29. apr. 2020

Presskannekaffi og annan hyttekos

Gjorde godt med eit par dagar på hytta. Fekk slappa av og lada batteria, noko som kjem godt med når eg (og dei andre i svømmehallen) frå og med denne veka er omplassert til uteavdelinga i bedrifta. Til no har eg blant ann lukt og klipt gras. Ein annan kvardag, men tenkjer det kjem til å greitt for ein periode. På hytta sat me ute på balkongen og las, sola varma og fjellroa kom sigande. Presskannekaffi i favorittkoppen blei det også. Inne prøvde me oss på heimelaga hjernetrim, me spelte "UNO" og tente stearinlys då det mørkna. Utpå laurdagskvelden fekk me besøk av eit venepar, og det blei pizza, kake og endå meir "UNO". Me testa så vidt den lille oljelampa som me kjøpte på Gotland til mamma og pappa til jul. Er framleis ganske nøgd med at me fekk den me oss heim utan skrammer på ein lang busstur og sidan nattoget. Trur denne kjem til å bli brukt mykje når seinsommaren og hausten kjem. Å, Ørneredet. Eg senker verkeleg skuldrene der oppe.

28. apr. 2020

Selfie med ein kul og gul krabat

Pip, pip! Zalo er så artig når han kjem flygande til oss, når han ønskjer å ha kontakt. For det er jo på hans premissar ;) Då me var heime på sundagsmiddag førre helg, var han i hundre. Å sitje på pappas hovud er favorittplassen over alle, men han kom også bort til oss. Sklei ned i håret, sette seg på mobilen min og var med på ein slags selfie. Hi, hi, dei bileta blei kjempesnåle og kule!

27. apr. 2020

Tursmil 🌳😄

Som vanleg går dagane litt for fort, og det er allereie halvanna veke sidan me gjekk ein tur rundt Hålandsvatnet. Færre folk rundt det vatnet enn rundt Stokkavatnet, og me synest i tillegg at Hålandsvatnet er finare. Med andre ord: turen var kjempebra! Litt kald vind innimellom, og då var det på med lue, men smilet var der heile vegen.  Rundt vatnet er det fleire benkar ein kan ta ein pause på, og for vår del fann me ein benk på ein fin platting rett ved vatnet. Der tok me ein liten rast med niste og kaffi på termos. Tommel opp! Og så er det så klart tommel opp for slike kule lappar som me såg med jamne mellomrom på trestammar rundt vatnet. Såg eit gammalt hus i skogen som kom til syne av solskinet gjennom trea. Det same solskinet lyste ned på kvitveisen og det grøne graset. Sukk. Det der vårlyset, altså. Ein sånn tur som verkeleg gir meg energi!

26. apr. 2020

Aprilveke med gylne morgonar

Balkongliv og magisk morgonlys, kaffi og bøker (alltid, alltid, alltid), langhelg og hytteliv. Energinivået på jobb og rett etter jobb har vore av og på, men generelt sett har det vore ei god veke. Kvar morgon har eg sykla til jobb i eit gyllent lys, ein varm soloppgang som lagar mjuke skuggar. Slike morgonar er ordentleg kvardagsgleder! På tysdag var me på eit lite terrassebesøk hos eit venepar og på onsdag var det dugnad her i blokka. I helga nytta me sjansen til å reise opp til hytta sidan hytteforbodet no er oppheva. Og for ei helg! Fredagsettermiddag og heile gårsdagen var fylt med sol og knallblå himmel, presskannekaffi og lesing ute på terrassen, peis i ovnen inne om kvelden. Fekk også besøk i går kveld av to gode kollegaer, og me åt pizza, spelte "UNO", prata og lo mykje. Vakna opp til tåke over vatnet i dag, men det letna etter kvart (og i tillegg skulle me uansett heimover). Så får me sjå korleis den fyrstkommande veka blir sidan me no skal gjere andre arbeidsoppgåver enn det me har gjort dei siste vekene. Om ikkje anna er sundagslista i alle fall klar:

