28. feb. 2019

Eit dansepar utan like



Aller siste dag i februar. Like rart kvart år, ja, kvar månad, kor fort dagane fyk av garde. Ute har det i dag vore kjempeflott vêr, noko det sånn set har vore nesten kvar dag denne veka. Sjølv så var eg på eit oppstartsmøte med jobben tidlegare i dag, og eg trur me blir ein fin gjeng som skal jobbe i svømmehallen når den nyopnar i midten av april. Vel, eg stikk eigentleg berre innom her i kveld for å dele eit par artige dansevideoar. For dei av dykk som har følgt bloggen ei stund, er det inga hemmelegheit at me begge to liker å sjå gamle komediar og musikalfilmar innimellom. Fred Astaire og Ginger Rogers spelte i ti filmar saman mellom 1933 og 1949, og mange av dansescenene er så kule og stilige. Her kjem to slike scener. Kvifor er det ikkje meir stepping i dagens filmar?! ;)

27. feb. 2019

Blå himmel og vårleg kjensle i februar

Utsikta har både du og eg sett før, men då me var ute på ein liten sundagstur no i helga, var vêret så bra at me berre måtte ta ein tur opp til Vålandstårnet for å titte utover byen. Gjekk dit via Mosvatnet, og der såg me snøklokker. Altså, det blir litt som utsikta på Sunnmøre: eg blir ikkje lei. Og så tyder det jo at våren er på veg. Då me gjekk opp til tårnet, tok me ein annan veg enn det me vanlegvis gjer, og det resulterte i eit nærbilete av rekkverket. Meg og slike små detaljar ;) Vel oppe ved tårnet, gjekk me inn og der traff me plutseleg ei av mine barndomsveninner. Prata litt og tok oss rett og slett ein pause før me byrja å traske heimover. Flott sundagstur, den siste i februar.

25. feb. 2019

Gjennom togruta ein vinterdag

Har du hatt ein fin måndag så langt? Eg har lese, sett litt på Downton Abbey og kom plutseleg på at mars snart er her. Den fyrste vårmånaden. Snøklokkene har allereie byrja å poppe opp og ute varmar sola meir og meir. Tok desse tre bileta med mobilen då me skulle frå Lysaker til Åndalsnes for ein snau månad sidan. Soloppgangen på ein av togstasjonane, den blå himmelen, sollyset og den kvite snøen, tjukk som eit teppe. Eit lite stykke vintermagi,  sett gjennom eit togvindauge.

24. feb. 2019

To kafébesøk, ei stripe av sol og veldig gode bøker

Å kunne starte kvar dag med ei bok og drikke siste rest av kaffien. "Toget er et egnet og typisk lesested. De fleste som reiser med tog, sitter med blikket i en bok, et blad, et nettbrett eller kanskje helst en mobiltelefon. Togkupeene, især stillevognene, er i dag en slags blanding av et mobilt leserom – uten bokhyller, men med små arbeidsbord foran hver stol – og et sovested, hvert menneske for seg, men likevel sammen." (s. 132). Sitatet er henta frå boka Leselyst, og eg er så einig i at toget er ein typisk lesestad. Som du sikkert skjønner, har eg fått lese mykje denne veka sjølv om det ikkje har vore om bord på eit tog. Dagane har fore fortare enn eg har fått med meg, og no er det snart ei ny veke. Igjen. Bortsett frå å lese, har eg vore med ei veninne i fleire timar i går, fiksa nytt pass (me har ikkje planlagt noko ferie, men greitt å ha det i orden viss me ønskjer å reise seinare i år), henta fleire bøker på biblioteket på Amfi Madla, gått ein herleg sundagstur med sola i andletet, drukke kaffi og sett filmen Robin Hood: Men in Tights for andre gong. Diggar replikken "Because, unlike some other Robin Hoods, I can speak with an English accent". Hi, hi! Det er ikkje så lenge til me byrjar å gjere oss klare for senga, og det betyr at det er tid for vekas punktliste: 

