30. juni 2021

Bursdagspavlova




Broren min hadde bursdag på sundag, og den feira me heime på Sola med god middag og ein ekte bursdagspavlova. Pavlovaen var det eg som laga, og det var fyrste gong eg prøvde å lage marengs med kikertlake og ikkje med eggekvite. Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta og prøvde meg litt fram med tanke på kor mykje av kvar ingrediens eg skulle ha saman med laken. Etter å ha steikt marengsen i omnen, let eg den stå eit par dagar. Fekk den enkelt av bakepapiret, og pynta den så med krem, frukt, bær, lemon curd og pistasjnøtter. Og vel, smaken var supergod, det er det ingen som kan seie noko på, men marengsen var veldig seig. Sånn ordentleg seig, hi, hi! Satsar likevel på å prøve dette fleire gongar, får berre vere meir påpasseleg med tempen og steiketida.

28. juni 2021

Blått er flott 💙




Collett Tee nr. to er strikka ferdig. Nordisk sommergarn frå Oslo Mikrospinneri var eit herleg garn å strikke med, og den blå fargen er berre nydeleg. Joda, eg har nemnt det før, men det gjer meg ingenting å nemne det endå ein gong ;) Toppen strikka eg litt lengre denne gongen og eg synest sjølv at halsen sat endå penare enn den lilla som eg strikka fyrst. Ein lærer nokre triks heile vegen.





Detaljen over skuldrene er noko av det aller finaste med denne toppen. Eg har allereie sett meg ut ein farge til å strikke ein Collett Sweater, med andre ord ein langerma variant. Strikking har for meg blitt ein god hobby nr. to – lesing vil nok alltid komme i fyrste rekke. Men du ser jo av gliset mitt at dette er gøy! Kjekt å vere med på samstrikken #collettteekal med Witre Design.

27. juni 2021

Stupeteknikk, eit lite stopp på veg heim og den finaste grafiske romanen







Fri måndag og tysdag, jobb onsdag og torsdag, medan fredag og i går var eg heime frå jobb. Småforkjøla, og sidan me framleis er inne i ein pandemi, gav eg beskjed om at eg ikkje burde komme på jobb før eg hadde sjekka at det ikkje var korona. Rart å skulle vere heime i og med at eg ikkje kjente meg sjuk, men betre føre var. Heldigvis negativt svar, og eg var i gong igjen på jobb i dag. Om ikkje anna fekk eg god tid til å lese, strikke og sjå på ein god TV-serie. Høyrt på musikken frå In the Hights, ledd av Raske Menn på Huskestue og feira broremann sin bursdag no i kveld med middag og dessert heime på Sola. Veldig koseleg! Blir tidleg i morgon når me byrjar med å ha sommarope, så eg får vel prøve å avslutte dette lille innlegget no. Som vanleg fleire fine punkt:

✦ lese ut den nyaste grafiske romanen i Heartstopper-serien, skulle ønske det var fleire!
✦ høyre på eit par episodar av Sølvbergets podcast om litteraturens klassikarar
✦ chiliplante ute på Heddas gård, og eg må seie at dei har fått det veldig bra der ute på Hundvåg
✦ besteste laurdagspizzaen og den gamle musikalen 42nd Street
✦ nok ein gong har Niina fanga stemninga med sine bilete frå førre månad
✦ den flotte og fargerike buketten eg fekk frå jobb etter å ha vunne den der namnekonkurransen
✦ å, som eg saknar Gotland, særskilt når Alicia postar eit innlegg som dette
✦ sundagsmiddag heime på Sola – stilig å sjå oppussinga av badet i kjellaren, det blir kjempebra
✦ seig, men likevel god marengsbotn laga av kikertlake som me hadde til bursdagsfeiringa i dag
✦ eg trur eg delte denne i fjor, men det er framleis juni og pridemånad, og eg er stolt av Bømlo fhs.
✦ å stoppe opp på veg heim frå jobb, for dei fire grå søtnosane er berre heilt nusselege
✦ aller finaste Mira blei nettopp to år – hipp, hipp hurra for denne sjarmøren i pels 
✦ solnedgang ved Mosvatnet
✦ alltid litt ekstra stas når forfattarar deler bilete eg har posta av boka deira
✦ "Top 20 Catchiest Songs from Modern Movie Musicals" – for eg blir alltid så glad av musikalar!
✦ kortromanane This Winter og Nick and Charlie, kjekt å lese meir frå Heartstopper-universet
✦ strikke vidare på Collett Tee-en min
✦ positive og kjekke vikarar å jobbe med no i dag
✦ kunne høyrt Michael Sheen lese dikt kva dag som helst
✦ balkonglesing
✦ novellesamlinga Stupeteknikk, ein god debutbok frå Ingrid Senje