✦ sitje ute på balkongen etter jobb og lese i vårmagasinet som Mariell har laga (sjå heifredag.no)
✦ og elles sitje på den same balkongen og lese i ei god bok
✦ stikke innom eit venepar ein halvtimes tid på tysdag etter å ha ete middag
✦ fordi Aziraphale og Crowley frå Good Omens er artige, søte og kule
✦ feelgoodboka Poppy Jenkins
✦ køyre gjennom Ryfylketunnelen for fyrste gong, fjellhallen er like blå som den i Lærdalstunnelen
✦ hyttehelg med stor H
✦ Julianne sin tekst om sårbarheit og kjensler, synest ho skriv om dette veldig bra
✦ litt hyttesnacks
✦ bla i noko hyttelektyre medan morgonsola skein inn i heile hytta
✦ bittesmå geitekillingar, alltid like nusselege
✦ las Den gode jord av Pearl S. Buck som litteraturprisvinnaren denne månaden
✦ blikkstille vatn og ein svak, rosa solnedgang over Moslivatnet
✦ ekornet Trygve (ekorn er så herlege) som fekk ein ny heim
✦ soloppgang over svømmehallen
✦ "All I Ask Of You" – spelt inn over nettet i denne merkelege tida
✦ morgonsola som laga mjuke skuggar på ein vegg
✦ ny vlog frå Jonna, like bra som alle dei andre
✦ varmt og gyllent lys på veg til jobb tidleg ein morgon
✦ besøk av to fine personar på hytta i går kveld

24. apr. 2020

Pianobord, vakre blomar og kaffigodt

Fargerike blomar frå meg til deg som ei lita fredagshelsing. Okei, så er ikkje dette heime hos oss, men heime hos mamma og pappa. Me åt middag hos dei sundag førre veke, og dei fargerike rosene fanga blikket mitt. Og så må eg skryte litt av det stilige bordet dei har laga etter eit gammalt, øydelagt piano som tidlegare stod i stova i mange år. Ordentleg fint, og eg diggar jo gjenbruk!


Sidan mamma hadde bursdag dagen før, åt me kake og vassbakkels og drakk god kaffi medan me prata og spelte litt "Kahoot!". Hi, hi, den eine påskeløparen ligg framleis framme, men mamma laga den no nyleg og får difor lov til å liggje litt ekstra ;) Synest den blei kjempekul! Frå neste veke av skal me vere på jobb måndag-fredag alle saman kvar veke, og eg får dimed ikkje langhelg denne gongen. Så eg tar ein feriedag i dag, og har allereie starta helga. Ønskjer alle ei flott helg!

23. apr. 2020

Dansing ein blir glad av!



Berre fordi me treng litt rulleskøytedansing på ein torsdag. Alle veit at Fred Astaire, Ginger Rogers og Gene Kelly kunne danse, men det kunne jaggu meg Donald O'Connor også! Scena er frå filmen I Love Melvin, og eg blir så glad når han etter kvart tar på seg rulleskøytene og dansar av garde.

22. apr. 2020

"Bæ, bæ, lille lam"

På veg til Hålandsvatnet laurdag formiddag, måtte me stoppe for å sjå på dei bittesmå lamma. Altså, berre sjå. Sjå kor søte dei er! Det eine lammet ganske så svart, det andre meir spraglete. Hjartet mitt smeltar av eit slikt syn! Lamma var ikkje så trygge at dei ville helse på oss, men fleire av dei store ville det – sikkert fordi dei trudde me hadde litt mat som dei kunne få ;)