✦ boka Leselyst: om bøker, liv og litteratur (og eg hadde det gøy då eg tok det biletet)
✦ gå fram og tilbake sentrum med ei god veninne, og det blei shopping, kafébesøk og mykje prat
✦ ute ein tur i sola tidlegare i dag
✦ "tankar om att rensa ut hemma" inne hos Alicia, deler mange av dei gode tankane hennar
✦ ekorn er berre så søte og nysgjerrige, og her kan du sjå ein heil haug med herlege ekornbilete
✦ "He Lives In You" frå The Lion King i ein a cappella-versjon – supertøft og fint
✦ treffe på ei barndomsveninne tilfeldig i Vålandstårnet i dag
✦ sauebiletet og illustrasjonen "Ly" av Lisa Aisato, dei gir meg glede kvar dag
✦ sjå vidare på Grace & Frankie
✦ ei stripe av sol inn i stova vår denne sundagen
✦ lese nok ei bok i Agatha Christie-utfordringaNemesis som altså er ei Miss Marple-bok
✦ vanskeleg å sjå på biletet, men det er artig med "Du din snobepåse!" på toalettspegelen på amfiet
✦ le av filmen Robin Hood: Men in Tights saman med mannen min no i helga
✦ altså, det går ikkje an å ikkje like desse vennane her: ein minigris og ein kanin
✦ vise fram siste del av baderomsoppussinga vår
✦ no byrjar du kanskje å bli lei snøklokkene, men det er ikkje eg ;)
✦ lese ute på kafé etter å ha fiksa nytt pass, ei akkurat passe kvardagsglede

22. feb. 2019

Oppussing av badet – del 2

Og her kjem altså siste del. No er badet vårt ferdig, og begge to går rundt med store smil om munnen. Som eg har nemnt før, er ikkje badet det enklaste rommet å ta bilete av, og fargane er nok noko varmare enn det som kjem fram på bileta. Men de får no likevel eit inntrykk. Fargen på veggane og taket er Hvit Poesi frå Jotun. Det er ein grå farge med eit hint av grønt og passar veldig bra saman med det blå tapetet. Og så klart er det våtromsmåling. I taket har me fått spotlys, og sidan me tidligare berre hadde eit lys rett over spegelen, er det dette så utruleg mykje betre. Eit lysare bad rett og slett. Noko av det fyrste me bestemte oss for, var vinylgolvet frå Tarkett i fargen Oak Grey. Lyst og vakkert i ein panelaktig struktur. Blir ikkje lei det golvet med det fyrste.


I ei av sundagslistene mine har de allereie fått ein sniktitt på tapetet, men her får de sjå heile. Veggane ved toalettet og vasken ønskja me å ha tapetsert for å få badet litt friskare (men sidan badet er såpass lite hadde det blitt for mykje med tapet på alle veggane). Tapetet er våtromstapeten Aqua 4024-2 frå Borge. Ein finn tapetet også i eit par andre fargar. Synest det blei råtøft sjølv om det, som eg veit eg har nemnt eit par gongar, er betre i verkelegheita enn på bileta ;) Servantskapet er i modellen Mido og er frå Dansani. Fargen er mocca, men det ser ikkje ut som om dei har fargen inne lenger, i alle fall ikkje i årets katalog. Servanten er 62 cm i breidda og omtrent 39 cm djup – heilt perfekt for vårt lille bad. Skapet er kanskje ikkje det største, men det rommar meir enn spegelskapet me hadde tidlegare, og me er difor veldig nøgde. Spegelen er frå House Doctor. Eg måtte nok ha stått i dusjen for å ta eit ordentleg bilete av den, så du finn lenkje til retrospegelen her. Leita lenge etter ein me likte, og då me ikkje fann noko verken på IKEA, Bademiljø eller liknande butikkar, tinga me det på nettet. Toalettet er frå Gustavsberg, og så får me sjå om me etter kvart kjem til å hengje opp ei lita hylle over toalettet der me kan ha eit par grøne planter. Men for no seier me oss ferdige. For ei oppgradering, det er ein fryd å vere på badet no for tida :)

