31. jan. 2014

Kjekt med heimehekla genser

Ein kort tur ute i snøen for å ta nokre bilete. Denne sjøgrøne genseren (eller er det ein tunika), kom til meg i posten i går. Eg visste at den var på veg, så då den endeleg var her, blei eg veldig glad. Mamma har nemleg hekla den t meg, utan oppskrift, berre utifrå eit bilete av ein liknande genser ho sjølv hadde som ung. Stas å få prøvd den på, sånn heilt ferdig, og eg synest den er kjempefin og herleg å ha på, både med og utan belte rundt midja. Både fargen og fasongen passar meg ypparleg (okei, skal innrømme at eg valde akkurat den fargen)! Tusen takk til min fine mamma :)

29. jan. 2014

Byttekveld

I går kveld var det byttekveld hos ei av mine veninner her i byen. Med byttekveld meiner eg at me alle hadde me oss nokre klede, ting, bøker eller liknande som me hadde lyst til å bytte eller gi vekk. Dette er ein veldig grei måte å få oversikt over kledeskapet på, og ikkje minst er det veldig sosialt :) Me var vel omtrent tjue jenter, eller skal eg seie kvinner, så det blei ein god del skravling, ja! Og før me byrja på sjølve byttinga, åt me god kveldsmat med heimelaga knekkebrød og mykje godt pålegg. Ein kjempekjekk og hyggeleg kveld! Eg kom heim med same antall plagg som det eg hadde med meg, og det eg endte opp med var: ei litt grov jakke i eit svartglitrande stoff med stor og stilig krage, ein kvit sommarkjole med blomar på, ein blå kardigan med kule knappar, ein grå vest og ein sølvfarga genser med holmønster (og også eit par øyredobbar som ikkje blei med på biletet). Kjekt med ein fornying av kledeskapet utan at det kosta noko :) Og så må eg berre leggje ved eit bilete av vitnemålet mitt som kom i posten her om dagen: bachelorgrad i kommunikasjon.

27. jan. 2014

Under ein luftballong

Medan vêret ute er surt og kaldt, og vinden tek tak i alt det kvite som ligg på bakken og på hustaka, er det ordentleg fint å kunne sitje inne med ei god bok i fanget, stearinlys på bordet og ein kopp med kaffi, eller kanskje kakao, i handa. Førre veke las eg ut & me skal bli omskapte som er skrive av kjærasteparet Mariell (bak bloggen hjartesmil) og Jostein. "& me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å bestemma over sitt eige liv" (frå boka si bakside). Det er akkurat det det er, og eg må innrømme at eg fekk skikkeleg lyst på sjokolade ;) Boka er fylt med mange fine, vittige, herlege, fantastiske skildringar, ein blir på eit eller anna vis dratt inn i ei eiga verd med Askepotthint, fine brev og nydelege luftballongar. Og den er på nynorsk, ei målform eg berre blir meir og meir glad i. For min del er dette boka for varme, lune innekveldar når det er ordentleg ruskevêr ute!

26. jan. 2014

Topp 5 – songar eg høyrer på når eg arbeider

Når eg skal konsentrere meg om skulearbeid, korpsorganisering eller liknande, synest eg ofte det heile blir mykje kjekkare å gjere når eg høyrer på musikk. Det er ikkje alle som klarer å høyre på musikk medan dei arbeider, og nokre må kanskje høyre på ein type musikk for at det skal funke. For meg er det ikkje rock eller nymotens pop eller klassisk, men meir filmmusikk (ofte utan tekst) og rolege popballadar, songar som berre kan gå i bakgrunnen utan at eg syng for mykje til dei og mistar konsentrasjonen. Blant nokre artistar har eg mange favorittsongar, andre berre ein, og det same med eit filmusikkalbum: av og til er eg like glad i alle songane og kan setje på eit heilt album medan eg sit og skriv, andre gongar ein song frå den filmen og ein song frå ein annan film:

"I'm going to make a cake" av Philip Glass - filmmusikken, og då snakkar eg om heile albumet, frå The Hours er berre herleg når eg sit og les eller skriv, og denne songen er den finaste av dei alle

"Shelter" av og med Laurence Fox - å skulle velje berre ein song av denne artisten, det er vanskeleg, det. Eg har tidlegare delt nokre av hans musikkvideoar, og songane hans går ofte om og om igjen på spelelista mi. Dei fleste kjenner han sikkert frå britisk TV, men han har dei siste åra skrive mange songar, gitt ut ein LP og eg blir berre meir og meir glad i songane hans

"Broadway, Here I Come" med Smash cast - ein litt meir livleg song som eg høyrde fyrste gong i TV-serien Smash. Ein song som er kjekk å høyre på og som gjer meg litt ekstra energi (og tittelen på songen passar jo bra med tanke på at me skal til New York og forhåpentleg sjå ein musikal på Broadway).