20. apr. 2020

Fyrste påskedagstur ute på Lundsneset

Etter jobben i dag, var det rett ut på balkongen. Det var ikkje meir enn tre gradar då eg sykla til jobben i dag tidleg, men utpå ettermiddagen har det vore heilt herleg å sitje ute. Kortbukse og T-skjorte, solbrillane på og ei bok i fanget. Sukk, eg håper me får fleire slike dagar, særskilt til sommaren når me likevel kjem til å måtte vere heime. No er det no i alle fall lov til å reise ein tur opp til hytta, der oppe kor ein kan senke skuldrene, berre lese og spele brettspel, la tankane fare. Nok om det akkurat no. Me lot også tankane fare då me var ute og gjekk ein liten tur i vinden førre sundag. Køyrde ut til Hundvåg og Lundsneset. Lenge sidan førre gong me var der, og sidan sist har dei laga til Kuneset park, eit nes dei har laga av tunnelmassen etter utgravinga av Ryfasttunnelen. Vinden rufsa godt i håret, men der ute er det nok kjempefint å setje seg ned på ein benk på ein varm sommardag, ta eit lite bad i sjøen, nyte sommarsola. Fine steingjerde og steinveggar, eit pynta tre og sauar med små lam (klarer du å sjå dei?!) gjorde turen endå betre. Me stakk også ein liten tur innom dei to kollegaene mine som bur ute på Hundvåg. Kjekt å helse på dei og hønene ute i hagen med alle grønsakene og anna eteleg. Set pris på slike fine folk og like fine turområde i byen.

19. apr. 2020

Superkort jobbveke

Berre to dagar på jobb denne veka. Måndag var andre påskedag, og sidan eg gjekk kveldsskiftet, var det berre tysdag og onsdag som var jobbdagar for meg. Framleis så tar eg dag for dag; me har skjønt at det kjem til å ta lang tid før hallen igjen kan opne for publikum, og me veit difor ikkje heilt kva kvar dag bringar med seg. Samstundes veit eg at slik er det for mange for tida. Om ikkje anna så har våren verkeleg vist seg frå si beste side dei siste dagane, og me har vore ute på tur i finvêret og her heime har eg kost meg ute på balkongen. I går var det gåtur med broren min og i dag åt me middag på Sola. Måndag i morgon, det er snart i seng og her er lista med vekas høgdepunkt:

✦ har lese dei andre bøkene av Mackintosh, og eg likte også den nyaste: Etter slutten
✦ prate med ei av mine beste veninner i nesten ein halvtime torsdagskveld
✦ tre små geitekillingar, går det an å vere søtare?!
✦ litt koseleg hjernetrim (aka kryssord) på ein sundag
✦ ler høgt av Verdens minste kommentatorboks, her i Stavanger
✦ tur rundt Hålandsvatnet, og på vegen bort såg me dei søtaste lamma
✦ katten og piggsvinet som er bestevenar, denne IG-kontoen er kjempeherleg
✦ ete sundagsmiddag heime på Sola for å feire bursdagen til mamma (som altså var i går)
✦ så godt å sjå at desse søte raude pandaene får hjelp
✦ gyllent lys i skogen
✦ tospannet Sandi Toksvig og Noel Fielding i The Great British Bake Off
✦ "Litt av påsken" – eit koseleg påskeinnlegg inne hos Et katteliv
✦ liten tur rundt Vannassen der me såg eit tre fullt av regnbogar og hjarte
✦ Bibliostyle, for denne boka ser berre så vakker ut
✦ laksetaco, besøk av broremann og Kompani Lauritzen, ein kjekk laurdagskveld
✦ Alicia har sydd ei kul bukse med eit vårblomstrete mønster
✦ sol og (nesten) sommar slik at eg kunne sitje og lese ute på balkongen
✦ helse på kulaste Zalo då me var heime på Sola i kveld
✦ 70 artistar frå West End syng "Do You Hear The People Sing?"
✦ kose meg med siste rest av påskegult, heimelaga latte og ei miss Marple-bok
✦ Vera Stanhope i krimbøkene og krimserien Vera er så kul

17. apr. 2020

Balkongstemning

Skal ikkje klage på fridag når vêret er slik det har vore i dag: sola høgt på himmelen, fuglekvitter og null vind. Eg opna døra ut til balkongen, tok med meg pledd, ein kopp med kaffi og ei bok og sette meg til rette med sola i andletet. Årets fyrste sitje-ute-på-balkongen-dag. Og attpåtil på ein fredag!