21. feb. 2019

Detaljar frå ein baderomsvegg

Eg tenkte å vise siste rest av baderomsoppussinga i morgon, men eg klarer ikkje å vente med å vise eit par detaljar frå det me har fått opp på veggen. Det aller finaste er det du ser med ein gong du kjem inn: digitaltrykket "Ly" som Lisa Aisato har laga. Trur ikkje det er ein hemmelegheit at eg synest hennar illustrasjonar er nydelege! På Upstairs fann eg ei hylle som eg tenkte var perfekt til badet, og det er den. Glasbrobiletet er det eg sjølv som har laga etter inspirasjon frå både Pinterest og noko liknande som me såg i ein butikk då me var ute på Prince Edward Island. Så gøy å få brukt dei steinslipte glasbrota til prosjekt som dette. Og apropos den butikken på PEI: den heiter Village Pottery, og frå den butikken fann me den brune og gule skåla med ei lita mus oppi. Skåla passar ypperleg til å leggje øyredobbar og anna småpynt i. Tre andre ting er også frå Canada: ei skjelpadde i keramikk, ein blekksprut av glas og den tre- og steinaktige figuren. Skjelpadda fann me på ein kjempefin handbruksbutikk i Moncton, nemleg Creative Works. Den er rakubrent, ein teknikk som stammar frå Japan. Blekkspruten av glas (som lyser i mørket) kjem frå suvenirbutikken på kaia i Halifax, men er laga i USA av Dynasty Gallery. Me synest no den er kul likevel. Den lille figuren kjøpte mannen min i Montréal då han var stranda der i to dagar på grunn av mykje snø. Figuren framstiller ein inuksuk som inuittar og andre folkeslag frå den arktiske delen av Nord-Amerika laga som ein vegvisar eller landemerke. Skåla med blått lokk er frå Hadeland Glassverk, og oppi den ligg dei heimehekla bomullspadsa. Knaggen er frå Jysk, så enkelt som det. Sauen med q-tipsane oppi er kjøpt på ein galleributikk i Sandnes av kunstnaren Aina Borgenvik, og til slutt det kulaste sauebiletet av tre Valais Blacknoses. Biletet kjøpte me på ei handbruksmesse i Helmsley Town Hall, og det er tatt av fotografen Paul Franklin. Me fall for det begge to, for sauane ser berre så artige ut. Mykje info, men synest det er viktig å lenkje vidare når me er så nøgde. Mange gode minne!

20. feb. 2019

Klassikar treng lesar

Kvar månad skal eg prøve å lese ein klassikar (og ei Agatha Christie-bok, men det er ikkje det eg skal skive om no i kveld). Eg veit eg har nemnt det allereie, men det som er greia er at eg ikkje har bestemt meg for kva klassikarar eg skal lese. Nokre har eg sett meg ut, som Persuasion av Jane Austen. Her heime har me ein liten haug med klassikarar, men dei fleste av desse har eg allereie lese (vel, sjølv om Undsets Kristin Lavransdatter ligg i hylla og eg prøvde meg på den i fjor, så kom eg ikkje så veldig langt). Bøker som De elendige og Greven av Monte Cristo er favorittar, men eg ønskjer jo å lese andre bøker enn det eg har lese før. Eg tar difor i mot forslag frå deg. Har du ein klassikar du tenkjer eg berre lese?! Legg igjen ein liten kommentar under innlegget då vel.

18. feb. 2019

Liten sundagstur langs kysten ute på Storhaug

Lyset ute i går var til tider heilt magisk. Utruleg nok var det eit bilete frå mobilen som fanga lyset best (sjå sundagslista), men det dumme med slike mobilbilete er at de ofte blir noko meir kornete. Uansett. Me gjekk altså ein tur ute ved Lervig og Ramsvik, som er ein del av bydelen Storhaug. Stort sett var det mørke skyer, men sola titta fram innimellom og det kom aldri regn, så det blei ein fin tur. Dei vakre snøklokene viste seg der også, og eg måtte som vanleg stoppe opp ein liten augneblink. Rosa farge på vindauga i ei elles kvit blokk, for synest det var ein stilig kontrast sjølv om rosa ikkje er min favorittfarge. Ei grein som snor som om ei anna og det lille fyrtårnaktige huset heilt ute på spissen. Vinden som tok tak i håret og ei hand i halde i. Det skal ikkje alltid så mykje til.