"Crossroads" av og med Markéta Irglová - fyrste gong eg høyrde namnet hennar, var i samband med den fantastiske filmen Once der ho syng så utruleg fine songar saman med Glen Hansard. Hennar album Anar er fylt med roleg stemning, fine tekstar og ei nydeleg stemme!

"Les Mondes Engloutis" med Ingrid Olava - songen er eigentleg temaet frå den franske animasjonsserien med same namn, ein serie eg ikkje har noko forhold til, men med Olava si stemme, får songen eit kjempefint uttrykk og eg kan høyre den gong på gong

25. jan. 2014

Nedsnødd

Slik som snøen har lagt seg no, er det fleire bilar, syklar og liknande som er nedsnødd. På veg til butikken i dag berre måtte eg ta nokre bilete av snøen som nokre plassar har hopa seg opp. Benken i hagen er nedsnødd, me såg i alle fall ein bil og ein sykkel som er nedsnødd, istappar og snø heng ned frå hustak – forhåpentleg utan at det er farleg. Elles så er det herleg med ei frihelg, for dei to neste kjem til å bli fylt opp med korps frå ende til annan med seminar og så NM Brass.

23. jan. 2014

Torsdagsliste



Masse, masse snø ute, både på bakken og i lufta. Då er det godt å ha noko å lese på, sjå eller høyre på. Ha noko å glede seg over eller glede seg til. Denne gongen består lista mi av ein god del artiklar eg har lese på nettet eller fine bilete eller videoar som eg har sett på med stor glede. Slik som pingvinen i videosnutten ovanfor (trur eg har delt denne før, men den er jo berre herleg). Har du noko som du liker å gjere når det snør ute eller noko å glede deg til når snøen er borte? Eller kanskje er du glad i dette vêret? Her er i alle fall ei lita liste frå meg sånn på ein torsdag i januar:

✦ sjå den britiske krimserien Broadchurch med David Tennant og Olivia Colman
✦ fengjande, kreative magasinreklamar
✦ ein fiffig måte å gi beskjed til foreldre på
✦ at Sherlock er den mest sette serien på BBC på ti år
✦ utruleg fin kunst
✦ glede meg til det kjem varmare vêr, til å reise på tur i mai/juni, berre komme meg bort, sjå nye ting
"Bestem deg for det"
✦ søte, små dyrebabyar
✦ tenne stearinlys når det blæs verre enn verst ute
✦ sikkert ein god del som allereie har lese denne, men historia er likevel veldig rørande
"Hvem skal oppdra mor og far?" – les den

21. jan. 2014

Bryllaupsmesse

På sundag var det bryllaupsmesse her i byen. Så klart måtte me jo ta turen, og det blei tatt ein god del bilete :) Det var oss to og ei veninne av meg som gjekk saman, men me traff faktisk ein god del kjentfolk. Kjærasten min var der berre ein time, for som han sa "brudekjolane og alle detaljane kan dykk jentene sjå på åleine". He, he! Det heile tok plass på Scandic Kristiansand Bystranda, og blant aktørane var Depui, Change, Gullsmed Berglihn, Brudesalongen, Drømmeplassen, Sønnik, Anne Margrethes Frisør, Aquarama Spa, Camillas Blomsterdesign, June Music og Hansen & Co. Kjekt å berre gå rundt og sjå, høyre fin musikk og sjå fine par danse brudevals, få med nokre brosjyrar, prate med folk og komme litt i bryllaupsstemning. Og som du sikkert ser, så er eg veldig glad i blonder. Synest det er noko av det finaste på klede, og då særskilt på ein brudekjole!

19. jan. 2014

Topp 5 – filmar som verken er norsk- eller engelskspråklege

Å sjå filmar kor dei ikkje snakkar norsk eller engelsk er kanskje ikkje det eg er best på. Eg har faktisk lyst til å sjå meir franske filmar, italienske, kinesiske, tyske, svenske, ja, du skjøner teikninga. Crna mačka, beli mačor (Svart katt, kvit katt på norsk) som er ein serbisk (jugoslavisk) film og Trǐ oříšky pro Popelku, ein tsjekkisk film om ein ser bort frå den norske "dubbinga", er også filmar som verkeleg er verd å nemne i denne samanhengen. Vel, her kjem i alle fall mine topp fem:

Nuovo Cinema Paradiso - den nydelegaste, mest rørande og finaste filmen eg veit om. Kjærleikshistoria og også historia om den lille kinoen Cinema Paradiso er berre så fint sett saman. Eg kan sjå denne italienske filmen gong på gong, nyte det fine temaet som går gjennom heile filmen (den skal garantert vere med i bryllaupet på ein eller annan måte), og gråte nokre tårer eller mange.

