30. juni 2019

Ordentleg jobbhelg, bøker (som vanleg) og kvardagsgleder

Puh. Ei helg med jobbing frå sju om morgonen til ti om kvelden er no over. Me var heldigvis ikkje så lenge på jobb i dag, men i går var det faktisk slik. Det har vore NM-veka her i området, og i hallen vår blei det arrangert NM i undervannsrugby. Artig at det skjer noko slikt sjølv om det altså har blitt eit par lange dagar. Byrja veka med fri før kvelds- og helgeskiftet, eg fekk lese ein god del og på tysdag åt me middag ute på ein bra restaurant saman med mamma, pappa og broremann. Veldig koseleg! Eg har så mykje meir å seie anna enn at her kjem vekas sundagsliste og "god natt":

✦ måtte jo ta med meg boka Lukta av klor då eg såg den på nyheitshylla på biblioteket
to flotte innlegg inne hos Et katteliv: "En midtsommerdrøm" og "Natta, regnet og vi"
✦ heise flagga no i helga pga. NM og sjå dei mot den spesielle betongfasaden
✦ artig å følgje litt med på undervannsrugbyen dei siste tre dagane
✦ Gustavsbergs Porslinsfabrik og denne butikken, kanskje stikk me innom i sommar?!
✦ teikneserieartisten Katie Knudson som teiknar scener frå Harry Potter-bøkene
✦ veit ikkje om denne boka var heilt etter min smak, men las no ut Dagen da min bestefar var helt
✦ busstur til Katthammarsvik, for Gotlandsinnlegga til Emma er alltid like fine
✦ alltid godt å vite at eg har flotte bøker som ventar på meg i lesehaugen min
✦ jobbe saman med ein kul kollega no denne NM-helga
✦ denne sjokoladefondanten med til dømes is ved sidan av ein varm sommardag
✦ feire to bursdagar og ein innlevert master på restaurant med familien (og kake her heime etterpå)
✦ sukk, kor søt er ikkje denne lille koalaen?!
✦ den flotte svanekortesjen ein dag me tok ein liten runde rundt Mosvatnet
✦ hadde vore kult med ei lita reise med Smalspårtoget i Västervik
✦ dropar etter regnet

28. juni 2019

Vår song ♡



Denne songen ♡ Desse musikarane ♥ Vår song frå den finaste filmen. Ein song som gir meg gåsehud, som får meg til å smile og gråte på same tid. Heile helga kjem til å gå i eitt med NM-veka og arrangement på jobb, og difor tek eg fram denne no. Kjenne at eg i ei lita stund kan slappe heilt av, senke skuldrene og berre lytte til dei vakre tonane. Fredagen er her, lag deg ei fin helg!

26. juni 2019

Bynuten sett gjennom mobilen

Innimellom er det enklare å ta fram mobilen for å knipse eit bilete, fange ein augneblink, enn det er å finne fram kameraet frå sekken. På veg opp til Bynuten fann eg fram mobilen eit par gongar og tok bilete, sånn i forbifarta. Av dei grønkledde fjelltoppane, den knallblå himmelen, eit blikkstille vatn og ein raud tursekk. Den der lille fossen der vatnet klukka og utsikta då me var komme oss opp til nuten. For ein flott tur! Me møtte på eit par andre som var ute og gjekk, og ei av dei tok eit bilete av oss alle fire. Koseleg å få til eit fellesbilete. Satsar på fleire slike herlege fjellturar, tommel opp!

25. juni 2019

Opp til Bynuten med ein kjempefin gjeng!

Opp til Bynuten bar det på laurdag. Verken han eller eg visste kor me skulle, det var nemleg eit venepar av oss som hadde bestemt kor turen skulle gå. Det einaste me hadde fått beskjed om var at me kom til å vere ute i nærmare sju timar, så me måtte ha med oss sekk og vere kledd i gode turklede. Dei henta oss halv elleve, og saman køyrde me til ein parkeringsplass eit godt stykke utanfor allfarveg. Planen dei hadde "pønska ut" var at me skulle gå opp til Bynuten, 671 moh. Og den planen fullførte me. Vêret var nydeleg, verken for varmt eller for kaldt, ein akkurat passe junidag. Me gjekk forbi små og noko større vatn, overalt var trea grøne og me var ein super gjeng.


