Viser innlegg med etiketten kjekke lister. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjekke lister. Vis alle innlegg

20. jan. 2026

Mitt bokår 2025 📚


2025 blei ikkje det nye 2024 om ein berre ser på kor mange bøker eg las, for 2024 var eit rekordår for min del. Men 153 bøker i fjor, eg kimsar absolutt ikkje av det. Tvert om så er eg veldig nøgd. Lesinga er noko som får meg til å senke skuldrene, eg slappar av med ei god bok i fanget, og eg koser meg når eg får dykke ned i eit heilt eige univers. Lesestunder om morgonen og lesing på senga. Kanskje litt lesing på kafé, på toget eller på ferie i lag med den aller finaste. Ei viktig kvardagsglede. I fjor var dryge 84 prosent av bøkene eg las, henta frå eiga bokhylle (inkl. lesebrett og leseeksemplar), og eg satsar på å lese mykje frå hyllene våre også i år. Det aller meste eg les, er enkeltståande bøker, men innimellom les eg seriar, og i fjor var det jaggu meg fleire gode krimseriar. Vera og Shetland av Ann Cleeves har eg verkeleg kost meg med. Eg las dei to fyrste bøkene om Karen Pirie av Val McDermid, dei fire fyrste bøkene i kosekrimserien om Jodie "Nosey" Parker slukte eg, og så klart må eg nemne sjølvaste Endeavour Morse. For det var stas å lese den fyrste boka av Colin Dexter medan me var i Oxford, og eg rakk å lese to til før året var omme.
 

Noko som var ein gjengangar i fjor, var at eg las mange klassikarar. Ei av dei av Jane Austens Emma. Andre var Wuthering Heights av Emily Brontë, The Tenant of Wildfell Hall av Anne Brontë, The Wizard of Oz av L. Frank Baum Far From the Madding Crowd av Thomas Hardy og Mary Shelleys Frankenstein
 
Ikkje nok med alle dei andre krimbøkene eg las, så klart var eg med #readchristie2025 og fekk nok ein gong, kvar månad, dykke ned i Agatha Christies verd. Å kunne dykke ned i ei bok, bli betre kjent med eit univers, sluke det eg les, eg vel å kalle det bokdykking. Etter nærmare fem års ventetid, var det endeleg på tide å besøke Ingenlund-universet igjen, og eg det var så innmari kjekt å lese Sølvbåren av Jessica Townsend. Gjenlesing av Tove Janssons Sommerboken, Sent i november og Pappaen og havet er også ei form for bokdykking. The Railway Children av Edith Nesbit var nok ei gjenlesing frå fjoråret, og det var veldig fint å vere tilbake i den boka igjen. 


Min venn pingvinen
 av Tom Michell var ei bok som verkeleg rørte meg, og det var ikkje berre fordi det handla om ein pingvin (sjølv om det absolutt var mykje av grunnen). 
The Brilliant Life of Eudora Honeysett av Annie Lyons, Alt jeg ikke sa av Celeste Ng, Farmor har kabel-TV av Tore Renberg og ikkje minst Biblioteket i Gaza av Rachid Benzine er andre bøker som røska i meg på ein eller annan måte. 
 

Fjorårets leseutfordring var å
lese ei bok i månaden som min betre halvdel hadde plukka til meg. Her las eg mellom anna klassikarane Den store Gatsby av F. Scott Fitgerald, Redderen i rugen av J. D. Salinger og Alice in Wonderland av Lewis Carroll, to bøker av Terry Pratchett (Skrellingene og The Amazing Maurice and his Educated Rodent), Trilogien av Jon Fosse, Trollmannen fra Jordsjø av Ursula K. Le Guin og Haikerens guide til galaksen av Douglas Adams. Leseutfordringa mi i år er forresten å lese ei bok i månaden av norske kvinnelege forfattarar som eg ikkje har lese før, ei bok for kvart tiår mellom 1900 og 2010. Her blir det spennande å sjå kva eg klarer å finne, eg ser det er ikkje berre berre å plukke fram frå gløymsla.
 

Der 2024 var året eg las minst ei faktabok i månaden, blei det ikkje så mykje av det i fjor. Men nokre blei det jo lell, mellom anna Ferjefolket av Halvor Folgerø, Havet av David Attenborough, Poirot and Me av David Suchet, Bienes verden av Henninge Torp Bie og sist, men ikkje minst Our Great Canal Journeys av Timothy West. Å, som eg elska det programmet, og å lese boka var eit rørande gjensyn med to fantastiske personar. Eg fekk vore med på tur både i Storbritannia, Sverige, Italia, Canada og fleire andre land og plassar. Andre bøker som tok meg med på ei reise, var The Road to Yesterday av L. M. Montgomery (eg blir aldri lei av å besøke Prince Edward Island), og One Golden Summer av Carley Fortune var ei bra kjærleikshistorie som også drog meg til Canada. Gjenlesinga av Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe fekk meg til å reise tilbake til barndommen og tilbake til Sverige på 70-talet. Å få vandre djupt ned i bøkenes magi, skjer titt og ofte, og bøker om bøker er alltid magiske: The Echo of Old Books av Barbara Davis, The Diary of a Bookseller av Shaun Bythell og The Story Collector av Evie Woods. Korfu fekk eg besøkt då eg las One Greek Summer Wedding av Mandy Baggot og Ministeriet for tid av Kaliane Bradley var ei ekte tidsreise.
 

