Scones, kaffi i ein av dei finaste koppane og ei god bok ved sidan av. Heimelaga scones, det er viktig å få fram. For her om dagen laga mannen min ein akkurat passe porsjon med halvgrove scones. Varme, nysteikte scones med syltetøy på, mmmm! Endå betre blei det med litt kaffi, og til saman blei det ei finfin lesestund. Lesing har det blitt ein del av i dag også, og om ikkje lenge tenkjer eg at det blir endå litt meir av akkurat det. Orkesterkonserten i går gjekk forresten bra, faktisk årets siste konsert og ikkje meir speling før neste år. Men det går jo alltid an å ta ein liten juletrall ;)
4. des. 2023
Varm heimebakst
Scones, kaffi i ein av dei finaste koppane og ei god bok ved sidan av. Heimelaga scones, det er viktig å få fram. For her om dagen laga mannen min ein akkurat passe porsjon med halvgrove scones. Varme, nysteikte scones med syltetøy på, mmmm! Endå betre blei det med litt kaffi, og til saman blei det ei finfin lesestund. Lesing har det blitt ein del av i dag også, og om ikkje lenge tenkjer eg at det blir endå litt meir av akkurat det. Orkesterkonserten i går gjekk forresten bra, faktisk årets siste konsert og ikkje meir speling før neste år. Men det går jo alltid an å ta ein liten juletrall ;)
Merkelapp
bøker,
hygge,
mat og drikke
3. des. 2023
Det byrjar å minne om jul


Kvitt på hustaka og på bakken akkurat no, for i går byrja det å snø. Vel, eg er ikkje den største fanen av snø, likevel skjønner til og med eg at det blir jo lysare ute, og enn så lenge ligg det ikkje tjukt slik at det blir vanskeleg å komme seg fram. Forkjølinga byrjar å sleppe taket, men framleis litt harking og tett nase. Langvarig har det no vore sjølv om ingen av oss har lege slak med feber eller slikt. Tidlegare i veka var det godt under null gradar, og eg måtte ha på meg godt med ull for å kunne gå ute. Men hallo, med den sola berre måtte eg ut på ein lengre spasertur på torsdag, og det var heilt fantastisk. Solstrålar, pynte litt til jul, fleire bra bøker, liten laurdagsutflukt og noko godt attåt sundagskaffien. Seinare i kveld skal me spele årets siste konsert med orkesteret, trur det blir ein fin kveld. No er det meir lesing medan eg høyrer på julemusikk, og her er den fyrste lista i advent:
✦ har så klart byrja å lese julebøker, og eg likte kjempegodt The Book Club Hotel av Sarah Morgan
✦ lange skuggar i solskinet
✦ "Top 20 Hauntingly Beautiful Songs in Musical" – mellom anna "I'll Cover You" frå Rent
✦ tenne stearinlys i stova vår om kveldane
✦ sola i andletet, det er ei bra greie!
✦ juletorget på Randaberg med koselege buer, mellom anna dei herlege bileta til Spesialdyr
✦ frost på bakken
✦ sundagshygge med heimelaga scones
✦ storkoser meg med serien om Bergman-brødrene, og Everything for You var kjempekjekk lesing!