Så klart måtte me raste eit par gongar, få i oss litt mat, kaffi og ein kjeks eller to. Godt å kvile beina litt var det også. Vår andre rast var rett ved eit koseleg, lite vatn. På veg opp til vatnet, kløyv me forbi ein bitteliten foss. Smakte godt med ein matbit og kaffi frå termosen. Etter fire timar gjennom skog, steinur og nokon plassar eit myraktig terreng, var me framme på toppen. Fjelltoppane er kanskje ikkje like spisse som dei på Sunnmøre, men fine og grøne er dei no i alle fall.


Bynuten er det høgste punktet i Sandnes kommune, og det er laga til ein stor varde slik at det ikkje skal vere vanskeleg å skjønne at no er ein komme til toppen. Måtte jo knipse eit par bilete av oss då me fyrst var komme så langt, og som vanleg blir det litt lått og løye ;) Ein sommarfugl gjekk i eitt med ein mosekledd stein, og myrulla såg så mjuk og herleg ut. Å gå nedover fra ein topp i ur og ulendt terreng er ikkje berre berre, så me brukte omtrent like lang tid på veg ned som det me gjorde på turen opp. Men det var behageleg å gå i eit roleg tempo, ta oss tid til å prate og nyte naturen rundt oss. Til slutt åt me ein knallgod middag heime hos veneparet. Takk for ein superbra dag!

24. juni 2019

Tre gode bøker til lesehaugen

For omtrent ein månad sidan var det sal på bruktbokbutikken Løvås bruktbu, ein butikk midt i byen stappfull med alle slags bøker, både nye og gamle. Når eg er innom slike butikkar, pleier eg som regel berre å gå rundt og titte, kjenne på bøkene, berre vere der. Men av og til finn eg nokre bøker som eg i mine auge ha med heim, og når det attpåtil er sal, er valet litt enklare. Eg fann tre bøker. A Street Cat Named Bob har eg lese tidlegare (på norsk), og eg har sett filmen, men den er så fin at den les eg gjerne igjen. Robin Hood er jo ein klassikar og Trollvinter har eg lenge hatt på lista over bøker eg ønskjer å lese. Ha, ha, den lesehaugen min blir berre større og større ;) Men ingen hast, det betyr jo sånn sett at eg alltid har ei bok å lese i. Og det er ei god kjensle, det!

23. juni 2019

Poirot, kaffi og grønt er skjønt

Sundag igjen. Ein roleg dag i dag med beina på bordet. I går var me på tur i heile åtte timar, og då er det lov til å slappe av i dag ;) Turen venene våre tok oss med på, var opp til Bynuten. Me stressa ikkje og brukte god tid både opp og ned, og eg kjem til å skrive meir om turen, saman med fleire bilete, ein av dei neste dagane. Veka har gått roleg for seg, men som eg skreiv på fredag må eg få seie at det har vore tungt å stå opp halv seks. Skal ikkje klage på at det er lyst ute når eg skal sykle til jobb, men at det er lyst ute når ein skal prøve å sove om kvelden, det er noko anna. Samstundes kan det også bli tungt når hausten kjem, så eg skal ikkje ikke klage for mykje. Bursdagsmiddag og mykje kaffi, grønt ute og gode bøker inne, dette har vore mi veke desse dagane i juni:

✦ Christie-klassikaren Mord på Nilen og ein kopp latte (og sjekk ut den retro stilen på omslaga)
✦ og ein liten artikkel med sju av dei beste Agatha Christie-bøkene
✦ nesten dumt at me har sett den ferdig, for me digga miniserien Good Omens
✦ eg veit at dette er annonsørinnhald, men kunne godt ha investert i eit telt som eit av desse
✦ grøne tre og sollyset rundt Mosvatnet no for tida, ordentleg magisk
✦ mange fargerike blomar i ein hage i nabolaget vårt
✦ fikse ferjebillettar til Gotland og overnatting på øya
✦ endå fleire rauda pandaer
✦ lese ut den siste boka i Korfu-trilogien: The Garden of the Gods, så artig og bra trilogi
✦ ein katt som låg så fint og stille i sola utanfor Coop Extra på Kannik
✦ ny vlog frå Jonna
✦ lenge sidan eg har høyrt på ho, men musikken til Markéta Irglová er alltid like fin
✦ dagstur til Bynuten med eit venepar i går, for ein herleg tur og eit flott selskap
✦ Paul Newman og Joanne Woodward – eit nydeleg par som heldt saman i femti år
✦ etter dagsturen i går, har det blitt ein del bok og sofa i dag
✦ viktig med kaffi, også på jobb ;)
✦ bursdagsmiddag på Jordbærpikene
✦ me har mangla nokre middels store skåler, så det var kjekt å finne desse tre fine på Fretex

21. juni 2019

Utsikta frå ein nut i nabokommunen


Siste dag på morgonskiftet. Puh. Må innrømme at det har vore tungt denne veka, for me har ikkje heilt lystette gardiner og dimed er det jo lyst ute til og med før alarmen ringer. Med andre ord blir ikkje søvnen den beste. Men no er det helg, og det er ikkje jobb igjen før onsdag. I morgon er planen å gå ein dagstur med eit venepar, og den blir nok lengre enn den opp til Dalsnuten ;) Men utsikta frå toppen av Dalsnuten er det ingen som kan seie noko på! Håper helga di blir superfin!

20. juni 2019

Planteutstilling

Lenge sidan sist gong me var innom kunstmuseet, så då me gjekk ein runde rundt Mosvatnet på laurdag, gjekk me innom før me etter det traska heim. Akkurat no har dei ei utstilling som heiter Flora. Utstillinga vil "gjennom tematiske nedslagspunkt, primært med utgangspunkt i samtidskunsten, se på kunstneres bruk av planter og blomster. Utstillingen vil fokusere på hvordan blomster avbildes og tematiseres, samt hvordan spørsmål knyttet til emner som botanikk, kjønn, makt, orden og harmoni avspeiles." (frå museets nettside). Me er ikkje ekspertar på kunst, men me syntest begge to at dette var ei flott utstilling. Installasjonen som Roland Persson står bak, fekk oss begge to til å tenkje på "Audrey II" frå Little shop of Horros. Camilla Berner hadde laga til eit drivhus medan Ingela Ihrman er kunstnaren bak den stilige "The Giant Hogweed" (eller på "Kjempebjørnekjeksen"). Dahn Vo har laga dette nydelege tapetet, tenk å ha det på ein liten vegg inne på eit gjestetoalett eller eit lite soverom. Noko usikker på kven som har laga illustrasjonane på det siste biletet, men desse likte eg veldig godt; dei er så vakre i all sin enkelheit der dei heng i kvite rammer. Utstillinga fekk også god kritikk i Aftenbladet, så ta ein titt om du har moglegheita. 

19. juni 2019

Blå himmel og grøne tre rundt Mosvatnet

Rundt Mosvatnet i helga. Eg veit eg seier det ofte, men me er heldige som har slike grøne turområde i nærleiken. Mellom Mostvatnet og Vålandsparken (eller Vålandsskogen om ei vil) er det laga til ein kulvert over den nye motorvegen. No byrjar det å gro der, og det er så fint å sjå fargerike blomar saman med alt det grøne! Er midt i morgonskiftet, og eg kjenner eg er trøytt. Ikkje berre berre å stå opp halv seks når ein ikkje er ein morgonfugl. Men å kunne sykle om morgonen medan fuglane syng og sola allereie er oppe på himmelen, det er noko eg ikkje skal klage på.