Er det nokre bøker som overraska meg? Ja, det er vel alltid det. Lars Ellings Ved porten til stillhetens skog overraska meg med å vere både meir direkte og meir leiken i språket, og det endte med at mannen min las den etter meg. Lånt jord av Scott Preston var på nokre punkt ei røvarhistorie med eit dystert bakteppe som eg ikkje var forberedt på. Eg likte Jordbane av Samantha Harvey meir enn eg hadde trudd, og Gater jeg har levd av Nikolai Torgersen lever opp til alle dei gode meldingane. Bokhandelen i fyrtårnet av Sharon Gosling var djupare og endå finare enn det eg hadde sett for meg i hovudet mitt, og blei raskt ein favoritt. 
 

Joda, bøker får meg ofte til å gråte, men dei får meg også ofte til å smile og le. Book Love av Debbie Tung var ei bok eg småhumra mykje av, og den var så gjenkjenneleg, tihi! My Neighbor Totoro av Tsugiko Kubo var rett og slett herleg å lese sjølv om en på visse punkt også var rørande. Å få lese den nyaste boka i serien om Torsdagsmordklubben, nemleg Den umulige formuen av Richard Osman, var som vanleg som å få ein ordentleg god klem. Call of the Penguins av Hazel Prior må eg også nemne her, det same med Oskar og eg – Alle tinga vi har av Maria Parr og Du er her av David Nicholls. B. K. Borisons bøker Business Casual og First-Time Caller var også slike mjuke bøker. Okei, mjuke kjærleiksbøker. Are Kalvøs Meininga med livet var akkurat passe fjollete, og me treng det også innimellom.
 

Rachel Joyces Harold Frys utrolige pilegrimsferd las eg i 2023, og oppfølgjarane Queenies kjærlighetssang og Maureen er to sårvakre historier som sit igjen. Ingrid Lensols Jeg savner å føle at noe ikke skal til slutt setje ord på melankolien som overgangen til vaksenlivet kan vere medan Thomas Korsgaard med novellesamlinga Snytt ut av nesa viser at han kan seie mykje om mangt med få ord; han kan det å skrive. Det kan også Valerie Perrin, for som med dei andre bøkene eg har lese av ho, ligg det ei nerve i Tata som gjer at du berre vil lese meir og meir. 
Keramikk for nybegynnere av Yeon Somin var ein slik stille roman som gir deg ei heilt eiga kjensle, kjensle av både ro og melankoli, håp og stille. Og Angela Hardings illustrasjonar i Summer's Hum er så nydelege at eg gjerne kunne ha hatt dei på veggen, medan stemninga frå Paolo Cognettis Nede i dalen er til å ta og kjenne på. 

6. jan. 2026

2025 i tolv bilete

Tenkjer eg også i år skal prøve å oppsummere 2025, sett gjennom mine og våre auge. Kvardagane har vore litt opp og ned, lik det eg skreiv i fjorårets oppsummering. Eg skal ærleg innrømme at det å stå i ein butikk gjennom ein heil arbeidsdag, i tillegg til å jobbe kveldar og helger, gjer meg veldig sliten. Men småturar i nærområdet, gå til og frå jobb (før me flytta, no er det jo veldig kort veg) har gjort godt, og eg håper på meir av flotte turar. Heile seks (!) musikalar og eitt teaterstykke blei det, tihi! Interrailtur, overnatting i ei hobbithytte, orkesterkonsertar, spelekveldar med familien og huskjøp står alle høgt på lista over 2025-minne. Den aller fyrste månaden, altså januar, såg slik ut: lese fleire julebøker, snø i byen, nytt prosjekt med orkesteret, vaskerunde i heimen, flytetank, heimelaga klementinmarmelade, det vårgrøne som byrja å poppe opp, raudstrupe ved den botaniske hagen, passe ein finfin pus, nytt lesemål (mannen min skulle plukke ut ei bok til meg – ei bok for kvar månad), vintersola, sjå Conclave på kino og høgtlesing av minnelappar. 

Februar: starte månaden med herleg gåtur og kafébesøk i nabokommunen, gøy med eit gjensyn av Guys and Dolls frå 1955, tacokveld på Sola, språksjov i Sandnes kulturhus med Linda Eide, Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø, byggje LEGO-blomar, snøklokker, lese siste rest av Narnia-serien, forkjøling, tjukk og fargerik strikk, A Complete Unknown på kino, kul utstilling på Stavanger kunstmuseum, sundagsrusletur og vakker solnedgang over naboblokka.
 