Les Choristes - ein fransk film med nydeleg musikk og nydeleg historie. Den handlar om Clément Mathieu, ein mislukka dirigent og komponist, som på slutten av 1940-talet blir lærar på ein internatskule for "vanskelege" (les: rampete) gutar. Filmen er så varm og også vond om forholdet mellom lærar og elevar, og kor mykje musikk kan ha å seie for å uttrykke seg sjølv. Såg denne filmen fyrste gong på ungdomsskulen og etter det har eg aldri klart å gløyme den.

Så som i Himmelen - også denne filmen handlar mykje om musikk i og med at hovudrollen er ein kjent dirigent som flyttar heim til heimbygda etter ein tøff periode i livet. Han skal eigentleg ta heilt pause frå musikken, men på eit eller anna vis blir han dirigenten til det lokale koret. Forviklingar, rykte og sterke historier pregar denne filmen, men den er viktig og fin på same tid. Og – "Gabriellas Sång" med Helen Sjöholm tar pusten frå meg kvar einaste gong!

Le fabuleux destin d'Amélie Poulain - Audrey Tautou, herleg og artig musikk, fransk, merkeverdige hendingar, mystiske personar, hagegnom og fotoautomat. Kan det bli betre? For nokon kanskje ein snål film, men det er jo det som gjer heile filmen, det at den er litt annleis. Rett og slett ein ordentleg herleg film!

Intouchables - ei god veninne av meg har lenge sagt til meg at "denne filmen  du sjå", men eg må innrømme at det skjedde fyrst førre helg. Og for ein film! Eg hadde trudd at eg kom til å gråte meg gjennom heile filmen nettopp på grunn av temaet (venskapet mellom ein som verkeleg er knytta til rullestolen og assistenten hans). Nokre tårer kom det jo, men ikkje så mykje som eg hadde trudd. Filmen er nemleg fylt med mykje humor og varme, og med det blei det også mykje latter :)

Med ullgenser ute i snøen

Ute er det berre kvitt i kvitt, snøen har verkeleg lava ned og lagt seg i løpet av dei føregåande dagane. Eg er som kjent ikkje veldig glad i alt det kvite, men med ein varm ullgenser i ein dus raudrosafarge som eg kjøpte på Moods of Norway-butikken ute i Langevåg, er eg litt meir nøgd. Så i går var me ute ein snartur for å ta nokre bilete. Det bles og snødde om kvarandre, men det var jo litt moro også. Antrekksbilete ute i snøen, tja, kanskje skal eg gjere meir av det?! ;)

17. jan. 2014

Fagdagen 2014

Snøvêret fortset. Har gått fram og tilbake til skulen i dag i sludd, snø, slaps og noko som liknar på is på bakken. Men samstundes har det vore ein fin dag med fagdag i regi av Rhetorica (som då altså er linjeforeininga for kommunikasjonsstudentane). Temaet var "Strategisk kommunikasjon", og me fekk gode foredrag frå Celin Huseby ved Mondelēz International (avd. Norden), Haakon Dagestad som er seniorrådgjevar i First House og tidlegare stabssjef for Erna Solberg, sjefredaktør i Fædrelandsvennen Eivind Ljøstad og til slutt rådgjevar, skribent og foredragshaldar Øystein Bonvik. Kjekt og veldig interessant å høyre på dei alle saman :) Blir nok ein ganske så roleg kveld her inne med vegetarmiddag og etter kvart Sherlock – snøen fyk og det blæs som aldri før ute.

15. jan. 2014

Noko å glede seg over ein onsdag i januar

Forkjøla. Ute blæs det og snøen har lagt seg, eit kvitt lag over det som før var grønt. Ikkje min favorittårstid. Det er då eg lagar slike lister, lister over fine ting, det som gleder meg akkurat no:

✦ å spele i korps, øve, prate og tulle saman med alle dei fine folka
✦ piggsvinet Darcy
✦ den herlege serien Sherlock er i gong igjen, og kanskje skal dei lage endå fleire sesongar
✦ dette frieriet (okei, kanskje litt mykje ståhei etter min smak, men artig likevel)
✦ å finne eit postkort frå nokon kjente i ein butikk over tretti år etter at kortet blei sendt
✦ søt kattevideo (slår alltid an her i heimen)
✦ at det er bryllaupsmesse her i byen på sundag
"Animals with their miniatures"
✦ vakre fotografi
✦ framleis følgje denne bloggen
✦ endeleg lese & me skal bli omskapte

13. jan. 2014

NM-seminar

Heile helga var me i Grimstad der me hadde NM-seminar saman med brassbandet. Stykket me skal spele i år er "Music for the Common Man" av Kenneth Downie, og foreløpig må eg seie at eg faktisk liker stykket! Trur nok dei fleste av oss blei slitne, nesten litt såre på lepene, men me blir i alle fall betre på sjølve stykket. Og så er det ordentleg sosialt med seminar. Korpshumor, kaffi og latter på høgt nivå! Blir ei øving i kveld; det er jo måndag i dag, men før den tid tenkte eg å øve litt sjølv :)