18. juni 2019

Bursdagsselfie 🎁

Eller, nesten. Bileta er ikkje tatt i dag, men det er i dag du har bursdag. Så – gratulerer med dagen og hipp, hipp hurra til den finaste eg veit! Eit bilete frå påska og eit frå Dalsnuten førre måndag. Du er kanskje ikkje alltid like blid når eg seier at me skal ta ein selfie (ha, ha, til dømes på biletet frå gåturen rundt hytta i påska), men du blir no med likevel ;) For du er den aller, aller beste ♡

17. juni 2019

Finaste Kronen Gaard

Kvar sundag har dei middagsbuffé ute på Kronen Gaard, og i pinsen hadde dei buffé på måndagen også. Me prøver å få til ein middag der ute kvart år på denne tida, for det er jo der me hadde bryllaupsmiddagen og festen då me gifta oss. Koseleg å kunne ete middag der, anten frå menyen eller som ein buffet, setje av litt tid til å feire bryllaupdsagen. I fjor var me der fyrst i juli sidan mannen min var i Canada, men i år var me der berre halvanna veke etter dagen vår ;) Tunet er så vakkert, fargane på hotellet likeså og interiøret inne – til dømes det blåmønstra tapetet og den fargerike gardina mot den grå panelveggen. Det er jo ikkje stilen me har her heime, og eg ville nok heller ikkje ha valt ein slik stil, men synest det er fint på ein historisk stad som Kronen Gaard. Før me skulle gå, fekk me sjå ein vakker sommarfugl på resepsjonsskiltet. Den sat der så stille, så stille. Etter middagen, køyrde me til Dalsnuten, og det blei som nemnt ein kjempebra tur. Tommel opp!

16. juni 2019

Juniveke med gåturar, langhelg, restaurant- og museumsbesøk

Rart å starte veka med ein fridag, særskilt når eg sånn sett skulle ha hatt helg- og kveldsvakter. Og så var det jobb kun tysdag og onsdag før eg no har hatt langhelg. Sånn er det å få skift, og i mai og juni blir det jo noko spesielt sidan det plutseleg kjem ein fridag og tre innimellom alt. Men eg skal ikkje klage, og i alle fall ikkje når vêret har vore heilt superdupert. I løpet av desse dagane har me fått til å gå fire turar, ein i Sandnes og tre her i byen! Så herleg! Har tatt eit par bilete, og dei frå Dalsnuten er allereie ute, så kjem det nok eit innlegg eller to neste veke. Gode bøker på fridagane mine, det herlege junivêret, buffet ute på Kronen Gaard (meir om det i morgon) og utstilling på kunstmuseet. Alt i alt ei veldig grei veke med fem av sju dagar fri. I morgon er det på'an igjen med morgonskift, så me skal prøve å leggje oss tidleg i kveld. Fyrst middag og ei vekesoppsummering:

✦ juni er pridemånaden, og eg las nettopp ut den søte That certain something
✦ nye episodar av Verdens tøffeste togturer, til dømes frå Sveits og toppen av Jungfraubanen
✦ filmen The Bookshop, basert på boka med same namn, med Emily Mortimer og Bill Nighy
✦ raude pandaer, for dei ser alltid så snille, søte og artige ut
✦ trur aldri eg blir lei den fine songen The Last Goodbye med Billy Boyd
✦ meir om det nye huset til Jonna og hennar kjæraste i denne videoen
✦ utsikta over byen i dag frå Ullandhaugtårnet, ein knallblå himmel og ein flott by
✦ svanene ved Vannassen
✦ korrespondentbrev frå Sidsel Wold i Tyrkia som set perspektiv på kor heldige me er her i Noreg
✦ tur til Dalsnuten den fyrste dagen denne veka
✦ i juni har eg lese Fargen bortenfor (The Color Purple) som månadens klassikar
✦ fargerike Stavanger, her eit gammalt og dekorert bygg på Storhaug
✦ middagsbuffet på Kronen Gaard – finfin atmosfære og me såg ein vakker sommarfugl
✦ gøy å lese om toguren Oslo-Bergen i denne artikkelen hos Lonely Planet
✦ tinge togbillettar til Oslo i september, for då er det The Sound of Music på Folketeateret
✦ "Another Top 10 Unforgettable Glee Moments"Glee vil alltid ha ein plass i hjartet mitt
✦ utstillinga "Flora" på Stavanger kunstmuseum