✦ ein bra kronikk om norsk skule og kvifor det bør vere meir praktisk undervisning
✦ sjå Driving Miss Daisy i går kveld, for ein fin og lun film
✦ draumen om ein luftballong, sett på ein vegg ved UiS
✦ ikkje ei julebok, men Levi Henriksens gjennombrotsroman var ei spennande bok
✦ kan ikkje anna enn å smile av å sjå denne lille grisen leve eit flott liv
✦ adventsstake i vindauget og isroser på vindauget
✦ vinterstemning i Jonnas nyaste vlog
✦ fange solstrålar, ordentleg kvardagsglede
✦ stikke innom pop-up-butikken til Heddas gård på Alti Tasta – støtt lokalt og kjøp frå små bedriftar
✦ ikkje berre julebøker, litt krim innimellom blir det også, her Enken av Helene Flood
Merkelapp
sundagsliste
1. des. 2023
Alltid denne songen i desember
Hei, desember. Julepynten er på plass, sånn delvis i alle fall. Adventsstjerna heng i vindauget, og adventsstaken er på plass på kjøkkenet. Det er fredag, helg og den fyrste dagen i desember. Tradisjonen tru deler eg ein av dei aller finaste julesongane her på bloggen: "Walking in the Air" med Aled Jones. Stemma hans, både som ung og vaksen, er som balsam for sjela. Versjonen over er den finaste å sjå på medan denne versjonen kanskje er den vakraste av dei alle. Håper den kan gi deg den same roa den gir meg, både i dag, i adventstida og i romjula. Til du som les dette: god helg ♥
Merkelapp
musikk
30. nov. 2023
Dagens spasertur
30. november. Den aller siste haustsdagen. Trass ei forkjøling som framleis sit i, berre måtte eg ein tur ut før lunsj. Kjenne solstrålane treffe andletet, likeså med den friske lufta, gå nye stiar og frosten som glitra. Takksam og varm om hjartet når hausten er slik, og ikkje berre mørke og gråvêr.
Merkelapp
tur
29. nov. 2023
27. nov. 2023
Englespel og varme lys
Varmt lys i den kalde mørketida. Ute er det to minus, relativt kaldt til Stavanger å vere. Men sola skein høgt på himmelen tidlegare i dag, den siste måndagen i november. Månaden har vore lysare og mjukare enn den pleier, men kveldane blir likevel fortarte mørklagde. Eg finn fram ei god bok, lager meg ein kopp med te og tenner lys. Telys i det finaste englespelet med forskjellige Mummi-karakterar, fascinerande å sjå det spinne rundt og rundt og rundt og rundt. Lys i lyshaldaren som heng ved balkongdøra og så klart gylne strålar frå lyshuset. Kvardagskveld med ro og hygge.
26. nov. 2023
Forkjøla på tampen av hausten


Mektig lei av å vere forkjøla no, ja. Heldigvis kjenner eg meg ikkje sjuk, men tett nase og hoste er likevel ikkje noko særskilt gøy. Nok om det, veka har vore meir novemberaktig om ein tenkjer på vêret enn dei føregåande vekene, det skal eg ærleg innrømme. Bøker, kaffi, små turar då sola skein og overnatting av krøllebølle heva dagane betrakteleg. På tysdag var det øving med grovmessinggruppa i orkesteret, trur kammermusikkonserten om ei veke blir bra. Og då er det faktisk desember. "Hei, hå, nå er det jul igjen". I alle fall nesten. Eg har ikkje så mykje meir på hjartet no anna enn å dele slik som har vore kjekt, fint eller bra dei siste dagane:
✦ bøker om bøker er alltid like gøy å lese: The Messy Lives of Book People av Phaedra Patrick
✦ regn på ruta midt i veka gjorde ikkje så mykje sidan eg hadde gode bøker som venta på meg
✦ for nokre søte og fotogene sauar med krone på hovudet
✦ å, den der kule sauen oppe ved Ullandhaug økologiske gård!
✦ gyllent hautslys ved nærbutikken
✦ gjensyn med Snømonsteret og songen "Into the Uknown" frå sesong 2 av Maskorama
✦ gjenlese Eleanor & Park av Rainbow Rowell
✦ filmen The Secret of Kells vil eg verkeleg anbefale (i lag med Song of the Sea)
✦ øve litt i lag med mannen min på UiS
✦ Ali Hazelwoods nyaste bok, Love, Theoretically, synest eg var kjempekjekk
✦ laurdagskjensla: etter ei lita utflukt, var det kaffi, bok og noko attåt
✦ skjønner godt alle dei gode meldingane og Bokhandlerprisen til Lovrenski med Da vi var yngre
✦ gøy at eg er litt med i denne togjulereklamen frå Go-Ahead
✦ sundagsformiddag med strikketøy og krøllebøllekos
✦ stikke innom Ullandhaug gårdsbutikk to av dagane denne veka
✦ framleis litt haustfargar på trea i nærområdet
✦ "Telefonkiosken fyller 90 år" – artig lesing om dei raude telefonkioskane
✦ blå himmel ein dag ved Mosvatnet
✦ gule, fine haustblad på bakken
Merkelapp
sundagsliste
24. nov. 2023
Novemberfargar
Ordentleg "blås-bort-dagen" i dag. Samstundes skin sola, og det gjer godt med dagslys etter to ganske grå dagar. At det faktisk framleis er haustfargar å finne ute, gjer også godt, eg smiler litt for meg sjølv medan eg traskar rundt. Og joda, eg veit at det har blitt ein ganske stor haug med slike haustfargebileteinnlegg, men fargar i kvardagen er viktig for meg. Når hausten elles ofte er kald og grå, tar eg vare på alle slike små fine augneblink. Om kveldane tenner me stearinlys og set oss godt til rette med kvar vår bok. Høyrer på roleg musikk. Og snart er det desember.