Mars: fleire snøklokker i hus, lage semlor, Twiggygenseren 2.0, feire pappas bursdag og spele konsert same dag, mjuke lesestunder, dogg og tåke på veg til jobb, mannen min sin disputas, feire den i lag med familie, slekt, venar og kollegaar, lese Tove Jansson-bok, krokusar ute og blomebukettar inne, Oslo-tur for å sjå Wicked, bra konditori og godt selskap i hovudstaden, kaffi og bok på toget og lesing medan eg gjekk til jobb.
 

April: spasertur med ei god veninne den fyrste aprildagen, lage ferdig fotobok for interrailturen 2024, passe Zalo, få frukost på døra då eg hadde bursdag, gå til jobb og kjenne sola i andletet, påskeliljer langs jobbvegen, Tjeltaturen i lag med mannen min og broremann, tusenfryd i graset, søte lam ved jernaldergarden, fyrst vår vanlege gartneritur og sidan god mat i lag med to fine personar på Drivhuset bageri, ordentleg hyttepåske, solnedgang over vatnet, mykje spel og quiz, pizza steikt i pizzaomn, lese ut klassikaren Emma i det som var eit stort Jane Austen-år, tur i området rundt hytta og rosa blomar på trea ved universitetet.
 

Mai: nytt prosjekt med orkesteret, Christie-klassikaren And Them There Were None som krimkomedieopera, ete på god restaurant før forestillinga, busstur til Haugesund for å besøke slekta hans, stikke innom Den lille bokbutikken og Haugesund folkebibliotek, balkonglesing, sjå den aller siste episoden av herlege Gavin and Stacey, rundt Vannassane med ei veninne, fleire rosa blomar på trea, fin katt i solskinet, feire nasjonaldagen i ein sytti år gammal bunad og vere saman med fleire fine folk, byrje å planleggje sommarferien, nytt strikkeprosjekt og heile ti år som mann og kone ♥  
 

Juni: nye songar frå The Swell Season, togtur til Oslo for å sjå finaste Once på det Norske Teatret, besøke svoger med familie, ete god middag i Oslo før musikalen, mykje lesing på toget, lese ei spennande Christie-bok, spele konsert i lag med orkesteret på ein tysdag, meir balkonglesing, rørande å sjå den aller siste episode av There She Goes, feire bryllaupsdag og bursdag på Kronen Gaard, ny bursdagsfeiring med slekt på Sola, spele "Kubb", søte svaneungar og ein liten sykkeltur på delar av sykkelstamvegen. 
 

Juli: spele "Hitster", porsjonspizza på Sola, strikkestunder, gjenlese finaste Sommerboken av Tove Jansson, overnatte i ei hobbithytte på Hjelmeland, godt å finne roa og berre lese, spele litt badminton, kaffi og lesing på senga, sjå rådyr, handle på nærbutikken på Randøy, tur i Eventyrskogen i Årdal, sykkeltur til Hafrsfjord, dele ein is i sola, fargerike markblomar langs sykkelstamvegen, høyre på det nyaste albumet frå The Swell Season, balkonglesing, og interrailtur med flotte bokhandlarar, bad i Aachen, sjå siste forestilling av Fiddler on the Roof på Barbican, besøke Oxford og Northumberland, køyre ut til Lindisfarne, gå langs Hadrian's Wall, utforske Didcot Railway Centre og berre ha ferie.
 

August: minisykkeltur til eit lite vatn, Zalobesøk, lese ein klassikar, kafédate med ei god veninne, uventa overnattingsgjestar, blomane i den botaniske hagen, blogge om interrailturen, dra til Bømlo med to fine personar for å sjå The Sound of Music på Moster Amfi, bading og god middag på hotellet, piggsvinpass, kjøpe hus (!), koseleg å ete pizza, prate, strikke og sjå film i lag med ei av mine beste veninner, lesing og spasertur rundt Vannassen, oppleve Flåklypa Grand Prix in Concert med SSO og ein raudstrupe på ein benk ved Mosvatnet.
 

September: sykle til Stokkavatnet for ein liten piknik, balkonglesing etter jobb, pakke ting ned i flytteesker, komme i gong med ny orkestersesong, flott garnkombinasjon på eit strikkeprosjekt, ei veke med Zalo i hus, lese ei Morse-bok, sundagsmiddag heime på Sola, lanterne ute på balkongen, flytetanktime, kaffi og noko attåt på kunstmuseet med ei god veninne etter å ha gått ein tur i lag og fleire kveldar med magisk himmellys i nabolaget.
 

