29. nov. 2021

Han kalte seg Ludvig





Julemusikken er på, me har tente lys på bordet og roa har senka seg litt etter helga. Keisamt å stå opp halv seks, men det har no vore ein grei dag. Minus seks gradar ute då eg sykla i dag tidleg, vindstille og flott. Kjenner at vinteren snart er her, og viss neste månad byr på like mykje lesetid og gode bøker som det november har, skal eg ikkje klage. Ei av bøkene me fann på eit av antikvariata i Tvedestrand, var Aukrusts 
Tre små venner. Å, for ein fantasi han hadde, og for ein herleg måte å skrive på! Veit ikkje om eg fekk heilt taket på han der Nystumoen, men Solan Gundersen og skjønnaste Ludvig, dei er to karakterar ein fort blir glad i. Ein småhumrar av kjepphøge Solan og ein føler med Ludvig som er av den litt meir engstelege typen. Berre høyr her: "Han kom i høstregnet og banket på. Vandreren kalte seg Ludvig. Han søkte ly for natta. Det var ikke værendes ute. Jeg tok framtoningen i nærmere øyesyn. Hvor på kloden kom nå denne fremmedkaren fra? Ludvig strøk nesedråpen vekk og pekte desorientert ut i kølsvarte høstnatta: Han hadde tatt av tel venstre han, under en røten skigard på Prestenget - Kunne han bare få smette inn under et takskjegg som lå i lé, skulle han saktens greie seg." (s. 169). For ei herleg bok, vil verkeleg lese meir av Aukrust!







Herleg og artig var også boka The Boyfriend Material: "These weren't yeah whatever kisses. They weren't take it or leave it, get your coat you've pulled kisses. They were everything thought I could never have, everything I'd been pretending I never wanted, telling me that I was worth it, that he'd be there for me and put up with me, and wouldn't let me drive him away." (s. 236). Nei, no har eg sete ei stund foran dataen, skal lese litt før eg sovnar og prøve å la vere å tenkje på at det er snø ute.

28. nov. 2021

Orkesterhelg med stor O



Antar at mange av oss frå orkester no går rundt med songane frå Nøtteknekkeren på hjernen. Slik er det i alle fall her i heimen, men det er vel ikkje anna å vente når ein har spelt musikken fem dagar på rad (sju dagar på rad for mannen min sin del). Fire fridagar har gått fort sidan me stort sett har vore i Sandnes kulturhus med orkesteret, og eg har ikkje funne heilt roa i helga. Samstundes skal eg ikkje klage, for eg har verkeleg fått lese mykje dei timane eg har hatt tid. Gleda over sollys og framleis klare haustfargar veg veldig opp for travle dagar, og etter frukosten i dag byrja eg så vidt å finne fram julepynten. Adventsstjerna heng i vindauget og det fyrste adventslyset er tent. Byrjar på dagskiftet i morgon, med andre er det tidleg opp og eg håper eg får ein god natts søvn utan å nynne for mykje på alle songane me nettopp har spelt (hi, hi). Siste novembersundagsliste:

✦ tenne adventslys i den "nye" adventsstaken eg nyleg fann på ein bruktbutikk
✦ viss du ikkje har lese Makta av Heidi Furre, bør du gjere det no, direkte språk om eit viktig tema
✦ koseleg hyttehems som kjem til å bli den perfekte leseplassen
✦ sollyset som fekk både raude og gule blad til å skine endå meir gyllent
✦ lilla og kvite blomar rett utanfor blokka
✦ "Love is love is love..." – Lin-Manuel Miranda på Tony Awards i 2016 etter Orlando-angrepet
✦ haustlauvet på bakken
✦ alltid kjekt å sjå ein episode av The Great British Bake Off, fascinerande å sjå alt dei får til
✦ av og til er eit bilete av liten og sjarmerande raud panda alt som skal til
✦ sterkt å lese Døde jenter av Selva Almada
✦ tjuvstarte lesing av julebøker: biletebøkene Brev fra julenissen og En jul i Småland for lenge siden
✦ fargesprakande pariserhjul midt i Sandnes sentrum
✦ Ingebjørg Bratlands versjon av "Luka" i samband med kampanjen Taushet tar liv
✦ spele Nøtteknekkeren med Sandnes symfoniorkester – eit stemningsbilete frå orkestergrava
✦ komme heim etter to forestillingar, lage nachos og slappe av med Maskorama
✦ stille morgonstund med stearinlys, kaffi og ei bok
✦ byrje å skrive julekort
✦ høyre på julemusikk, for no er det advent og jula nærmar seg med stormskritt
✦ tenk at det kan sjå så magisk ut ved Mosvatnet i november!