12. jan. 2014

Topp 5 – sitat frå den siste Harry Potter-boka


""He’ll be all right," murmured Ginny. As Harry looked at her, he lowered his hand absent-mindedly and touched the lightning scar on his forehead. "I know he will." The scar had not pained Harry for nineteen years. All was well." Slik lyder den aller siste passasjen i Harry Potter and the Deathly Hallows som er den siste boka om Harry Potter. Tårene berre rann og rann og rann då eg las den ferdig førre laurdag. Eg vil ikkje det skal vere ferdig sjølv om eg så altfor godt veit at det er det. Det hjelper litt å sjå på filmane innimellom, sjå tilbake på fine sitat som desse:

"She was really cut up when you ended it- ". 
"So was I. You know why I stopped it, and it wasn’t because I wanted to." 
"Yeah, but you go snogging her now and she’s just going to get her hopes up again- ". 
"She’s not an idiot, she knows it can’t happen, she’s not expecting us to- to end up married, or- ". As he said it, a vivid picture formed in Harry’s mind of Ginny in a white dress, marrying a tall, faceless and unpleasant stranger. 
- dialog mellom Ron og Harry, og ein dialog som eg synest er litt artig med tanke på det som skjer seinare i boka

"No," said Ron seriously, "I mean we should tell them to get out. We don’t want anymore Dobbies, do we? We can’t order them to die for us—". There was a clatter as the basilisk fangs cascaded out of Hermione’s arms. Running at Ron, she flung them around his neck and kissed him full on the mouth. Ron threw away the fangs and broomstick he was holding and responded with such enthusiasm that he lifted Hermione off her feet. "Is this the moment?" Harry asked weakly, and when nothing happened except that Ron and Hermione gripped each other still more firmly and swayed on the spot, he raised his voice. "Oi! There’s a war going on here!". Ron and Hermione broke apart, their arms still around each other.
- endeleg seier eg berre!

"Have you grown to care for the boy, after all?"
"For him?" shouted Snape. "Expecto Patronum!". From the tip of his wand burst the silver doe: she landed on the office floor, bounded once across the office and soared out of the window. Dumbledore watched her fly away, and as her silvery glow faded he turned back to Snape, and his eyes were full of tears. "After all this time?" "Always," said Snape.
- Snape til Dumbledore om sin kjærleik til Harry si mor Lily.

"Tell me one last thing," said Harry. "Is this real? Or has this been happening inside my head?" Dumbledore beamed at him, and his voice sounded loud and strong in Harry's ears even though the bright mist was descending again, obscuring his figure. "Of course it is happening inside your head, Harry, but why on earth should that mean that it is not real?"
- har denne med rett og slett fordi eg synest det er vittig sagt

"Albus Severus," Harry said quietly, so that nobody but Ginny could hear, and she was tactful enough to pretend to be waving to Rose, who was now on the train, "you were named for two headmasters of Hogwarts. One of them was a Slytherin and he was probably the bravest man I ever knew."
- Harry til den yngste sonen sin som er redd for at valhatten skal plassere han i Slytherin og ikkje i Gryffindor

10. jan. 2014

Nydeleg smykke og genser

Etter ein god del venting, kom endeleg gåva som eg fekk frå mamma og pappa til jul i posten (den kom andre nyttårsdag, ganske forsinka, men den kom i alle fall). Eg fekk to genserar og ei veske av dei, og den eine genseren måtte eg ha på meg omtrent med ein gong. Den er gul, litt okeraktig, med ei lita sløyfe foran. Kjempefin! Og så må eg få skryte endå litt meir av tanta mi som lager så utruleg fine smykke. Eg fekk eit til jul, og eg synest det passar perfekt til den nye genseren :)

8. jan. 2014

Nytt rom!

Før me reiste frå Sola, fekk eg tatt nokre bilete av korleis rommet "mitt" blei etter oppussinga som blei gjort på grunn av kjellaren som blei fylt med vatn i fjor sommar. Diverre har eg ikkje noko særskilt med gode før-bilete fordi då eg kom heim i jula, var det komme opp både nytt golv og nye veggar. Men eg har eit par detaljbilete som eg tok då me skulle dokumenter vasskadane. Som ein kan sjå var veggane mørkeraude og rommet var fylt opp med så altfor mykje stæsj (mange stolar som ikkje var i bruk, ei golvlampe som heller ikkje var i bruk, både sovesofa og ei vanleg seng, ein skrivepult, stor seksjon med plass til bøker, ting og tang og eit kledeskap). No er rommet blitt mykje lysare og opnare og det har færre, men finare møblar. Einaste som manglar no, er ei lita bokhylle :)