13. nov. 2026
11. nov. 2026
Haddon Hall 🏰
Og her kjem resten av besøket vårt til Haddon Hall. Som eg nemnde i går, ligg dette herskapshuset rett utanfor Bakewell, og det var berre dryge fem minutt med bussen frå sentrum til landstaden. Dei eldste veggane er frå 1000-talet, og med all historikken, skjønner eg godt kvifor delar av The Princess Bride blei spelt inn her. Til å byrje med var det overskya ute (me hadde faktisk me oss regnjakkene våre), men det lysna etter kvart, noko som også er grunnen til at himmelen og lyset er forskjellig frå bilete til bilete. Lurer på om det var ein løynd hage bak den smale, gamle døra?!
Me traska rundt i nokre timar på det området i dag, fekk med oss historikken, såg på alle gjenstandane. Sjekk ut taket i ein av hallane og glasmåleriet inne i det lille kapellet, det er så intrikat, akkurat som papirkunsten. Vakkert når lyset skein gjennom vindauga og laga skuggespel på golvet. I tillegg til The Princess Bride, har også tre forskjellige versjonar av Jane Eyre, mellom anna miniserien frå 2006 og 2011-filmen, brukt Haddon Hall som filmlokasjon; det same med Pride and Prejudice frå 2005. Både litterært og filmrelatert besøk med andre ord, heilt i mi gate.
Trur me brukte lengre tid på å traske rundt på uteområdet enn det me gjekk inne i huset, men berre så flott hagen var! Rett utanfor hovudinngangen, har det ein liten kafé, så etter å ha ete ein grei lunsj, gjekk me inn på området igjen og valsa rundt i hagen. Las litt på ein benk, tok det vanlege hoppebiletet (og ein anna besøkande tok eit koseleg bilete av oss), naut alle dei fargerike blomane og det å ha ferie. Kunne glatt ha tatt ein tur dit no, for i dag opna dei julemarknad på området og det ser superkoseleg ut! Så lenge det ikkje regnar slik det gjer her i Stavanger no i kveld.
Merkelapp
bøker,
film og tv,
reise
10. nov. 2026
Intrikat papirkunst
Ikkje så lett å fange på film, men eg prøvde likevel. Ein av plassane me besøkte medan me budde i Bakewell, var landstaden Haddon Hall. Inga overrasking at eg knipsa maaange bilete der, kanskje litt for mange, og difor byrjar eg i det små med med kunstutstillinga The Art of Paper. Tenk at det går an å klippe ut og lage så små kunstverk av papir! Noko av det mest slåande var "Girl Sweeping Words" av Su Blackwell. Det er også ho som står bak fuglane og dei flygande notane. Utstillinga stod spreidd over fleire av romma, og eg synest den intrikate papirkunsten passa inn i denne landstaden.
Merkelapp
reise
9. nov. 2026
Himmelrosa
Mellom busshaldeplassen der eg går av og sjølve kontoret, er det dryge fem minutt å gå. Førre veke kunne eg glatt ha dobla den tida berre for å kunne vere ute ei lita stund til. Titte opp på himmelen, over fjella på andre sidan av fjorden, nyte den fargesprakande soloppgangen. Bileta er frå to forskjellige dagar, tatt med forskjellige kamera, men begge morgonane var vakre, nesten magiske.
8. nov. 2026
Lys i ei mørk årstid
Viss ein tenkjer på vêret, har november starta på topp. Sukk, det har vore vakre soloppgangar og magiske solnedgangar nesten kvar dag. Eg har tatt til meg alt og gøymt det inni meg, for november er ofte altfor mørk og regntung og eg treng å ta vare på alle slike små lyspunkt. For jepp, eg kjenner at energinivået ikkje har vore på topp denne veka, og det er november i eit nøtteskal i mine auge. Men kjekke kollegaar og like kjekke bøker løftar dagane, det same med artige TV-program, små spasertur i dagslyset og kortspel med familien. Tenkjer eg går rett vidare til vekesoppsummeringa:
✦ i fjor såg me miniserien Going Postal, og no har eg kost meg med å lese boka av Terry Pratchett
✦ Anne Carson vann årets Nobelpris i litteratur; no har eg lese Rød selvbiografi og Korte foredrag
✦ raudstrupesong då eg spaserte heim frå UiS i går
✦ to Agatha Christie-referansar i ein og same Grantchester-episode
✦ 14 bokhandlar som tidlegare var noko anna – me har vore innom tre av dei
✦ kan tru eg blei bergtatt av den knallrosa soloppgangen over fjella
✦ fint å framleis sjå litt haustfarga blad på trea
✦ og endå ein morgon med magisk soloppgang, denne gong meir lilla enn rosa
✦ høyrt meir på songane frå RENT, og her kan du lese høgdepunkta frå førre vekes konsert
✦ graskaret som blei med oss heim frå Hadeland i haustferien lyser opp kva dag som helst
✦ interessant å lære meir som sommarfuglar i boka Innen året er omme av Lea Korsgaard
✦ kulaste bilen på vegen ein dag då eg skulle ta bussen frå jobb
✦ og endå ei bok av Anne Carson: Albertine-økt
✦ sukk, solnedgangen over Hafrsfjord måndagsettermiddag var berre heilt magisk
✦ Alan Cumming som syng "Caledonia" i lag med KT Tunstall – kjempeflotte harmoniar!