23. nov. 2023
Dyrebesøk på Ullandhaug
Dyra på Ullandhaug, alltid like søte. Me var ein snartur oppom Ullandhaugtårnet og den økologiske garden på tysdag, herleg å komme oss på ein liten luftetur. Ved garden var det ein snakkesalig sau som ville helse på oss. Fyrst låg den berre roleg på marka og titta på oss, men den blei for nysgjerrig til å berre liggje stille. Okei, så trudde den sikkert at me hadde med oss mat og kanskje meinte sauen at den blei litt snytt. Uansett var det eit koseleg møte, og som alltid: "sauer er ålreite dyr".
Sa også "hei" til gjæsene og endene, og så var det eit par andre sauar rett ved som me stoppa opp for å helse på. Dei var ikkje like interesserte som den fyrste sauen, men sjå på det snille andletet! Før me kom oss heim, kjøpte me med oss nokre knallgode rundstykke frå Ullandhaug gårdsbutikk.
22. nov. 2023
Keltiske folkemytar
Av og til kjem ein over ei bok eller ein film som lenge ettet at den er ferdig, sit i kroppen, i tankane, i hjartet. Song of the Sea er ein slik film. Animasjonen, søskenkjærleiken, det mystiske og ikkje minst musikken – ikkje eit auge var tørt då den byrja å nærme seg slutten (når til og med mannen min merka det i augekroken...). Musikken av Bruno Coulais og Kíla har me begge høyrd om og om igjen no i det siste. Tomm Moore har regissert tre filmar i det han har kalla "Irish Folklore Trilogy", og foreløpig har me sett Song of the Sea frå 2014 og The Secret of Kells frå 2009. The Secret of Kells var kanskje ikkje like vakker, men spennande var den, inspirert av Kellsboka og med ein like unik animasjon og bra musikk som Song of the Sea. No manglar me berre å sjå Wolfwalkers frå 2020.
Merkelapp
film og tv,
musikk
20. nov. 2023
Snart bøttings, men ikkje i dag
Bøttevêret kjem visst på onsdag skal ein tru vêrmeldinga. Må jo difor nytte sjansen til å komme meg ut på små turar no medan eg kan. Altså, me bur i Stavanger og er sånn sett vande med regnvêr og har så klart både gode regnklede og støvlar. Men det er ikkje det same å gå ute når det bøttar ned sidelengs. Surt, kaldt og vått... nei, då sit eg heller inne med ei god bok og noko varmt i koppen. Likevel, eg er veldig takksam for å ha Mosvatnet rett i nærleiken. Enkelt å berre ta på seg ytterklede og gå bort, anten rundt heile vatnet eller delar av det. Finaste turfølgjet, svanene som slappar av på graset, ei måke som følgjer med frå ein stein og novembersola. Innimellom oppdagar eg framleis fargerike blad på nokre av trea, og eg smiler stort av slike små kvardagsgleder. Husarbeid har det også blitt tid til, det same med lesinga (tihi, eg har tjuvstarta på julebøker). Berre litt måndagsnytt.