Oktober: alle helger var opptatte, gjenlese finaste The Railway Children, køyretur austover og sidan over fjellet, regnboge langs vegen, sjå The Book of Mormon på Folketeateret, alle haustfargane langs E6, haustferie på Sunnmøre, besøke besteste Stolt Mat fleire gongar, stikke innom bruktbutikken Kyrkjetorget, køyre til Trondheim, besøke ei gode veninne, sjå RENT i lag med ho, den aller vakraste utsikta, lese mykje, overnatte på Fleischer's Hotel, svømme og bade på hotellet, konfirmasjon til nevøen vår, besøke tante i Åsgårdstrand etter konfirmasjonen, mange flotte soloppgangar og -nedgangar, lese ei bok av L. M. Montgomery, konsert med orkesteret og ta over tomannsbustaden.
 

November: flyttehelg (!), få heilt ypperleg flyttehjelp, lese ut ny bok i Torsdagsmordklubben-serien, dra innom Solamessen, Morgenlevering på døra av ei god veninne, utforske nærområdet i lag med ei anna god veninne, lesing på veg til jobb, haustfargar ute, helse på nabokatten, lese Frankenstein med Leseklubben, to raudstrupar rett utanfor kjøkkenvindauget, sollyset inn i nyheimen vår, julemarknad på Varatun, skrive julekort, lese endå ei Austen-bok, Tønes sin julekonsert, julekakebakesundag og tenne det fyrste adventslyset.
 

Desember: himmel i brann, besøke butikken og kontora til Spiselig hage, setje saman to små hyller, stikke innom IKEA eit par gongar, ta fram julepynten, konsert med orkesteret i samband med Sandnes kulturhus sitt jubileum, spele "Benedictus" med orkesteret, feire sytten år som kjærastar, UiS sin julekonsert, prate med kundar frå Nova Scotia, få julekort i posten, ha eit venepar på besøk ein kveld, førjulskos hos pantertante, ha ei veninne på besøk på lille-lille julaftan, spa og flytetank på sjølvaste lille julaftan, ha ordentleg juleferie, feire jula heime på Sola, gå ein herleg tur langs Hellestøstranda fyrste juledag, lage middag og invitere familien hit andre juledag, julefrukostquiz med kjekke folk og feire nyttårsaftan i lag med ein kjempefin gjeng!

20. jan. 2025

Mitt bokår 2024 📚

Mindre strikking, meir lesing. For 2024 blei det året der eg strikka veldig lite om ein samanliknar med dei føregåande åra, men det var også året eg las 185 (!) bøker. Så klart, nokre bøker var mykje kortare enn andre, likevel er dette ganske kult. Omtrent 70 prosent av bøkene, har eg ført opp som mi eiga bokhylle (inkl. lesebrett og leseeksemplar), og eg håper å fortsetje med å plukke bøker frå mi eiga hylle også i år. Så får me sjå om eg ønskjer å strikke litt meir og lese mindre eller kva som skjer. Uansett, eg set pris på lesestunder om morgonane og lesing på kafé. Lesing før me legg oss, lesing på ein togtur og lesing på orkesterøvingar der me ikkje speler like mykje. I tillegg til #readchristie2025, er lesemålet mitt i år å les ei bok i månaden som mannen min har plukka ut til meg. Hi, hi, dette kan bli spennande. Som vanleg er det ikkje like enkelt å oppsummere eit heilt år i bøker, men eg skal prøve.
For det meste les eg enkeltståande bøker, men så er det jo slik at også eg kan bli hekta på ein serie eller fem. Eit par Herriot-bøker las eg (og koste meg verkeleg med!), og B. K. Borisons In the Weeds og Mixed Signals er bok nummer to og tre i ein kjempekjekk serie. Las også dei to siste bøkene i serien om Bergman-brødrene av Chloe Liese, men den serien som nok aller mest tok meg med storm, var dei seks bøkene om piggsvinsenteret Hedgehog Hollow av Jessica Redland.
 
Fjorårets leseutfordring var å
lese ei faktabok i månaden, og eg las faktisk fleire faktabøker enn sjølve lesmeålet. To bøker av James Rebanks blei lesne i fjor, Livet på landet og Fuglevokteren fra Vega, der sistnemnde står igjen som ei av fjorårets beste bøker. Andre gode faktabøker eg las, var Trist tiger av Neige Sinno, Jærkshire av Helge Torvund, Norske ødegårder av Øystein Morten og 16 dager på Lillehammer av Magnus Helgerud.
 
Å, mange av bøkene eg les, tar meg ut på ei reise, anten til ekte plassar eller fiktive stadar. Montgomerys bøker om Anne Shirley var det så utruleg fint å gjenlese, den beste av dei er vel kanskje den fyrste – Anne of Green Gables – men eg verkeleg koste meg med å lese heile serien, bøker som lot meg reise tilbake til finaste Prince Edward Island. Bøker om bøker lar meg også få vandre djupare inn i bøkenes magi, og her må eg nemne Lost for Words og Found in a Bookshop av Stephanie Butland. Likte også godt Bookworm av Lucy Mangan om barndomslesing, Jane Austen tok meg med til ei anna tid, med Mandy Baggot besøkte eg flotte Korfu, i The Seven Year Slip av Ashley Poston var eg med på ei tidsreise, og sjølv om den ikkje var den aller beste i serien, var det gøy å lese Den siste bokvandreren av Anna James
.

