1. aug. 2022

Dei to fyrste dagane av årets interrailtur




Tre veker og ein dag er gått sidan me stod opp tidleg, tok toget til Kristiansand og venta der eit par timar på at ferja MS Romantika skulle ta oss til Eemshaven i Nederland. Nokon vil kanskje seie at det er litt juks, at me ikkje tok toget til Sverige, sidan Danmark og Tyskland og vidare nedover. Men om somrane er kapasiteten på ruta mellom København og Hamburg verkeleg underdimensjonert, og det har vore trangt om plassane både før pandemien og no i år. Me syntest det blei ein mjuk start på togferien å gjere det på denne måten. Fint vêr på den fyrste togturen, og i Kristiansand åt me knallgod is i sola hos Sval. Slappa av i parken med kvar vår bok fekk me også tid til.




Ferja gjekk i tre-tida, og det er Holland Norway Lines som køyrer båten mellom Kristiansand og Eemshaven. La fra oss tinga våre i lugaren og traska rundt på båten. Hi, hi, ein merker at interiøret og detaljane er frå 00-talet, det er ein eigen stil. Men restaurantane verka å vere oppussa, og det er nok å finne. Ikkje for det, me er ikkje dei som fyk rundt i taxfree-butikken eller dansar rundt på golvet til seine natta, men me hadde det heilt fint med avslapping, lesing og la oss tidleg for å få ein god natts søvn. Dagen etterpå, måndag 11. juli, var me framme i Nederland i ti-tida om morgonen. Rakk ikkje det toget me hadde tenkt sidan det tok lang tid å komme i land, men dei sette opp ekstratog. Måtte vente ute i gråvêret, heldigvis hadde me med oss lette regnjakker. Ruta den dagen var Eemshaven-Groningen, Groningen-Rotterdam, Rotterdam-Brussel. Sauar og flatt landskap, stasjonstaket i Groningen var storslått, og i Brussel var me fyrst då det var kveld. Orka ikkje å gjere oss i stand til å ete ute, så me fann ein restaurant som kunne komme med maten til oss. Gode falafler med knallgod kvitlauksdressing, og koste oss der me sat ute i bakhagen til hotellet og åt dagens middag. To reisedagar i byrjinga av ferien. Eg ser det blei ein del tekst i dette innlegget, men det får så vere – eg har så mange bilete eg ønskjer å dele at de sikkert kjem til å bli leie ;)

Legg igjen ein fin tanke