Merkelapp
tur
19. nov. 2023
Spaserturar og alltid bok+kaffi




Sjølv om forestillingsperioden var over for akkurat ei veke sidan, har eg hatt mange av songane frå Czardasfyrstinnen på hjernen også denne veka. Men det skjer ganske ofte etter ei slik forestilling eller ein orkesterkonsert. Småforkjøla med hoste har me begge to hatt i hus, meir plagsomt enn ordentleg sjuke. Kva anna? Fleire av dagane har sola skine og eg har komme meg ut på små, herlege spaserturar, anten i nærområdet eller til byen for å levere og låne bøker. Gode lesestunder, hengje med på jobbmarknaden, pønske ut eit par julegåver og i går var me innom Varatun gård der dei hadde julemarknad. Flott brukskunst, lokal mat og god stemning. I dag har me tatt det ganske med ro her heime med god kaffi, bok og roleg musikk. No blir det lesetid, kos deg med oppsummeringa:
✦ bok nr. to om Matthew Venn, The Heron's Cry, slukte eg like fort som den fyrste boka i serien
✦ heimelaga laurdagspizza og ein artig film i går kveld
✦ Bami og Dami fortset å vere to heilt nusselege sjarmtroll, berre sjå her og her – eg smeltar heilt!
✦ knallgule blad, framleis litt haustfargar igjen ute
✦ Beth O'Learys nyaste bok, The Wake-up Call, var kanskje litt for lang, men eg likte den likevel
✦ TwoSetViolin som speler "I Dovregubbens hall" i songens rette element
✦ tihi, den grøne døra inn til ein del av Vålandstårnet, den er liksom så liten og søt
✦ som i fjor: den automatiserte miniatyrjuleverkstaden på Varatun gård er superstilig
✦ krimboka Farvel, Farah Diba av Fossum, ein psykologisk thriller der spenninga ligg i skuggane
✦ hente gode og lokale varer på REKO-ringen
✦ om kvensk i dikstamlinga Tanker om et tapt språk av Marie Konstanse Skogstad
✦ frost på bakken
✦ Hotel Victoria frå 1900, eit nydeleg bygg, og tenk at det huste byens fyrste kino då den opna i 1905
✦ gull på trea mot ein blå himmel, eit slikt syn i november, det gjer så godt
✦ alltid like søtt når ein stor hund og ein liten katt blir venar
✦ sjå vidare på Kompani Lauritzen: Tropp 2, for ein gjeng!
✦ ein spraglete katt som sprang rett foran meg på ein liten gåtur
✦ sundagsmorgon etter frukost: dagens andre kopp med kaffi, kvar vår bok og eit favoritteppe
Merkelapp
sundagsliste
17. nov. 2023
Formiddagsfrost
Medan me sat inne i stova i går ettermiddag med kvar vår bok i fanget, byrja det å snø. Fint å sjå på frå vinduaget, mange mjuke, kvite dottar som fall ned frå himmelen, men som ein ikkje-så-veldig.glad-i-snø-person, synest eg det var litt tidleg. Heilt greitt at den ikkje la seg og at det berre var eit par spor igjen av den ute i dag. Frosten som har lege på bakken om morgonane derimot – den er velkommen. Fleire av dei siste dagane har eg vore ute på ein spasertur relativt tidleg, og når solskinet treff dei visne blada og graset på bakken, fulle av frost, då smiler eg litt ekstra. Lufta er tørr og kald, sola varmar og eg er takksam for ein kvar slik tur utan slaps, mykje vind og mørke skyer.
16. nov. 2023
Norlis Antikvariat




Lukta av gamle bøker, synet av gamle bøker, kjensla av gamle bøker. For ein månad sidan var eg jo i Oslo for å sjå Moulin Rouge! med ei veninne, og som turen vår i mars, berre måtte me innom Norlis Antikvariat. Som å gå inn i eig eiga verd med ein gong ein opnar døra. Alle dei vakre bokryggane, ein trappeoppgang pynta med globus og gamle skrivemaskinar, signert utgåve frå Kjell Aukrusts verd og generelt atmosfæren. Fann ei utgåve av En studie i rødt av Arthur Conan Doyle, den fyrste boka om Sherlock Holmes. Utgåva er frå 1914, og denne blei altså med meg heim til Stavanger, tihi!
Abonner på:
Innlegg (Atom)