Kva bøker har overraska meg? Eg trur This Summer Will Be Different av Carley Fortune var ei av dei som overraska meg mest. Eg venta kanskje ein meir stereotypisk kjærleiksroman, og på mange måtar var den det, samstundes var den så fint skriven med meir djupn og det var kjempekjekt å lese ei moderne bok der handlinga var frå besteste Prince Edward Island. Ixelles av Johannes Anyuru var meir mystisk enn det eg trudde, at Sally Rooney verkeleg kan skrive fekk eg erfare med Intermezzo, og eg koste meg meir med Kan du høre byen puste ut av Don Martin og Zeshan Shakar enn det eg hadde venta at eg skulle gjere.
 
Sidan eg allereie har nemnt #readchristie-utfordringa: eg las fleire gode Christie-bøker i fjor, og det var stor stas å sjå skrivemaskinen hennar på universitetsbiblioteket i Cambridge. 2024 var ikkje det året der eg las mest krim, men eg las i alle fall Ann Cleeves The Raging Storm, bok tre i Two Rivers-serien. Og så må eg ikkje gløyme bok nummer fire i Torsdagsmordklubben-serien av Richard Osman. I mine auge er den framleis ein ordentleg kosekrimserie! På fremmed jord av Mick Herron, bok nummer seks i serien om dei sløve hestane, Døden kommer til Pemberley av P. D. James, unike Skygge i snøen av Oriana Ramunno og Tore Renbergs Lorden, som sånn sett ikkje er krim, men som har spenninga slik ei krimbok har gåande heile vegen.

Valerie Perrin, som også har skrive Å vanne blomster om kvelden, har ei heilt eiga måte å skrive på, med ord og setningar som er sårvakre og som set spor. I fjor kom debutromanen hennar på norsk, Glemt på en søndag, og den var nydeleg. The Star That Always Stays av Anna Rose Johson var også ei vakker bok, medan Gutten, muldvarpen, reven og hesten av Charlie Mackesy var fin på eit poetisk vis med flotte illustrasjonar. Tranene flyr mot sør av Lisa Ridzén om alderdom og einsemd er sårvakker på litt den same måten som Perrins bok.

The Offing av Benjamin Myers var ei sakte bok som rørte meg. Ways to be Me av Rebecca Westcott fekk tårene til å renne, noko også Jamie av L. D. Lapinski og A White Christmas on Winter Street av Sue Moorcroft gjorde, og ikkje minst Rilla of Ingleside av L. M. Montgomery, den siste i serien om Anne Shirley og familien hennar. Andre bøker er rett og slett kjempebra sjølv om eg ikkje fell tårer: The English Bookshop av Janis Wildy, Tell Me Everything av Elizabeth Strout (lurer på om dette er hennar beste bok i mine auge), og Et godt liv av Virginie Grimaldi.



Tårene kjem ikkje alltid (sjølv om det er ofte), og det som er så kjekt med bøker, er at dei også kan få deg til å smile, småhumre, le eller kjensla av å få ein god, varm klem. Ei av dei eg lo mest av, var Are Kalvøs Berre bøndar lengtar heim. Akkurat min type humor! The Book-Lovers's Retreat av Heidi Swain var den gode, varme klemmen. Stompa og co av Anthony Buckeridge var både artige forviklingskomedie og ordentleg nostalgi, Til døden skil oss av Anders Totland ei herleg røvarhistorie og The Duchess of Bloomsbury Street av Helene Hanff er berre så morosam og finfin historie om ein bokelskar i London.

Bokdykking, eg veit ikkje om det eigentleg er eit ord, men det skildrar godt det ein gjer nå ein verkeleg sluker ei bok, forsvinn inn i eit eige univers. The Secret Garden, eller Den hemmelige hagen, av Frances Hodgson Burnett er ei slik bok for meg, same kor mange gongar eg les den! Å vere der i hagen i lag med Mary, Dickon og Colin, ikkje minst bli betre kjent med raudstrupen, for ei eiga kjensle. I desember byrja eg også å lese Narnia-bøkene på nytt, og det er gøy å dra tilbake til barndommens fantasiverd. Og det same med alle karakterane i Mummidalen, for både det å gjenlese bøker og dykke ned i ei heilt anna verd, er noko av det beste med å vere bokelskar. Her må eg også nemne Helene Hanffs 84, Charing Cross Road, den er ein ekte klassikar for alle oss bibliofilar!