25. juni 2021

Å vinne ein namnekonkurranse



Stas å få ein så flott bukett og gåvekort frå jobben – eg vann nemleg ein namnekonkurranse! Stavanger natur- og idrettsservice er eit av fire kommunale føretak som no skal avviklast, og avdelinga må ha eit nytt namn: la meg presentere "Idrett og utemiljø". Tihi, litt artig å vinne ein slik konkurranse. Buketten står her så fin og fargerik og lyser opp leilegheita. Ein fredagsbukett. 

24. juni 2021

Heddas ute på Hundvåg






Viss du er på Hundvåg ei helg, må du ta deg tid til å stikke innom Heddas gård. Ein god ven av meg (og tidlegare kollega) har nyleg starta opp ein liten kafé med gardsutsal ved den gamle låven der han og kjærasten bur. Kaffi, kaker og kanelbollar, egg frå eigne høner, agurk- og tomatplanter, blomar og anna tilbehør til hagen din er noko av det du finn her. Me sette oss ned for litt prat og ein kaffitår, og før me drog heim, kjøpte me med oss egg og ein liten bambus. Og nei, dette er ikkje reklame, berre eit lite blogginnlegg fordi eg synest dette er verdt eit besøk om du er i området. 

23. juni 2021

Kortreist mat og drikke




Stas å endeleg teste ut REKO-ringen Stavanger/Sandnes førre veke. Kort fortalt står REKO for "rettferdig konsum", og dette er ein enkel og god modell kor ein som forbrukar kjøper direkte frå matprodusenten – bestilling og betaling gjer ein på førehand på ei lukka Facebbook-gruppe, og sidan er det berre å hente på avtalt plass der dei står på rekkje og rad. Her i byen har dei utlevering på FOMOs parkeringsplass på Forus. Dette var som nemnt vår fyrste gong, og me tenkte me ikkje skulle gå for hardt ut og kjøpe alt på ein gong ;) Frå Strand Gård Ryfylke kjøpte me spekemat, kaffi frå Ngopi kaffebrenneri og is frå Delizia. Smakte sjokolade- og bringebæriskremen då mannen min hadde bursdag, og den var kjempegod! Gleder meg til å prøve kaffien medan den der spekematen er vel helst hans smak. Ei kjekk handleoppleving som me garantert kjem til å prøve igjen. Kortreist mat og drikke, direkte frå produsenten. Støtt dei små og lokale bedriftane når du kan!

21. juni 2021

Gult og rosa og raudt og lilla







Las ut ei bok tidlegare i dag, strikking har stått på planen og eg har sett på Mysteria i Brokenwood. Heilt greitt å starte veka med ein fridag. Skal heller ikkje klage på den lille spaserturen langs kysten i går i lag med broren min. Me sykla til Hafrsfjord der me traska langs ein del av den flotte grusstien som er laga til ved sjøkanten. Praten gjekk, det var opphald (det byrja å regne seinere på dagen), og dei små blomane og messinglaven fanga blikket mitt. Å, den der mørkegule, okeraktige fargen på messinglaven, eg synest den er like vakker kvar gong. Vakre fargar finst det også mykje av her i nabolaget. Villblomar i juni, ekte sommarglede. Eigentleg ei glede kva dag som helst.

20. juni 2021

Musikalar, REKO-ring og ein del anna rart






Kor skal eg starte for å oppsummere denne veka?! Eg veit neimen ikkje, for dette har vore ei litt rar veke der eg var sosial etter jobb ein av dagane, hadde ein kveldsvakt midt i morgonskiftet, lite sosial kontakt i helga og dårleg søvn sidan me ikkje har vore heilt i slaget og ei miniavslutning på jobb for ein av vikarane våre sidan han skal jobbe på Gamlingen i sommar og sidan skal studere til hausten. Godt og blanda med andre ord. Og så blir det ti dagar på rad på jobben når eg byrjar igjen på onsdag, for sånn er det når me går frå vanleg skift til sommarope. Men, men, eg hadde jo lang påskeferie ;) Likevel har eg funne glede i fleire små ting, og dei skal eg liste opp rett under:

✦ høgdepunktet denne veka: restaurant og prat med ei veninne og sjå In the Heights på kino
✦ og gurimalla, som eg likte denne musikalen av Lin-Manuel Miranda, mannen bak Hamilton
✦ lese ut bok nr. to i ein herleg serie, og Read with Pride er bra lesing i pridemånaden
✦ balkonglesing etter jobb på fredag
✦ ete lokal is frå Delizia på bursdagen til mannen min (og sjekk ut dei nye Mummikoppane!)
✦ "Now We Are Free" – denne songen kan eg høyre i dei mange versjonar, her med Peter Hollens
✦ å teste ut REKO-ringen Stavanger/Sandnes var eit anna høgdepunkt
✦ kult og rart med ein gammal og rustent bil der me henta REKO-varene
✦ Alicia sin gule og knallkule jakke full av stilige broderi
✦ svanefamilien som bur ved Mosvatnet, søte og fine alle saman, og eg såg dei seinast i dag :)
✦ morgonlyset som laga flott skuggespel på veggen i heimen vår
✦ byrje å planleggje kor me kan køyre og kva plassar me kan besøke i sommarferien
✦ laurdagstaco og musikalfilmen The Greatest Showman, så fengjande musikk
✦ 12 gode reisetips viss du er i Ålesund (og følg gjerne kontoen Unike steder, så fin reiseinspo)
✦ grøftekanstbukettar, både rett utanfor blokka vår og på veg til jobben
✦ gå ein liten tur ved Hafrsfjord i dag med broren min og beundre den knallgule mosen på steinane
✦ mykje tid til lesing og strikking no i helga 
sjå ferdig den nyaste sesongen av Line of Duty, nesten for intenst spennande innimellom
✦ blir alltid like glad og rørt når eg ser ein slik kattevideo som denne
✦ boka Noe tapt og noe vunnet, den fortener å bli lese av så mange som mogleg

18. juni 2021

Fredagssmil





Berre eit par venlege andlet på ein fredag. Dyra oppe ved Ullandhaug, anten om dei er små eller store, ser alle så snille ut. Stoppa opp ein augneblink då me sykla forbi desse halvstore kalvane førre helg. To av dei såg ut som om dei var ordentlege glade i kvarandre, berre sjå! Og eg påstår at det ikkje berre er sauar som er "ålreite dyr" ;) Fanga eit par snille auge både med mobilen og med systemkameraet, difor noko ujamne fargar frå det ein biletet til det andre. Men, uansett. Blir liksom så glad av å sjå dyr som går rundt og lev sine eigne liv, som stoppar opp og nesten smiler litt til oss. Hi, hi, det eine lammet i spraglete fargar såg i alle fall veldig nøgd ut der den låg i det høge graset borte ved den økologiske garden. Kjenner det skal bli godt med helg etter morgonskiftet på jobb. Men før eg tar heil fri: gratulerer så mykje med dagen til den finaste eg veit! Du er den aller, aller beste, min kjæraste og min mann  Sjølv om me ikkje har dei største planane for dagen eller helga, håper eg du får ein flott dag. Du fortener det, rett og slett ei bursdagshelg!

16. juni 2021

Ein joker i kortstokken


"En joker er en liten narr som er annerledes enn alle de andre. Han er ikke kløver eller ruter, ikke hjerter eller spar. Ikke er han åtter eller nier, og ikke konge eller knekt. Han er en som står utenfor det som alle de andre er en del av. Han er lagt ned i den samme pakken som de andre kortene, men han hører ikke hjemme der. Derfor kan han også fjernes uten at noen vil komme til å savne ham." (s. 82). Eg hugsar at eg syntest Kabalmysteriet av Jostein Gaarder var så fascinerande og artig å lese då eg las den ein eller annan gong for ganske mange år sidan. Lenge har eg hatt den ståande i bokhylla, eg hugsar at eg fann den på ein kjempebra bruktbutikk då me var på ein liten tur i Lillesand for sju år sidan. Nesten flaut at den har blitt ståande så lenge utan at eg har lese den, men nyleg las eg den ut. Kanskje ikkje fullt så djup som eg syntest då eg las den som ung, men Kabalmysteriet er framleis ei fascinerande historie full av reise, undring og filosofi.