17. feb. 2019

Nye og gamle favorittar

Noko seint ute med sundagslista i dag. Helga har gått i eitt med mange ærend, restaurant og spelekveld på fredag, instruktør på eit seminar og musikalen Grease i DNB Arena i går og sundagstur i dag. Men turen i dag var ikkje superlang, så me har no fått tid til å lese, sjå ein episode av Babylon Berlin saman og ete ein god middag. Veka har vore grei med ein god porsjon lesing, nokre dagar meir enn andre. Godt å kjenne sola titta fram mange av dagane, ingen tvil om at det gjer alt mykje lysare. På tysdag fekk me opp dei tinga me ønskja å ha på veggane inne på badet (hylle, knagg, to bilete), så no er me i mål. Me manglar framleis dorullhaldaren, men sidan den er ein så liten ting, vil eg påstå at me er ferdige ;) No er det ikkje mykje igjen av denne sundagen:

✦ ny favoritte og gammal filmklassikar: mandarinte og Sleepless in Seattle
✦ byrje å sjå den nyaste sesongen av Grace & Frankie – dei er berre så kule
✦ likte godt å lese alle dei små forteljingane i Tønes si bok Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem
✦ lille Casper og den alltid like søte Maci
✦ sollyset inne og ute, til dømes gjennom gardinene i stova
✦ fuglane som kvitrar, våren nærmar seg veldig
✦ ein tur til Sandnes på fredag for å ete ute på ein restaurant i samband med 100-ugå
✦ og seinare på kvelden spelte me nokre kjekke spel med eit venepar
✦ lyden og plassane var ikkje dei beste, men det var no gøy å sjå Grease live med ei god veninne
✦ 18 rørande scener frå Harry Potter-bøkene
✦ alltid ein favoritt: snøklokker som eg såg på tur både førre helg og no i dag
✦ veit ikkje om eg likte den, men månadens klassikar var Postbudet ringer alltid to ganger
✦ dramatisk ute på sundagstur i dag, det ser jo ut som om benken er opplyst av solstrålar
✦ skuggespel på ein grøn busk, så vårleg kjensle
✦ "Glee Performances Better Than the Original" – kanskje ikkje heilt einig i alle, men kult å mimre
✦ sjå ferdig miniserien Les Misérables
✦ å, eg berre elskar Dahlia-genseren – finaste fargen og så god og mjuk

15. feb. 2019

Oppussing av badet – del 1

Badet vårt er ganske vanskeleg å ta bilete av: det er både lite og forma som ein L, og difor ikkje enklaste vinkelen når ein vil prøve å få med det meste under eitt. Men her kjem no uansett del 1 av badeoppussinga. Bileta rett over er tatt før me byrja å rive. Fargane var no greie nok, men målinga på golvet – me måla det då me flytta inn – hadde byrja å flasse og tapetet på veggen har me sånn sett aldri likt (det har vore same tapet over heile leilegheita, ruglete og stygg). Vasken var altfor djup til eit så lite baderom, og borsett frå spegelskapet, var det ikkje noko rom for oppbevaring. Dusjkabinettet kjøpte me då me overtok leilegheita, så den har me ikkje gjort noko med.


Tidleg i januar byrja me å rive. Mykje jobb, eg skal ikkje leggje skjul på det, men så var heldigvis golvet lettare å rive enn det me trudde på førehand. Og det gjorde godt i kropp og sjel å få vekk alt det slitte og stygge, vite at om ikkje altfor lenge ville me komme heim til eit nyoppussa bad.


Medan handverkarane jobba, budde me som nemnt hos mine foreldre på Sola. Og så var me jo ein tur austover for å sjå Ennio Morricone og på besøk hos svigers nokre dagar. Då me budde på Sola, var me innom leilegheita eit par gongar for å sjå korleis det stod til. Mykje sparkling blei det i alle fall, for me skulle ikkje ha fliser, men heller våtromstapet og -måling. Men så stas med betre taklys, betre oppbevaring og friske fargar. Gleder meg til å vise dykk det ferdige resultatet neste veke.