7. jan. 2025

2024 i tolv bilete


Litt seint ute i år, men her kjem endeleg mitt lille blogginnlegg der eg prøver å oppsummere 2024. Året starta med å vere arbeidsledig før eg byrja i ny jobb i februar. Mange av dagane på jobb har vore travle, særskilt i periodar, og det har vore både opp og ned. Eg hadde håpt på fleire lange gåturar enn det eg enda opp med, men heldigvis har det vore mange og fine småturar i nærområdet. Interrailtur, totalt fire musikalar og kjekke konsertar med orkesteret er berre eit par av det eg vil nemne for 2024. Strikking blei det lite av, lesinga desto meir. Aller fyrst er januar: gyllen soloppgang på årets fyrste dag (og ein gyllen solnedgang same kveld), nyårsmiddag på Sola, få med oss SSO sin nyttårskonsert, turar nærområdet i det kalde og tørre vintervêret, brettspelkveld med eit venepar, lese Stylesmysteriet som årets fyrste bok i #readchristie2024, lite teselskap med ei god veninne, snø i byen, ein time i ein flytetank med mannen min på Jæren flytesenter, tur med ei anna god veninne og sjå The Holdovers på kino med ein bra gjeng.
 

Februar: starte i ny jobb, fyrste glimt av vår, Poor Things på kino, bake kladdkake til eit sundagsbesøk hos nokre venar, fastelavn- og morsdagsfeiring, byrje på eit nytt strikkeprosjekt med eit favorittgarn, turar med ei god veninne, treffe finingar på kafé før jobb og i ein lunsjpause, spele årets fyrste konsert med orkesteret, Tønes-konsert i Sola kulturhus med eit venepar, sundagsmiddag på Sola Strand Hotel.
 

Mars: kafétur med tre fine veninner, tur til Vedafjellet og ein annan tur rundt Stokkalandsvatnet, sjå Dune: Part Two på kino, feire både pappas og tantes bursdag, sjå fleire snøklokker og lilla krokus, gjensyn med klassikaren The Secret Garden, sjå ein raudstrupe i den botaniske hagen, lese i den botaniske hagen, ordentleg hyttepåske, "Påskelabyrinten" på radio, spele Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen i lag med min betre halvdel, tur til Wiig Gartneri i lag med to finingar og ikkje minst påskekrim.



April: lese ei bok av James Herriot, mange bursdagshelsingar på bursdagen min, bowling med familien, påskelilje langs jobbvegen min, krimserien Shetland, høyre Sibelius sin fiolinkonsert med SSO, gjere ferdig fotobok frå ein sommarferietur, rosa blomar på trea, feire mammas bursdag, dataspelmusikkonsert, kvitveis langs Mosvatnet og gjensyn med finaste Anne of Green Gables



Mai: starte månaden med sykkeltur på den nye sykkelstamvegen, kjærastetur til Egersund der me også var innom Helleren og Sogndalsstrand, tusenfryd, fleire rosa blomar på trea, fredagskveld med fine folk frå Vitenfabrikken, balkonglesing, spele "Azul", feire nasjonaldagen i lag med kjekke folk, varme dagar, fuglesong på veg til jobb, geitekillingar, sundagstur i arboretet, miniferie (inneklemte dagar), planleggje sommarferie og terrassemiddagen i lag med familien på Sola.



Juni: søte andungar ved Mosvatnet, spele siste konsert med orkesteret før sommaren, helgebesøk av Zalo, fortsetje å lese bøkene om Anne of Green Gables, investere i ny Mac, plukke små blomar, teste Fangene på fortet, den årlege Kronen Gaard-middagen med familien, sjå søte måseeungar, høyre fuglesong på veg til jobb, tur rundt Movatnet med ei veninne, sundagstur ute på Reianes, helgefrukost med gode venar og bursdagsgrilling på Sola.



Juli: sykle til byen i lag med ei veninne og der vere på kafé og berre la praten gå, grøftekantsbukettar, sidan interrailferie der Jane Austen's House, Trinity College, tre musikalar, Kew Gardens, Cambridge og Utrecht var dei store høgdepunkta, ei sommarveke hos svigers på Sjøholt med bading i Hundågjølet, loppis på Kyrkjetorget, Jugendstilen i Ålesund, Devoldfabrikken og finaste kaféen Stolt Mat (nokre av dagane på Sjøholt var inn i neste månad).



August: glamping i Hardanger, heimekafé ute på balkongen den siste feriedagen, alle fargane i den botaniske hagen, litt strikketid, Hans Zimmer-musikk i konserthuset (det var SSO som spelte), kveldslyset då eg sykla heim frå jobb, lesestund på kafé, balkonglesing med lyslykt om kveldane og lese den aller fyrste Mummiboka.



September: alpakkavandring på Lunde, besøke antikvariata i Tvedestrand, å endeleg få oppleve musikalen Jesus Christ Superstar på ei stor scene, gøy å spele med orkesteret igjen, laurdagspizza og brettspel heime på Sola, bittesmå forglemmegei, sykle til jobb i septembersola, høyre SSO spele Elgars "Enigmavariasjoner", hyttedugnad med god middag og brettspel etterpå og sjå ferdig den nydeleg Morricone-dokumentaren på NRK Nett-TV.