✦ gå forbi Solabadet, den nye svømmehallen rett ved barndomsheimen min
✦ fuglesong ute fleire av dagane
✦ mykje bra å sjå på Solamessen, og me fann nokre flotte julegåver
✦ mamma sende meg denne: ein Mary Poppins-inspirert dans, og det heile er utruleg tøft :D
✦ feire farsdagen på Sola i går med kake, prat og "UNO Flip"
✦ novellesamlinga Uten ankemulighet av Tania Kjeldset var ei sår og veldig fin leseoppleving
✦ gøy å høyre litt på musikalsongar medan eg fiksa bilete
Merkelapp
sundagsliste
7. nov. 2026
Laurdag for akkurat fire veker sidan
Spaserte ein liten tur i dag, prøver å nyte dagslyset og solstrålane når dei fyrst tittar fram – november er ikkje den beste månaden i mine auge. Ofte regnar det sidelengs, og når det denne veka har vore ganske fint, tar eg det til meg medan eg kan. På veg heim frå Oslo i haustferien, tok eg berre desse tre bileta. Bilturen starta nemleg med sludd som gjekk over i heftig regn og det var ikkje det kjekkaste vêret å køyre i. Heldigvis letna det slik at me slapp å køyre slik heile vegen heim. Lyseblå himmel, blikkstille vatn, eit haustbrunt landskap – det treng ikkje å glitre for å vere fint.
Merkelapp
reise
6. nov. 2026
Bursdagsfeiring på Hafjell
Bursdagsfeiring på Hafjell for ganske nøyaktig ein månad sidan. Svigerfar hadde rund dag i byrjinga av oktober, og han ønska å feire dagen i lag med den nærmaste familien. Sidan me bur både her og der, fann han ut at Hafjell var lett tilgjengeleg for oss alle. Me køyrde rett etter jobb den fredagen, overnatta i Seljord og køyrde til Hafjell på laurdagen. Kjempekoseleg å sjå alle igjen! Litt artig å ha selskap i eit ordentleg OL-lokale med både pins, koppar og maskotar frå Lillehamer-OL i 1994 ;) Elggryte til middag og pasjonsfruktdessert, det klaga me ikkje på. Dagen etterpå hadde me kake og kaffi midt på dagen med allsong av "Hurra for deg" før bursdagshelga var over.
Hafjell hotell har fleire små stover i tillegg til rom ein kan leige for slike selskap. Inga hemmelegheit at eg likte meg godt i stova med det lille biblioteket (eg fann til og med ei bok som eg fekk ta med meg heim), og fleire av oss spelte nokre rundar med shuffleboard – det slo an! Laurdagsformiddag gjekk me ein liten spasertur i området, og det var fullt av det gulgylne lauvet overalt.
Utsikta frå rommet me budde på, haustkjensla langt inn i kroppen. Me måtte le litt av rommet me fekk: sidan det hadde blitt noko tull med bestillinga, fekk me bryllaupssuiten sidan det var det rommet som var ledig – me var der jo i haustferien. Tihi, for oss er det ikkje kvardagskost å sove i ei himmelseng ;) Fekk også tid til å lese på senga, måtte jo nytte sjansen då me fyrst var i suiten.
Merkelapp
hygge,
mat og drikke
Abonner på:
Innlegg (Atom)