26. nov. 2021

Gylne glimt








Kor mange blogginnlegg fulle av haustfargar har eg posta i løpet av desse månadane?! Eg veit ikkje, men her kjem eit til, sånn heilt på tampen av årstida. Etter ei lengre lesestund i går, fann eg ut at eg berre måtte ta meg ein snartur ut. Sola skein, himmelen var blå, nesten som om det var sommar. Temperaturen viste no likevel at det var seinhaust, og eg tok på meg ull frå topp til tå sjølv om eg ikkje var lenge ute. Haustblada som framleis heng med, både små og store, lyste ekstra i sollyset. Når sola skin, blir dei allereie gylne fargane endå gylnare. Og rett utanfor blokka, såg eg plutseleg eit par bittesmå lilla og kvite blomar. Alt i alt, trass fleire regntunge dagar, har det vore mykje fint å sjå når me har vore ute på tur eller når eg har sykla fram og tilbake jobb. Noko mørkare ute i dag enn i går, men eg slappar av inne med gode bøker og lader opp til ei ordentleg orkesterhelg.

24. nov. 2021

Stille morgonstund




Skulle nesten tru det var advent allereie. Men det er enno eit par dagar igjen. Hausten er jo også ei tid for stearinlys og rolege aktivitetar, og det var fint å ha ei stille stund her ein morgon. Berre eg, kaffi i koppen, ei god bok og eit lite lys. Hadde ikkje ein gong på musikk. Stilla var akkurat det eg trong. Veit du kva eg meiner? Lese ord for ord, setning for setning, dra av garde til ein annan plass. Nyte den koppen med kaffi, stire ut i rommet. Ta meg tid til å senke skuldrene før seinvakta på jobb.

22. nov. 2021

På Island og eit stykke av "Nøtteknekkeren"



Måndag full av kulde og regn. Sjølv sit eg under eit teppe og har brukt morgonen på ei god og lang lesestund. Noko nytt sidan i går har eg ikkje å melde, og som vanleg no om hausten er det ikkje alltid like enkelt å få tatt gode bilete sidan det stadig er mørkt. Men å dele to flotte melodiar, det kan eg gjere på ein slik måndag. Markéta Irglová si stemme har vore med meg sidan eg for fleire år sidan såg filmen Once. I fjor gav ho ut songen "Among the Living" som ein trøyst midt i eit år som for mange av oss var langt og vondt. Nyleg kom musikkvideoen, og den er berre heilt nydeleg. Vakker dans og like vakre omgjevnadar, filma på magiske Island. Og så "Pas de deux" frå Nøtteknekkeren. Hauser speler like fløyelsmjukt som alltid, og denne versjonen er nydeleg. Gleder meg veldig til å spele den i lag med orkesteret heile helga. Fire forestillingar på tre dagar – travelt, men gøy.

21. nov. 2021

Nok ein gong godt og blanda






Laurdag og sundag på jobb utan stemne, altså ei heilt vanleg jobbhelg. Me hadde venta meir folk sidan det har vore trøkk etter at me slutta med førehandsbooking, men i dag var det nok litt for fint vêr. Skulle gjerne ha vore ute på ein tur sjølv. Sykla no fram og tilbake om ikkje anna, og det var herleg å kjenne sola i andletet sidan eg fleire av dagane måtte ha på meg fullt regntøy. Klagar ikkje når eg denne veka har fått lese mykje, høyrt på roleg musikk, sett den fyrste episoden av Go Gently som er ein Youtube-kanal med fokus på miljø, berekraft og gjenbruk, stas å få skrytt litt av ein fin bloggkollega og spelt i lag med orkesteret (no nærmar det seg forestillingsveke med stormskritt). Som vanleg har eg prøvd å samle denne vekas stjerneaugneblink og anna bra i ei lita liste:

✦ tenne lys om kveldane
✦ The Printed Letter Bookshop, finfin bok om bøker, nye venskap og om det å finne sin veg i livet
✦ rart å tenkje på at Harry Potter-filmane er tjue år, eg var faktisk på førpremiere på film nr.1!
✦ stor og snill hund som helser på fleire små og søte hundar
✦ bittesmå regndropar på ein blome 
✦ kanskje ikkje den beste boka frå Fossum, men krimbøker er alltid noko eg kjem til å lese
✦ byrje å lese julebøker
✦ barndomsminne (hugsar du Beatrix Potter og Peter Rabbit) med songen "Perfect Day"
✦ livredningsoppdatering og i same slengen svømme 500 meter
✦ levere og låne nye bøker på biblioteket
✦ filmen tick, tick...BOOM! om Jonathan Larson (musikalen Rent) har fått god karakter på NRK
✦ ååå, eg smeltar av denne storsjarmøren, for eit nusseleg lam
✦ starte kvar morgon, også no i helga, med ein god frukost og lesing
✦ heimelaga pizza og vill gjetting medan me såg Maskorama
✦ blir med her også: Idas flotte innlegg med mykje bra frå Harstad
✦ lese Høst av Selma Lagerlöf som denne månadens novellesamling
✦ inspirerande og gøy å følgje Bonnie Wright (tidlegare HP-skodespelar) i hennar Youtube-kanal
✦ få igjen, men eg ser enno eit par små fargerike blad på denne betongveggen på veg til og frå jobb
✦ rimet på haustlauvet
✦ kornettsoloen i kjenningsmelodien frå Hetty Wainthropp Investigates
✦ le høgt av Truls og Eivind – dei er jaggu meg eit radarpar utan like
✦ andre bok i Fremmesteds reisebyrå-serien, kjekke bøker og herlege karakterar

19. nov. 2021

Haust, også i litterær forstand


God te, stearinlys og ei fin bok, mykje hygge i eit og same biletet. No i november har eg lese Selma Lagerlöfs Høst som månadens novellesamling. Høst er i samling med både essay og noveller, og eg håper å lese meir av Lagerlöf seinare. Eg las dei små juleforteljingane hennar i fjor, og eg kjenner eg gjerne vil lese ein roman på eit seinare tidspunkt, bli endå betre kjent med hennar forfattarskap. 

17. nov. 2021

Kuneset park


Lange skuggar som vinkar. Sola stod høgt på himmelen og skein så flott på sundag, og med det vêret berre måtte me ta ein liten tur ut. Langtur blei det ikkje, men ein runde rundt Kuneset park på Hundvåg, pluss litt til, gjorde godt for både kropp og sjel. Når sola varmar i andletet, sukk.
 




Kuneset er eit friområde som blei laga til av masse etter Ryfast-prosjektet. Små, grøne haugar heilt ute ved vatnet. Utsikta til andre sida av fjorden og blåblå himmel ein sundag i november. 



Om natta hadde det vore kaldt, og fleire plassar lag det framleis rim på bakken. På graset og på haustlauvet. Det er eit eller anna med det fyrste frosten. Ein annan stad var det ein busk eller eit tre der det framleis var nokre små, raude blad igjen på greinene. Raudfargen lyste opp i lag med solskinet. Rimet og den raude fargen, hint av både haust og vinter. Eller vinter og haust eigentleg.





Vanskeleg å fange haustlyset, men gurimalla, så vakkert det var. Og er – det skin nemleg inn i stova vår akkurat no. Blada på trea og på bakken som lyste som gull. Lyst og varmt overalt. Ein slik dag.

15. nov. 2021

Et katteliv




Hugsar ikkje heilt når eg fann bloggen til Ida, men eg trur ho kommenterte på min blogg ein eller annan gong for ei god stund tilbake. Sidan har me følgt kvarandre, og eg ønskjer å gi eit måndagstips om Idas blogg Et katteliv. Ida skriv om nysgjerrige Mira og om minna etter finaste Bianco. Kvar månad deler ho dei flottaste bukettane og nyleg fekk me vere med på ein tur til Harstad
 


Haustkjensle, hygge, hytteliv, knallfine bruktfunn (den raude kjolen er jo berre heilt nydeleg!), litt interiør innimellom, ull er gull, tips til Noregsferiar og mykje anna fint. Ida skriv godt og ho fangar så mange flotte kvardagsaugneblink. Fangar stemninga gong på gong, særskilt alt det små som set gullkant på tilværet. Takk for at me får følgje deg og din kvardag, gode bloggkollega ♥︎

14. nov. 2021

Klassikar, nerverpirrande krimbok, sollys med meir








Morgonskiftet fauk unna, og som eg skreiv på fredag gjekk det i eitt med både det eine og det andre. I går og i dag har eg tatt det litt meir med ro sjølv om me var ute på farta i går og ein minisundagstur i dag. Ørten koppar kaffi har det blitt (i alle fall om ein skal tru bileta rett over, hi, hi), lesing trass i å komme heim trøytt etter å ha stått opp halv fem (!), strikke litt medan eg har kost meg med The Great British Bake Off og bli glad av å kjenne sollyset innimellom dagar med regn. Har eit par ting på tapetet i morgon – ikkje at eg kjem til å stresse, det er jo turnusfri. Slik har no mi veke sett ut:

✦ spennande utfordring med å lese nyomsettinga av The Waste Land, ein klassikar av eit langdikt
✦ sjå Beat for beat på fredagskveld, kjekt å høyre så mange bra artistar i eitt og same program
✦ og eg tuta og tårene rann då Adam og Lars Andreas song "Falling Slowly" frå Once (ca. 51.30)
✦ fint å sjå at det framleis er nokre fargerike haustblad som heng på trea
✦ bøker er magiske, også på ein vegg på UiS
✦ småhumrar av denne herlege, søte og forfengelege fuglen
✦ apropos fugl: Zalo vil alltid vere med der det skjer ;)
✦ nesten eit hint av vår inne på Amfi Madla
✦ litt morosamt å sjå at Floyd har ein kjole ute no som er veldig lik denne fine eg arva av mamma
✦ heilt herleg å kjenne sola varme andletet og sjå den lyse opp dei gule blada då me gjekk tur i dag
✦ Eddie Kang sin Instagram-konto med flotte illustrasjonar av blant anna Pippi og Anne Shirley
✦ kaffi i ein fin kopp, sollys og boka The Henna Wars
✦ skjønne lam som hoppar rundt omkring
✦ fredagsmakronar, meir kaffi og strikketøyet i fanget
✦ "Pas de deux" frå Nøtteknekkeren, blir stas å spele den i slutten av månaden
✦ ha, ha, det er jo litt vittig å prøve å gjette deltakarane i Maskorama
✦ god svømmeøkt på torsdag 
✦ Mummihuset i miniatyr, veldig gøy å følgje Alicia som lager ei heil, lita Mummiverd
✦ bruktbutikk rett i nabolaget med dei finaste teakmøbla
✦ ny vlog frå finaste Jonna
✦ blir alltid like glad når sola skin inn i leilegheita vår – humøret og energien stig eit par hakk
✦ kult å lese at nedlagde jernbanespor kan bli turistattraksjonar 
✦ Christie-boka Crooked House var ei av Agathas eigne favorittar, og den er så originalt skrive!

12. nov. 2021

Fredagsmakron




Eigentleg fredagsmakronar i fleirtal, men pyttsann. Morgonskiftet er over for denne gong, og det har gått i eitt. Det skjer stadig forskjellige ting inne i vår "lille" hall. Kjenner det gjer godt å setje seg ned i sofaen med ein kopp kaffi, eit par makronar og strikketøyet. Eller te og bok. Har lese ein del etter jobb i dag, som vanleg har eg eit par bøker for mykje i lesehaugen. Hi, hi, er vel i gong med fire eller fem bøker for tida ;) Litt fredagsmys før det blir sein middag, Beat for beat på skjermen og helg. 

10. nov. 2021

Meir kortreist mat og drikke


Joda, eg veit eg allereie har lagt ut eit liknande bilete (sjå sundagslista), likevel legg eg ut endå eit. For REKO-ringen er ei så himla bra greie! Eg må berre tipse om akkurat dette endå ein gong. Små, lokale produsentar gir kortreist mat. Jus og kaffi til deg sjølv eller som fine gåver. Egg til frukosten og vårrullar til middag. Grønsaker til det meste, saft og syltetøy til kvardags og til fest. Her i området er det utdeling av varer annakvar veke, og det er alltid noko for ein kvar smak. Blir vel kanskje ei stund til neste gong for vår del, no har me slik at me nok klarer oss til jul i alle fall ;)

8. nov. 2021

Lite fargekalas






Alle dei fine, sterke og klare haustfargane blir færre og færre for kvar dag som går. Eg ser heldigvis litt gult og brunt ute på veg til og frå jobb enno, men mykje mindre enn for berre nokre veker sidan. I arboreet såg me tre på tre med små bær i mange forskjellige fargar. Dei raude og oransje antar eg er rognebær, eg skal ikkje seie noko meir om dei andre – ekspert på tre og blomar er eg ikkje. Kan likevel setje pris på fargekalaset desse trea skapte. Lyset, stemninga, oktober på sitt beste! Oktober har gått over i november, og denne novembermåndagen er snart over. Sit og slappar av med filmmusikk no etter ein bra og produktiv dag på jobb. Tenkjer eg skal lese litt før eg legg meg.