Oktober: alle haustfargane, oktoberlyset, fikse to buksar og to handklede, sesong tre av Heartstopper, kaffidate med mannen min midt i veka, treffe folk fra vidaregåande i butikken, spele konsert med orkesteret, endå meir av alle haustfargane, kafésbesøk med to gode veninner, Zalo-besøk, sosial kveld etter jobb hos ein kollega og flott solnedgang over naboblokka ein av dei siste oktoberdagane.



November: gøy å sjå ferdig back to the Future-trilogien (for andre gong), ny bok av Richard Osman, den tredje Harry Potter-filmen på storskjerm med levande musikk, haustlauvet som låg på bakken, gå til jobb i tåkeheimen, julemarknad på Varatun gård, nytt besøk av Zalo, bra fangst på REKO-ringen, gå til jobb med frost på bakken, spele to konsertar med orkesteret og Stavanger oratoriekor, få vite at Scenekvelder skal setje opp Wicked no i mars og pusle ferdig eit søtt, lite puslespel.



Desember: tenne det fyrste adventslyset, skrive julekort og høyre på julemusikk, sjå filmatiseringa av Snøsøsteren, lese julebøker, travle dagar på jobb, julekakebakeverkstad med broremann, gå tur med ei veninne rundt (nye) Vannassen, gå til jobb for å sjå Wicked på kino, sundagskaffi hos eit venepar me ikkje hadde sett på lenge, jula heime, julefrukost hos eit venepar og til slutt ei kjempekjekk nyttårsfeiring i lag med fine folk.

18. jan. 2024

Mitt bokår 2023 📚

Bøker, alltid bøker. Lesestund om morgonen med dagens andre kaffikopp, lesestund på ein kort busstur eller ein lengre togtur. Lesestund på kafé, lesestund på ferie, lesestund på senga før me sovnar. Alltid lesing, og 2023 var eit bra bokår for min del. Ikkje enkelt å oppsummere, men dette er no eit forsøk på å skrive ned kva bøker som fekk meg til å smile eller gråte, kva bok som fekk meg til å tenkje, kva bok eg verkeleg koste meg med. I fjor las eg 160 bøker der 93 av dei var frå mi eiga bokhylle (les: eg inkluderer lesebrettet som eiga bokhylle), noko som vil seie omtrent 58 prosent; kan ikkje anna enn å seie meg veldig nøgd med det. Skal fortsetje med lese meir frå mi eiga bokhylle også dette året. I tillegg har eg eit eige lesemål for 2024, og det er å lese ei faktabok i månaden. Og for sjette året på rad, blir eg med på #readchristie-utfordringa. Ein av dei absolutte favorittane eg las i fjor, var nemleg Evig natt av Agatha Christie, gleder meg stort til å lese fleire av hennar bøker. Når me fyrst snakkar om krim: Ann Cleeves sine krimbøker las eg også ein del av, mellom anna dei to fyrste i Two Rivers-serien. Og så må eg ikkje gløyme bok nummer fire i Torsdagsmordklubben-serien av Richard Osman. I mine auge er den framleis ein ordentleg kosekrimserie!
 
Mitt lykkested av Emily Henry overraska meg. Eg har lese fleire av Henrys bøker – likt dei veldig godt – og dei fleste er litt meir beint fram feelgood-bøker. Hennar nyaste bok var meir sår og hjartevarm enn det eg hadde sett for meg, men på ein veldig positiv måte, og dette var ei av dei beste bøkene eg las i fjor, den stal hjartet mitt litt ekstra.
Funny Feelings av Tarah DeWitt hadde meir alvor og djupn i seg enn det eg trudde, litt som Mitt lykkested, og den var verkeleg ei bok slo an for min del. Dødens læregutt av Terry Pratchett fekk eg anbefalt av mannen min, og eg småhumra godt fleire gongar medan eg las den. Sjangermessig er det ikkje ei bok eg ville valt ut sjølv, difor var det litt ekstra kjekt at denne koste eg meg ordentleg med.

Når ein les bøker, er det jo på ein måte som å reise. Med
Kjærlig hilsen fra London av Sarah Jio fekk eg meg ei reise i bøkenes verd, heilt bokstaveleg talt, og boka er ei av favorittane. Med boka Armstrong av Torben Kuhlman tok eg ei reise til månen (og boka er i tillegg nydeleg illustrert). Around the World in 80 Trains av Monisha Rajesh var ei leseoppleving der eg fekk reise på kryss og tvers med tog, og den fjerde boka i Harry Potter-serien tok meg tilbake til trolldomsverda. Det gjorde også The Very Secret Society of Irregular Witches av Sangu Mandanna: ekte bokmagi med hekser og magi, herlege karakterar, ein liten dose kjærleik og om det å finne ein stad der ein endeleg kan kjenne seg heime. I Egne steder av Kristin Valla fekk eg eit glimt av den franske landsbygda.
 
