blå himmel. Det er det eg kallar ein perfekt sommarmorgon og generelt ein fin sommardag! Etter fleire dagar med regn og grått vêr, fekk me nokre glimt av sommaren i dag. Har jobba fire dagar i strekk og har enno fire dagar til på jobb før eg kan ta meg nokre dagar fri. Slik er det å jobbe på skift, men eg synest det fungerer greit, eg :) I alle fall når me får slikt vêr som det me hadde i dag. Det var nesten sydenstemning då me gjorde klart bassenget i dag tidleg. Kvelden skal eg bruke foran TV-en, bare slappe av og lade opp til ein ny dag på jobb i morgon.

10. juli 2012

Saknad

Å sakne nokon eller noko kan vere både fint og ikkje så fullt så fint, alt til si tid. Når eg har slike fridagar som det eg har hatt dei siste dagane, merkar eg at saknaden er større enn når eg er på jobb og har noko å halde på med. Misforstå meg rett; eg er jo glad for at eg har nokre fridagar innimellom altså ;) Men kven eller kva er det eg saknar? Eg trur dei fleste veit svaret... Eg saknar kjærasten min. Han kjekke som eg til vanleg bur saman med. På ein måte er det godt å sakne. Eg saknar han og merkar kor mykje han faktisk betyr for meg. På den andre sida er det litt kjipt å sakne han fordi det enno er ein månad igjen før me treffast att. Men samtidig veit eg at det blir så utruleg fint å sjå han att nettopp fordi det er så lenge sidan førre gong. Enn så lenge får eg fylle ut tida så godt som eg kan med å jobbe, rydde her heime, lese bøker og vere med venner. Sistnemnte gjorde eg i går då eg traff to av mine beste vener frå folkehøgskulen. Var også heime hos den eine venen då kvelden kom, og me koste oss med kaffe, bilete og mange gode minne. Tida går fortare når ein har noko å gjere, noko å pusle med og spesielt saman med gode vener :)

7. juli 2012

Ordensmenneske

Rydding, organisering, alltid på tida. Eg er ein person som likar å ha orden og kontroll på sakene. Slik har eg alltid vore. Eg hatar rot og eg hatar å kome for seint til ein avtale. Heldigvis er eg ikkje like galen som sjølvaste Hercule Poirot som må ha alt korrekt, på millimetaren. Likevel er eg nok ikkje alltid den lettaste personen å leve med, men me har alle våre skavanker og uvanar. Heime i Kr.sand må eg berre ikkje sjå på alle notane og mattepapira som ligg overalt i leilegheita. Det er jo ikkje meininga at det skal sjå like fint ut kvar einaste dag. Og som du kanskje har høyrt, er det betre å ha orden i kaoset enn kaos i ordenen. Med jobb og hytte som tek mykje tid, er det ikkje alltid like lett for mine to foreldre å holde heimen her på Sola ryddig. Det er her eg kjem inn ;) Eg likar faktisk å rydde og holde orden, så lenge det skjer i mitt eige tempo. No som eg har et par dagar fri, er det kjekt å kunne ha noko å pusle med. Då me ommøblerte kjellarstova forrige helg, rydda eg litt i bokhyllene, for det er ein del bøker me fint kan gi vekk til ein bruktbutikk. Det same med klede: eg har hatt ein del klede i skapet mitt her heime som eg eigentleg aldri brukar. Dei har eg også rydda i no og det er så utruleg herleg å bli kvitt saker og ting som ikkje er i bruk. I fjor tok eg tak i eit heilt rom nede i kjellaren, noko som du kan sjå på biletet. Kanskje blir det meir i år? Me får sjå :)

4. juli 2012

Gleder i kvardagen

















Akkurat no pøser regnet ned ute. Eg er lei! Sommarjobben på Gamlingen hadde blitt så mykje kjekkare om sola titta fram og varma oss litt. Ikkje for det; me får lov til å sitje inne når det regnar og blæs så mykje som det gjer, men det er meir keisamt enn å kunne sitje ute og verkeleg nyte jobben som badevakt. Men, men... Det er på slike dagar at eg heller vil tenkje på fine ting. Ting som gledar meg, ting eg likar, akkurat som her og her:

✦ sitje og løyse kryssord saman med kjærasten
✦ nyte ein god film på kino
✦ gå rundt i skjørt eller sommarkjole ein varm sommarkveld
✦ Tom Hanks som Forrest Gump
✦ bøker som eg las fyrste gong då eg var ganske ung, og som eg gjerne les om igjen, til dømes Den hemmelige hagen og Gaarders Sofies verden
✦ høyre stemmen til guten min i telefonen når me er vekke frå kverandre
✦ krim på fjernsynet fredagskveld
✦ lukta av nysteikt brød
✦ kaptein sabeltann
✦ kortspel med sambuaren ein herleg kveld

1. juli 2012

Utfordring!

Då har eg endeleg bestemt meg: heretter skal eg prøve å skrive nynorsk her på bloggen. Sidan eg til hausten må skrive nokre av mine eksamenar på nynorsk, tek eg det som ei utfordring og tenkte at dette kan vere ei god øving til å bli betre i nynorsk (eg har jo alltid hatt bokmål som hovudmål). Og så skal eg også få lest nokre nynorske bøker, til dømes Nød av Are Kalvø. Det blir nok litt feil i byrjinga, men eg skal prøve så godt eg kan. Etter å ha hatt mykje om rettskriving og korleis å skrive godt norsk no før sommaren, har eg sjølv blitt mykje meir oppmerksam på skriveleifar, så de får berre seie i frå hvis de oppdagar grove skrivefeil. Har hatt ei herleg frihelg med film, bok og ommøblering av stove og kjellerstove. I morgon er det tilbake til jobb, og det allereie kvart på seks! Ja, ja... Ynskjer alle mine lesarar ein fin sundagskveld :)