Tara Westovers sjølvbiografiske oppvekstroman Noe tapt, noe vunnet fortener også ein litt større plass enn "berre" som eit punkt på ei sundagsliste. For denne er så viktig om det å vakse opp i ein familie der dei trur på dommedag, der skulen og myndigheitene er onde, om fanatisme, om det å komme seg bort vekk og om det å likevel kjenne seg heime blant fjella. "Den kvelden kalte jeg på henne, men hun svarte ikke. Hun forlot meg. Hun ble i speilet. Avgjørelsene jeg tok etter det øyeblikket, var ikke avgjørelser hun ville ha tatt. Det var valgene til et forandret menneske, et nytt jeg. Denne dannelsen av jeget kan kalles mange ting. Forvandling. Metamorfose. Løgn. Svik. Jeg kaller det en utdannelse." (s. 367). Sitata over er berre nokon av dei sterke orda frå ei like sterk stemme. Les den viss du ikkje allereie har gjort det! Leseåret 2021 har så langt vore superbra! 

14. juni 2021

Sjarmtroll i nabolaget



Borte ved Mosvatnet no. Såg desse finingane her om dagen, to store og fire små. 





Små, grå dunnøste – dei ser jo nesten slik ut! Om nokon skulle lure: nei, eg gjekk ikkje så nær dei, eg har berre skore bileta til i etterkant. Den eine av svaneungane såg ut som om den låg der og sov ein augneblink, med begge auga lukka og det lille hovudet ned mot kroppen. Så nusseleg! Okei, alle er dei like søte, altså ;) Ingen stygge andungar her, berre fire små, skjønne svaneungar 

13. juni 2021

Lyse kveldar og rolege aktivitetar







Skal som vanleg poste alt det fine eg har gjort, sett, lese, opplevd eller ledd av i ei sundagsliste, men sånn elles har eg ikkje så veldig mykje meir å skrive om. Dette blei ei usedvanleg roleg helg der eg for det aller meste har sett på krimseriar, strikka, korrekturlese ei masteroppgåve og lese. Eg håper så inderleg at me snart kan vere ordentleg sosiale igjen, at me snart kan spele i lag med orkesteret (blir ikkje før til hausten, men likevel), at me kan klemme kvarandre. Om ikkje anna, skal eg fortsetje å bruke tida mi på sakte aktivitetar – i alle fall når det er full rulle på jobb, då er det godt å kunne senke tempoet. Morgonvakta i morgon, har ikkje meir å skrive, eit lita liste no:

✦ miss Marple er alltid like god og fin, som her i novellesamlinga Tretten mysterier
✦ kveldslyset på fylkeskommunehuset ein av kveldane då eg sykla heim
✦ "Six Ribbons" med Jon English på radioen ein morgon
✦ strøymekonsert med SSO
✦ sjå filmen Mank med Gary Oldman i spissen – han er verkeleg ein kameleonskodespelar
✦ stamkaféen i Ålesund, Tante Bruun, reposta eit av mine bilete (anbefaler varmt denne kaféen)
✦ eit ekstra fint innlegg inne hos besteste Ida
✦ sykle ein tur til biblioteket i dag for å hente ei bok som stod og venta på meg
✦ ein bitteliten lesepause i sola på veg til jobb
✦ får ikkje nok av den herlegaste, søte katten Coco
✦ komme eit godt stykke lengre på min andre Collett Tee
✦ sollyset inn i stova medan eg sat og las før jobb
✦ traileren til tick, tick...BOOM!, skrive av mannen bak Rent (og Lin-Manuel Miranda som regissør)
✦ Tommy Körberg, Helen Sjöholm og Peter Jöback i ein musikalhyllest til Benny og Björn
✦ to halvstore, men likevel så søte, kalvar i nærområdet vårt
✦ "Ole Høilands hule" – ein bra utflukt i mestertjuvens fotspor inne hos Synne
✦ og fylkeskommunehuset med alle dei fargerike blomane
✦ kvardagsmagi med solnedgang over Mosvatnet
✦ brukt turustyr, eit pilotprosjekt inne hos Be:Eco – eg liker det!
✦ Oseman kan skrive, og eg lærte ein del om LGBTQ+-mangfaldet som eg ikkje visste frå før
✦ humoren på jobb, særskilt tidleg om morgonen