Aller helst les eg enkeltståande bøker, men av og til dett eg over ein serie eller to som tar meg med storm. I fjor var det bøkene om Bergman-brødrene av Chloe Liese og Christmas at Castle Street-trilogien av Jessica Redland. Eg diggar at Liese skriv om kjærleik der fleire av hovudpersonane har eit handikap, har ein autismediagnose eller at ho skildrar skeiv kjærleik. den tredje boka frå Helen Hoang, The Heart Principle, i hennar serie, og både den og dei to andre bøkene er kjempekjekke. Las også den siste boka i Tremarnock-serien av Emma Burstall. Ser at eg ikkje las nokre Herriot-bøker i fjor sjølv om eg har dei hylla, så det får eg sjå til å gjere noko med i år ;)
 
Ikkje sjeldan ser du meg felle tårer når eg les, eller når eg ser ein film.
Harold Frys utrolige pilegrimsferd av Rachel Joyce er deifintivt ei slik bok. Do You Know Me? av Libby Scott og Rebecca Westcott (las jo den fyrste, Can You See Me? i 2022) er ei anna. Oskar og meg av Maria Parr fekk meg til å både smile, le, undre og felle nokre tårer, makan til bra barnebok skal du leite lenge etter. The Christmas Holiday av Sophie Claire og De tre av Valérie Perrin fortener også å bli med her.

Om ein tar eit blikk på kva sjanger eg les ein del av, må eg nok innrømme at mange av bøkene, er ekte feel-good. Men som eg har skrive tidlegare: eg les fyrst og fremst det har lyst til når eg sjølv ønskjer. Likevel er det nokre bøker, både skjønnlitterære og fagbøker, som belyser viktige tema. Uønska åtferd av Olaug Nilssen
der ho skriv utan filter om ein familie der eit av borna er psykisk utviklingshemma og korleis dette påverkar heile familien. Forlatte steder av Cal Flynn er fascinerande, skummel og håpefull medan Fri av Lea Ypi er ei memoarbok om ein oppvekst i Albania under og etter eit diktatur. Og så må eg ikkje gløyme Vestlandsvegar og Fleire Vestlandsvegar av Halvor Folgerø. Farlege og spektakulære vegar, dette var to kjempekjekke bøker.
 
Når ein les, oppdagar ein gjerne noko nytt. Ein kan sluke ei bok, forsvinne inn i nye univers, utforske frå stovekroken. Bøker der orda fyk av garde, og ein berre vil ha meir av det same.
Tress of the Emerald Sea av Brandon Sanderson las min betre halvdel og eg samstundes, og det var utruleg spennande å dykke ned i den same boka og berre bli der for ei stund. Elles var det kjekt å vere tilbake i den magiske bokhandelen med Trehusbiblioteket av Anna James. Framleis ganske fascinerande å tenkje på korleis det ville ha vore å prata med sine favorittkaraktarar! Hemmelighetene i stormskogen av L. D. Lapinski var den siste boka i serien om Fremmedsteds reisebyrå, eit univers som det har vore stas å bli kjent med. Og ikkje minst Tore Renbergs Lungeflyteprøven. Her er det dryge 550 sider med eit djupdykk ned i ei anna tid der Anna Voigt er personen det heile starta med, ho som var mistenkt for spedbarnsdrap. Renberg har skrive ei bok der saka Anna Voigt blir utforska på fleire måtar, ei god blanding av både fiksjon og sakprosa, her er det berre å setje seg ned og lese!
 
Joda, tårene kjem raskt når det er noko fint, trist eller rørande i boka som eg les, men det er fleire bøker som også får fram smilet, får meg til å humre.
The Princess Bride av William Goldman er ei slik bok, ei bok full av humor, "breaking the fourth wall", eventyr og romantikk. Lovelight Farms av B. K. Borison og The Secret Life of Albert Enwistle av Matt Cain  var begge bøker som gav meg ein god, varm klem (og begge vil eg absolutt seie er to favorittar frå fjorårets bokår, særskilt sistnemne som også fekk fram tårene, tihi). The Place Between av Kit Oliver fekk meg til å humre godt innimellom, og det gjorde også The Great Escape from Woodlands Nursing Home av Joanna Nell.

Og så har du nokon som skriv bøker som er heilt nydelege. Vakre og poetiske ord og skildringar.
The Little Prince av Antoine de Saint-Exupéry
er ein ekte klassikar som eg må nemne her. Mannen bak De åtte fjellene, Paolo Cognetti, kom i fjor ut med
Ulvens lykke. Nok ein gong har han skrive ei bok full av dei finaste naturskildringane. Siste sats av Robert Seethaler, Ellie and the Harpmaker av Hazel Prior og Mange mil før mørket faller av Jocelyne Saucier er tre andre bøker eg gjerne vil nemne. Alle desse forfattarane har eg lese bøker av tidlegare og likt veldig godt, og det er bøker eg alltid ser fram til å lese.