4. aug. 2023

Sibeliusparken




Jean Sibelius (1865-1957). Finsk verdsberømt komponist. I orkesteret har me mellom anna spelt "Finlandia", og fiolinkonserten hans er berre heilt nydeleg. I Helsinki finn du Sibeliusparken med to store og flotte monument (sjølve museet om Sibelius ligg i Turku (Åbo), og det blei eit besøk der seinere på turen vår). For å komme oss ut til parken frå der me budde, tok me både trikk og buss. Ansiktsskulpturen skal vere Sibelius sjølv. Det største monumentet, Passio Musicae, med fleire, store røyr klumpa saman, er laga av Eila Hiltunen i 1967. Monumentet er som ei bølgeform og skal representere musikk. Kult å berre stå i midt av monumentet og sjå himmelen gjennom røyra. Det me ikkje var førebudd på, var busslasta med turistar! Klarte å finne eit par vinklar kor det ikkje blei med turistar på bileta, men at det skulle vere ein turistmagnet, det visste me altså ikkje. Lurer på kor mange av dei som eigentleg har høyrt musikken til Sibelius... Såg også nokre søte kvitkinngjæser som berre låg i graset i parken før det var vidare til ein lett lunsj på ein kafé i nærleiken.

Legg igjen ein fin tanke